Forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2016

DatoFOR-2015-12-16-1774
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2015 hefte 16
Ikrafttredelse01.01.2016
Sist endretFOR-2016-09-29-1150 fra 06.10.2016
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-06-03-37-§8, LOV-2005-06-03-37-§9, LOV-2005-06-03-37-§10, LOV-2005-06-03-37-§14, LOV-2005-06-03-37-§15
Kunngjort30.12.2015   kl. 15.00
KorttittelForskrift om tilbakebetaling av utdanningslån, 2016

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 16. desember 2015 med heimel i lov 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte (utdanningsstøtteloven) § 8, § 9, § 10, § 14 og § 15.
Endringar: Endra ved forskrifter 15 jan 2016 nr. 29, 29 sep 2016 nr. 1150.

I

Første delen. Forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar

Kapittel 1. Tidspunkt for forrenting av utdanningslånet og tilbakebetalingsplan

§ 1-1.Forrenting av utdanningslånet

Utdanningslånet blir sett renteberande frå det første månadsskiftet etter at låntakaren har avslutta eller avbrote utdanninga, eller når låntakaren ikkje lenger har rett til støtte etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, første og fjerde delen. Det blir også rekna renter når låntakaren er i utdanning, men ikkje får støtte, sjå kapittel 11.

Gjeld frå tidlegare utdanning er renteberande når låntakaren er i deltidsutdanning.

Når stipend blir omgjort til lån etter behovsprøving i samsvar med forskrift om tildeling av utdanningsstøtte kapittel 29, blir dette lånet rentebelasta frå den datoen beløpet er lagt til kontoen til låntakaren.

§ 1-2.Tilbakebetalingsplan

Det blir sendt ut ein betalingsplan når lånet er sett renteberande.

Ein låntakar som har fått betalingsplan og deretter har fått støtte til ny utdanning, får fastsett ny betalingsplan for den samla gjelda.

Kapittel 2. Rentevilkår

§ 2-1.Utrekning av rente til og med 29. februar 2016

Lån i Lånekassen har flytande rente så sant låntakaren ikkje inngår avtale om å binde renta.

Utgangspunktet for å fastsetje rente på lån i Lånekassen er statens pårekna lånekostnader for tilsvarande rentebindingstid, med eit påslag på 1,25 prosentpoeng årleg effektiv rente. Staten har ei avgrensa mengd uteståande statspapir (lån som anten er statskassevekslar eller statsobligasjonar), og det vil ofte vere nødvendig å interpolere (finne ei vekta gjennomsnittsrente) mellom to statspapir. Lånekostnaden blir anslått ved å observere marknadskursen på Oslo Børs på slutten av dagen. Utrekninga av renta for ein bestemt observasjonsperiode byggjer på kursobservasjonar på dagar med oppgjer i denne perioden. Gjennomsnittet for alle daglege kursobservasjonar blir avrunda til nærmaste 0,1 prosentpoeng.

Dei nominelle rentene på lånet til kunden blir rekna ut frå ei oppgitt årleg effektiv rente. Dei årlege effektive rentene før gebyr for faste og flytande renter blir utrekna av Finansdepartementet og publiserte på nettsidene til Lånekassen. Formelen for å rekne ut den årlege nominelle renta er slik: 

sf-20151216-1774-01-01.png

der:

rn = årleg nominell rente i prosent

re = årleg effektiv rente i prosent før gebyr

n = talet på betalingsterminar per år

Ved utrekninga av dei nominelle rentene skal det liggje til grunn at det er tolv terminar per år. Rentene blir oppgitte med tre desimalar. Det er Lånekassen som fastset dei nominelle rentene. Når effektiv rente på lånet til kunden skal reknast ut, kjem i tillegg gebyr med heimel i utdanningsstøtteloven § 8 og tilhøyrande forskrifter.

Hovudstolen og kapitaliserte renter blir rentebelasta på etterskott, med ei nominell perioderente som tilsvarer den årlege nominelle renta dividert på 365 eller 366 dagar. Nye påløpte renter som ikkje er betalte før kvart terminforfall, blir kapitaliserte etter forfallet.

Utgangspunktet for å fastsetje flytande rente er gjennomsnittet over to månader av observerte marknadsrenter på statspapir (statskassevekslar) der løpetida som står igjen, er frå null til tre månader. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet, og ny rente trer i kraft to månader etter avslutta observasjonsperiode.

Lånekassen tilbyr fast rente annankvar månad for periodar på tre, fem eller ti år. Utgangspunktet for å fastsetje dei faste rentene er gjennomsnittet av observerte marknadsrenter i løpet av éin månad for statspapir (obligasjonar) med tilsvarande løpetid. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet, og ny rente trer i kraft éin månad etter avslutta observasjonsperiode. Til dømes er den faste renta frå 1. januar fastsett ut frå observasjonar i november. Ved avtale om binding av renta gjeld den aktuelle fastrenta frå éin månad etter avslutta observasjonsperiode.

Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av det forfalne beløpet frå dagen etter forfallsdato, og av heile lånet frå den datoen lånet er sagt opp på grunn av misleghald.

§ 2-2.Utrekning av rente frå og med 1. mars 2016

Lån i Lånekassen har flytande rente så sant låntakaren ikkje inngår avtale om å binde renta.

Utgangspunktet for å fastsetje rente på lån i Lånekassen er ei basisrente berekna av Finanstilsynet på grunnlag av gjennomsnittet av dei beste tilboda om bustadlån i marknaden. Vilkåra for uttrekk av lånetilbod og utrekning av gjennomsnittet er fastsette i forskrift 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 § 5-12-5. Med grunnlag i desse vilkåra fastset Finanstilsynet basisrentene for flytande og fast rente. Frå basisrenta blir det trekt 0,50 prosenteiningar for å komme fram til ei årleg effektiv rente både for fast og flytande rente. Ved utrekning av renter som skal gjelde frå 1. januar 2017, blir det trekt 0,15 prosenteiningar frå basisrenta for å komme fram til den årlege effektive renta. For låntakarar som søker om fast rente 6. oktober 2016 eller seinare, skal fastrentetilbodet frå 1. januar 2017 vere basert på at det blir trekt 0,15 prosenteiningar frå basisrenta.

