Forskrift om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar

DatoFOR-2013-12-20-1665
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 2013 hefte 19
Ikrafttredelse01.01.2014
Sist endretFOR-2016-11-11-1324
EndrerFOR-2010-04-30-641, FOR-2009-12-18-1693, FOR-2006-04-21-433, FOR-2000-12-13-1253, FOR-1998-12-11-1390, FOR-1997-09-19-1019, FOR-1958-01-31-9412
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2013-06-21-75-§4, LOV-2013-06-21-75-§8, LOV-2013-06-21-75-§12
Kunngjort03.01.2014   kl. 15.20
KorttittelForskrift om førstehandsomsetning av fisk mv.

Heimel: Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet (nå Nærings- og fiskeridepartementet) 20. desember 2013 med heimel i lov 21. juni 2013 nr. 75 om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova) § 4, § 8 og § 12.
Endringer: Endra ved forskrift 11 nov 2016 nr. 1324.

§ 1.Ansvarsområda til fiskesalslaga

Norges Sildesalgslag er ansvarleg for omsetninga i første hand av ansjos (Engraulus encrasicholus), augepål (Trisopterus esmarkii), brisling (Sprattus sprattus), hestmakrell (Trachurus trachurus), kolmule (Micromesistius poutassou), laksesild (Maurolicus muelleri), lodde (Mallotus villosus), lysprikkfiskar (Myctophidae), makrell (Scomber scombrus), polartorsk (Boreogadus saida), sardin (Sardina pilchardus), sild (Clupea harengus), straumsild (Argentina sphyraena), sølvtorsk (Gadiculus argenteus), tobis (Ammodytes tobianus) og annan sil (Ammoditydae), trompetfisk (Macrorhamphosus scolopax) og villsvinfisk (Capros aper).

Norges Råfisklag er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom dei vert bringa i land i Nord-Noreg eller Trøndelag, eller på Nordmøre, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.

Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom dei vert bringa i land på Sunnmøre eller i Romsdal, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.

Vest-Norges Fiskesalslag er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom dei vert bringa i land i Sogn og Fjordane eller Hordaland, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.

Rogaland Fiskesalgslag er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom dei vert bringa i land i Rogaland, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.

Skagerakfisk er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom dei vert bringa i land på Sørlandet eller Austlandet, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.

For artar som er omfatta av andre til femte ledd, og som vert omsett utan at fangsten er bringa i land i eit område som er nemnd i andre til femte ledd, er staden der det haustande fiskefartøyet er merkeregistrert, eller heimehøyrande dersom det ikkje er merkeregistrert, avgjerande for kva for eit salslag som er ansvarleg.

§ 2.Førstehandsomsetning

Førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar skal skje gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag. Dette gjeld òg førstehandsomsetning av delar av, og produkt eller biprodukt av, viltlevande marine ressursar som har heilt eller delvis tilhald i sjøen og som var viltlevande då dei vart hausta. Anadrome laksefiskar, anten dei er hausta i sjø eller ferskvatn, og alle artar som er hausta i ferskvatn, med unntak for europeisk ål (Anguilla anguilla), er likevel ikkje omfatta av omsetningsplikta gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag.

Det er forbode å utføre eller tilverke viltlevande marine ressursar som ikkje er omsette i første hand med godkjenning av eit fiskesalslag, med mindre det er til eige forbruk.

Forbodet mot tilverking i andre ledd er ikkje til hinder for sjølvtilverking av fangst som ikkje er omsett i førstehand. Tilverking av fangst som fiskaren har hausta sjølv, til dømes gjennom salting og tørking, vert rekna som sjølvtilverking. Både individuelle fiskarar og juridiske personar som disponerer fiske- og tilverkingskapasitet kan drive sjølvtilverking.

Forbodet mot utførsel i andre ledd er ikkje til hinder for utførsel av viltlevande marine ressursar hausta av fartøy som fører flagg tilhøyrande ein medlemsstat i Den europeiske union. Dette gjeld fram til og med 31. august 2023 og er avgrensa til fangst bringa til land på nærare oppgjevne stader og på dei verksemder som Fiskeridirektoratet har godkjent for dette formålet, jf. forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fisk fanget av og brakt i land fra EU-fartøy. Det er eit vilkår at dei viltlevande marine ressursane ikkje er fortolla i Noreg, og at dei vert utførde i samsvar med lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel.

