Forskrift om skredmjelt (Oxytropis campestris ssp. scotica) som prioritert art

DatoFOR-2015-05-29-561
DepartementKlima- og miljødepartementet
PublisertI 2015 hefte 5
Ikrafttredelse29.05.2015
Sist endret
EndrerFOR-2001-12-21-1525
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§23, LOV-2009-06-19-100-§24, LOV-2009-06-19-100-§62, LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort02.06.2015   kl. 14.00
KorttittelForskrift om skredmjelt som prioritert art

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 29. mai 2015 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 23, § 24, § 62 og § 77. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.Skredmjelt som prioritert art

Skredmjelt (Oxytropis campestris ssp. scotica) er utpeika som prioritert art.

§ 2.Føremål

Føremålet med forskrifta er å ivareta skredmjelt i samsvar med forvaltningsmålet for artar i naturmangfaldlova § 5 første ledd.

§ 3.Forbod mot uttak, skade og øydelegging

Alle former for uttak, skade eller øydelegging av skredmjelt er forbode. Som øydelegging er medrekna tilplanting, deponering og uttak av massar, utbygging, vegbygging og andre handlingar dersom dei er eigna til å skade, tildekke eller på annan måte forringe førekomstar av arten.

§ 4.Arten sitt økologiske funksjonsområde

Som økologisk funksjonsområde for skredmjelt reknast arten sitt leveområde.

I det økologiske funksjonsområdet for skredmjelt er bruk som tar omsyn til leveområda for arten tillaten. Annan bruk er ikkje tillaten. Med unntak av dei handlingane som er nemnte i tredje ledd, kan forvaltningsstyresmakta inngå avtale med grunneigar eller rettshavar om kva for handlingar som skal vere tillatne, og kva for handlingar som ikkje skal vere tillatne. Forbodet etter andre punktum gjeld ikkje for handlingar som er regulerte i avtalen.

Tilplanting, deponering og uttak av massar, utbygging og vegbygging er forbode.

Dersom reglane i andre eller tredje ledd fører til ei vesentleg vanskeleggjering av igangverande bruk og eit vesentleg tap, kan grunneigar krevje at området blir verna etter naturmangfaldlova kapittel V, eller at det blir gjort unntak frå prioriteringa for dei aktuelle områda etter § 8.

Dersom det blir planlagt inngrep i eit økologisk funksjonsområde for skredmjelt, kan forvaltningsstyresmakta krevje at følgjene av det planlagde inngrepet for arten blir klarlagt, i samsvar med naturmangfaldlova § 24 første ledd bokstav c.

Ved vedtak etter anna lovverk, skal omsynet til arten og arten sitt økologiske funksjonsområde bli ivareteke i samsvar med denne forskrifta.

§ 5.Handlingsplan

Det skal utarbeidast handlingsplan med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel eller andre typar tiltak som er nødvendige for å ta vare på arten sine økologiske funksjonsområde.

§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta har inngått avtale med, helst grunneigar, kan setje i verk tiltak i samsvar med naturmangfaldlova § 47, jf. § 24 andre ledd, for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er nødvendig for å sikre bevaring av arten.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Fylkesmannen er forvaltningsstyresmakt etter forskrifta.

§ 8.Dispensasjon

Fylkesmannen kan, etter søknad, gjere unntak frå forboda i § 3, § 4 andre ledd andre punktum, og § 4 tredje ledd, i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 24 femte ledd. Gjeld søknaden fleire fylke, blir han handsama av Miljødirektoratet.

Ved søknad om dispensasjon frå forskrifta, kan forvaltningsorganet krevje at følgjene av det planlagde tiltaket for arten blir klarlagde, i samsvar med naturmangfaldlova § 24 første ledd bokstav c.

§ 9.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft straks.

Frå same tidspunkt blir det gjort følgjande endring i forskrift 21. desember 2001 nr. 1525 om fredning av truete arter: I vedlegg til forskrifta blir følgjande ord sletta: «- Skredmjelt (Oxytropis campestris ssp. scotica)».