Dei nominelle rentene på lånet til kunden blir rekna ut frå den oppgitte årlege effektive renta. Formelen for å rekne ut den nominelle renta er slik: 

sf-20151216-1774-01-01.png

der:

rn = årleg nominell rente i prosent

re = årleg effektiv rente i prosent før gebyr

n = talet på betalingsterminar per år

Ved utrekninga av dei nominelle rentene skal det liggje til grunn at det er tolv terminar per år. Rentene blir oppgitte med tre desimalar. Det er Lånekassen som fastset dei nominelle rentene. Når effektiv rente på lånet til kunden skal reknast ut, kjem i tillegg gebyr med heimel i utdanningsstøtteloven § 8 og tilhøyrande forskrifter.

Hovudstolen og kapitaliserte renter blir rentebelasta på etterskott, med ei nominell perioderente som tilsvarer den årlege nominelle renta dividert på 365 eller 366 dagar. Nye påløpte renter som ikkje er betalte før kvart terminforfall, blir kapitaliserte etter forfallet.

Utgangspunktet for å fastsetje flytande rente er observasjonar i løpet av to månader av tilbod om bustadlån med flytande rente. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet, og ny rente trer i kraft to månader etter avslutta observasjonsperiode.

Lånekassen tilbyr fast rente annankvar månad for periodar på tre, fem eller ti år. Utgangspunktet for å fastsetje dei faste rentene er observasjonar i løpet av éin månad av tilbod om bustadlån med den same rentebindingstida. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet, og ny rente trer i kraft éin månad etter avslutta observasjonsperiode. Til dømes er den faste renta frå 1. mars fastsett ut frå observasjonar i januar. Ved avtale om binding av renta gjeld den aktuelle fastrenta frå éin månad etter avslutta observasjonsperiode.

Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av det forfalne beløpet frå dagen etter forfallsdato, og av heile lånet frå den datoen lånet er sagt opp på grunn av misleghald.

0Endra ved forskrifter 15 jan 2016 nr. 29, 29 sep 2016 nr. 1150 (i kraft 6 okt 2016).
§ 2-3.Binding av renta

Renta kan bindast for ein periode på tre, fem eller ti år.

Søknad om å binde renta må vere kommen inn til Lånekassen seinast 17 dagar etter avslutta observasjonsperiode.

Ein låntakar som har inngått avtale om å binde renta, skal betale i samsvar med avtalen.

Det er ikkje høve til å binde renta på berre ein del av lånet.

0Endra ved forskrift 15 jan 2016 nr. 29.
§ 2-4.Oppheving av rentebinding

Dersom det ikkje er inngått ny avtale om å binde renta når avtaleperioden er ute, blir lånet forrenta etter reglane for flytande rente, sjå § 2-1 og § 2-2.

Ved ekstra innbetaling på lån med fast rente blir det rekna over- og underkurs etter reglane i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. § 9. Utgangspunktet er årlege effektive renter, avrunda til éin desimal før gebyr, utrekna av Finansdepartementet og publiserte på nettsidene til Lånekassen. Dei årlege effektive rentene før gebyr vil gå fram av låneavtalen til kunden.

Ved utrekning av det vekta gjennomsnittet av renta for to tilsvarande lån med ei kortare og lengre bindingstid (interpolering) som ligg nærmast resten av bindingstida for det lånet som blir tilbakebetalt, skal dei rentetilboda som gjeld på tilbakebetalingstidspunktet brukast. Dersom det ikkje finst noko tilbod om rentebinding på det aktuelle tidspunktet, bruker Lånekassen det siste tilbodet om fastrente. Når det er mindre enn tre år igjen av løpetida for det aktuelle fastrentelånet, bruker Lånekassen den flytande renta på tilbakebetalingstidspunktet og tre års fastrentetilbod til å rekne ut gjennomsnittleg rente.

Dersom låntakaren avsluttar fastrenteavtalen i avtaleperioden, bruker Lånekassen dei reglane for utrekning av over- og underkurs som er oppgitte i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. § 9. Overgang frå fast til flytande rente vil skje på den første dagen i månaden etter at søknaden er levert inn, innanfor dei tidsfristane som gjeld. Ved utrekning av den interpolerte renta mellom to lån med ei kortare og lengre bindingstid som ligg nærmast resten av bindingstida for det lånet som går frå fast til flytande rente, bruker Lånekassen dei tilboda for fast rente som på søknadstidspunktet vil vere gjeldande renter frå første dag i neste månad. Når det er mindre enn tre år igjen av løpetida for det aktuelle fastrentelånet, bruker Lånekassen den flytande renta som gjeld i den månaden søknaden er levert inn og det tre års fastrentetilbodet som på søknadstidspunktet vil vere gjeldande rente frå første dag i månaden etter at søknaden er levert inn.

Dersom låntakaren avsluttar fastrenteavtalen i avtaleperioden, oppstår ein sperrefrist på to månader der lånet har flytande rente, før lånet eventuelt kan bindast på nytt, sjå § 2-5 bokstav g.

Ein søknad om å avslutte fastrenteavtalen må vere kommen inn til Lånekassen seinast 17 dagar etter at observasjonsperioden er avslutta.

Avtalen om rentebinding blir også oppheva dersom låntakaren begynner i fulltids- eller deltidsutdanning i avtaleperioden og får lån og/eller stipend frå Lånekassen. Overgangen frå fast til flytande rente vil skje på den første dagen i månaden etter at avtalen blir rekna som oppsagd. Det blir rekna over- eller underkurs i samsvar med reglane i andre og tredje ledd.

0Endra ved forskrift 15 jan 2016 nr. 29.
§ 2-5.Unntak frå retten til å inngå avtale om binding av renta

Desse låntakarane kan ikkje inngå avtale om å binde renta:

a)låntakar under 18 år
b)låntakar som har kortare nedbetalingstid enn avtaleperioden
c)låntakar med lån som ikkje er sett renteberande
d)låntakar med oppsagt lån
e)låntakar i gjeldsordning
f)låntakar i deltidsutdanning med støtte frå Lånekassen og som samtidig har renteberande lån frå tidlegare utdanning
g)låntakar som seier opp avtale om binding av renta før normert utløpstid, kan ikkje inngå ny avtale om fastrente før tidlegast etter to månader. Sjå § 2-4 femte ledd.
§ 2-6.Rentesrente

Det blir rekna rentesrente med den rentesatsen som gjeld. Renter som ikkje blir betalte, blir sette renteberande etter kvart forfall. For låntakar som har lån frå før 1. juli 1985, blir det ikkje rekna renter av rentegjeld som er opparbeidd før 1. januar 1990. Det blir ikkje rekna renter av rentegjeld som er lagd til etter reglane i forsinkelsesrenteloven.

