Forskrift om staten sine kontrollørar for fiskesalslaga

DatoFOR-2013-12-20-1647
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 2013 hefte 19
Ikrafttredelse01.01.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2013-06-21-75-§5
Kunngjort02.01.2014   kl. 16.45
KorttittelForskrift om fiskesalslagskontrollørar

Heimel: Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet (nå Nærings- og fiskeridepartementet) 20. desember 2013 med heimel i lov 21. juni 2013 nr. 75 om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova) § 5.

§ 1.Oppnemning og åremål

Nærings- og fiskeridepartementet nemner opp ein kontrollør for kvart fiskesalslag for ein periode på seks år. Perioden kan fornyast ein gong.

Den som vert oppnemnd som kontrollør skal vere uavhengig i høve til salslaget, eigarar, tilsette eller tillitsvalde i salslaget slik at objektivitet og tillit til kontrolløren ikkje vert svekka. Kontrolløren skal ha relevant kompetanse og erfaring.

§ 2.Mandatet til kontrolløren og kontrolloppgåver

Ein kontrollør skal utøve mandatet sitt i tråd med føresegnene i lov og forskrift. Fiskesalslaga skal leggje til rette for at kontrolløren skal få utøve oppgåvene sine i tråd med desse føresegnene i samsvar med lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar § 5, andre ledd.

Kontrolløren skal følgje verksemda til fiskesalslaget og kontrollere at ho er i samsvar med god forretnings- og forvaltningsskikk, og at verksemda vert driven innanfor rammene av gjeldande lover og føresegner med forarbeid, medrekna at eineretten til å fastsetje minstepris, salsvilkår og omsetningsformer vert utøvd på forsvarleg vis.

Kontrolløren skal assistere Nærings- og fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet med å få fram opplysningar om økonomien og drifta til salslaga når vedkomande vert beden om slike opplysningar eller assistere styresmaktene i særskilde saker.

Kontrolløren kan ikkje fungere som juridisk rådgjevar for salslaget.

Kontrolløren har teieplikt etter dei føresegnene som gjeld for offentlege tenestemenn.

Departementet fastset honoraret til kontrolløren. Salslaga skal dekkje honoraret og dei nødvendige utgiftene kontrolløren har i samband med utøvinga av mandatet sitt. Dette gjeld også utgifter til reising som skal dekkjast etter statens reiseregulativ. Kontrolløren må ikkje ta imot anna godtgjering frå salslaget.

§ 3.Rapporteringar og orienteringar

Kontrolløren skal årleg sende rapport til Nærings- og fiskeridepartementet med eventuelle merknader til styret sitt framlegg til årsmelding og rekneskap. Rapporten må sendast innan to veker før salslaget skal halde årsmøte. Rapporten skal sendast salslaget til orientering.

Departementet held årleg møte med kontrollørane der både salslaga, fiskarorganisasjonane og kjøparorganisasjonane kan delta.

Kontrolløren skal straks og på eige initiativ halde Nærings- og fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet orienterte om forhold som kontrolløren reknar med har innverknad på økonomien og drifta til salslaga. Slik sjølvstendig meldeplikt omfattar både god forretnings- og forvaltningsskikk og om drifta er lovleg, jf. § 2 andre ledd.

§ 4.Overgangsreglar

Kontrollørar som er nemnde opp før forskrifta trer i kraft, held fram som kontrollør etter denne forskrifta inntil vidare. Nærings- og fiskeridepartementet vil nemne opp kontrollørar for kvart salslag i 2014. Første 6-årsperiode vert rekna frå 1. januar 2014, uavhengig av tidlegare tenestetid som kontrollør.

§ 5.Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2014.