Forskrift om dvergålegras (Zostera noltei) som prioritert art

DatoFOR-2015-05-22-546
DepartementKlima- og miljødepartementet
PublisertI 2015 hefte 5
Ikrafttredelse22.05.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§23, LOV-2009-06-19-100-§24, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort29.05.2015   kl. 15.00
KorttittelForskrift om dvergålegras som prioritert art

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 22. mai 2015 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 23, § 24 og § 62. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.Dvergålegras som prioritert art

Dvergålegras (Zostera noltei) er utpeika som prioritert art.

§ 2.Føremål

Føremålet med forskrifta er å ta vare på dvergålegras i samsvar med forvaltingsmålet for artar i naturmangfaldlova § 5 første ledd.

§ 3.Forbod mot uttak, skade og øydelegging

Alle former for uttak, skade eller øydelegging av dvergålegras er forbode. Som øydelegging er medrekna mudring, utbygging, utfylling og endring av straumforholda og andre handlingar dersom dei er eigna til å skade eller på annan måte forringe førekomstar av arten.

§ 4.Skjøtsel

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta har inngått avtale med, helst grunneigar, kan setje i verk tiltak i samsvar med naturmangfaldlova § 47, jf. § 24 andre ledd, for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er nødvendig for å sikre bevaring av arten.

§ 5.Forvaltingsstyresmakt

Fylkesmannen er forvaltingsstyresmakt etter forskrifta.

§ 6.Dispensasjon

Fylkesmannen kan, etter søknad, gjere unntak frå forboda i § 3 i samsvar med naturmangfaldlova § 24 femte ledd. Gjeld søknaden fleire fylke, blir han handsama av Miljødirektoratet.

Ved søknad om dispensasjon frå forskrifta, kan forvaltingsstyresmakta krevje at følgjene av det planlagde tiltaket for arten blir klarlagde i samsvar med naturmangfaldlova § 24 første ledd bokstav c.

§ 7.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft straks.