Kapittel 3. Terminbeløp

§ 3-1.Fastsetjing av terminbeløp

Terminbeløpa blir fastsette etter annuitetsprinsippet, slik at gjelda blir nedbetalt i løpet av den fastsette nedbetalingstida.

§ 3-2.Unntak i særlege tilfelle

I særlege tilfelle kan Lånekassen vike av frå reglane for fastsetjing av terminbeløpa.

§ 3-3.Justering av terminbeløpet

Terminbeløpet blir justert når rentesatsen blir endra.

Kapittel 4. Nedbetalingstid

§ 4-1.Vanleg nedbetalingstid

Den lengste nedbetalingstida er 20 år frå den siste datoen lånet blir sett renteberande. Lån over kr 241 000 vil til vanleg gi 20 års nedbetalingstid.

§ 4-2.Utvida nedbetalingstid

Når det blir gitt betalingsutsetjing for ein termin, blir nedbetalingstida til vanleg utvida tilsvarande. Nedbetalingstida kan ikkje bli utvida til meir enn 30 år.

§ 4-3.Kortare nedbetalingstid

Lånet skal vere nedbetalt innan låntakaren fyller 65 år. For låntakarar over 45 år blir terminbeløpa oppjusterte slik at lengste nedbetalingstid blir kortare enn 20 år.

Kapittel 5. Ekstra innbetaling og innfriing

§ 5-1.Ekstra innbetaling på lån med flytande rente

Låntakarar med lån som blir forrenta etter § 2-1 eller § 2-2 (flytande rente), kan innfri eller betale ned gjelda raskare og med større beløp enn det som er fastsett i betalingsplanen, utan ekstra kostnader.

§ 5-2.Ekstra innbetaling på lån med bunden rente

For låntakar som har inngått avtale om å binde renta etter § 2-3, vil ekstra innbetalingar eller innfriing av gjelda i avtaleperioden føre til at det blir rekna over- eller underkurs etter § 2-4.

§ 5-3.Refusjon av ekstra innbetalingar

Ekstra innbetalingar vil berre i særskilde tilfelle kunne bli refunderte.

Kapittel 6. Forfall, betalingsvarsel og gebyr

§ 6-1.Terminforfall og betalingspause

Første terminforfall blir fastsett til om lag sju månader etter at utdanninga er avslutta eller avbroten, eller når låntakaren ikkje lenger får støtte frå Lånekassen (betalingspause). Dette gjeld også ved ny tilbakebetalingsplan etter § 1-2.

Ein låntakar som får støtte til deltidsutdanning og har lån som det tidlegare er oppretta betalingsplan for, kan ikkje få ny betalingspause.

Utdanningsgjelda har månadlege terminforfall.

§ 6-2.Plikt til å betale trass i manglande betalingsvarsel

Terminbeløpet skal betalast sjølv om låntakaren ikkje har fått betalingsvarsel, sjå § 16-2.

§ 6-3.Gebyr ved førstegongs betalingsvarsel

Ved varsling om terminbeløp som forfell, blir det lagt til eit gebyr på 18 kroner. Gebyret blir ikkje lagt til for låntakarar som bruker elektronisk varsling, eller for låntakarar som ikkje kan bruke elektronisk varsling på grunn av dokumentert synshemming.

§ 6-4.Gebyr ved andregongs betalingsvarsel (første purring)

Ved andregongs betalingsvarsel blir det lagt til eit gebyr på 280 kroner.

§ 6-5.Gebyr ved tredjegongs betalingsvarsel (varsel om oppseiing)

Ved tredjegongs betalingsvarsel blir det lagt til eit gebyr på 490 kroner.

§ 6-6.Prioriteringsrekkefølgje ved innbetaling

Ei innbetaling dekkjer i denne rekkefølgja: eventuelle inkassokostnader, gebyr, renter og lån.

§ 6-7.Transaksjonskostnader

Låntakaren skal dekkje transaksjonskostnadene ved å betale gjelda.

Kapittel 7. Følgjer av misleghald av betalingsplikta eller brot på opplysningsplikta

§ 7-1.Følgjer av å ikkje betale etter tredjegongs betalingsvarsel

Lånekassen kan krevje at heile gjelda blir innfridd før forfallstida, dersom låntakaren mislegheld låneavtalen vesentleg. Dersom låntakaren ikkje betaler innan fristen i tredjegongs betalingsvarsel, gjer Lånekassen vedtak om oppseiing av heile gjelda, og Statens innkrevjingssentral tek over innkrevjinga av den misleghaldne gjelda. Oppseiinga blir oppheva dersom låntakaren betaler eller får betalingsutsetjing for forfalne, ubetalte terminbeløp. Sjå føresegnene om betalingslette i andre delen. Ved oppheving av oppseiinga trekkjer Lånekassen saka tilbake frå Statens innkrevjingssentral.

Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av forfalle beløp frå dagen etter forfallsdato, og av heile lånet frå den dagen lånet er sagt opp som følgje av misleghald.

Med gjeld er meint lån, renter, gebyr og kostnader.

§ 7-2.Innkrevjing av misleghalden gjeld

Dersom låntakaren ikkje betaler heile det forfalne, ubetalte terminbeløpet, kan Statens innkrevjingssentral inngå frivillig betalingsavtale for det forfalne beløpet.

Krav om tilbakebetaling av den forfalne delen av utdanningsgjelda kan bli inndriven ved trekk i lønn og andre liknande ytingar etter reglane i dekningsloven § 2-7.

§ 7-3.Tvangsinnkrevjing

Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Ved vesentleg misleghald kan Statens innkrevjingssentral som særnamsmann gjennomføre utleggsforretning for heile gjelda etter reglane i tvangsfullbyrdelsesloven. Statens innkrevjingssentral kan også sende kravet om utlegg til namsmannen på staden.

Dersom dei forfalne, ubetalte terminbeløpa blir betalte, kan innkrevjinga bli stansa.

