Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Styret ved Høgskulen i Volda 4. desember 2014 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 3-2, § 3-3, § 3-5, § 3-6, § 3-7, § 3-8, § 3-9, § 3-10, § 3-11, § 4-2, § 4-3, § 4-4, § 4-5, § 4-6, § 4-7, § 4-8, § 4-9, § 4-10, § 4-13 § 5-1, § 5-2, § 5-3 og § 7-1.
Endringar: Endra ved forskrift 28 april 2016 nr. 454.

Kapittel 1. Allmenne reglar

§ 1-1.Verkeområde
(1) Forskrifta gjeld for personar som
-søkjer om opptak til studieprogram ved Høgskulen i Volda
-har studierett og status som student ved Høgskulen i Volda
-vil ta eksamen etter lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-10, utan å vere oppteken som student og har status som privatist ved Høgskulen i Volda.
(2) For fellesgradar som vert tilbodne i samarbeid med andre institusjonar, kan det gjelde andre reglar.
§ 1-2.Vedtaksmynde
(1) Høgskuledirektøren, eller den han gjev fullmakt, har vedtaksmynde etter denne forskrifta om ikkje anna følgjer.
(2) Høgskuledirektøren godkjenner alle retningslinjer med heimel i denne forskrifta.
(3) Strategisk studienemnd gjev tilråding til vedtak om godkjenning av retningslinjer med heimel i denne forskrifta.
§ 1-3.Definisjonar
(1) UH-lova: Lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.
(2) Opptak: Opptak vil seie at ein person har søkt, fått vurdert sin kompetanse og fått tilbod om studieplass ved eit studieprogram. Opptak til bachelorgradar, yrkesutdanningar og årsstudium skjer gjennom Samordna opptak, og opptak til mastergradar, vidareutdanningar, nettstudium ofl. går direkte til høgskulen som lokalt opptak.
(3) Studierett: Når ein person aksepterer tilbod om studieplass innan svarfristen, får vedkomande status som student og vert tildelt studierett. Studieretten gjev mellom anna rett til undervisning, rettleiing og vurdering ved det aktuelle studieprogrammet, og gjeld i perioden for normert gjennomføringstid.
(4) Studieprogram: Studieprogram er eit definert utdanningsløp med fagleg innhald som er skildra i ein studieplan. Omfanget av eit studieprogram er målt i studiepoeng, og fulltids arbeidsinnsats i eit studieår er 60 studiepoeng.
(5) Utdanningsplan: Utdanningsplan er ein gjensidig forpliktande avtale som vert utarbeidd mellom ein student og Høgskulen i Volda. Den inneheld ein allmenn del om rettar og plikter, og ein individuell del om korleis studenten skal gjennomføre studiet. Den individuelle delen er basert på studieplanen for studieprogrammet ein har studierett ved.
(6) Studieplan: Ein studieplan konkretiserer det faglege innhaldet, læringsutbyttet, oppbygginga og krava til gjennomføring av eit studium. Ein studieplan er sett saman av eitt eller fleire emne med tilhøyrande emneplanar, og til saman dannar dette grunnlag for studentane sine utdanningsplanar, jf. UH-lova § 4-2. Ein studieplan kan vere regulert av felles nasjonale krav, til dømes i forskrift 1. mars 2010 nr. 295 om rammeplan for grunnskolelærerutdanningene for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn
(7) Emne: Eit emne er den minste eininga med vurdering innanfor eit studieprogram. Innhald i emnet er skildra i ein emneplan.
(8) Emneplan: Emneplanen gjev mellom anna informasjon om læringsutbyttet, undervisnings- og arbeidsformer, pensum, vurderings- og eksamensordning. Emneplanen viser også kva nivå emnet er på, til dømes om det er eit grunnemne utan krav om forkunnskapar eller fordjupingsemne som byggjer på kunnskapar ein får i andre emne.
(9) Obligatorisk krav: Obligatorisk krav vil seie eit påbode/ikkje valfritt vilkår som må stettast for å få godkjent gjennomføringa av eit emne eller studieprogram. Obligatoriske krav kan t.d. vere krav om frammøte/deltaking i undervisninga, eller vere knytt til særskilde aktivitetar i utdanninga. Obligatoriske krav skal gå fram av studie- og/eller emneplanen for studieprogrammet.
(10) Vurdering: Vurdering omfattar all formell prøving, det vil seie både vurdering undervegs, til dømes gjennom arbeidskrav og praksis, og sluttvurdering, til dømes skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsordninga går fram av emneplanen.
(11) Arbeidskrav: Arbeidskrav er all form for prøving som er sett som vilkår for å ha rett til å framstille seg til eksamen. Arbeidskrav går fram av emneplanen.
(12) Eksamen: Eksamen er prøving med påfølgjande sensur, der resultatet anten vil stå på vitnemål/karakterutskrift, eller skal reknast inn i ein samlekarakter som skal stå på vitnemål/karakterutskrift. Eksamen er individuell med mindre emneplanen seier noko anna.
(13) Klagerett: Ein student har rett til å klage over vedtak som han/ho meiner er mangelfullt, urettferdig eller formelt feil handsama. Alle enkeltvedtak kan klagast over, jf. lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker. UH-lova, kapittel 5, og kapittel 7 i denne forskrifta gjev nærare reglar om klagehandsaminga ved høgskulen.
§ 1-4.Om å gjere seg kjend med regelverk og studieinformasjon
(1) Alle søkjarar, studentar og privatistar har plikt til å setje seg inn i gjeldande regelverk ved Høgskulen i Volda.
(2) Høgskulen i Volda nyttar til dømes e-post, SøknadsWeb, StudentWeb, nettsida hivolda.no og e-læringssystem, for å formidle viktig informasjon. Søkjarar og studentar pliktar å følgje med og sjekke regelmessig om det kjem ny informasjon via dei digitale kommunikasjonsverktya som Høgskulen i Volda nyttar.

Kapittel 2. Studieportefølje. Gradar og yrkesutdanningar

§ 2-1.Studieportefølje
(1) Med utgangspunkt i strategiske mål og planar om fagleg utvikling gjer høgskulestyret kvart studieår vedtak om kva studieprogram som skal inngå i studieporteføljen ved Høgskulen i Volda.
(2) Høgskulestyret vedtek etablering og avvikling av studieprogram, jf. UH-lova § 3-3.
(3) Høgskulestyret kan delegere myndet om etablering og avvikling av studieprogram på inntil 30 studiepoeng til høgskuleleiinga.
§ 2-2.Studie- og emneplanar
(1) Det skal utarbeidast studie- og emneplanar for alle studieprogram.
(2) Studie- og emneplanar skal vere i tråd med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (Kvalifikasjonsrammeverket), forskrift 28. februar 2013 nr. 237 om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning og retningslinjer som er fastsette av og for Høgskulen i Volda.
(3) Nye studie- og emneplanar skal godkjennast av høgskuleleiinga etter tilråding frå dekanen ved avdelinga, som har hovudansvaret for studieprogrammet.
(4) Årleg revisjon av eksisterande studie- og emneplanar skal godkjennast av dekanen ved avdelinga som har hovudansvaret for studieprogrammet.
(5) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for studie- og emneplanar.
§ 2-3.Publisering av studieinformasjon, studie- og emneplanar
(1) Alle godkjende studie- og emneplanar skal publiserast på nettsida hivolda.no.
(2) Studiedirektøren er ansvarleg redaktør for all studieinformasjon.
§ 2-4.Allment om gradstildelingar
(1) Høgskulen i Volda tildeler gradar i tråd med forskrift 16. desember 2005 nr. 1574 om grader og yrkesutdanninger, beskyttet tittel og normert studietid ved universiteter og høyskoler og som stettar krav gjevne i forskrift 10. april 2006 nr. 412 om godskriving av høyere utdanning.
(2) For ny mastergrad må kravet om 60 nye studiepoeng inkludere ei ny mastergradsoppgåve, jf. forskrift om godskriving av høyere utdanning § 3.
§ 2-5.Bachelorgrad
(1) Høgskulen i Volda tildeler bachelorgraden på grunnlag av fullført treårig studieprogram (180 studiepoeng), som ifølgje rammeplan eller forskrift gjev bachelorgrad.
(2) Høgskulen i Volda tildeler bachelorgraden på grunnlag av fullført treårig integrert studieprogram utan rammeplan (180 studiepoeng), som ifølgje vedtak i styret for Høgskulen i Volda gjev bachelorgrad, jf. godkjende og publiserte studieplanar.
(3) Høgskulen i Volda tildeler ein fri bachelorgrad på grunnlag av tre år med studium (180 studiepoeng), som inneheld
-minst ei eining på minimum 80 studiepoeng i eit fagområde, der minimum 20 studiepoeng er på fordjupingsnivå, eller eit integrert studium på 120 studiepoeng
-minst ei eining på minimum 30 studiepoeng i eit anna fagområde
-og eit sjølvstendig arbeid knytt til fordjupingsnivået på minimum 15 studiepoeng, til dømes ei semesteroppgåve.
§ 2-6.Yrkesutdanning

