Forskrift om krav til kassasystem (kassasystemforskrifta)

DatoFOR-2015-12-18-1616
DepartementFinansdepartementet
PublisertI 2015 hefte 15
Ikrafttredelse01.01.2017
Sist endretFOR-2016-07-06-901
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2015-06-19-58-§9
Kunngjort21.12.2015   kl. 15.50
KorttittelKassasystemforskrifta

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Skattedirektoratet 18. desember 2015 med heimel i lov 19. juni 2015 nr. 58 om krav til kassasystem (kassasystemlova) § 9.
Endringar: Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Kapittel 1. Virkefeltet til forskrifta. Definisjonar

§ 1-1.Virkefelt

Forskrifta utfyller og gjennomfører føresegnene i kassasystemlova.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 1-2.Definisjonar

I denne forskrifta tyder

a)kassaskuff: oppbevaringsplass for betalingsmiddel som blir registrert i eit kassasystem,
b)kassapunkt: ei eining innan eit kassasystem som kan avslutte eit kontantsal ved å beordre utskrift av ei salskvittering.
c)opning av kassaskuff (nullinnslag): integrert kassaskuff opnast utan at det har skjedd nokon registrering av kontantsal eller tilbakebetaling,
d)salskvittering: utskrift frå kassasystem som viser gjennomført kontantsalstransaksjon,
e)returkvittering: utskrift frå kassasystem som viser at den salskvitteringa som er skrive ut tidlegare inneheld feilaktige opplysningar eller opplysningar om tilbakebetaling for prisjusterte eller returnerte varer eller tenester,
f)kopikvittering: kopi av salskvittering,
g)pro forma kvittering: utskrift frå kassasystem som viser foreløpig registrert sal,
h)utleveringskvittering: stadfesting av kredittsal,
i)treningskvittering: utskrift frå kassasystemet for treningsformål som viser same slags opplysningar som ei salskvittering,
j)kvittering frå betalingsterminal: utskrift frå betalingsterminal som viser bruk av betalingskort,
k)kontinuerleg bruk: all bruk av kassasystemet, blant anna registrering av sal mv. og utskrift av kvitteringar som nemnt i bokstavane d til h, endring av priser, korreksjonar, opningar av kassaskuff (nullinnslag), utskrift av rapportar og liknande, samt endringar av programvare og førebels tilkopling av ekstern programvare,
l)elektronisk journal: dokumentasjon av den kontinuerlege bruken av kassasystemet i elektronisk form,
m)Z-rapport: samanstilling av dagens registreringar i kassasystemet,
n)X-rapport: samanstilling av registreringar i kassasystemet sidan førre Z-rapport,
o)grand total retur: akkumulert verdi av returar og andre postar som har redusert kontantsalet,
p)grand total sal: akkumulert kontantsal, utan frådrag av grand total retur,
q)grand total netto: grand total sal redusert for grand total retur.
0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 1-3.Tilpassing av kassasystem

Med tilpassing av kassasystem, jf. kassasystemlova § 2 bokstav e) meinast tilpassingar som påverkar kassasystemet sine funksjonar eller oppbygging.

Trer i kraft 1 jan 2017.

Kapittel 2. Krav til kassasystem og systemskildring

§ 2-1.Systemskildring
(1) Av systemskildringa som nemnt i kassasystemlova § 3 andre ledd skal det gå fram korleis kassasystemet kan kontrollerast. Dersom kassasystemet oppbevarer dokumentasjon av bokførte opplysningar, og det er nødvendig for å kunne kontrollere bokførte opplysningar på ein enkel måte, skal systemskildringa også dokumentere kontrollsporet, blant anna korleis systemgenererte poster kan etterprøvast.
(2) Dersom eit kassasystem vert endra ved at det blir tilført nye funksjonar eller det blir gjort endringar som påverkar oppbygginga av systemet, skal det enten utarbeidast eit tillegg til systemskildringa over dei endringane som er gjort eller ei heilt ny systemskildring. Dokumentasjonen skal følgje med kassasystemet.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-2.Kassaskuff

Kassasystemet skal ha integrert kassaskuff på kvart kassapunkt. Dette gjeld likevel ikkje dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kontantsal mv. på den enkelte operatør og salet ikkje blir registrert frå faste kassapunkt. Kravet gjeld heller ikkje ved kassapunkt kor det ikkje er mogeleg å betale med setlar og myntar.