§ 7-4.Låntakar i utlandet

Dersom låntakaren er busett i utlandet, kan Statens innkrevjingssentral krevje inn gjelda der låntakaren bur. Statens innkrevjingssentral kan bruke inkassobyrå, advokat eller rettsapparatet. Innkrevjinga kan bli stansa dersom dei forfalne, ubetalte terminbeløpa blir betalte, sjølv om saka er oversend til inkassobyrå eller advokat for låntakarar som er busette i utlandet.

§ 7-5.Gebyr

Låntakaren kan bli belasta gebyr og kostnader i samband med tilbakebetaling og innkrevjing av gjelda.

§ 7-6.Vedvarande og grovt misleghald

Ved vedvarande og grovt misleghald av betalingspliktene kan gjelda til låntakaren bli permanent overført til Statens innkrevjingssentral. Ei permanent overføring av gjelda til Statens innkrevjingssentral fører til tap av rettar som er gitt i eller med grunnlag i utdanningsstøtteloven.

Misleghaldet blir rekna som vedvarande og grovt når gjelda har vore oppsagd i tre år.

§ 7-7.Unntak frå § 7-6

Det kan bli gjort unntak frå § 7-6 dersom eitt av desse vilkåra er til stades:

a)låntakaren har ei løpande frivillig betalingsordning
b)låntakaren har ei løpande tvungen betalingsordning
c)låntakaren har betalt inn eit vesentleg beløp dei siste tolv månadene
d)låntakaren sannsynleggjer at den nåverande situasjonen gir rett til betalingslette etter andre delen, eller
e)særskilde forhold gjer det rimeleg å unnta gjelda frå overføring.

Krav om unntak må vere grunngitt og setjast fram innan den fristen som er oppgitt i varselet om permanent overføring av gjelda til Statens innkrevjingssentral. Krav om unntak etter at gjelda er permanent overført, blir ikkje behandla.

§ 7-8.Andre følgjer av misleghald av betalingsplikta

Misleghald av betalingsplikta kan føre til avslag på søknad om støtte til ny utdanning etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, og avslag på søknad om betalingsutsetjing, rentefritak og ettergiving, sjå § 17-3 og forskrift om tildeling av utdanningsstøtte.

§ 7-9.Følgjer av brot på opplysningsplikta

Dersom ein låntakar forsettleg eller aktlaust har brote opplysningsplikta etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, og dermed har fått eller har prøvd å få utbetalt eller godskriven støtte som forskriftene ikkje gir rett til, kan Lånekassen krevje støttebeløpet tilbakebetalt og rekne renter frå det tidspunktet låntakaren fekk tildelt støtte. Heile gjelda kan bli sagd opp og kravd inn etter § 7-2 til § 7-4. Låntakaren kan misse retten til betalingslette og ettergiving.

I vurderinga av misleghaldet blir det hovudsakleg lagt vekt på kor lenge misleghaldet har gått føre seg, og kor mykje urettkommen støtte låntakaren har teke imot.

Kapittel 8. Utdanningsgjeld og gjeldsordning

§ 8-1.Utanrettsleg gjeldsordning

Utdanningsgjeld kan bli teken med i gjeldsordningar utanfor gjeldsordningsloven (utanrettsleg gjeldsordning). Ein søknad om slik gjeldsordning skal innehalde dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, talet på barn og levekostnadene til låntakaren, og anna som kan ha noko å seie for saka. Det skal også bli gitt slike opplysningar for ektefelle eller sambuar så langt det kan ha noko å seie for saka.

§ 8-2.Gjeldsordning etter gjeldsordningsloven

Når ein låntakar oppnår gjeldsordning etter gjeldsordningsloven, skal betalingsvilkåra bli fastsette i samsvar med den.

Ei gjeldsordning vil til vanleg gå ut på at usikra gjeld blir sletta etter gjeldsordningsperioden, som til vanleg er fem år, jf. gjeldsordningsloven kapittel 4 og 5.

Dersom gjeldsordninga ikkje kjem i stand, skal låntakaren behandlast etter andre føresegner i denne forskrifta.

§ 8-3.Spørsmål om ny utdanningsstøtte

I gjeldsforhandlingsperioden og i gjeldsordningsperioden kan låntakaren som hovudregel ikkje få nytt lån og/eller stipend. Dersom utdanninga er avtalt eller stadfesta i gjeldsordninga, kan ny støtte bli vurdert ut frå dei vanlege kriteria for tildeling, medrekna tidlegare misleghald, sjå § 7-8.

Kapittel 9. Krav som blir rekna som uråd å drive inn

§ 9-1.Ettergiving av gjeld

Lån, renter og kostnader kan bli ettergitt i den grad Lånekassen ser det som uråd å drive inn fordringa. Ein søknad om ettergiving skal innehalde dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, talet på barn og levekostnadene til låntakaren. Søknaden skal også innehalde tilsvarande opplysningar om ektefelle eller sambuar, og anna som kan ha noko å seie i saka.

Ved vurderinga av søknaden skal det leggjast vekt på dei økonomiske forholda til låntakaren, både om betalingsevna er varig sterkt nedsett, og kor lenge misleghaldet har vart. Dessutan skal det leggjast vekt på kva tiltak som har vore gjennomførte i saka, og det skal vurderast kva tiltak som vil vere mest tenlege for innkrevjinga i framtida. Låntakaren kan ikkje få ettergiving dersom det vil verke støytande.

§ 9-2.Innskrenka klagerett

Låntakaren har ikkje klagerett etter reglane i forvaltningsloven på avgjerder i saker om gjeldsordning utanfor gjeldsordningsloven og ettergiving av fordringar som Lånekassen ser det som uråd å drive inn.

Kapittel 10. Personleg gjeld

§ 10-1.Personleg gjeld

Utdanningsgjeld gitt etter utdanningsstøtteloven er personleg gjeld og kan ikkje bli overdratt til andre.

§ 10-2.Ettergiving ved død

Døyr låntakaren, blir gjelda ettergitt.

Andre delen. Rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving

Kapittel 11. Rentefritak under utdanning

§ 11-1.Vilkår for rett til rentefritak etter bestått fulltidsutdanning

Ein låntakar som har bestått fulltidsutdanning og dokumenterer å ha hatt rett til støtte etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, første og fjerde delen, har rett til rentefritak i så lang tid som det kunne ha blitt gitt støtte.

Ein låntakar som tek utdanning utan å søkje om støtte, må søkje om rentefritak innan foreldingsfristen i § 13-2.

