Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane 12. mai 2016 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 3-2, § 3-3, § 3-4, § 3-5, § 3-6, § 3-7, § 3-8, § 3-9, § 3-10, § 3-11, § 4-2, § 4-3, § 4-5, § 4-6, § 4-7, § 4-8, § 4-9, § 4-10, § 4-11, § 4-12, § 5-1, § 5-2, § 5-3, § 7-1 og § 7-2, lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) § 12-3, forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad § 3 og § 6, forskrift 15. desember 2005 nr. 1506 om egenbetaling ved universiteter og høyskoler § 3-3, forskrift 10. april 2006 nr. 412 om godskriving av høyere utdanning § 2, forskrift 30. juni 2006 nr. 859 om skikkethetsvurdering i høyere utdanning § 11, forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høyere utdanning § 2-1, § 2-2, § 2-3, § 2-4, § 3-1, § 3-2, § 3-3, § 8-1 og kapittel 6, forskrift 22. juli 2008 nr. 828 om studentsamskipnader § 17 og § 22 og forskrift 1. februar 2010 nr. 96 om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning § 4.

§ 1. Bruksområde og definisjonar

1.1. Bruksområde

Denne forskrifta gjeld alle utdanningar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. For utdanningstilbod organisert som betalingstilbod, kan høgskulen gjere unntak frå rangeringsreglane for opptak og nokre andre ordningar som gjeld ordinære studentar.

1.2. Definisjonar og generelle føresegner

1. I denne forskrifta betyr «lova» lov 1. april 2005 nr. 15: «lov om universiteter og høyskoler».
2. Grunnutdanning er eit studieprogram eller studium der opptak ikkje føreset anna grunnlag enn fullført utdanning frå vidaregåande skule eller godkjent realkompetansesøknad. Der det er krav om arbeidsplasstilknyting, skal det gå fram av studieplanen for utdanninga.
3. Vidareutdanning er studiepoenggivande ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå. Dette er spesielt tilrettelagde enkeltemne eller vidareutdanningsprogram på lågare eller høgre grads nivå.
4. Eit studieprogram er ei samling emne som er fastsett i studieplan, som søkjarar kan få opptak til, og som fører fram til grads- eller yrkesutdanning.
5. Eit studium er eit emne eller ei samling emne som er fastsett i studieplan, som søkjarar kan få opptak til.
6. Emne er ei eining innafor eit studieprogram eller studium. Eit emne har eit definert innhald i ein emneplan, og gir normalt utteljing i form av studiepoeng.
7. Som student blir rekna den som gjennom opptak i samsvar med § 3-6 og § 3-7 i lova er tatt opp til eit studieprogram, studium eller emne ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
8. Rammeplan og nasjonale retningslinjer er nasjonale føringar som fastset mål, innhald og organisering av visse utdanningar, og enkeltfag som inngår i ei utdanning. Departementet fastset rammeplanar og nasjonale retningslinjer.
9. Utdanningsplan er ein individuell avtale mellom student og institusjon som synleggjer den planlagde faglege progresjonen og gjennomføring av studiet for den enkelte student. Utdanningsplanen baserer seg på studieplanen. Studentar ved høgskulen som går på eit studium eller studieprogram på 60 studiepoeng eller meir, skal godkjenne sin eigen utdanningsplan.
10. Timeplanar er ein samla plan for undervisning for eit semester. Høgskulen sine timeplanar skal vere kunngjort ved starten av eit emne. Enkelte studieprogram har andre ordningar.
11. Studiepoeng er mål på omfanget av eit studieprogram, studium eller emne der eit fullt studieår er normert til 60 studiepoeng.

1.3. Vedtaksmynde

1. Rektor har det øvste ansvaret for alle vedtak etter denne forskrifta. Rektor er ansvarleg overfor styret for at alle avgjerder er i samsvar med overordna vedtak og føringar, og kan derfor overprøve avgjerdene til underordna.
2. I saker der vedtaksmynde i denne forskrifta ikkje eksplisitt er lagt til annan instans, er det rektor eller den rektor gir fullmakt som har avgjerdsrett.
3. I saker der dekan er tillagt avgjerdsrett i denne forskrifta, kan dekan delegere vidare til instituttleiar.

§ 2. Gradar og yrkesutdanningar

2.1. Høgskulekandidat

1. Høgskulen i Sogn og Fjordane tildeler graden høgskulekandidat på grunnlag av fullført toårig utdanning (120 studiepoeng), som ifølge vedtak i styret for høgskulen gir graden høgskulekandidat.