Yrkesutdanning gjeld fireårige lærarutdanningar (240 studiepoeng). Høgskulen i Volda tildeler grad som lærar etter gjeldande forskrift 1. mars 2010 nr. 295 om rammeplan for grunnskulelærerutdanningene for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn og nasjonale retningslinjer.

§ 2-7.Mastergrad, normert to år

Høgskulen i Volda tildeler mastergraden etter reglane i gjeldande forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad.

§ 2-8.Doktorgrad - ph.d.

Høgskulen viser til forskrift om doktorgraden, philosophiae doctor (ph.d.), ved Høgskulen i Volda.

Kapittel 3. Opptak og rangering ved opptak

§ 3-1.Allment om grunnlag for opptak

(1) Til grunnskulelærarutdanning, bachelorgradar og årsstudium som er utlyste i Samordna opptak, og studieprogram i lokale opptak der opptakskravet er generell studiekompetanse, gjeld forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høyere utdanning.

(2) Til studieprogram som byggjer på høgare utdanning, gjeld § 3-1, 1. ledd i denne forskrifta og fullført minstekrav til høgare utdanning i tråd med studieplanen for studieprogrammet.
(3) Til mastergrad er det krav om at eitt av følgjande utdanningsløp er fullført:
a.treårig bachelorgrad eller
b.cand.mag.-grad eller
c.annan grad eller yrkesutdanning av minimum tre års omfang eller
d.utdanning som Høgskulen i Volda finn jamgod med ein av gradane eller eitt av utdanningsløpa ovanfor.

I graden eller utdanningsløpet må det inngå fordjuping i fag, emne eller emnegruppe på minst 80 studiepoeng eller integrert yrkesretta utdanning på minst 120 studiepoeng innanfor fagområdet for mastergraden. Særskilde opptakskrav til eit mastergradsstudium går fram av studieplanen for studieprogrammet.

(4) Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning krev generell studiekompetanse i tillegg til allmennfagleg eller yrkesfagleg utdanning, jf. § 3-2 og § 3-3 i denne forskrifta.
(5) Ein søkjar som ikkje fyller dei ordinære opptakskrava, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse eller be om individuell vurdering av annan kompetanse som likeverdig.

(6) Ein søkjar med utanlandsk utdanning vert vurdert i tråd med NOKUT si tilråding for det respektive landet (GSU-lista) og eventuell NOKUT-godkjenning av høgare utdanning frå utlandet. Kravet om norsk (for søkjarar utanom Norden) og engelsk (for søkjarar som ikkje er engelskspråklege) gjeld for opptak til alle studium på alle nivå.

