Forskrift om inndeling i jordskiftesokn og tilordning til lagmannsrettane

DatoFOR-2015-12-11-1446
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 2015 hefte 14
Ikrafttredelse01.01.2016
Sist endretFOR-2016-02-19-168
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2013-06-21-100-§2-1, LOV-1915-08-13-5-§16
Kunngjort14.12.2015   kl. 14.45
KorttittelForskrift om inndeling i jordskiftesokn mv.

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 11. desember 2015 med heimel i lov 21. juni 2013 nr. 100 om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova) § 2-1 og lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolene (domstolloven) § 16. Fremma av Landbruks- og matdepartementet.
Endringar: Endra ved forskrift 19 feb 2016 nr. 168.

I

Følgjande jordskifterettar skal ha slik sokneinndeling: 

1. Finnmark jordskifterett lokalisert til Vadsø:

Følgjande kommunar skal sokne til Finnmark jordskifterett: Vadsø, Sør-Varanger, Vardø, Lebesby, Gamvik, Båtsfjord, Berlevåg, Tana, Nesseby, Porsanger, Karasjok, Kautokeino, Hammerfest, Kvalsund, Måsøy, Hasvik, Nordkapp, Alta og Loppa, dvs. alle kommunane i Finnmark fylke. 

2. Nord-Troms jordskifterett lokalisert til Tromsø:

Følgjande kommunar skal sokne til Nord-Troms jordskifterett: Lenvik, Målselv, Sørreisa, Tranøy, Torsken, Berg, Tromsø, Balsfjord, Karlsøy, Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen. 

3. Ofoten og Sør-Troms jordskifterett lokalisert til Harstad:

Følgjande kommunar skal sokne til Ofoten og Sør-Troms jordskifterett: Ballangen, Narvik, Evenes, Tjeldsund, Kvæfjord, Harstad, Ibestad, Skånland, Gratangen, Lavangen, Salangen, Dyrøy og Bardu. 

4. Lofoten og Vesterålen jordskifterett lokalisert til Sortland:

Følgjande kommunar skal sokne til Lofoten og Vesterålen jordskifterett: Moskenes, Flakstad, Vestvågøy, Vågan, Hadsel, Bø, Øksnes, Andøy, Sortland og Lødingen. 

5. Salten jordskifterett lokalisert til Bodø:

Følgjande kommunar skal sokne til Salten jordskifterett: Rødøy, Meløy, Gildeskål, Beiarn, Saltdal, Bodø, Fauske, Sørfold, Steigen, Hamarøy, Tysfjord, Røst og Værøy. 

6. Helgeland jordskifterett lokalisert til Mosjøen:

Følgjande kommunar skal sokne til Helgeland jordskifterett: Bindal, Sømna, Brønnøy, Vega, Vevelstad, Alstahaug, Herøy, Dønna, Træna, Lurøy, Nesna, Leirfjord, Vefsn, Rana, Hemnes, Hattfjelldal og Grane. 

7. Nord-Trøndelag jordskifterett lokalisert til Steinkjer:

Følgjande kommunar skal sokne til Nord-Trøndelag jordskifterett: Namsos, Lierne, Røyrvik, Namsskogan, Grong, Høylandet, Overhalla, Fosnes, Flatanger, Vikna, Nærøy, Leka, Osen, Roan, Steinkjer, Verran, Namdalseid, Inderøy, Snåsa, Frosta, Leksvik, Levanger og Verdal. 

8. Sør-Trøndelag jordskifterett lokalisert til Trondheim:

Følgjande kommunar skal sokne til Sør-Trøndelag jordskifterett: Ørland, Hitra, Frøya, Bjugn, Åfjord, Rissa, Meråker, Stjørdal, Trondheim, Skaun, Melhus, Klæbu, Malvik, Selbu, Tydal, Hemne, Snillfjord, Agdenes, Oppdal, Rennebu, Meldal, Orkdal, Røros, Holtålen og Midtre Gauldal. 

9. Nordmøre jordskifterett lokalisert til Surnadal:

Følgjande kommunar skal sokne til Nordmøre jordskifterett: Rindal, Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Halsa, Aure og Smøla. 

10. Romsdal jordskifterett lokalisert til Molde:

Følgjande kommunar skal sokne til Romsdal jordskifterett: Nesset, Rauma, Gjemnes, Kristiansund, Averøy, Eide, Fræna, Aukra, Sandøy, Midtsund, Vestnes og Molde. 

11. Sunnmøre jordskifterett lokalisert til Ørsta:

Følgjande kommunar skal sokne til Sunnmøre jordskifterett: Norddal, Stordal, Ørskog, Skodje, Haram, Giske, Ålesund, Sula, Sykkylven, Stranda, Ørsta, Volda, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. 

12. Nordfjord jordskifterett lokalisert til Nordfjordeid:

Følgjande kommunar skal sokne til Nordfjord jordskifterett: Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal, Stryn og Gloppen. 

13. Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett lokalisert i Førde:

Følgjande kommunar skal sokne til Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett: Jølster, Førde, Naustdal, Flora, Bremanger, Gaular, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund, Gulen og Høyanger. 

14. Indre Sogn jordskifterett lokalisert til Sogndal:

Følgjande kommunar skal sokne til Indre Sogn jordskifterett: Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Vik, Balestrand og Leikanger. 

15. Nord- og Midthordland jordskifterett lokalisert til Bergen:

Følgjande kommunar skal sokne til Nord- og Midthordland jordskifterett: Fedje, Øygarden, Austrheim, Radøy, Lindås, Masfjorden, Modalen, Vaksdal, Osterøy, Meland, Askøy, Samnanger, Kvam, Fusa, Os, Austevoll, Sund, Fjell og Bergen. 

16. Indre Hordaland jordskifterett lokalisert til Voss:

Følgjande kommunar skal sokne til Indre Hordaland jordskifterett: Voss, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda og Jondal. 

17. Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett lokalisert til Stord:

Følgjande kommunar skal sokne til Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett: Etne, Kvinnherad, Tysnes, Fitjar, Stord, Bømlo, Sveio, Sauda, Suldal, Vindafjord, Tysvær, Bokn, Karmøy, Haugesund og Utsira. 

18. Sør-Rogaland jordskifterett lokalisert til Stavanger:

Følgjande kommunar skal sokne til Sør-Rogaland jordskifterett: Hjelmeland, Forsand, Strand, Finnøy, Rennesøy, Kvitsøy, Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Klepp, Time, Gjesdal, Bjerkreim, Hå og Eigersund. 

19. Lista jordskifterett lokalisert til Flekkefjord:

Følgjande kommunar skal sokne til Lista jordskifterett: Lund, Sokndal, Sirdal, Kvinesdal, Flekkefjord, Lyngdal og Farsund. 

20. Marnar jordskifterett lokalisert til Kristiansand:

Følgjande kommunar skal sokne til Marnar jordskifterett: Åseral, Hægebostad, Audnedal, Lindesnes, Marnardal, Mandal, Søgne, Kristiansand, Songdalen og Vennesla. 

21. Aust-Agder jordskifterett lokalisert til Arendal:

Følgjande kommunar skal sokne til Aust-Agder jordskifterett: Bykle, Valle, Bygland, Åmli, Evje og Hornnes, Iveland, Birkenes, Lillesand, Grimstad, Arendal, Froland, Vegårdshei, Gjerstad, Tvedestrand og Risør, dvs. alle kommunane i Aust-Agder. 

22. Øvre Telemark jordskifterett lokalisert til Kviteseid:

Følgjande kommunar skal sokne til Øvre Telemark jordskifterett: Vinje, Tokke, Tinn, Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal. 

23. Nedre Telemark jordskifterett lokalisert til Skien:

Følgjande kommunar skal sokne til Nedre Telemark jordskifterett: Notodden, Bø, Sauherad, Nome, Drangedal, Kragerø, Bamble, Porsgrunn, Skien og Siljan. 

24. Vestfold jordskifterett lokalisert til Tønsberg:

Følgjande kommunar skal sokne til Vestfold jordskifterett: Larvik, Sandefjord, Tjøme, Nøtterøy, Lardal, Tønsberg, Andebu, Stokke, Re, Horten, Holmestrand, Hof, Sande og Svelvik, dvs. alle kommunane i Vestfold. 

25. Nedre Buskerud jordskifterett lokalisert til Drammen:

Følgjande kommunar skal sokne til Nedre Buskerud jordskifterett: Hurum, Røyken, Lier, Drammen, Nedre Eiker, Øvre Eiker, Kongsberg, Flesberg, Rollag, Modum, Hole, Ringerike, Krødsherad og Sigdal. 

26. Øvre Buskerud jordskifterett lokalisert til Gol:

Følgjande kommunar skal sokne til Øvre Buskerud jordskifterett: Nore og Uvdal, Flå, Nes, Hol, Ål, Gol og Hemsedal. 

27. Vest-Oppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett lokalisert til Lillehammer:

Følgjande kommunar skal sokne til Vest-Oppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett: Jevnaker, Lunner, Gran, Østre Toten, Vestre Toten, Søndre Land, Nordre Land, Gjøvik, Lillehammer, Gausdal, Øyer, Ringebu og Sør-Fron. 

28. Valdres jordskifterett lokalisert til Fagernes:

Følgjande kommunar skal sokne til Valdres jordskifterett: Etnedal, Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang. 

29. Nord-Gudbrandsdal jordskifterett lokalisert til Lillehammer:

Følgjande kommunar skal sokne til Nord-Gudbrandsdal jordskifterett: Nord-Fron, Sel, Dovre, Lesja, Vågå, Lom og Skjåk. 

