Forskrift om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

DatoFOR-2015-07-01-847
DepartementArbeids- og sosialdepartementet
PublisertI 2015 hefte 8
Ikrafttredelse01.07.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2014-06-06-19-§15
Kunngjort09.07.2015   kl. 16.00
KorttittelForskrift om stans i ytingar ved barnebortføring

Hjemmel: Fastsett av Arbeids- og sosialdepartementet 1. juli 2015 med heimel i lov 6. juni 2014 nr. 19 om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet § 15.

§ 1.Virkeområde

Forskrifta her gjeld saker som vert rekna som barnebortføringssaker etter lov 6. juni 2014 nr. 19 om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet (lova) § 2 og § 13.

§ 2.Meldingar om barnebortføring

Når det er skjedd ei barnebortføring som er omfatta av lova § 2, jf. § 13, skal det sendast melding til Husbanken og NAV Forvaltning Troms. Sistnemnde skal straks sende meldinga til den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga.

Meldinga skal opplyse om

a)namnet, adressa og fødselsnummeret til barnet og foreldra
b)kven som har bortført barnet
c)når bortføringa skjedde
d)kor det er truleg at barnet og bortføraren oppheld seg.

NAV Forvaltning Troms skal også ha ei meir omfattande melding med sikte på avgjerd etter lova § 7. Denne meldinga skal i tillegg til opplysningane nemnde i andre leddet, omfatte alle opplysningane etter lova § 8.

§ 3.Rask vurdering av vilkåra for offentlege ytingar

Arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken skal vurdere å stanse ytingar i medhald av lova § 5 utan ugrunna opphald når dei får melding om at det har skjedd ei barnebortføring.

§ 4.Avgjerd om å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag

Offentlege ytingar kan også haldast tilbake også når barnet eller bortføraren har krav på utbetaling av ytingane i utlandet etter reglane i EØS-avtala eller ei trygdeavtale med eit anna land.

Barnebidrag kan haldast tilbake, anten bidraget er fastsett eller avtalt etter reglane i barnelova eller er sendt Noreg til innkrevjing etter ein internasjonal konvensjon eller avtale.

Avgjerd etter lova § 7 kan gå ut på at berre ein del av utbetalingane i saka vert halden tilbake.

§ 5.Verknaden av avgjerd om å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag

Ei avgjerd etter lova § 7 om å halde tilbake offentlege ytingar eller barnebidrag får verknad både for framtidige periodar og for periodar før avgjerd er treft.

§ 6.Sperra konto

NAV Forvaltning Troms skal opprette slik konto som omhandla i lova § 11 i namnet til den som har rett til den offentlege ytinga eller barnebidraget.

§ 7.Ikraftsetjing

Forskrifta tek til å gjelde frå 1. juli 2015.