(7) Høgskulen i Volda har utdanningar med krav om å levere politiattest ved opptak eller undervegs i studiet, jf. UH-lova § 4-9 og forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høyere utdanning, kapittel 6.
§ 3-2.Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag
(1) Studentar med allmennfagleg kompetanse vert tekne opp på grunnlag av fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang, dvs. minimum 180 studiepoeng. Allmennfagleg kompetanse er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning i allmennfag i grunnskulen, i vidaregåande opplæring eller i vaksenopplæringa.
(2) Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag prioriterer vi søkjarar med undervisningsfag som Høgskulen i Volda tilbyr fagdidaktikk i, slik:
a.Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og med minst eitt relevant undervisningsfag.
b.Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad eller tre års utdanning og med to relevante undervisningsfag, der minimum 150 studiepoeng er samla i desse to faga med minimum 90 studiepoeng samla i det eine faget, av dei minimum 30 studiepoeng som fordjuping.
c.Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad eller med tre års utdanning med eitt relevant undervisningsfag med minimum 90 studiepoeng samla i dette faget, av dei minimum 30 studiepoeng som fordjuping.
d.Søkjarar med tre års utdanning og med tre relevante undervisningsfag, med minimum 180 studiepoeng samla i desse tre faga (t.d. tre årsstudium).
e.Søkjarar med tre års utdanning og med to relevante undervisningsfag, med minimum 120 studiepoeng samla i desse to faga (t.d. to årsstudium).
(3) Inntil 20 prosent av studieplassane vert reserverte for studentar som fullfører eit bachelorstudium ved Høgskulen i Volda. Desse skal rangerast på grunnlag av vekta gjennomsnittskarakter frå bachelorstudiet.
(4) Søkjarar med tilsetjing på vilkår kan prioriterast ved opptak.
(5) Søkjarar som ikkje kjem inn under kriteria for allmennfag, kan søkje om opptak etter særskild vurdering eller på grunnlag av realkompetanse.
(6) Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning er det krav om å levere politiattest, jf. forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høyere utdanning, kapittel 6.
§ 3-3.Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag
(1) Studentar med yrkesfagleg kompetanse vert tekne opp på eitt av følgjande to grunnlag:
a.Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, t.d. fagskule/høgare utdanning.
b.Generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, to års relevant yrkesteoretisk utdanning og minimum fire års yrkespraksis. To år av læretida kan inngå i praksiskravet. Lengre yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.
(2) Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag prioriterer vi slik:
a.Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.
b.Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.
c.Søkjarar som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis. Studentane i denne gruppa vert prioriterte etter utdanning og yrkespraksis.
(3) Søkjarar med tilsetjing på vilkår kan prioriterast ved opptak.
(4) Søkjarar som ikkje kjem inn under kriteria for yrkesfag, kan søkje om opptak etter særskild vurdering eller på grunnlag av realkompetanse.
(5) Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning er det krav om å levere politiattest, jf. forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høyere utdanning, kapittel 6.
§ 3-4.Realkompetansevurdering
(1) Ein søkjar som ikkje kan dokumentere generell studiekompetanse eller spesielle opptakskrav, kan få opptak på grunnlag av fagleg realkompetansevurdering i opptakskomité.
(2) Realkompetansevurdering føreset:
-Ved søknad til grunnutdanning må søkjaren vere 25 år eller eldre i opptaksåret.
-Ved søknad til mastergradsutdanning må søkjaren vere 28 år eller eldre i opptaksåret.
-Søkjaren må ha minimum eitt år relevant høgare utdanning på lågare grads nivå dersom ein søkjer til studium på høgare grads nivå.
-Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskap i norsk på nivå med kravet som inngår i generell studiekompetanse.
-Søkjaren må ha til saman fem års yrkespraksis og/eller utdanning. Utdanning, organisasjonsarbeid eller liknande kan utgjere inntil to av desse fem åra. Minst tre år må vere relevant praksis i høve til utdanninga det vert søkt opptak til.
-For å få tilbod om opptak krev ein likeverdig dugleik og kunnskap med søkjarar som får tilbod etter rangering på grunnlag av poengutrekning.
(3) Realkompetansesøkjarar skal rangerast i høve til poengutrekna søkjarar ved hjelp av skjønsmessig vurdering.
(4) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for realkompetansevurdering.
§ 3-5.Organisering og gjennomføring av opptak
(1) Poengutrekning, rangering og opptak vert gjennomført av studiedirektøren i samråd med dekanane, som er ansvarlege for dei ulike studieprogramma.
(2) Studiedirektøren kan setje ned ein opptakskomité for å vurdere søknader på grunnlag av
-realkompetanse
-særskild vurdering
-dispensasjon frå opptakskrav.
(3) Opptakskomiteen skal ha minst éin medlem med fagleg kompetanse i fagområdet for studieprogrammet som det skal vurderast opptak til, og representant(ar) for studentane med inntil 20 prosent av medlemene i komiteen, jf. UH-lova § 4-4, 1. ledd.
§ 3-6.Søknadsfristar
(1) Søknadsfristar i lokale opptak vert vedtekne av studiedirektøren i samråd med dekanane.
(2) Søknadsfristar skal kunngjerast samstundes med utlysing av studieprogram for søking.
§ 3-7.Dokumentasjon og ettersending
(1) Søkjarar til studium i Samordna opptak følgjer fristar og prosedyrar som gjeld for Samordna opptak.
(2) Til lokale opptak pliktar søkjaren å orientere seg og syte for at vi får den dokumentasjonen som er naudsynt for at søknaden skal kunne handsamast.
(3) Godkjend dokumentasjon er kopiar av originaldokument.
(4) Ein søkjar til grunnutdanning som har eit godkjent elektronisk vitnemål, får fritak frå kravet om innsending av dokumentasjon til lokalt opptak.
(5) Dokumentasjon på utdanning som er under fullføring i opptakssemesteret, skal ettersendast snarast og seinast innan den kunngjorde fristen.
(6) Søkjarar i lokale opptak som ikkje følgjer § 3-7, 2. til 5. ledd i denne forskrifta, får ikkje handsama søknaden sin og vert følgjeleg ikkje med i opptaket.
(7) Ein student må ved førespurnad vise fram originaldokument som er grunnlag for opptak til studium og utskriving av vitnemål/karakterutskrift frå Høgskulen i Volda. Ein student som ikkje viser fram førespurde originaldokument for kontroll og godkjenning, kan misse studieretten.
§ 3-8.Poengutrekning og rangering
(1) Til grunnutdanning gjeld poengutrekning og rangering innanfor kvotar fastsette i forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høyere utdanning.
(2) Til studieprogram som byggjer på høgare utdanning, gjeld § 3-8, 1. ledd i denne forskrifta. I tillegg må minstekravsutdanninga som er fastsett i studieplanen, vere fullført og bestått.
(3) Til mastergradsutdanning vert poengutrekning og rangering gjorde på grunnlag av gjennomsnittskarakterar frå fullført og bestått grunnutdanning. Omrekning av karakterar frå grunnutdanninga vert gjord etter ein gradert skala, slik:
Vurdering/omrekning54321
Bokstavkarakterar IABCDE
Bokstavkarakterar IISgMgGNg
Bokstavkarakterar IIIStfMtfTfGk/Ngtf
Stått/bestått/godkjentS/B/G
Talkarakterar I1,0–2,02,1–2,52,6–2,93,0–3,43,5–4,0
Talkarakterar II4,0–3,63,5–2,62,5–1,61,5–0,6
Talkarakterar II gjeld eldre vitnemål med 4 som beste karakter.
(4) Det kan gjevast tilleggspoeng for relevant praksis og fullført høgare utdanning ut over opptakskravet. Dette går fram av gjeldande studieplan for studieprogrammet det vert søkt opptak til.
(5) Dersom fleire søkjarar har lik poengsum, skal rangeringa avgjerast ved loddtrekking.
§ 3-9.Utsett studiestart
(1) Studiedirektøren kan etter skriftleg søknad gje ein søkjar utsett studiestart til neste ordinære opptak dersom vedkomande
-har stadfesta at han/ho tek imot tilbodet om studieplass innan fastsett svarfrist
-har særskild grunn for søknaden og
-har søkt innan tre veker etter at tilbodet om studieplass vart motteke.

Særskilde grunnar er at søkjaren anten er innkalla til førstegongs militær-/sivilteneste, er gravid eller har alvorleg sjukdom. Annan tungtvegande grunn kan gje grunnlag for å imøtekome søknaden. Grunnen skal dokumenterast med innkallingsbrev eller legeattest.

(2) Høgskulen i Volda kan ikkje reservere ein studieplass tildelt i Samordna opptak dersom søkjaren har «betinga opptak» som opptaksgrunnlag, dvs. av spesielle omstende ikkje har teke eksamen i vidaregåande skule.
(3) Ein søkjar som får innvilga søknad om utsett studiestart, får reservert studieplassen i inntil eitt år.
(4) Ein søkjar som får utsett studiestart, må stadfeste bruk av den reserverte studieplassen ved å søkje om nytt opptak innan søknadsfristen for neste opptak til studieprogrammet. Prosedyrane skal gå fram av godkjenningsbrevet.

