Forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i 2015

DatoFOR-2015-06-17-817
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 2015 hefte 8
Ikrafttredelse17.06.2015
Sist endretFOR-2016-11-15-1330
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-06-17-79-§5, LOV-2005-06-17-79-§6, LOV-2005-06-17-79-§7, LOV-2005-06-17-79-§9, LOV-2005-06-17-79-§26, LOV-2005-06-17-79-§28, LOV-2005-06-17-79-§29a, LOV-2005-06-17-79-§30, LOV-2005-06-17-79-§31a, LOV-2005-06-17-79-§33a, LOV-2003-12-19-124-§7, LOV-2003-12-19-124-§14, LOV-2003-12-19-124-§15, LOV-2003-12-19-124-§19, LOV-2003-12-19-124-§26, FOR-2003-12-19-1790
Kunngjort07.07.2015   kl. 15.00
KorttittelForskrift om auke av tillaten biomasse, akvakultur

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet 17. juni 2015 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) § 5, § 6, § 7, § 9, § 26, § 28, § 29a, § 30, § 31a og § 33a og lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 7, § 14, § 15, § 19 og § 26, jf. delegeringsvedtak 19. desember 2003 nr. 1790.
Endringar: Endra ved forskrift 15 nov 2016 nr. 1330.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å gjennomføre ein kapasitetsauke for løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld høve til å auke maksimalt tillaten biomasse for løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn med 5 % av den maksimalt tillatne biomassen mot vederlag. Høve til auke gjeld ikkje løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn til særlege formål, jf. kap. 5 i forskrift 22. desember 2004 nr. 1798 om tillatelse til akvakultur av laks, ørret og regnbueørret.

§ 3.Kunngjering av tilbod

Tilbodet skal offentleggjerast på fylkeskommunane og Fiskeridirektoratet sine internettsider minimum to månader før fristen går ut. Fiskeridirektoratet utarbeider kunngjeringstekst og annan dokumentasjon til bruk for søknad og forvaltning av ordninga.

Fylkeskommunane skal også seinast 5. juli 2015 kunngjere tilbodet i brev til innehavarar av akvakulturløyve som står i akvakulturregisteret på det tidspunktet. Brevet kan sendast elektronisk.

Kunngjeringa skal minimum innehalde følgjande:

a)Krav til søknad og frist for innsending.
b)Informasjon om vederlag og innbetaling av dette.
c)Informasjon om vilkår for utviding av løyve.
§ 4.Søknad

Innehavar av løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn skal etter § 6 sende søknad til fylkeskommunen i det fylket løyvet høyrer heime dersom han ønskjer å utvide løyvet.

Det skal ikkje betalast søknadsgebyr for søknad etter denne forskrifta.

§ 5.Vederlag

For utviding av løyve etter denne forskrifta skal det betalast vederlag til staten:

a)For løyve i Troms og Finnmark som er avgrensa til 945 tonn er vederlaget 1 000 000 kroner.
b)For løyve i resten av landet, som er avgrensa til 780 tonn, er vederlaget 1 000 000 kroner.
c)For løyve med anna avgrensing enn nemnd i bokstav a og b, er vederlaget 25 500 kroner per tonn løyvet blir utvida med.

Vederlaget skal betalast til Fiskeridirektorat, Økonomiseksjonen, Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen, kontonummer 7694 05 09048, og vere merka «Vederlag 2015 – [nummer på løyve]». Frist for innbetaling er den same som for innsending av melding etter § 8 tredje ledd.

Vederlaget blir ikkje refundert ved eventuell seinare inndraging av akvakulturløyvet på bakgrunn av forhold nemnde i akvakulturloven § 9, medrekna § 9 i denne forskrifta.

§ 6.Krav til sending og søknad

Søknaden skal sendast seinast 10. januar 2017. Det er tillate å sende søknaden med rekommandert brev, per faks eller elektronisk. Oppmøte hos den einskilde fylkeskommune, enten personleg eller med sendemann, er også tillate. Ved oppmøte skal søknaden vere mottatt innan 10. januar 2017 kl. 1500.

