Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

DatoFOR-2014-12-19-1821
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 2014 hefte 18
Ikrafttredelse01.01.2015
Sist endretFOR-2015-06-30-821
EndrerFOR-2006-11-08-1227
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§18
Kunngjort06.01.2015   kl. 11.00
Rettet25.08.2015 (§ 5 tredje ledd første punktum)
KorttittelForskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom mv.

Heimel: Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 19. desember 2014 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 18.
Endringar: Endra ved forskrift 30 juni 2015 nr. 821.
Rettingar: 25.08.2015 (§ 5 tredje ledd første punktum).

§ 1.Føremål

Føremålet med tilskott etter denne forskrifta er å medverke til å dekkje kostnadene til avløysing ved eigen eller barns sjukdom, svangerskap, fødsel, adopsjon eller omsorgsovertaking, og ved dødsfall.

§ 2.Forholdet til jordbruksoppgjeret

Tilskotet vert utrekna med grunnlag i føresegner om satsar, definisjonar, utmålingsreglar m.m. fastsett i medhald av jordbruksoppgjeret.

§ 3.Generelle vilkår

Tilskot etter denne forskrifta kan gjevast til føretak som er registrert i Einingsregisteret og som driv vanleg jordbruksproduksjon.

Den personen som det vert søkt tilskot for må ha hatt ei gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk, gartneri mv. frå føretaket på minimum ½ G i dei to siste inntektsåra som føretaket har fått skatteoppgjer for pr. 1. januar i det året avløysinga finn stad.

Tilskotet kan gjevast til dekking av dokumenterte utgifter til avløysing.

Som avløysing reknast ikkje arbeid utført av person som

1.har næringsinntekt frå føretaket,
2.er ektefelle eller sambuar til nokon som har næringsinntekt frå føretaket, eller
3.er under 15 år.
§ 4.Tilskot ved sjukdom

Det kan gjevast tilskot ved sjukdom dersom den personen som det vert søkt tilskot for avløysing av er yngre enn 70 år og sjukemeldt frå arbeid i føretaket.

Tilskot etter første ledd stansar når det er utbetalt tilskot for personen i til saman 365 dagar i løpet av dei tre siste åra. Teljinga av dagar tek til på nytt kvar gong det er gått 26 samanhengande veker sidan den siste dagen i den føregåande perioden det har vore utbetalt tilskot for.

0Endra ved forskrift 30 juni 2015 nr. 821.
§ 5.Tilskot ved svangerskap, fødsel, adopsjon og omsorgsovertaking av barn

Det kan gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for er gravid og tek i mot svangerskapspengar.

Det kan gjevast tilskot når den det vert søkt tilskot for tek i mot foreldrepengar eller eingongsstønad etter folketrygdlova kapittel 14.

I samband med fødsel kan det gjevast tilskot for avløysing av faren i inntil 14 dagar dersom han bur saman med mora til barnet og føretaket ikkje tek i mot tilskot for avløysing av mor i desse dagane. Der adoptivforeldre og fosterforeldre tek over omsorga kan det òg ytast slikt tilskot til ein av foreldra. Dette gjeld likevel ikkje ved stebarnsadopsjon eller der barnet er over 15 år.

0Endra ved forskrift 30 juni 2015 nr. 821.
§ 6.Tilskot ved sjukdom hos barn

Det kan gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for følgjer barn til legeundersøking eller anna oppfølging i samband med sjukdom eller skade. Tilskotet kan gjevast til og med det kalenderåret barnet fyller 12 år.

Det kan gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for har barn med kronisk sjukdom, langvarig sjukdom eller har nedsett funksjonsevne og det derfor er ei markert auke i risikoen for at personen får fråvær frå arbeidet sitt i føretaket. Tilskotet kan gjevast til og med det kalenderåret barnet fyller 18 år. Det kan òg gjevast tilskot for å kunne delta i opplæring ved godkjend helseinstitusjon eller offentleg kompetansesenter for å kunne ta seg av og behandle barnet.

Tilskotet kan gjevast inntil 20 dagar pr. år for kvar av foreldra. For einslege foreldre kan det gjevast tilskot i inntil 40 dagar pr. år.