Kapittel 4. Gjennomføring av studiet

§ 4-1.Studierett
(1) Studieretten gjev studenten mellom anna
-rett og plikt til å få utdanningsplan i samsvar med UH-lova § 4-2, jf. § 4-4 i denne forskrifta
-rett og plikt til å ta del i obligatorisk undervisning i studiet
-rett og plikt til praksisopplæring og deltaking i andre aktivitetar i studiet
-rett og plikt til å bli vurdert i samsvar med dei vurderingsformene som er fastsette i studie- og emneplanar, og i tråd med vedtekne reglar om eksamen
-rett til utdanningsrettleiing
-rett til utanlandsopphald/utveksling, dersom dette kan inngå i studieprogrammet
-tilgang til Høgskulen i Volda sine undervisningslokale, bibliotek, lese- og arbeidsplassar, IT-system og nøkkelkort med kode for tilgjenge utanom fastsette opningstider.
(2) Perioden for studierett vert gjeven i samsvar med fastsett gjennomføringstid for eit studieprogram.
(3) Dersom studenten sin studieprogresjon ikkje samsvarar med fastsett gjennomføringstid for studieprogrammet, skal studenten kontaktast. Studenten må aktivt bidra til å klargjere status og leggje ein plan for vidare gjennomføring.
(4) Ein student kan søkje permisjon, jf. § 4-12 i denne forskrifta, og studieretten kan bli forlengd.
(5) Ein student som vert forseinka med avtala gjennomføringstid for studieprogrammet, kan søkje om få utvida perioden for studierett med inntil to år. Ein student som har fått utsett studiestart eller permisjon, eller mellombels har vore utestengd, får ikkje dette rekna med som del av desse to åra.
(6) Ein student med forseinka studieprogresjon, jf. § 4-1, 4. og 5. ledd i denne forskrifta, må følgje gjeldande studieplan.
(7) Studieretten kan gå tapt dersom eitt av følgjande forhold er til stades:
-Studenten held ikkje fristane for registrering og betaling av semester- og/eller studieavgift
-Studenten har ikkje oppfylt obligatoriske krav som er sette for gjennomføringa av studieprogrammet
-Studenten har ikkje avlagt eksamen/-ar i samsvar med utdanningsplanen, jf. § 4-4 i denne forskrifta
-Studenten overskrid grensa for fastsett gjennomføringstid for studieprogrammet, inkl. eventuelle tillegg, jf. § 4-1, 5. ledd i denne forskrifta
-Studenten har brukt opp forsøka sine på praksis og/eller eksamen, jf. § 4-8, 7. ledd og § 5-2, 6. ledd i denne forskrifta.
(8) Studiedirektøren vedtek tap av studierett i samråd med dekanen.
(9) Studieretten vert avslutta når studenten sjølv stadfestar at ho eller han trekkjer seg frå studieprogrammet.
(10) Studieretten vert automatisk avslutta når studieprogrammet er fullført.
(11) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for studierett.
§ 4-2.Studiekalender
(1) For kvart studieår fastset studiedirektøren ein studiekalender som viser
-start og avslutningsdato for haust- og vårsemesteret
-undervisnings- og eksamensperiodar
-fristar for semesterregistrering og godkjenning av utdanningsplan
-fristar for å betale avgifter
-fristar for å søkje om utveksling/utanlandsopphald
-andre høve som gjeld gjennomføringa av studiet.
(2) Studiekalenderen vert kunngjord på Høgskulen i Volda si nettside hivolda.no.
§ 4-3.Studentavgifter og semesterkvittering
(1) Høgskulen i Volda krev kvart semester inn
-avgift til Studentsamskipnaden for Sunnmøre, jf. Studentsamskipnadslova § 10
-frivillig støtte til Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH)
-avgifter til læremiddel og andre materialkostnader knytte til undervisninga, jf. forskrift 15. desember 2005 nr. 1506 om egenbetaling ved universiteter og høyskoler § 3-3
-eigenbetaling (studieavgift), dersom det er vedteke at dette skal gjelde for studieprogrammet, jf. forskrift 15. desember 2005 nr. 1506 om egenbetaling ved universiteter og høyskoler § 3-2.
(2) Høgskulestyret vedtek om studieprogram som ikkje er dekte av UH-lova § 7-1, 1. ledd, skal finansierast med eigenbetaling frå studentane. Avgifta kan heilt eller delvis dekkje kostnadene som er knytte til studieprogrammet.
(3) Betalt semesteravgift, saman med gyldig studierett, gjev rett til semesterkvittering som stadfestar at ein er student i det aktuelle semesteret.
§ 4-4.Utdanningsplan og utdanningsrettleiing
(1) Studentar ved studieprogram med eit omfang på 60 studiepoeng eller fleire skal ha ein utdanningsplan, jf. UH-lova § 4-2.
(2) Studentar ved studieprogram inntil 60 studiepoeng kan ha ein utdanningsplan.
(3) I starten av første semester får studentane ved fleirårige studieprogram (bachelor- og mastergradar) eit forslag til individuell utdanningsplan i StudentWeb. Forslaget viser emna og forventa progresjon i utdanninga, både obligatoriske og eventuelt valfrie delar, basert på studieplanen for studieprogrammet.
(4) Studenten må stadfeste utdanningsplanen sin kvart semester gjennom den obligatoriske semesterregistreringa med undervisnings- og vurderingsmelding på StudentWeb.
(5) Studenten får ikkje melde seg til undervisning og vurdering i meir enn 45 studiepoeng pr. semester utan etter særskild avtale.
(6) Dersom studieplanen opnar for det, er det mogleg å endre utdanningsplanen undervegs, til dømes dersom det etter samtale med utdanningsrettleiaren er behov for justering.
(7) Dekanen ved kvar avdeling peikar ut utdanningsrettleiarar for studentane.
(8) Utdanningsrettleiarane skal gje tilbod om ein utdanningssamtale med studentane kvart semester.
(9) Utdanningssamtalen kan gjennomførast individuelt eller i grupper. Dersom ein av partane ønskjer det, skal samtalen gjennomførast individuelt.
(10) Studenten kan be om å få skifte utdanningsrettleiar i ein grunngjeven søknad til dekanen.
(11) Dekanen kan ved behov og på eige initiativ peike ut ein ny utdanningsrettleiar for studenten.
(12) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for utdanningsplanar og utdanningsrettleiing.
§ 4-5.Undervisningsopptak
(1) Mot slutten av kvart semester vert det gjennomført eit undervisningsopptak, der kvar student ved fleirårige studieprogram (bachelor- og mastergradar) melder seg til og søkjer plass på dei emna dei planlegg å ta neste semester. Andre studieprogram (t.d. årsstudium) kan også vere med i undervisningopptaket.
(2) For enkelte emne kan det vere krav om at bestemte emne, arbeidskrav eller eksamenar skal vere fullførte med godkjent resultat før ein får tilbod om plass på emnet.
(3) Dekanen vedtek kor stor kapasitet emna har. På emne med avgrensa kapasitet vert søkjarane prioriterte slik:
a)studentar på studieprogram der emnet er obligatorisk
b)studentar på studieprogram der emnet inngår som valbart emne
c)studentar på studieprogram der emnet kan inngå som valfritt emne
d)studentar på andre studieprogram.
(4) Innanfor kvar søkjargruppe kan høgskulen nytte følgjande måtar å rangere søkjarane på:
-utrekning av opptakspoeng etter mønster av poengutrekninga for studieprogrammet som emnet er ein del av
-poeng utrekna på grunnlag av karakterar frå tidlegare høgare utdanning (frå Høgskulen i Volda og eventuelt også frå andre institusjonar)
-motivasjonssøknad
-arbeids- eller opptaksprøver.
(5) På engelskspråklege emne vert det reservert plassar for utvekslingsstudentar til Høgskulen i Volda.
(6) Ein student må svare på tilbod om undervisning innanfor dei fastsette fristane for å behalde retten til undervisning og vurdering i emnet. Informasjon om tilbod og registrering av svaret skjer på StudentWeb.
(7) Dekanen kan avlyse undervisninga i eit emne dersom det melder seg for få studentar. I tilfelle emnet er obligatorisk for ein student i eit studieprogram, pliktar avdelinga likevel å leggje til rette for at studenten får fullføre studiet sitt til normert tid.
§ 4-6.Obligatorisk frammøte/deltaking
(1) Studie- og emneplanane skal vise omfanget av og kva delar av undervisninga og andre aktivitetar som er sette som obligatorisk krav for studieprogrammet.
(2) Dersom ikkje anna er bestemt i emneplanen, krev ein 80 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning i eit emne.
(3) Ved krav om obligatorisk frammøte/deltaking skal den emneansvarlege syte for at det vert ført logg over frammøtet til kvar student.
(4) Studenten skal halde seg orientert om fråværet sitt.
(5) Ein student som av særskilde grunnar ikkje klarer å innfri det obligatoriske kravet til frammøte/deltaking, kan søkje dekanen om dispensasjon frå frammøtekravet innan rimeleg tid før undervisningsperioden er ute. Dekanen kan då påleggje studenten fagleg(-e) arbeid som erstatning. Med særskild grunn meiner vi medisinsk grunn eller velferdsgrunn. Søknaden skal vere dokumentert med attest frå lege eller annan sakkunnig.
(6) Ein student som har tillitsverv i styringsordningar ved Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden for Sunnmøre, verv i nasjonale eller internasjonale studentorganisasjonar, eller har plikter i offentleg valde organ, kan søkje dekanen om fritak frå heile eller delar av kravet om obligatorisk frammøte.