§ 11-2.Vilkår for rett til rentefritak etter bestått deltidsutdanning

Ein låntakar som har bestått deltidsutdanning, og som dokumenterer å ha hatt rett til støtte etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, første delen, har rett til rentefritak i heile eller delar av perioden dersom låntakaren har ei person- og kapitalinntekt innanfor grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år.

Låntakaren må søkje om rentefritak innan foreldingsfristen i § 13-2.

§ 11-3.Rett til rentefritak på grunn av tillitsverv

Ein låntakar som har tillitsverv på fulltid i landsomfattande elev- eller studentorganisasjon, eller i tilknyting til utdanningsinstitusjon eller studentsamskipnad, har rett til rentefritak i heile eller delar av perioden dersom tillitsvervet varer i minst tre månader samanhengande, og låntakaren har ei person- og kapitalinntekt innanfor grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år.

Rentefritak på grunn av tillitsverv kan bli gitt i inntil tolv månader.

§ 11-4.Rett til rentefritak ved permisjon eller ved deltaking i EU-programmet Erasmus+

Ein låntakar som har permisjon frå studiet og får studentstipend, eller ein låntakar som deltek i EU-programmet Erasmus+ i ein periode som varer i minst tre månader, har rett til rentefritak i heile eller delar av perioden dersom låntakaren har ei person- og kapitalinntekt innanfor grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år.

Kapittel 12. Rentefritak av sosiale og økonomiske årsaker

§ 12-1.Rett til rentefritak av sosiale og økonomiske årsaker

Ein låntakar som oppfyller eitt av krava i bokstavane a–d nedanfor, og som samtidig har ei person- og kapitalinntekt innanfor grensene i tabellen i § 12-7, har rett til rentefritak i heile eller delar av perioden. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Låntakaren må dokumentere grunnlaget for søknaden om rentefritak, sjå § 12-6.

a)Forhold knytte til sjukdom og arbeidsløyse

Låntakaren er sjuk, får arbeidsavklaringspengar eller er registrert arbeidsledig. Det er ein føresetnad at forholdet varer i minst tre månader samanhengande.

b)Førstegongsteneste eller elev ved militær skole

Låntakaren avtener førstegongsteneste i Noreg, er elev ved ein militær skole eller er EØS-borgar som avtener verneplikt i heimlandet. Det er ein føresetnad at forholdet varer i minst tre månader samanhengande.

c)Fødsel eller adopsjon

Låntakaren dokumenterer fødsel og omsorg etter fødsel. Den av foreldra som har omsorga for barnet, får rentefritak i inntil tolv månader frå fødselen. Låntakar som adopterer barn under ti år, får rentefritak etter dei same reglane i inntil tolv månader frå adopsjonsdatoen. I periodar der foreldra deler omsorga, kan rentefritaket bli delt.

d)Omsorgsarbeid

Låntakaren har omsorgsarbeid som varer i minst tre månader samanhengande. Som omsorgsarbeid blir rekna omsorg for barn under ti år eller omsorg for uføre, funksjonshemma eller eldre med stort pleiebehov i den nærmaste familien. Sjå likevel § 12-5. Som barn under ti år blir rekna også barn som fyller ti år i 2016.

§ 12-2.Rett til rentefritak ved økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven

Ein låntakar som dokumenterer at han eller ho i minst tre månader samanhengande ikkje har hatt anna inntekt enn økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven § 18, har rett til rentefritak i heile eller delar av perioden dersom person- og kapitalinntekta er innanfor grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år.

Rentefritak etter dette punktet kan bli gitt for inntil tre år til saman.

§ 12-3.Rett til rentefritak ved fulltidsarbeid og låg bruttoinntekt

Ein låntakar som dokumenterer å ha hatt samanhengande fulltidsarbeid i ein periode på tolv månader eller lenger, har rett til rentefritak dersom inntekta er under grensene, sjå andre ledd. Frivillig ulønna arbeid gir ikkje rett til rentefritak.

Gjennomsnittleg brutto månadsinntekt må ha vore kr 15 058 eller lågare i perioden. I tillegg må person- og kapitalinntekta ikkje vere høgare enn grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Sjå likevel § 12-5.

Rentefritak etter dette punktet kan bli gitt for inntil tre år til saman.

§ 12-4.Rett til rentefritak ved soning og låg bruttoinntekt

Ein låntakar som dokumenterer å ha sona i fengsel eller sikringsanstalt i tolv månader samanhengande eller lenger, har rett til rentefritak når gjennomsnittleg bruttoinntekt per månad er kr 15 058 eller lågare i den same perioden. I tillegg må person- og kapitalinntekta ikkje vere høgare enn grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Sjå likevel § 12-5.

§ 12-5.Behovsprøving av rentefritak mot inntekta til ektefelle, partnar eller sambuar

Rentefritak etter § 12-1 d, § 12-3 og § 12-4 blir behovsprøvd mot inntekta til ektefelle, partnar eller sambuar som låntakaren har felles barn med.

Rentefritak blir berre gitt til den som sjølv har inntekt under grensa. Det er ein føresetnad at den samla person- og kapitalinntekta per år er lågare enn kr 507 688. Grensa blir heva med kr 27 526 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år.

§ 12-6.Krav til dokumentasjon

Både årsak og inntekt skal dokumenterast for den perioden det blir søkt om rentefritak for. Lånekassen hentar inn dokumentasjon på person- og kapitalinntekt i Noreg direkte frå skatteetaten. Når det gjeld rentefritak på grunn av fulltidsarbeid og låg bruttoinntekt eller soning og låg bruttoinntekt, må låntakaren sjølv sende inn dokumentasjon på månadleg bruttoinntekt. I tillegg hentar Lånekassen inn dokumentasjon på person- og kapitalinntekt frå skatteetaten.

Med person- og kapitalinntekt er meint summen av inntekter før frådrag, slik skattelikninga for likningsåret viser.

Ei etterbetalt trygde- eller pensjonsyting som er tent opp i ein tidlegare periode enn det året ho blei skattlagd, skal fordelast på dei åra ytinga blei tent opp, dersom låntakaren krev det og dokumenterer eit slikt forhold. Den nye årsinntekta skal leggjast til grunn både for å avgjere ein ny søknad om rentefritak, og for ei ny prøving av eventuelle tidlegare vedtak om rentefritak. Dersom den nye prøvinga endar med at eit tidlegare innvilga rentefritak blir redusert eller fell bort, fører det til at gjelda til låntakaren aukar.