0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-3.Skrivar mv.
(1) Kassasystemet skal ved det enkelte kassapunkt vere utstyrt med ein skrivar. Skrivaren skal kunne produsere dokumentasjon som nemnt i § 1-2 bokstavane d til i og l til n.
(2) Kassasystemet skal for det enkelte kassapunkt vere utstyrt med ein eksportfunksjon, slik at det er mogeleg å overføre opplysningane i elektronisk journal til eksternt lagringsmedium.
0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-4.Krav til språk

Systemskildring, programvare, servicemanual, programmeringsverktøy og programmeringsmanual skal vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Det same gjeld tekst på kvitteringar, X-rapport og Z-rapport samt registrering av kontinuerleg bruk.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-5.Funksjonar som eit kassasystem skal ha
(1) Kassasystemet skal kunne registrere vekselkasse.
(2) Kassasystemet skal kunne registrere betaling med ulike typar betalingsmiddel.
(3) Kassasystemet skal ha klokke. Klokka skal vere stilt til norsk normaltid og justerast for sommartid.
(4) Kassasystemet skal klart skilje mellom positive og negative beløp på alle kvitteringar, rapportar og i elektronisk journal.
(5) Kassasystem som er tenkt til bruk for fleire bokføringspliktige, skal vere lagt til rette for at all kontinuerleg bruk, blant anna betalingsmiddel, blir registrert særskilt for kvar enkelt bokføringspliktige verksemd.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-6.Funksjonar som eit kassasystem ikkje skal ha
(1) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje ha andre funksjonar enn det som går fram av systemskildringa, jf. kassasystemlova § 3 andre ledd.
(2) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje kunne koplast saman med eller integrerast med utrustning eller programvare som gjer det mogeleg å endre eller slette elektronisk journal.
(3) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje ha funksjonar som gjer det mogeleg for brukaren å ta bort, endre eller legge til opplysningar i registreringane. Programmert tekst på varer og tenester skal ikkje kunne endrast ved eller etter registreringa.
(4) Det skal ikkje vere mogeleg å avslutte sal utan at systemet skriv ut ei salskvittering. Systemet skal ikkje kunne skrive ut meir enn éi kopikvittering.
(5) Det skal ikkje vere mogeleg å foreta registreringar i kassasystemet dersom integrert kassaskuff er open.
(6) Det skal ikkje vere mogeleg å foreta registreringar i kassasystemet dersom lagringsminnet er fullt.
(7) Det skal ikkje vere mogeleg å merke særskilte varer eller tenester i kassasystemet slik at dei ikkje blir tekne med på X- og Z-rapport.
(8) Eit kassasystem som blir kopla saman med ei ikkje-automatisk vekt, skal ikkje kunne påverke vekta sine måletekniske eigenskapar, jf. forskrift 21. desember 2007 nr. 1735 om krav til ikke-automatiske vekter.
0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-7.Elektronisk journal
(1) All kontinuerleg bruk skal lagrast fortløpande i elektronisk journal. Dette omfattar også opplysningar på kvitteringar som nemnt i § 1-2 bokstavane d til h. Elektronisk journal skal vere sikra mot endring og sletting. Elektronisk journal kan overførast til eit anna elektronisk medium i eit filformat som ikkje enkelt lar seg redigere. Slik overføring skal ikkje kunne gjerast før kassasystemet har produsert ein Z-rapport. Systemet skal kunne produsere ei fil direkte frå elektronisk journal eller anna elektronisk medium i ei standardisert form fastsett av Skattedirektoratet.
(2) Tidspunkta for opning av integrert kassaskuff skal gå fram av elektronisk journal.
(3) Dersom kassasystemet har funksjonar for fastsetjing av prisar for varer og tenester, skal det vere mogeleg å ta fram opplysningar om aktuelle prisar frå kassasystemet. Det skal i slike tilfelle gå fram av den elektroniske journalen når prisane har blitt endra. Det same gjeld ved andre endringar i dei faste opplysningane.
(4) Dersom kassasystemet har funksjonar for å undersøke pris, skal slike prisundersøkingar registrerast i elektronisk journal.
(5) Dersom kassasystemet har funksjonar for identifikasjon av den enkelte operatør ved bruk av kort eller liknande, skal elektronisk journal innehalde opplysningar om vedkomande sitt namn eller tilsettnummer i samband med salstransaksjonane og andre registreringar.
(6) All kontinuerleg bruk må kunne identifiserast og skiljast ut med eit startpunkt.
0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-8.Rapportar og kvitteringar
§ 2-8-1.X-rapport, Z-rapport, salskvittering mv.

Kassasystemet skal for kvart kassapunkt kunne produsere X-rapportar, Z-rapportar, salskvitteringar og returkvitteringar. Dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kredittsal som blir fakturert på eit seinare tidspunkt, skal også utleveringskvittering kunne produserast.