(7) Ein student som ikkje får godkjent frammøtet, misser retten til å gå opp til eksamen i emnet, og må melde seg til undervisning og vurdering på nytt ved neste ordinære emnegjennomføring.
(8) Vedtak om ikkje godkjent frammøte utløyser klagerett.
§ 4-7.Arbeidskrav
(1) I emne med arbeidskrav skal det liggje føre ei oversikt som syner fristar for gjennomføring og innlevering av arbeidskrav. Det kan vere sett opp i eigne semesterplanar.
(2) Den emneansvarlege er ansvarleg for godkjenning av arbeidskrav, og eventuelt for koordineringa av slik godkjenning, når fleire fagtilsette er involverte.
(3) Vurderingsuttrykket for arbeidskrav skal vere godkjent/ikkje godkjent.
(4) Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav.
(5) Dersom ein student ikkje kan gjennomføre og levere eit arbeidskrav innan fastsett frist, kan han/ho søkje dekanen om utvida frist innan rimeleg tid før fristen for levering går ut. Søknaden skal vere grunngjeven.
(6) Ein student som får ikkje godkjent, ikkje leverer eller ikkje møter til eit arbeidskrav, har brukt eitt forsøk og får eitt nytt forsøk på å fullføre arbeidskravet.
(7) Vedtak om ikkje godkjent arbeidskrav utløyser klagerett.
(8) Ved klage på ikkje godkjent arbeidskrav skal arbeidskravet vurderast på nytt. Klagehandsaminga skal følgje UH-lova § 3-9 og § 5-3, dvs. at ein skal gjere ei ny vurdering med to sensorar, og der ein av sensorane skal vere ekstern.
(9) Ein student som ikkje får gå opp til eksamen på grunn av manglande godkjenning av arbeidskrav, må melde seg til undervisning og vurdering på nytt ved neste ordinære emnegjennomføring.
(10) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for arbeidskrav.
§ 4-8.Praksis/praksisstudium
(1) For dei utdanningane som er styrte av nasjonal rammeplan, gjeld rammeplanen sine føresegner om praksis/praksisstudium.
(2) For å kunne ta til i praksis kan det vere krav om at bestemte emne, arbeidskrav eller eksamenar skal vere fullførte med godkjent resultat.
(3) I tilknyting til praksis/praksisstudium kan det vere krav om å leggje fram gyldig politiattest, jf. UH-lova § 4-9.
(4) Ein student med særskild grunn kan søkje dekanen om særordning knytt til gjennomføring av praksis/praksisstudiet. Med særskild grunn meiner vi ein medisinsk grunn eller ein velferdsgrunn. Søknaden skal vere dokumentert med attest frå lege eller annan sakkunnig.
(5) Ved godkjenning av praksis/praksisstudiet skal prosessen som fører fram til eit vedtak om godkjenning eller underkjenning, i størst mogleg grad vere skriftleg og kunne dokumenterast.
(6) Vurderingsuttrykket for praksis/praksisstudiet skal gå fram av studie- eller emneplanen.
(7) Ein student kan framstille seg to gongar til same praksis/praksisstudiet.
(8) Ein student som bryt av praksis/praksisstudiet, får dette teljande som eitt forsøk.
(9) Ein student i praksis har teieplikt, jf. UH-lova § 4-6.
(10) Vedtak om ikkje godkjent praksis/praksisstudium utløyser ikkje klagerett, jf. UH-lova § 5-3, 5. ledd.
(11) Studieprogram med praksis/praksisstudium har eigne retningslinjer for praksisgjennomføringa.
§ 4-9.Utveksling til utlandet
(1) Høgskulen i Volda tilbyr utveksling til utlandet for studentar på fleirårige studieprogram (bachelor- og mastergradar) når studieplanen opnar for det.
(2) Ein bachelorgradsstudent må ha fullført 60 studiepoeng ved Høgskulen i Volda før utreise.
(3) Ein mastergradsstudent må ha fullført 30 studiepoeng ved Høgskulen i Volda før utreise.
(4) Studenten må inngå ein avtale om førehandsgodkjenning for godskriving i utdanningsplanen. Avtalen skal vere signert av studenten og fagmiljøet ved Høgskulen i Volda, og av vertsinstitusjonen når dette er eit krav.
(5) Ein student som ikkje fullfører i tråd med førehandsgodkjenninga, vil få ei ny vurdering om godskriving når utvekslingsopphaldet er avslutta.
(6) Studenten er sjølv ansvarleg for å skaffe visum, ta vaksinar og kjøpe forsikring som trengst til utvekslingsopphaldet.
(7) Under utvekslingsopphaldet må studenten vere semesterregistrert og betale semesteravgift til Høgskulen i Volda.
(8) Etter at utvekslingsopphaldet er gjennomført, skal studenten levere ein rapport om opphaldet.
(9) Etter at utvekslingsopphaldet er gjennomført, skal studenten levere gyldig dokumentasjon frå vertsinstitusjonen i form av ei karakterutskrift, så snart sensuren er klar. Berre gyldig dokumentasjon med fullført resultat vil bli lagd inn som del av utdanninga.
(10) Høgskulen i Volda er ikkje juridisk ansvarleg for ein student på utvekslingsavtale, men har plikt til å gje naudsynt informasjon om visum, forsikring og andre forhold som studenten bør vite om.
§ 4-10.Godskriving og fritak
(1) Ein student kan søkje om å få godskrive tidlegare utdanning som del av ny utdanning, jf. UH-lova § 3-5.
(2) Tidlegare utdanning som er fagleg jamgod med eitt eller fleire emne i ny utdanning, heilt eller delvis, kan gje fritak frå delar av utdanninga.
(3) Studiedirektøren godkjenner søknader om godskriving og fritak i samråd med den studieprogramansvarlege.
§ 4-11.Særskild tilrettelegging av studiesituasjonen
(1) Ein student som har behov for særskild tilrettelegging under studiegjennomføringa, kan søkje om dette. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller annan sakkunnig. Det skal gå fram av attesten kva som trengst av særskild tilrettelegging.
(2) Ved varige behov for tilrettelegging skal søknaden fremjast snarast mogleg etter at tilbodet om opptak er akseptert og ein har fått tildelt studierett, og seinast innan tre veker.
(3) Ein student som får behov for særskild tilrettelegging undervegs i studietida, må søkje så snart som råd etter at behovet oppstod.
(4) Høgskulen i Volda handsamar søknaden i tråd med UH-lova § 4-3, 5. ledd.
(5) Studiedirektøren avgjer søknader om særskild tilrettelegging i samråd med dekanen.
§ 4-12.Permisjon
(1) Foreldrepermisjon vert handsama i tråd med UH-lova § 4-5.
(2) Ein student som i ein avgrensa periode ikkje har høve til å følgje undervisninga og ta eksamen, kan søkje permisjon. Søknaden om permisjon skal vere skriftleg.
(3) Det vert normalt ikkje gjeve permisjon for å ta til på eit anna studieprogram eller for å ta arbeid.
(4) Studentar i fleirårige studieprogram (bachelor- og mastergradar) kan få permisjon for å ta valfri del av utdanninga ved ein annan institusjon.
(5) Permisjon vert gjeve for eitt eller fleire semester, men normalt ikkje lenger enn to år. Det vert ikkje gjeve permisjon for kortare periodar enn eitt semester. Dersom studieplanen for gjennomføringa av eit studieprogram tilseier det, vert det ikkje gjeve permisjon for kortare periodar enn eitt år.
(6) Retten til permisjon gjeld normalt berre for ordinære studieprogram med oppstart kvart år. På studieprogram som ikkje har oppstart kvart år, vert søknader om permisjon vurderte særskilt.
(7) Ein student i permisjon kan annullere permisjonen sin. Studenten avgjer dette i samråd med den studieprogramansvarlege. Dette må skje skriftleg innan fristen for semesterregistrering kvart semester.
(8) Studiedirektøren avgjer søknader om permisjon i samråd med den studieprogramansvarlege.
§ 4-13.Overgang mellom studieprogram
(1) Ein student kan normalt få overgang frå eit årsstudium til eit bachelorstudium i same fagområdet dersom
-studenten har fått studierett gjennom ordinært opptak, møtt til studiestart og registrert seg på det studieprogrammet han/ho vart oppteken til
-studieprogrammet studenten søkjer overgang til, ikkje er lukka ved poengrangering, og
-studenten fyller opptakskravet til studieprogrammet.
(2) Dersom studieprogrammet er lukka med poengrangering, kan overgang vurderast dersom studenten sin poengsum er lik eller høgare enn medianen ved siste opptak.
(3) Ein student som får innvilga overgang, misser studieretten til studieprogrammet han/ho søkjer overgang frå og får tildelt ny studierett ved det nye studieprogrammet.
(4) Studentar som ønskjer overgang til eit studieprogram som ikkje er dekt av denne overgangsordninga, må søkje om opptak på vanleg måte.
(5) Studentar må søkje om overgang innan ein fastsett frist.
(6) Studiedirektøren avgjer søknader om overgang i samråd med den studieprogramansvarlege.
§ 4-14.Skikkavurdering
(1) Høgskulen i Volda har fleire utdanningar der ein student vil bli vurdert om han/ho har dei faglege og personlege føresetnadene for yrkesutøvinga som utdanninga kvalifiserer til.
(2) Utdanningane som har krav om skikkavurdering, vurderingskriteria og sakshandsamingsmåten går fram av forskrift 30. juni 2006 nr. 859 om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Kapittel 5. Vurdering, eksamen og sensur