Søknaden skal merkast med: «Søknad om kapasitetsauke 2015».

Søknaden skal førast på fastsette skjema og minimum innehalde informasjon om kva løyve søknaden gjeld.

0Endra ved forskrift 15 nov 2016 nr. 1330.
§ 7.Vilkår

Løyve nemnd i § 6 siste ledd får følgjande vilkår, dersom fylkeskommunen gjer positivt vedtak etter § 8 andre ledd:

a)Det skal heile tida vere færre enn 0,2 vaksne holus av lakselus (Lepeophtheirus salmonis) i gjennomsnitt per fisk.
b)Forskrift 5. desember 2012 nr. 1140 om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg gjeld, med unnatak for § 6 andre ledd siste punktum, då teljing av lakselus skal gjennomførast i samsvar med vedlegg 1 til denne forskrifta.
c)Grensa i bokstav a skal haldast ved bruk av maksimalt 2 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus.

Krava i bokstavane a) til c) gjeld på alle lokalitetar som er knytt til løyve som har fått auka MTB etter denne forskrifta. Grensa gjeld fram til lokaliteten blir lagd brakk etter avslutta produksjonssyklus, sjølv om løyve som har fått auka MTB etter denne forskrifta ikkje lenger er knytt til lokaliteten.

Nye vilkår til løyve etter denne forskrifta vil falle inn under vesentlege endringar i akvakulturdriftsforskrifta § 40 siste ledd, og krav til søknad om endring av driftsplan. Samdrift eller samlokalisering er ikkje tillate med mindre alle løyve knytte til lokaliteten er utvida etter denne forskrifta, eller Fiskeridirektoratet etter søknad gir løyve til slik drift på dei vilkåra som følgjer av denne føresegna. Ved brot på vilkåra er alle innehavarar av løyve på lokaliteten solidarisk ansvarleg.

Løyve som har fått auka MTB etter denne forskrifta kan inngå i ein selskaps- eller konsernbiomasse etter forskrift om drift av akvakultur § 47, § 48, § 48a og § 48b. Vilkåra etter denne føresegna gjeld berre på lokalitetar knytte til løyve som har fått auka MTB etter denne forskrifta.

§ 8.Vedtak og tilsyn

Fylkeskommunen i det fylket løyvet høyrer heime skal behandle søknaden og gjere vedtak. Fiskeridirektoratet er klageinstans. Søknad som blir levert for seint, blir ikkje behandla.

Fylkeskommunen skal gjere positivt vedtak dersom søkjaren oppfyller krava i § 4 og § 6. Endeleg positivt vedtak føreset at innehavar av løyve leverer melding og innbetaler vederlag etter tredje ledd i denne føresegna.

Innehavaren gir melding til fylkeskommunen der løyvet høyrer heime 2 veker før han ønskjer at utvidinga av løyvet skal takast i bruk, men ikkje seinare enn 1. mars 2017. Kvittering for innbetaling av vederlag skal leggjast ved meldinga.

Dersom det ikkje er lagt ved kvittering, skal fylkeskommunen be Fiskeridirektoratet kontrollere om vederlaget likevel er innbetalt og bokført innan fristen i § 8 andre ledd. Dersom det ikkje er lagt ved kvittering eller vederlaget ikkje er bokført på Fiskeridirektoratet sin konto innan fristen, blir løyvet ikkje utvida og fylkeskommunen skal omstøyte vedtaket som er gjort etter første og andre ledd.

Dersom meldinga har eventuelle andre feil eller manglar, set fylkeskommunen ein rimeleg frist for oppretting.

Det kan klagast til Fiskeridirektoratet på vedtak. Dersom vedtaket blir halde oppe etter at saka er endeleg avgjort i forvaltninga, skal eventuelt innbetalt vederlag refunderast.