0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-8-2.X-rapport

Ein X-rapport skal minst innehalde desse opplysningane:

a)påskrift om at rapporten er ein X-rapport,
b)namn og organisasjonsnummer til føretaket,
c)dato og klokkeslett,
d)ID-nummeret til kassapunktet,
e)totalt kontantsal,
f)talet på kontantsal og beløp minimum fordelt på hovudgrupper,
g)talet på kontantsal og beløp fordelt på ulike betalingsmiddel,
h)talet på kontantsal og beløp fordelt på ulike betalingsmiddel spesifisert for kvar enkelt operatør, dersom kassasystemet har funksjonar for dette,
i)talet på tips og beløp, dersom kassasystemet har funksjonar for dette,
j)avgiftspliktig og avgiftsfritt kontantsal mv. samt meirverdiavgift fordelt på ulike meirverdiavgiftssatsar,
k)inngåande vekselkasse,
l)talet på salskvitteringar,
m)talet på opningar av kassaskuff,
n)talet på kopikvitteringar og beløp,
o)talet på pro forma kvitteringar og beløp,
p)talet på returar og beløp,
q)talet på rabattar og beløp,
r)talet på avbrotne kontantsal og beløp,
s)talet på linjekorreksjonar spesifisert på type og beløp,
t)talet på prisundersøkingar spesifisert på varegruppe og beløp,
u)talet på andre korreksjonar spesifisert på type og beløp,
v)talet på utleveringskvitteringar og beløp,
w)talet på treningskvitteringar og beløp,
x)grand total sal,
y)grand total retur,
z)grand total netto.

Dersom det vert skrive ut kvitteringar for kredittsal frå kassapunktet, skal talet på kredittsal og beløp spesifiserast. Det same gjeld innbetalingar og returkvitteringar som gjeld kredittsal. Også talet på andre inn- og utbetalingar som blir registrert på kassapunktet, skal spesifiserast på type og beløp.

0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-8-3.Z-rapport
(1) Ein Z-rapport skal minst innehalde opplysningar som nemnt i § 2-8-2, med unntak av opplysninga i første ledd bokstav a. I tillegg skal Z-rapporten vere fortløpande nummerert og innehalde ei påskrift om at rapporten er ein Z-rapport. Z-rapporten kan ikkje innehalde registreringar som er omfatta av ein tidlegare Z-rapport.
(2) Det skal ikkje vere mogeleg å utarbeide ein Z-rapport utan at alle sal er avslutta. Ein Z-rapport kan ikkje ha same nummer som ein tidlegare Z-rapport.
0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-8-4.Salskvittering

Ei salskvittering skal minst innehalde opplysningar som nemnt i forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring § 5-3-2a samt opplysningar om type betalingsmiddel og ID-nummeret til kassapunktet. Ordet «Salskvittering» skal visast øvst på kvitteringa. Dersom salskvitteringa er framstilt i elektronisk form skal orda «Elektronisk salskvittering» visast. Dersom betalingsterminal er integrert med kassasystemet, skal salskvitteringa også innehalde transaksjons-ID.

0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-8-5.Returkvittering

Ordet «Returkvittering» skal gå fram øvst på kvitteringa. I tillegg gjeld føresegnene i § 2-8-4 tilsvarande for returkvittering.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-8-6.Kopikvittering, pro forma kvittering og treningskvittering

Dersom kassasystemet har funksjonar til å skrive ut kopikvittering, pro forma kvittering eller treningskvittering skal desse vere tydeleg merka respektive «KOPI», «Foreløpig kvittering - IKKJE KVITTERING FOR KJØP» og «Treningskvittering - IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp. Treningskvitteringar skal ikkje inngå i same nummerserie som salskvitteringar.

0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-8-7.Utleveringskvittering

Dersom kassasystemet blir nytta til å registrere kredittsal som blir fakturert på eit seinare tidspunkt, skal det skrivast ut ei kvittering som viser kva slags varer og tenester som er levert. Kvitteringa skal tydeleg merkast «Utleveringskvittering - IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp.

0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 2-8-8.Kvittering frå betalingsterminal

Kvittering frå betalingsterminal som ikkje er integrert med kassasystemet skal tydeleg merkast «IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp.

0Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Trer i kraft 1 jan 2017.

Kapittel 3. Produktfråsegn og utbetring av manglar mv .

§ 3-1.Produktfråsegn
(1) Produktfråsegn som nemnt i kassasystemlova § 5 skal leverast elektronisk.
(2) Produktfråsegna skal skrivast under ved bruk av
a)kvalifisert sertifikatløysing, eller
b)fødselsnummer og organisasjonsnummer, samt bruk av PIN-kode som gir fullmakt til å godkjenne produktfråsegna.
(3) Tildeling av PIN-kode skjer på den måten som Skattedirektoratet bestemmer.

Trer i kraft 1 jan 2017.

§ 3-2.Tilbaketrekkjing av kassasystemet frå marknaden mv.
(1) Dersom leverandøren trekkjer kassasystemet frå marknaden eller skattekontoret gjev leverandøren pålegg om å trekkje kassasystemet frå marknaden, jf. kassasystemlova § 6, må leverandøren utan ugrunna opphald melde frå om det til sine kundar.
(2) Eit pålegg frå skattekontoret om å utbetre manglar eller trekkje kassasystemet frå marknaden, jf. kassasystemlova § 6 andre ledd, skal innehalde ein frist for å gjennomføre pålegget.

Trer i kraft 1 jan 2017.

Kapittel 4. Iverksetjing

§ 4-1.Iverksetjing

Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2017.