§ 12-7.Tabell for inntektsgrenser ved rentefritak for 2016
Person- og kapitalinntekt per årTal på månader med rett til rentefritak
310 1421
305 0192
299 8983
294 7754
289 6535
284 5306
279 4097
274 2868
269 1649
264 04210
258 91911
253 79712

Kapittel 13. Generelt om rentefritak

§ 13-1.Rentefritak blir gitt på etterskott

Rentefritak blir gitt på etterskott og for heile månader. Med «månad» er meint ein periode på 30 dagar.

§ 13-2.Forelding av rentefritak

Krav om rentefritak som gjeld forhold før 1. januar 2013, er forelda. Det kan bli gjort unntak frå foreldingsfristen i særlege tilfelle.

Krav om rentefritak på grunn av utdanning vil vere forelda tre år etter at utdanningsprogrammet etter normert tid skal vere ferdig.

Kapittel 14. Betalingsutsetjing

§ 14-1.Betalingsutsetjing av terminbeløp

Det kan bli gitt utsetjing med betaling av heile terminbeløp i inntil tre år, sjå likevel kapittel 4 og kapittel 17.

§ 14-2.Rett til betalingsutsetjing for terminbeløpa ved rentefritak

Ein låntakar som oppfyller krava til rentefritak, har rett til betalingsutsetjing for terminbeløpa i den same perioden, sjå likevel kapittel 4. Dersom det er sannsynleg at låntakaren vil få innvilga ein søknad om rentefritak, kan det bli gitt betalingsutsetjing sjølv om likninga for den aktuelle perioden ikkje ligg føre.

Kapittel 15. Ettergiving

§ 15-1.Rett til ettergiving når låntakaren er varig ufør

Låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne (uføregrad), og som får varig uføretrygd frå folketrygda eller tilsvarande trygdeordning i utlandet, kan ha rett til å få gjelda ettergitt eller nedskriven. Minstekravet til uføregrad er 40 prosent dersom låntakaren får varig uføretrygd frå folketrygda etter å ha sett fram krav om det på eit tidspunkt da låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar.

Låntakar som fyller minst eitt av vilkåra i første ledd, har rett til ettergiving av heile gjelda når person- og kapitalinntekta er kr 292 106 eller lågare. Når person- og kapitalinntekta er mellom kr 292 107 og kr 421 190, har låntakaren rett til å få gjelda nedskriven og terminbeløpet nedsett, sjå tabellen nedanfor. Grensene blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Inntekt som er registrert på barna til låntakaren, inngår ikkje i behovsprøvingsgrunnlaget.

All inntekt må dokumenterast. Ein søknad om ettergiving blir vurdert etter dei inntektsgrensene som gjeld, og etter den person- og kapitalinntekta som låntakaren har i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også i dei tilfella der vedtaket om uføretrygd er gjort i eit tidlegare år enn søknadsåret. 

Tabell over inntektsgrenser ved delvis ettergiving for arbeidsuføre for 2016

Person- og kapitalinntekt per årNy gjeldNytt terminbeløp
kr 292 107–324 281kr 59 034kr 630
kr 324 282–355 450kr 68 846kr 757
kr 355 451–388 342kr 78 800kr 892
kr 388 343–421 190kr 88 612kr 1 017
§ 15-2.Ettergiving for låntakar som er arbeidsufør i lang tid

Ein låntakar som er heilt arbeidsufør når han søkjer om ettergiving, kan få gjelda ettergitt eller nedskriven etter dei same inntektsgrensene som i § 15-1. Gjeld kan bli ettergitt berre dersom låntakaren har vore samanhengande arbeidsufør i dei siste seks åra, og framleis er det på søknadstidspunktet. Det blir berre teke omsyn til periodar med arbeidsuførleik frå og med den siste datoen lånet blei sett renteberande. Det er ein føresetnad at låntakaren ikkje har fått rehabiliteringspengar, attføringspengar, tidsavgrensa uførestønad eller arbeidsavklaringspengar i perioden.

§ 15-3.Oppheving av vedtak om ettergiving ved ny støtte frå Lånekassen

Dersom låntakaren får ny støtte frå Lånekassen etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, blir vedtaket om ettergiving oppheva. Ettergitte renter blir ikkje reaktiverte. Er vedtaket om ettergiving gjort for meir enn ti år sidan, blir det ikkje oppheva.

§ 15-4.Avslag på søknad om ettergiving

Lånekassen kan avslå søknad om ettergiving av støtte som låntakaren har heva utan å ha rett til det.

§ 15-5.Ettergiving ved alderspensjon

Dersom låntakaren får alderspensjon frå folketrygda eller tilsvarande pensjonsordning i utlandet, kan gjelda i særlege tilfelle bli ettergitt heilt eller delvis.

At låntakaren har fylt 65 år eller har betalt ned på lånet i 20 år, gir ikkje aleine grunnlag for å ettergi gjeld.

Kapittel 16. Opplysningsplikt

§ 16-1.Opplysningsplikta til låntakaren

Låntakaren pliktar å gi rette og fullstendige opplysningar til Lånekassen og gi melding om endringar i forhold til det som blei opplyst i søknaden.

§ 16-2.Adresseendring må meldast

Låntakaren pliktar snarast råd å melde adresseendring til Lånekassen eller til folkeregisteret. Låntakarar som er busette i utlandet, må melde adresseendring direkte til Lånekassen.

Kapittel 17. Misleghald av betalingsplikter og brot på opplysningsplikta

§ 17-1.Tap av rett til rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving ved brot på opplysningsplikta

Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og av den grunn har fått eller prøvd å få utbetalt eller godskriven støtte som forskrift om tildeling av utdanningsstøtte ikkje gir rett til, kan låntakaren misse retten til rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving.

Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og av den grunn har fått rentefritak eller ettergiving som forskrifta ikkje gir rett til, kan låntakaren misse retten til rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving.

§ 17-2.Tap av rett til rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving ved misleghald av betalingsplikter

Dersom ein låntakar mislegheld betalingspliktene sine, kan låntakaren misse retten til rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving.

