Forskrift om fellesansvar for utfisking mv. av rømt oppdrettsfisk

DatoFOR-2015-02-05-89
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 2015 hefte 2
Ikrafttredelse05.02.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-06-17-79-§13a, LOV-2005-06-17-79-§28, LOV-2005-06-17-79-§29a, LOV-2005-06-17-79-§30, LOV-2005-06-17-79-§31
Kunngjort10.02.2015   kl. 15.00
KorttittelForskrift om utfisking mv. av rømt oppdrettsfisk

Heimel: Fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet 5. februar 2015 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) § 13a, § 28, § 29a, § 30 og § 31.

§ 1.Formål

Formålet med forskrifta er å redusere risikoen for genetisk påverknad frå akvakultur på ville bestandar av laksefisk.

§ 2.Samanslutninga

Det skal etablerast ei samanslutning som skal planleggje og dekkje utgifter for gjennomføring av tiltak for å redusere førekomst av rømt oppdrettsfisk av artane laks, aure og regnbogeaure i elver der innslaget av rømt fisk er uakseptabelt.

Samanslutninga skal vurdere planlegging av tiltak for å redusere førekomst av rømt oppdrettsfisk i elver der overvakinga, ved bruk av årsprosent eller gytefiskteljingar, syner at innslaget av rømt oppdrettsfisk er lik eller større enn 4 prosent. I elver der innslaget av rømt oppdrettsfisk er større enn 10 prosent skal tiltak planleggast.

Deltakarar i samanslutninga er alle innehavarar av løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure. Deltakarane skal betale ei avgift til samanslutninga for å dekkje utgiftene etter § 3.

Samanslutninga skal registrerast i Føretaksregisteret.

§ 3.Det økonomiske ansvaret til samanslutninga

Samanslutninga sitt ansvar for å dekkje utgifter trer i kraft frå det tidspunktet departementet bestemmer, og er avgrensa til dei økonomiske pliktene som følgjer av denne forskrifta.

Samanslutninga sitt ansvar for å dekkje utgifter etter akvakulturloven § 13a er avgrensa til utgifter som følgjer av tiltak pålagde av styresmaktene etter denne forskrifta og dei tiltaka som samanslutninga sjølv vedtek å setje i verk. Denne forskrifta gir ikkje private partar rett til å få erstatta andre kostnader, inntektstap eller liknande enn dei som følgjer av vedtak gjort av samanslutninga.

Samanslutninga skal dekkje utgifter til å gjennomføre planar om tiltak etter § 2 første ledd.

Samanslutninga skal i rimeleg omfang dekkje utgifter som Fiskeridirektoratet har hatt for å fastslå kven som eig den rømte oppdrettsfisken.

Samanslutninga kan etter søknad dekkje utgifter Fiskeridirektoratet har til tiltak ved akutte hendingar i de høve ein ikkje med overvekt av sannsyn kan identifisere kjeldene til den rømte fisken. Dette gjeld i sjø og alle elver, uavhengig av kva for elver som blir dekt av styresmaktenes overvakningsprogram.

§ 4.Dispensasjon

Samanslutninga kan søkje Fiskeridirektoratet om dispensasjon frå krava i § 3 tredje ledd. Søknaden kan godtakast dersom økonomien og ressursane til samanslutninga tilseier det.

§ 5.Avgift

Styret i samanslutninga fastset avgifta i samsvar med at den samla avgifta skal svare til samanslutninga sine utgifter. Dersom innbetalt avgift er større enn utgiftene til samanslutninga eit einskild år, skal differansen setjast av til neste års drift.

Innehavarar av løyve der all fisk som er på lokalitetar knytt til løyvet kan identifiserast som oppdrettsfisk og kan sporast tilbake til eigaren, skal ikkje betale avgift.

Innehavarar av løyve der all fisk som er på lokalitetar knytt til løyvet har eigenskapar som gjer at han ikkje kan formeire seg, betaler redusert avgift. Avgifta utgjer 25 prosent av avgifta fastsett etter første ledd.

Samanslutninga krev inn avgifta og fører kontroll med at avgifta blir betalt.

Avgifter som blir betalt til samanslutninga skal plasserast på ein separat bankkonto.

§ 6.Regress

Dersom det ved undersøkingar, etterforsking eller andre tiltak blir dokumentert med sannsynsovervekt kven som er ansvarleg for den oppfiska rømte oppdrettsfisken, skal samanslutninga krevje regress for utgiftene som har kome til frå innehavaren av løyvet. Dette gjeld uavhengig av kva skuld den ansvarlege har.

Samanslutninga kan også krevje regress hos innehavarar av akvakulturløyve som ikkje er pliktige til å betale avgift til samanslutninga.

§ 7.Årsmøte

Årsmøtet skal haldast kvart år innan 30. juni og skal kallast inn av styret med minst tre vekers skriftleg varsel.

Årsmøtet skal

a)behandle årsmelding og rekneskap
b)velje styre, styreleiar, nestleiar og revisor. Revisor skal vere statsautorisert
c)behandle andre saker som blir lagde fram.
§ 8.Styret

Styret har til saman fem representantar med personlege varamedlemmer. Styremedlemmene tenestegjer i to år. Val av medlemmer til styret skjer slik:

a)tre representantar blir valde av og frå havbruksnæringa
b)to representantar blir peika ut av Nærings- og fiskeridepartementet.

Det skal kallast inn til ekstraordinært årsmøte for å behandle spesielle saker når styret eller minst ein firedel av deltakarane krev det. Innkallinga skjer med minst ei vekes varsel.

Styret skal årleg leggje fram for departementet ein rapport om verksemda til samanslutninga, medrekna

a)separat rekneskap for kontoen som også fortel korleis dei innkravde midlane og renter bokførte på kontoen er fordelte
b)ei kort framstilling av verksemda til samanslutninga
c)korleis avgifta er utrekna og fastsette.

Rapporten skal vere offentleg tilgjengeleg.

§ 9.Forretningsførar

Styret fastset kven som skal vere forretningsførar for samanslutninga. Forretningsføraren har det daglege ansvaret for verksemda til samanslutninga.

§ 10.Offentlegheit

Offentleglova skal gjelde for samanslutninga.

§ 11.Klageinstans

Fiskeridirektoratet er klageinstans for forvaltningsavgjerder tekne av samanslutninga, med unntak av avgjerder etter § 3 femte ledd der Nærings- og fiskeridepartementet er klageinstans.

§ 12.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft straks.

Nærings- og fiskeridepartementet skal syte for at det vert kalla inn til eit første årsmøtet som skal velje styre, styreleiar, nestleiar og revisor.