§ 5-1.Allment om vurdering, eksamen og sensur
(1) Ein student skal vurderast etter ulike eksamensformer i eit studieprogram.
(2) Ved Høgskulen i Volda vert normalt følgjande eksamensformer nytta, kvar for seg eller saman:
-heimeeksamen, individuelt
-mappevurdering, individuelt
-munnleg eksamen, individuelt eller i gruppe
-oppgåve, individuelt eller i gruppe
-praksis/praksisstudium, individuelt
-praktisk eksamen, individuelt eller i gruppe
-produkt eller produksjon, individuelt eller i gruppe
-skriftleg skuleeksamen, individuelt.

Alle arbeidskrav eller eit utval arbeidskrav i eit emne kan gå inn som del av mappevurdering. Eksamensforma/-ene skal gå tydeleg fram av emneplanen.

(3) Eksamen vert avlagd individuelt med mindre emneplanen seier noko anna.
(4) Eksamen utan tilsyn og gruppeeksamen kan berre nyttast på enkelte emne i eit studieprogram.
(5) Det kan vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller obligatoriske krav skal vere fullførte med godkjent resultat før ein student får gå opp til eksamen i eit emne.
(6) Dersom ein student har gyldig fråvær ved eksamen, skal dokumentasjon leverast snarast, og utan ugrunna opphald, etter at eksamen skulle ha vore gjennomført.
(7) Vurderingsuttrykket for ein eksamen er anten stått/ikkje stått eller ein gradert karakterskala med fem trinn frå A til E for stått og F for ikkje stått, jf. UH-lova § 3-9, 6. ledd. Vurderingsuttrykket stått/ikkje stått kan berre nyttast for avgrensa delar av emna i eit studieprogram.
(8) Når karakteren i eit emne vert fastsett på grunnlag av fleire eksamenar (delar), skal alle eksamenar (delar) vere stått for at emnet er stått.
(9) Når karakteren i eit emne vert slått saman av to eller fleire eksamenar (delar), skal den prosentvise vektlegginga mellom dei ulike delane gå fram av emneplanen.
(10) Høgskulen i Volda arrangerer normalt to eksamensperiodar kvart semester, éin for ordinære eksamenar og éin for kontinuasjonar.
(11) Høgskulen i Volda er ikkje ansvarleg for kollisjonar på eksamensdatoar for ein student som vel ein annan utdanningsplan enn det som er tilrådd, eller som tek fleire emne i tillegg til emna i studieprogrammet.
(12) Eksamensdatoar vert kunngjorde for studentane i StudentWeb.
(13) Studenten er sjølv ansvarleg for å halde seg orientert om tid og stad for eksamen og kva hjelpemiddel som er tillatne.
(14) Eksamensresultat vert normalt kunngjorde på StudentWeb så snart godkjend sensurliste ligg føre.
(15) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for eksamenskandidatar og gjennomføring av eksamen.
§ 5-2.Oppmelding, avmelding og eksamensforsøk
(1) Oppmelding til ordinær eksamen skjer i samband med godkjenning av utdanningsplan/semesterregistrering i StudentWeb.
(2) Oppmelding til kontinuasjon, nytt eksamensforsøk eller forbetring skjer på eige skjema.
(3) Kontinuasjonseksamen vert arrangert for ein student som
-av ein medisinsk grunn eller ein velferdsgrunn vert hindra frå å gå opp til ordinær eksamen, og som kan dokumentere fråværet med attest frå lege eller annan sakkunnig
-får ikkje stått som resultat på ordinær eksamen, eller som trekkjer seg under ordinær eksamen.
(4) Ein student som ikkje møter eller ikkje leverer eksamenssvar til ordinær eksamen, eller har stått og ønskjer å forbetre eksamensresultatet, kan melde seg opp til nytt eksamensforsøk. Studenten vert då vist til neste ordinære eksamensperiode. Men dersom ein annan student melder seg og har rett på eksamen i same emnet, jf. § 5-2, 3. ledd i denne forskrifta, kan studenten få gå opp i perioden for kontinuasjon. Dette vert avtala i dialog mellom studenten og studieadministrasjonen.
(5) Ein student som er gravid og får dato for eksamen lagd i perioden for fødselspermisjon, eller ein student som vert forelder og får dato for eksamen lagd i perioden to veker etter fødselen, jf. UH-lova § 4-5, 1. ledd, får tilbod om eksamen i næraste eksamensperiode etter at permisjonen er ute, anten for ordinær eksamen eller kontinuasjon. Dette vert avtala i dialog mellom studenten og studieadministrasjonen. Denne ordninga gjeld også ved adopsjon.
(6) Ein student har rett til tre (3) forsøk på eksamen i same emnet.
(7) Ein student må melde seg av eksamen seinast fjorten dagar før eksamen skal ta til, for at det ikkje skal bli teljande som eit eksamensforsøk.
(8) Manglande levering av eksamenssvar eller manglande frammøte til eksamen, eller for sein avmelding, vert rekna som eit eksamensforsøk.
(9) Annullering av eksamen etter UH-lova § 4-7 vert rekna som eit eksamensforsøk.
(10) Ein student som har tapt studieretten etter å ha brukt opp eksamensforsøka sine, jf. § 4-1, 7. ledd og § 5-2, 6. ledd i denne forskrifta, får ikkje nye eksamensforsøk ved å søkje om nytt opptak til studieprogrammet.
§ 5-3.Eksamenstidspunkt og eksamensstad
(1) Ordinær eksamen vert arrangert innanfor fastsett eksamensperiode i slutten av kvart semester.
(2) Kontinuasjonseksamen vert arrangert i midten av det påfølgjande semesteret.
(3) Eksamen i emne som er utgått, kan arrangerast inntil eitt år etter siste ordinære eksamen i emnet.
(4) Eksamensstad er Høgskulen i Volda, inkludert høgskulen sitt datanettverk og e-læringsverkty.
(5) Eksamen kan arrangerast desentralisert i Noreg. Det kan vere særskilde vilkår knytte til slik eksamen. Høgskulen i Volda kan krevje at ein student som går opp til desentralisert eksamen, dekkjer dei faktiske meirkostnadene ved slik eksamen. Høgskuledirektøren fastset storleiken på avgifta.
(6) Studiedirektøren kan vedta anna eksamenstidspunkt og/eller annan eksamensstad, i samråd med dekanen.
§ 5-4.Særskild tilrettelegging av eksamen
(1) Ein student som av ein medisinsk grunn eller ein velferdsgrunn har vanskar med å gjennomføre eksamensforma som er vedteken, kan søkje om særskild tilrettelegging av eksamen. Tilrettelegginga skal kompensere for dei ulempene som ligg til grunn for søknaden, samtidig som studentane i størst mogleg grad skal prøvast likt. Særskild tilrettelegging er normalt utvida tid eller bruk av hjelpemiddel. Ein kan også vurdere andre tiltak.
(2) Søknad om særskild tilrettelegging av eksamen må leverast innan fastsett frist, jf. studiekalenderen.
(3) Det kan gjerast unntak frå fristen ved akutt sjukdom eller liknande. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller annan sakkunnig. Det skal gå fram av dokumentasjonen kva som trengst av særskild tilrettelegging.
(4) Dersom grunnlaget for særskild tilrettelegging er av varig karakter, er det nok å sende søknad ein gong for perioden ein har studierett på eit studieprogram. Ein må søkje på nytt ved endra behov.
(5) Studiedirektøren avgjer søknader om særskild tilrettelegging av eksamen.
§ 5-5.Forbetring av eksamensresultat
(1) Ein student som har stått og vil forbetre eksamensresultatet i eit emne, må ta ny eksamen etter gjeldande emneplan.
(2) Dersom ein student vil forbetre ei semesteroppgåve, bachelorgradsoppgåve eller mastergradsoppgåve eller liknande innanfor eit emne i eit studieprogram, kan eksamenssvaret berre leverast på nytt dersom oppgåva er ny eller så omarbeidd at ho kan vurderast som ei ny oppgåve. Dersom studenten leverer ei omarbeidd oppgåve, må dette dokumenterast.
(3) Ein student har ikkje krav på rettleiing ved forbetring av eksamensresultat.
(4) Talet på eksamen for forbetring i eit emne er avgrensa til to (2) forsøk etter første ordinære eksamen, jf. § 5-2, 6. ledd i denne forskrifta.
§ 5-6.Privatisteksamen