§ 7.Tilskot ved dødsfall

Attlevande ektemake/sambuar, barn eller foreldre til ein avdød person som dreiv eit føretak med vanleg jordbruksproduksjon, kan gjevast tilskot til avløysing i inntil 8 veker etter dødsfallet. Avdøde må ha hatt ei gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk, gartneri mv. frå føretaket på minimum ½ G dei to siste inntektsåra som føretaket har fått skatteoppgjør for pr. 1. januar i dødsåret.

Reglane i § 3 første og andre ledd gjeld ikkje for attlevande som nemnt i første ledd i paragrafen her.

§ 8.Søknad

Føretak som søkjer tilskot skal nytte søknadsskjema fastsett av Landbruksdirektoratet.

Søknadsfristen er 3 månader etter siste dag i perioden avløysinga fann stad. Dersom heile perioden er lenger enn to månader, kan det søkast om delutbetalingar.

Tilskotet kan ikkje overdragast til eige eller pant.

0Endra ved forskrift 30 juni 2015 nr. 821.
§ 9.Administrasjon, dispensasjon og klage

Landbruksdirektoratet administrerer tilskot etter denne forskrifta. Vedtak om tilskot gjerast av kommunen.

Landbruksdirektoratet og fylkesmannen kan i særskilte høve dispensera frå reglane i § 3 andre ledd, § 4 t.o.m. § 7 samt § 8 andre ledd.

Vedtak som er gjort av kommunen kan klagast til fylkesmannen. Vedtak som er gjort av fylkesmannen kan klagast til Landbruksdirektoratet.

§ 10.Opplysningsplikt og kontroll

Søkjaren av tilskot pliktar å gje alle opplysningar som kommunen, fylkesmannen og Landbruksdirektoratet finn naudsynt for å kunne forvalte ordninga.

Kommunen, fylkesmannen og Landbruksdirektoratet kontrollerer at utbetaling av tilskot er rett. Søkjaren pliktar å utlevere all bokføring, korrespondanse og oppteikningar som vedkjem tilskotet. Opplysningar gitt i samband med søknad om tilskot kan òg kontrollerast ved teljing og måling på dei eigedomar som føretaket nyttar i drifta.

§ 11.Avkorting ved regelverksbrot

Dersom føretaket aktlaust eller forsettleg driv eller har drive verksemda si i strid med anna regelverk for jordbruksverksemd, kan heile eller delar av det tilskotet som tilfell føretaket avkortast.

§ 12.Avkorting ved feilopplysningar

Dersom føretaket aktlaust eller forsettleg har gjeve feil opplysningar i søknaden som har eller ville danna grunnlag for ei urettmessig utbetaling av tilskot, kan heile eller delar av det tilskotet som tilfell føretaket avkortast. Tilskotet kan også avkortast dersom føretaket ikkje følgjer fristar som kommunen, fylkesmannen eller Landbruksdirektoratet har sett for å kunne utføre kontrolloppgåvene i medhald av § 10.

§ 13.Tilbakebetaling og renter mv.

Dersom føretaket som følgje av manglande oppfylling av vilkåra i denne forskrifta eller av andre grunnar har motteke ei utbetaling som ikkje var rettmessig, kan det feilutbetalte beløpet krevjast tilbakebetalt frå mottakaren eller motreknast i seinare utbetalingar av tilskot. Tilsvarande gjeld differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskot som følgje av vedtak om avkorting etter § 11 og § 12.

For tilbakebetalingskrav kan det krevjast renter når kravet ikkje vert innfridd ved forfall. Ved grov aktløyse eller forsett kan renter krevjast frå tidspunktet for utbetalinga av det urettmessige tilskotet. Størrelsen på renta følgjer rentesatsen fastsett med heimel i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinka betaling m.m.

Krav frå offentlege styresmakter som spring ut av jordbruksverksemda til føretaket kan motreknast i seinare tilskotsutbetalingar til føretaket.

§ 14.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå 1. januar 2015. Frå same tid blir forskrift 8. november 2006 nr. 1227 om tilskot til avløysing oppheva.