30. Hedemarken og Sør-Østerdal jordskifterett lokalisert til Hamar:

Følgjande kommunar skal sokne til Hedemarken og Sør-Østerdal jordskifterett: Ringsaker, Hamar, Stange, Løten, Elverum, Åmot og Trysil. 

31. Glåmdal jordskifterett lokalisert til Kongsvinger:

Følgjande kommunar skal sokne til Glåmdal jordskifterett: Eidskog, Sør-Odal, Nord-Odal, Kongsvinger, Grue, Åsnes og Våler. 

32. Nord-Østerdal jordskifterett lokalisert til Tynset:

Følgjande kommunar skal sokne til Nord-Østerdal jordskifterett: Stor-Elvdal, Rendalen, Engerdal, Alvdal, Folldal, Tynset, Tolga og Os. 

33. Akershus og Oslo jordskifterett lokalisert til Lillestrøm:

Følgjande kommunar skal sokne til Akershus og Oslo jordskifterett: Hurdal, Eidsvoll, Nannestad, Ullensaker, Nes, Gjerdrum, Nittedal, Sørum, Skedsmo, Oslo, Asker, Bærum, Lørenskog, Rælingen, Fet, Aurskog-Høland, Enebakk, Oppegård, Ski, Nesodden, Frogn, Ås og Vestby, dvs. alle kommunane i Akershus og Oslo. 

34. Østfold jordskifterett lokalisert til Sarpsborg:

Følgjande kommunar skal sokne til Østfold jordskifterett: Rømskog, Marker, Trøgstad, Eidsberg, Askim, Spydeberg, Hobøl, Våler, Skiptvedt, Moss, Rygge, Råde, Fredrikstad, Hvaler, Sarpsborg, Rakkestad, Aremark og Halden, dvs. alle kommunane i Østfold.

0Endra ved forskrift 19 feb 2016 nr. 168.

II

Jordskifterettane blir tilordna lagmannsrettane slik: 

1. Hålogaland lagmannsrett:

Følgjande jordskifterettar skal sokne til Hålogaland lagmannsrett: Finnmark jordskifterett, Nord-Troms jordskifterett, Ofoten og Sør-Troms jordskifterett, Lofoten og Vesterålen jordskifterett, Salten jordskifterett og Helgeland jordskifterett. 

2. Frostating lagmannsrett:

Følgjande jordskifterettar skal sokne til Frostating lagmannsrett: Nord-Trøndelag jordskifterett, Sør-Trøndelag jordskifterett, Nordmøre jordskifterett, Romsdal jordskifterett og Sunnmøre jordskifterett. 

3. Gulating lagmannsrett

Følgjande jordskifterettar skal sokne til Gulating lagmannsrett: Nordfjord jordskifterett, Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett, Indre Sogn jordskifterett, Nord- og Midhordland jordskifterett, Indre Hordaland jordskifterett, Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett og Sør-Rogaland jordskifterett. Kommunane Sokndal, Lund og Sirdal som høyrer inn under Lista jordskifterett i første instans skal dessutan sokne til Gulating lagmannsrett. 

4. Agder lagmannsrett

Følgjande jordskifterettar skal sokne til Agder lagmannsrett: Lista jordskifterett med unntak for saker som kjem frå kommunane Sokndal, Lund og Sirdal, Marnar jordskifterett, Aust-Agder jordskifterett, Øvre Telemark jordskifterett, Nedre Telemark jordskifterett og Vestfold jordskifterett med unntak av saker frå kommunane Sande og Svelvik. 

5. Eidsivating lagmannsrett:

Følgjande jordskifterettar skal sokne til Eidsivating lagmannsrett: Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett, Valdres jordskifterett, Nord-Gudbrandsdal jordskifterett, Hedemarken og Sør-Østerdal jordskifterett, Glåmdal jordskifterett, Nord-Østerdal jordskifterett. Det same gjeld saker som kjem frå Akershus og Oslo jordskifterett i første instans med unntak for saker frå kommunane Oslo, Bærum, Asker, Nesodden, Oppegård, Ski, Frogn, Ås, Vestby og Enebakk. 

6. Borgarting lagmannsrett

Følgjande jordskifterettar skal sokne til Borgarting lagmannsrett: Nedre Buskerud jordskifterett, Øvre Buskerud jordskifterett og Østfold jordskifterett. Det same gjeld saker som kjem frå kommunane Oslo, Bærum, Asker, Nesodden, Oppegård, Ski, Frogn, Ås, Vestby og Enebakk som høyrer inn under Akershus og Oslo jordskifterett i første instans. Det gjeld dessutan saker som kjem frå Jevnaker kommune som høyrer inn under Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett i første instans, og saker frå kommunane Sande og Svelvik som høyrer inn under Vestfold jordskifterett i første instans.

0Endra ved forskrift 19 feb 2016 nr. 168.

III

Soknestrukturen og tilordninga til lagmannsrettane trer i kraft 1. januar 2016.