0Endra ved forskrift 11 nov 2016 nr. 1324.
§ 3.Meklingsnemnd

Det skal vere to meklingsnemnder, ei tilknytt kvitfisksektoren, jf. § 1 andre til femte ledd, og ei tilknytt pelagisk sektor, jf. § 1 første ledd, som skal mekle i spørsmålet om minstepris ved usemje mellom salslaga og industrisida. Riksmeklaren nemner opp ein person som skal leie begge nemndene. I tillegg skal departementet nemne opp to medlemmer til kvar nemnd, etter forslag frå industriorganisasjonane og frå fiskesalslaga, som dei er samde om.

Dersom partane ikkje vert samde, skal departementet nemne opp ein medlem til kvar nemnd etter forslag frå partane. Kvar av partane skal i så fall foreslå to medlemmer til kvar nemnd, ein med generell økonomisk kompetanse knytt til næringsøkonomi/global handel, og ein medlem med fagkunnskap om høvesvis kvitfisksektoren og pelagisk sektor. Personlege varamedlemmer vert nemnde opp etter forslag som for medlemmene. Medlemmene og varamedlemmene i nemndene vert nemnde opp for tre år om gongen med høve til forlenging i ytterlegare tre år.

Oppnemninga av nemndene skal skje i samsvar med likestillingslova § 13 og forskrifter, og organisasjonar mv. som foreslår kandidatar til eit organ skal foreslå ein kandidat av kvart kjønn for kvar kandidat som skal nemnast opp.

Mekling skal starte så raskt som mogleg og seinast to yrkedagar etter at det er stadfesta at forhandlingar om minstepris ikkje fører fram og ein av partane ber om mekling. Oppmodinga om mekling skal setjast fram skriftleg og med ein gong sendast til departementet og Riksmeklaren med kopi til dei andre partane. Meklinga skal avsluttast så raskt som mogleg og seinast innan fem yrkedagar etter start.

Som grunnlag for forhandlingar om minstepris og for eventuell mekling, skal partane, saman eller kvar for seg, leggje fram for nemndene dokumentasjon om pris-, kostnads- og marknadstilhøve for fisk og fiskeprodukt nasjonalt og globalt. Bakgrunnsdokumentasjonen skal leggjast fram for nemndene samstundes med oppmodinga om mekling. Eventuelle oppmodingar frå nemndene om ytterlegare dokumentasjon skal partane følgje opp straks.

Dei som deltek i meklinga har teieplikt om det som kjem fram under meklinga. Det skal førast protokoll frå meklinga som skal innehalde informasjon om dato og stad, kven som er partar, kven som er til stades på møta, kva art som er omfatta av meklinga, grunnlagsdokumentasjon og sluttresultat. Dersom meklingsnemnda har lagt fram forslag til løysing skal forslaget førast i protokollen uavhengig av utfallet av meklinga.

Partane skal dekkje kostnadene ved meklingsordninga med halvparten kvar. Statens reiseregulativ skal nyttast for å dekkje utgifter til reise. Godtgjering til leiaren i nemndene og til medlemmene skal dekkjast med 75 prosent av salærsats til advokatar i rettshjelpssaker, jf. instruks frå Arbeidsdepartementet.

§ 4.Ikrafttreding og endringar i andre forskrifter

Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2014.

Frå same tid vert forskrift 30. april 2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar oppheva, og det vert gjort følgjande endringar i andre forskrifter:

1. I forskrift 18. desember 2009 nr. 1693 om fangstsertifikat mv. skal § 2 første ledd andre strekpunkt lyde: ---

2. I forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fisk fanget av og brakt i land fra EU-fartøy skal § 10 lyde: ---

3. I forskrift 13. desember 2000 nr. 1253 om samordnet innkreving av avgift på fiskeeksport skal § 3a fjerde ledd lyde: ---

4. I forskrift 11. desember 1998 nr. 1390 om beregning og innbetaling av produktavgift skal § 1 andre ledd bokstav a lyde: ---

5. I forskrift 19. september 1997 nr. 1019 om registrering som kjøper i første hånd av råfisk m.v. skal § 1 første ledd første punktum lyde: ---

6. I forskrift 31. januar 1958 nr. 9412 Regler om beregning og innbetaling av avgiften på omsetning av fisk skal romertal I første ledd lyde: ---