(1) Ein privatist er ein person som ikkje er oppteken ved Høgskulen i Volda, men som fyller opptakskrava og søkjer om å få ta eksamen i eitt eller fleire emne i eit studieprogram. Eventuelle obligatoriske krav og krav til forkunnskapar i eit emne må også vere stetta.
(2) Søknad om privatisteksamen må leverast innan fastsett frist, jf. studiekalenderen.
(3) Eksamen for privatistar skal vere eksamen med tilsyn.
(4) Privatistar skal betale semesteravgift til Studentsamskipnaden det semesteret dei går opp til eksamen.
(5) Privatistar skal betale ei avgift som dekkjer Høgskulen i Volda sine meirkostnader ved å leggje til rette for eksamen, jf. UH-lova § 3-10, 4. ledd.
(6) Dersom ein privatist av ein særskild grunn vert hindra frå å gå opp til eksamen, kan eksamen takast på nytt utan at han/ho må betale nye avgifter. Med særskild grunn meiner ein medisinsk grunn eller ein velferdsgrunn, som vert dokumentert med attest frå lege eller annan sakkunnig.
(7) Studiedirektøren avgjer søknader om privatisteksamen i samråd med dekanen.
§ 5-7.Eksamensspråk
(1) Eksamensspråket ved Høgskulen i Volda er norsk med mindre anna er fastsett i studie- eller emneplanen.
(2) Alle eksamensoppgåver i norskspråklege emne skal leggjast fram både på nynorsk og bokmål, med unntak for eksamenar der nynorsk- eller bokmålskompetansen skal prøvast.
(3) Ein student kan søkje om å få eksamen på eit anna språk enn norsk innan ein fastsett frist, jf. studiekalenderen.
(4) Studiedirektøren avgjer om det skal utarbeidast oppgåvetekst på eit anna språk, t.d. engelsk, og/eller om eksamenssvaret kan skrivast på eit anna språk, t.d. engelsk, i samråd med dekanen.
§ 5-8.Hjelpemiddel og kjeldebruk
(1) Ved eksamen med tilsyn skal det gå tydeleg fram av emneplanen og eksamensoppgåva kva som er lovlege hjelpemiddel. Dersom oppgåveteksten ikkje nemner hjelpemiddel, tyder dette at ingen hjelpemiddel er lovlege.
(2) Ved eksamen med tilsyn vert det å ha med eller skaffe seg tilgang til hjelpemiddel som ikkje går fram av eksamensoppgåva, sett på som fusk. Generelt er mobiltelefonar og anna elektronisk utstyr sett på som ulovlege hjelpemiddel.
(3) Ved eksamen utan tilsyn skal arbeidet
-ikkje ha vore brukt ved ein annan eksamen ved Høgskulen i Volda
-ikkje ha vore brukt til eksamen ved andre institusjonar innanlands eller utanlands
-ikkje referere til eller vere basert på andre sitt arbeid utan at det vert oppgjeve
-ikkje referere til eller vere basert på eige tidlegare arbeid utan at det vert oppgjeve
(4) Ved eksamen utan tilsyn skal studenten gje opp alle kjelder som er nytta i framstillinga av arbeidet. Avskrift eller kopi utan tilvising til kjelde vert rekna som fusk.
(5) Dei ovannemnde krava gjeld også for arbeidskrav og andre vilkår som er sette for å gå opp til eksamen.
(6) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for kjelde- og litteraturbruk.
§ 5-9.Eksamenssvar
(1) Ein student som har vore oppe til eksamen, kan ikkje unndra seg sensur etter at eksamenssvaret er levert.
(2) Ved eksamen med tilsyn kan eksamenssvar som er leverte, ikkje leverast ut igjen, endrast eller supplerast.
(3) Ved eksamen utan tilsyn kan ein student erstatte eit eksamenssvar som allereie er levert, med eit nytt eksamenssvar fram til avtala innleveringsfrist.
(4) Ved eksamen utan tilsyn kan ein student eller grupper av studentar kallast inn til tilleggseksamen. Studiedirektøren avgjer om slik eksamen skal arrangerast.
(5) Ved gruppeeksamen kan ein student som meiner at gruppa sitt eksamenssvar ikkje reflekterer eige kunnskapsnivå, søkje om å få ein individuell tilleggseksamen. Slik søknad må vere fremja innan to timar etter innleveringsfristen eller eksamen er gjennomført. Resultatet av tilleggseksamenen gjeld berre denne studenten og tel som eit eksamensforsøk.
(6) Ein student som får karakteren F eller ikkje stått på ei mastergradsoppgåve, bachelorgradsoppgåve, semesteroppgåve eller liknande, kan bruke den same problemstillinga ved eit nytt eksamensforsøk. Dersom studenten får karakteren F eller ikkje stått også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling ved tredje forsøk.
0Endra ved forskrift 28 april 2016 nr. 454.
§ 5-10.Fusk og forsøk på fusk
(1) Lovlege hjelpemiddel og rett kjeldebruk er omtala i § 5-8 i denne forskrifta.
(2) Dersom det under eksamen med tilsyn oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studenten straks gjerast merksam på at det vil bli rapportert til studiedirektøren, og at saka vil bli undersøkt nærare. Det gjeld også ein student som yter hjelp til ein medstudent eller medstudentar. Studenten/-ane kan velje å halde fram eller avbryte eksamen. Studenten/-ane vil bli kalla inn til samtale.
(3) Dersom det i samband med eksamen utan tilsyn oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studiedirektøren varslast og saka undersøkjast straks. Dette gjeld også for arbeidskrav og andre vilkår som er sette for å gå opp til eksamen. Studenten/-ane vil bli kalla inn til samtale.
(4) Kopiering, tekstnær parafrasering eller avskriving utan kjeldetilvising vert rekna som fusk.
(5) Dersom det viser seg at to eller fleire svar på ein eksamen klart byggjer på det same originalarbeidet, har same opphavsmann, felles disposisjon eller det tyder på anna utstrekt samarbeid, vert dette rekna som fusk for alle involverte. Dette gjeld også for arbeidskrav og andre vilkår som er sette for å gå opp til eksamen.
(6) Fusk, forsøk på fusk eller medverknad til fusk ved eksamen, arbeidskrav eller andre vilkår som er sette for å gå opp til eksamen, kan føre til reaksjonar, jf. UH-lova § 4-7 og § 4-8, 3. ledd.
(7) Studiedirektøren er ansvarleg for sakshandsaminga i saker om fusk.
(8) Klagenemnda ved Høgskulen i Volda avgjer saker om fusk.
§ 5-11.Sensur
(1) Alle eksamenar skal vurderast av ein kommisjon på minst to sensorar, både ved ekstern sensur (fagperson tilsett utanfor Høgskulen i Volda) og intern sensur (fagperson tilsett ved Høgskulen i Volda).
(2) Alle emne på mastergradsnivå skal ha ekstern sensur.
(3) Alle emne skal ha ekstern sensur ved første gjennomføring av eksamen, og deretter minst éin gong i løpet av ein periode på tre år.
(4) Dekanen er ansvarleg for at det vert oppnemnt sensorar til alle eksamenar og avgjer kva emne som skal ha ekstern sensur.
(5) Ved sensurering av mastergradsoppgåver kan kandidaten sin rettleiar vere med på å fastsetje karakteren. Då skal kommisjonen ha tre sensorar, inkludert rettleiaren.
(6) Ved munnleg eller praktisk eksamen der studentane ikkje har klagerett på karakterfastsetjinga, skal alltid minst to sensorar vurdere alle eksamenssvar. Om klage, sjå § 5-12 i denne forskrifta.
(7) Til ordinær eksamen bør det utarbeidast sensorrettleiing, der dei generelle prinsippa for karaktersetjinga går fram. Emneansvarleg har normalt ansvar for å utarbeide sensorrettleiinga. Sensorrettleiinga er offentleg etter at den ordinære sensuren er avslutta, jf. UH-lova § 5-3, 3. ledd.
(8) Alle sensorar (ekstern og/eller intern) som har vore med på gjere eit sensurvedtak, skal signere ei felles sensurliste for at sensuren skal vere gyldig og resultatet kan offentleggjerast.
(9) Sensur skal gjennomførast anonymt så langt dette er praktisk råd.
(10) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for sensurarbeid.
§ 5-12.Klage og grunngjeving
(1) Om klage over formelle feil ved eksamen, sjå UH-lova § 5-2.
(2) Om grunngjeving for og klage over fastsetjing av karakterar, sjå UH-lova § 5-3.
(3) Ved klage på gruppeeksamenar må alle medlemene i gruppa samtykke til og skrive under på klaga.
(4) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for arbeid med klage og grunngjevingar.