§ 17-3.Avslag på søknad om støtte til ny utdanning ved misleghald av betalingsplikter

Dersom ein låntakar har misleghalde betalingspliktene sine, kan Lånekassen avslå søknad om støtte til ny utdanning etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte.

Tredje delen. Ettergiving av utdanningslån i 2016 for låntakarar som er busette i og utøver eit yrke i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke (regionen)

Kapittel 18. Omfang

§ 18-1.Ettergiving av lån for yrkesaktive i Finnmark og somme kommunar i Nord-Troms

Låntakarar som er yrkesaktive og busette i Finnmark eller i ein av kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen eller Karlsøy i Nord-Troms, kan søkje om å få lånet ettergitt med ti prosent per år, men maksimum kr 25 000 og minimum kr 2 000 per år, til lånet er nedbetalt.

§ 18-2.Ettergiving av lån for yrkesaktive legar i somme kommunar

Ordninga omfattar også låntakarar som er yrkesaktive legar i desse kommunane: 

Troms:

Gratangen, Ibestad, Torsken og Berg 

Nordland:

Tysfjord, Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy 

Nord-Trøndelag:

Leka, Fosnes, Røyrvik, Høylandet og Lierne 

Møre og Romsdal:

Aure

Fylkeslegen avgjer kva for legar som er yrkesaktive i desse kommunane.

Det er ikkje eit vilkår for ettergiving etter dette punktet at låntakaren er busett i kommunen.

Kapittel 19. Krav til låntakaren

§ 19-1.Krav til dokumentasjon på at låntakaren er busett og yrkesaktiv i regionen

Det er ein føresetnad at låntakaren, etter at lånet er sett renteberande etter § 1-1, dokumenterer å ha vore busett og yrkesaktiv i regionen i tolv samanhengande månader.

Låntakarar som har vore yrkesaktive i regionen, men som i ei kort tid av oppteningsperioden har hatt arbeid utanfor regionen, kan i særlege tilfelle framleis bli omfatta av ordninga.

§ 19-2.Vilkår for «busett»

Med busett er meint ein låntakar som har hatt både faktisk og formelt folkeregistrert bustad.

Dersom det er dokumentert at låntakaren faktisk har vore busett og yrkesaktiv i regionen, kan Lånekassen i særlege tilfelle vurdere ettergiving sjølv om låntakaren ikkje har hatt folkeregistrert adresse i regionen i heile oppteningsperioden.

§ 19-3.Definisjon av «yrkesaktiv»

Som yrkesaktiv blir rekna:

a)låntakar som har arbeid tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid
b)låntakar som har fulltidsarbeid i minst seks månader, og som er registrert som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid i resten av oppteningsperioden
c)låntakar som har omsorg for barn under ti år, eller har særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien. Som barn under ti år blir også rekna barn som fyller ti år i 2016
d)låntakar som har studiepermisjon med lønn eller stipend tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, der lønna blir betalt frå ein arbeidsgivar i regionen.

Det tidsrommet ein låntakar er sjukmeld frå eit arbeidsforhold i regionen, blir rekna med i oppteningsperioden.

Busette i regionen som er tilsette i transportsektoren, på skip, oljeleitingsfartøy eller faste installasjonar på kontinentalsokkelen, blir rekna som yrkesaktive i regionen når dei er skattepliktige der.

§ 19-4.Avgrensing av definisjonen av «yrkesaktiv»

Låntakarar som er i førstegongsteneste eller i utdanning ved militære skolar, blir ikkje rekna som yrkesaktive.

Ein låntakar som er omfatta av § 19-3 bokstav c, blir ikkje rekna som yrkesaktiv i regionen dersom han eller ho er minst 50 prosent yrkesaktiv utanfor regionen i oppteningsperioden.

Ein mottakar av arbeidsavklaringspengar blir ikkje rekna som yrkesaktiv. Ein låntakar som får arbeidsavklaringspengar og samtidig oppfyller andre vilkår for yrkesaktivitet etter § 19-3, kan likevel bli rekna som yrkesaktiv.

§ 19-5.Avgrensing av retten til ettergiving

Låntakarar i fulltidsutdanning som kan få støtte etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, første delen, eller rentefritak etter kapittel 11, kan ikkje få ettergitt lån etter tredje delen.

Kapittel 20. Oppteningsperiode for ettergiving

§ 20-1.Krav til samanhengande oppteningstid

Oppteningstida skal vere tolv samanhengande månader.

For låntakarar som begynner i arbeid i regionen, blir oppteningstida rekna frå den datoen vedkommande har starta i arbeidet.

§ 20-2.Unntak frå kravet om samanhengande oppteningstid

Etter nærmare retningslinjer kan det bli gjort unntak frå kravet om samanhengande oppteningstid ved avbrot på grunn av førstegongsteneste og avbrot på grunn av utdanning. Ved avbrot på grunn av utdanning kan det bli gjort unntak éin gong og for opptil eitt år.

§ 20-3.Avgrensing av oppteningstida

Låntakar som får støtte til fulltidsutdanning, kan ikkje få perioden med støtte rekna med i oppteningstida, sjølv om låntakaren samtidig er yrkesaktiv.

§ 20-4.Val av forskrift

Dersom oppteningsperioden er fordelt på fleire kalenderår, skal forskriftene som gjaldt ved starten av oppteningsperioden nyttast, med mindre reglane blir endra til fordel for låntakaren.

Kapittel 21. Ettergivingsreglar

§ 21-1.Tidspunktet for ettergiving

Ettergivinga skjer etter avslutta oppteningsperiode.

§ 21-2.Ettergivingsgrunnlaget

Hovudstolen er ettergivingsgrunnlaget, det vil seie totalt lån ved avslutta utdanning. Dersom det seinare er ettergitt utdanningslån etter ordningar i kapittel 15 og fjerde delen, blir ettergivingsgrunnlaget redusert. Det same gjeld for utdanningsstøtte som låntakaren har fått utan å ha rett til det.

Omgjeringar etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte som blir gjorde etter at betalingsplanen er fastsett fører ikkje til endring i ettergivingsgrunnlaget.

Lån som ikkje er sett renteberande før oppteningsperioden er ute, kan ikkje inngå i grunnlaget for ettergiving.

§ 21-3.Avgrensing av ettergiving ved misleghalden betalingsplikt

Avdrag som har forfalle til betaling før oppteningsperioden er ute, men som ikkje er betalt på tidspunktet for ettergiving, blir ikkje ettergitt med mindre låntakaren har rett til betalingsutsetjing for avdraget etter andre delen.