Mattilsynet fører tilsyn med vilkåra etter § 7. Fiskeridirektoratet fører elles naudsynt tilsyn.

0Endra ved forskrift 15 nov 2016 nr. 1330.
§ 9.Tilbaketrekking

Ved fire eller fleire brot på vilkåra i § 7 første ledd bokstav a og c over ein periode på to produksjonssyklusar blir kapasitetsauken trekt tilbake av Fiskeridirektoratet.

Dette gjeld uavhengig av kor mange lokalitetar brota har skjedd på. Vederlag som er innbetalt etter denne forskrifta vil ikkje bli refundert, jf. også § 5 siste ledd.

§ 10.Reaksjonar og sanksjonar

Brot på vilkår etter § 7 kan bli møtt med reaksjonar og sanksjonar etter lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur.

Det er brot på vilkåra i § 7 når det etter teljemetoden som er skildra i vedlegg 1 er:

1.meir enn 0,20, men mindre enn 0,30, vaksne holus i snitt i tre veker etter kvarandre.
2.0,3 eller fleire vaksne holus ved ei teljing.

Lovbrotsgebyr skal ikkje overstige 15 gongar grunnsummen til folketrygda. Det blir teke utgangspunkt i grunnsummen til folketrygda på tidspunktet for brotet.

0Endra ved forskrift 15 nov 2016 nr. 1330.
§ 11.Søksmålsfrist

Fiskeridirektoratet, Fylkeskommunen og Mattilsynet kan setje som vilkår at mogleg søksmål om forvaltningsvedtak gjort etter at denne forskrifta er gyldig skal takast ut innan 6 månader frå det tidspunkt melding om fastsetjinga av frist kom fram til vedkomande part.

§ 12.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.

Vedlegg 1. Krav til rutinar for teljing av lakselus

1.Det skal teljast lakselus i følgjande tre stadiegrupper:
a)vaksen holus,
b)bevegelege stadium, og
c)fastsitjande stadium.
2.I akvakulturanlegg med fleire enn tre merdar skal minst halvparten av merdane undersøkjast kvar gong, og på ein slik måte at ein gjennom to ordinære teljingar får undersøkt alle merdane i akvakulturanlegget. Dersom akvakulturanlegget har tre eller færre merdar, skal alle merdar undersøkjast ved kvar teljing.
3.Det skal teljast lakselus på minst 20 tilfeldige fisk frå alle dei utvalde merdane i akvakulturanlegget ved kvar teljing. Fisken skal fangast inn med orkastnot eller annan metode som sikrar eit representativt utval av fisk. Fisken skal bedøvast før teljinga. Det skal vere maksimalt fem fiskar om gongen i bedøvingskaret.
4.Fisken er tilstrekkeleg bedøvd når han ikkje slår med halen når ein løftar han. Ein og ein fisk skal takast opp og undersøkjast nøye.
5.For kvar fisk skal talet på lakselus i dei ulike stadiegruppene førast inn i skjema som er laga til føremålet. For kvar merd skal følgjande opplysningar også noterast på same skjema: Merdnummer, storleiken på merden (omkrets/side) og djupne (rette vegger), talet på fisk og gjennomsnittsvekta av fisken.
6.For kvar merd skal det reknast ut gjennomsnittet for kvar stadiegruppe ved å leggje saman alle lakselus i gruppa frå all fisk som er undersøkt i merden, delt på talet på undersøkte fisk. For akvakulturanlegget skal gjennomsnittet for kvar stadiegruppe reknast ut ved å leggje saman gjennomsnitta frå kvar merd delt på talet på merdar.
7.Før behandling mot lakselus som berre omfattar enkelte produksjonseiningar, skal det vere gjennomført lakselusteljing i alle produksjonseiningar i akvakulturanlegget.
0Tilføyd ved forskrift 15 nov 2016 nr. 1330.