Kapittel 6. Dokumentasjon for fullført utdanning

§ 6-1.Rett til vitnemål og karakterutskrift
(1) Ein student som fullfører ein grad eller ei yrkesutdanning, får utskrive vitnemål, jf. UH-lova § 3-11. Det vert samtidig skrive ut Diploma Supplement.
(2) Ein student som fullfører eit studieprogram som ikkje gjev vitnemål, får karakterutskrift.
(3) Ein student som fyller krava til ein fri bachelorgrad på grunnlag av tre år med fullførte studium, jf. § 2-5, 3. ledd i denne forskrifta, må søkje om å få vitnemål.
(4) Ein student som fullfører eit emne eller delar av eit studieprogram, kan be om karakterutskrift.
(5) For ein student som ikkje viser fram førespurd originaldokumentasjon ved opptak, jf. § 3-7, 7. ledd i denne forskrifta, kan Høgskulen i Volda halde tilbake vitnemål/karakterutskrift.
(6) Ved klage på ein karakter som skal på vitnemålet/karakterutskrifta, kan Høgskulen i Volda halde tilbake vitnemålet/karakterutskrifta til klaga er handsama. Dersom ein student har fått utskrive vitnemål/karakterutskrift som etter klagehandsaminga ikkje lenger er gyldig, skal studenten snarast råd levere inn att vitnemålet/karakterutskrifta.
(7) Ein student får utskrive berre eitt vitnemål for eit fullført studieprogram. Det kan skrivast ut duplikatvitnemål så lenge Høgskulen i Volda har fullgod dokumentasjon i digital database eller tilgjengelege protokollar. Ein student som får skrive ut duplikatvitnemål, må dekkje dei faktiske kostnadene ved utskrivinga.
(8) Ved forbetring av resultat i emne etter at vitnemålet er utskrive, kan ein be om karakterutskrift.
(9) Klagenemnda handsamar klager på avslag om vitnemål.
§ 6-2.Krav til informasjon på vitnemål og karakterutskrift for fullført studieprogram
(1) Vitnemålet skal gje opplysningar om
-fullt namn og fødselsnummer
-utdanninga som er fullført
-tidspunkt for fullført utdanning
-grad eller tittel som eventuelt er oppnådd
-studiepoeng
-tidspunkt for avlagd(e) eksamen(ar)
-samla karakter for kvart emne som inngår i graden
-emne som studenten eventuelt har fått godskrive, og kva utdanning som er grunnlag for godskrivinga
-karaktersystemet som er nytta.

Tittel på større skriftlege oppgåver kan vere med. Deleksamenar som inngår i ei vurdering i eit emne, skal ikkje stå på vitnemålet.

(2) Karakterutskrift skal gje opplysningar om
-fullt namn og fødselsnummer
-namn på studieprogrammet som er fullført
-tidspunkt for avlagd(e) eksamen(ar)
-studiepoeng
-samla karakter for kvart emne som inngår i studieprogrammet
-emne som studenten eventuelt har fått godskrive, og kva utdanning som er grunnlag for godskrivinga
-karaktersystemet som er nytta.

Deleksamenar som inngår i ei vurdering i eit emne, skal ikkje stå på karakterutskrifta.

(3) Rektor og studiedirektør skal skrive under vitnemålet. Signeringsfullmakta kan delegerast.

Kapittel 7. Klagenemnd

§ 7-1.Klagenemnd
(1) Høgskulen i Volda har klagenemnd, jf. UH-lova § 5-1.
(2) Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter UH-lova § 3-7, § 4-7, § 4-8, § 4-9, § 4- 10, § 4-13 og § 5-2.
§ 7-2.Saksfelt for klagenemnda
(1) Klagenemnda handsamar saker om
-klage på enkeltvedtak (forvaltningslova kap. VI)
-studentopptak (jf. UH-lova § 3-7)
-annullering av eksamen eller prøve (jf. UH-lova § 4-7)
-utestenging og bortvising (jf. UH-lova § 4-8)
-utestenging grunna straffbare forhold - politiattest (jf. UH-lova § 4-9)
-utestenging etter skikkavurdering (jf. UH-lova § 4-10)
-graden philosophiae doctor (jf. UH-lova § 4-13)
-klage over formelle feil ved eksamen (jf. UH-lova § 5-2).

Kapittel 8. Iverksetjing og oppheving av tidlegare forskrift

§ 8-1.Iverksetjing og overgangsordning
(1) Forskrifta gjeld frå 1. januar 2015.
(2) Forskrifta kan fråvikast i enkelte tilfelle vårsemesteret 2015 dersom endringar frå oppheva til ny forskrift er til ugunst for ein student.
§ 8-2.Oppheving av forskrifter

Frå iverksetjingstidspunktet 1. januar 2015 er desse forskriftene oppheva:

(1)Forskrift 30. januar 2014 nr. 103 om opptak til Høgskulen i Volda
(2)Forskrift 5. mars 2009 nr. 289 om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.