§ 21-4.Søknad om ettergiving etter varsel om oppseiing av gjelda

Når det er sendt varsel om oppseiing av lånet, kan ein søknad om ettergiving ikkje bli behandla utan at det forfalne terminbeløpet blir betalt, eller at det kan bli gitt betalingsutsetjing etter andre delen.

§ 21-5.Avdrag på lånet og refusjon

Det skal ikkje betalast avdrag på lånet, men alle rentene som er lagde til, skal betalast. Terminbeløpa blir ikkje endra så lenge rentesaldoen ved forfall er like stor som det ordinære terminbeløpet. Betalte avdrag på lånet blir berre refundert dersom låntakaren ber om det. Krav om refusjon må setjast fram innan tre år etter at avdraget blei betalt.

Kapittel 22. Søknadsfrist og forelding

§ 22-1.Søknad om ettergiving

Søknad om ettergiving må dokumenterast og sendast inn etter kvar ny oppteningsperiode. Søknaden må vere motteken i Lånekassen seinast tre månader etter at oppteningsperioden er ute, for at kravet ikkje skal bli forelda.

Fjerde delen. Ettergiving av utdanningsgjeld i 2016 for låntakarar som har fullført visse lærarutdanningar

Kapittel 23. Ettergiving av utdanningsgjeld i 2016 for låntakarar som har fullført visse lærarutdanningar

§ 23-1.Realfag og framandspråk

Ordninga omfattar låntakarar som fullfører ei av desse utdanningane i vårsemesteret eller haustsemesteret 2016:

-integrert masterprogram i lærarutdanning med spesialisering i realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
-toårig fagdidaktisk masterprogram for lærarar som tek spesialisering i realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
-praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom låntakaren tidlegare har fullført mastergrad eller hovudfag i biologi, fysikk, geofag, informasjonsteknologi, kjemi, matematikk, teknologiske fag/sivilingeniørutdanning eller framandspråk, bortsett frå nordisk/norsk
-praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom låntakaren tidlegare har fullført ingeniørutdanning.
§ 23-2.Samisk

Ordninga omfattar låntakarar som fullfører 60 studiepoeng eller meir i samisk språk som del av ei av desse utdanningane i vårsemesteret eller haustsemesteret 2016:

-samisk allmennlærarutdanning (Samisk høgskole)
-samisk førskolelærarutdanning (Samisk høgskole)
-60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk) som del av allmennlærarutdanning.

Ordninga omfattar også låntakarar som tek ei av desse utdanningane:

-60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk) dersom låntakaren tidlegare har fullført praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
-praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) dersom låntakaren tidlegare har teke 60 studiepoeng i samisk språk (alle samiske språk)
-60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk) dersom låntakaren tidlegare har fullført førskolelærarutdanning
-fullført førskolelærarutdanning dersom låntakaren tidlegare har teke 60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk).
§ 23-3.Beløp for ettergiving

Låntakarar som fyller vilkåra i § 23-1 eller § 23-2, kan få ettergitt utdanningsgjeld med opptil kr 50 000. Ettergiving blir ikkje gitt meir enn ein gong for same utdanninga.

§ 23-4.Søknadsfrist

Søknad om ettergiving må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at eksamen er gjennomført.

Lånekassen kan gjere unntak frå fristen dersom særlege forhold gjer at søknadsfristen ikkje kan bli halden.

Femte delen. Misleghalden utdanningsgjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral

Kapittel 24. Utdanningsgjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral og gjeldsordningar

§ 24-1.Gjeldsordning etter gjeldsordningsloven

Utdanningsgjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral, er omfatta av vilkåra i gjeldsordningsloven. Utdanningsgjeld skal bli behandla på linje med anna gjeld som har tilsvarande sikringsgrad.

§ 24-2.Utanrettsleg gjeldsordning

Når Lånekassen har overført utdanningsgjeld permanent til Statens innkrevjingssentral, kan Statens innkrevjingssentral delta i utanrettsleg gjeldsordning, jf. utdanningsstøtteloven § 14.

Ein førespurnad om utanrettsleg gjeldsordning skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, talet på barn og levekostnadene til skyldnaren. Førespurnaden skal også ha med tilsvarande dokumenterte opplysningar om ektefellen eller sambuaren og anna som kan ha noko å seie i saka.

Reglane i gjeldsordningsloven gjeld som utfyllande regelverk.

Kapittel 25. Betalingsvilkår for utdanningsgjeld som er overført permanent til Statens innkrevjingssentral

§ 25-1.Rentevilkår

Fordringar som blir permanent overførte til Statens innkrevjingssentral, får lagt til renter etter den rentesatsen som blir fastsett for lån i Lånekassen etter § 2-1, § 2-2 og § 2-6.

§ 25-2.Prioriteringsrekkefølgje ved innbetaling

Ei innbetaling dekkjer i denne rekkefølgja: inkassokostnader, gebyr, renter og lån.

§ 25-3.Myndigheitsutøvinga til Statens innkrevjingssentral

Statens innkrevjingssentral er kreditor for utdanningsgjeld som er permanent overført frå Lånekassen.

Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Statens innkrevjingssentral kan som særnamsmann halde utleggsforretning etter reglane i tvangsfullbyrdelsesloven. Statens innkrevjingssentral kan også sende krav om utlegg til den vanlege namsmannen, jf. utdanningsstøtteloven § 11 og § 12.

§ 25-4.Ettergiving ved manglande betalingsevne

Statens innkrevjingssentral kan ettergi lån, renter og kostnader dersom låntakaren manglar betalingsevne. Med manglande betalingsevne er meint at betalingsevna er varig sterkt nedsett. Låntakaren vil ikkje kunne få ettergiving dersom det vil verke støytande.

Søknad om ettergiving av lån skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, talet på barn og levekostnadene til skyldnaren. Søknaden skal også ha med tilsvarande dokumenterte opplysningar om ektefellen eller sambuaren og anna som kan ha noko å seie i saka.

Låntakaren har ikkje klagerett etter reglane i forvaltningsloven for avgjerder i saker om ettergiving som følgje av manglande betalingsevne.

§ 25-5.Ettergiving ved død

Døyr låntakaren, blir gjelda ettergitt.

II

Forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2016.