2.2. Bachelorgrad

1. Høgskulen i Sogn og Fjordane tildeler bachelorgrad på grunnlag av fullført studieprogram tilsvarande 180 studiepoeng, som ifølge rammeplan eller forskrift gir bachelorgrad.
2. Høgskulen i Sogn og Fjordane tildeler bachelorgrad på grunnlag av fullført studieprogram tilsvarande 180 studiepoeng, som ifølge vedtak i Utdanningsutvalet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane gir bachelorgrad. Graden må innehalde fagleg fordjuping med omfang av minimum 80 studiepoeng, eller integrert yrkesretta utdanning med omfang av minimum 120 studiepoeng. Graden skal og innehalde eit fagleg sjølvstendig arbeid på minimum 15 studiepoeng i form av ei bacheloroppgåve.
3. Høgskulen i Sogn og Fjordane tildeler fri bachelorgrad på grunnlag av høgare utdanning tilsvarande 180 studiepoeng. Graden skal vere sett saman av minst ei eining på minimum 80 studiepoeng, der minimum 20 studiepoeng er på fordjupingsnivå, og innehalde eit fagleg sjølvstendig arbeid på minimum 15 studiepoeng som er relevant i høve den faglege fordjupinga. I tillegg er det krav om emne frå eit anna fagområde på minimum 30 studiepoeng.

2.3. Mastergrad

1. Høgskulen i Sogn og Fjordane tildeler mastergrad som er godkjent av departementet i samsvar med lova § 3-2.
2. Mastergradar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er regulert av forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad, fastsett av Utdannings- og forskingsdepartementet.
3. Nærare reglar om det sjølvstendige arbeidet i graden, vurderingsordningar og anna skal gå fram av studieplan. Utdanningsutvalet fastset studieplan.

2.4. Yrkesutdanningar

1. Høgskulen i Sogn og Fjordane tilbyr grunnskulelærarutdanningar (240 studiepoeng) på grunnlag av gjeldande rammeplanar og nasjonale retningslinjer.

2.5 Fagleg overlapping

1. I ein bachelorgrad kan fagleg overlapping maksimalt ha omfang tilsvarande fem studiepoeng.
2. I ein mastergrad med omfang inntil 120 studiepoeng er fagleg overlapping ikkje tillate.

2.6 Godskriving av utdanning

1. Greidde emne, fag, eksamenar eller prøver tatt ved annan institusjon skal godskrivast ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i den utstrekning dei oppfyller dei faglege krava for bestemt eksamen, emne, grad eller utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Godskriven utdanning frå annan institusjon skal inngå i grad tildelt frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, jf. lova § 3-5.
2. Høgskulen i Sogn og Fjordane handsamar søknad om godskriving frå studenten på grunnlag av innsendt dokumentasjon.
3. Avslag på søknad om godskriving kan påklagast. Klage blir handsama etter forskrifta pkt. 11.4.
4. Når ein student er kvalifisert for vitnemål for fullført utdanning eller grad på grunnlag av godskriving av utdanning frå annan institusjon, må studenten ha avlagt minst 60 studiepoeng ved Høgskulen i Sogn og Fjordane for å få tildelt vitnemålet, jf. forskrift om godskriving av høyere utdanning § 2.
5. Når ein student er kvalifisert for vitnemål for ei utdanning/grad og denne byggjer på tidlegare vitnemål for utdanning/grad (dobbelgrad), må studenten ha avlagt minst 60 nye studiepoeng som ikkje er med i grunnlaget for tidlegare vitnemål. For enkelte utdanningar kan det vere krav om 90 nye studiepoeng for å få tildelt nytt vitnemål.
6. Studentar som søkjer godskriving med falskt vitnemål eller falske dokument, eller dokument utarbeidd av falsk institusjon, vil få dokumenta inndratt, og vil ikkje få godskrive utdanning i inntil eit år. Vedtak om inndraging og karantenetid blir avgjort av Klagenemnda ved høgskulen med to tredels fleirtal. Vedtaket kan påklagast.

2.7 Fellesgradar

Høgskulen i Sogn og Fjordane kan tildele fellesgradar i samarbeid med andre institusjonar jf. forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av høyere utdanning og fagskoleutdanning kapittel 4.

§ 3. Planar for studieprogram, studium og emne

3.1. Studie- og emneplan

1. Studieplanen er eit juridisk bindande dokument. Planen skal fastsetje namnet på studiet. Planen skal omtale:
-namn på studiet
-læringsutbytte
-innhald og oppbygging
-arbeids- og undervisningsformer
-vurderingsformer
-ordningar for studentutveksling og internasjonalisering
-praksis, dersom dette er ein del av utdanninga.

Studieplanen skal stette dei krava rammeplan eller nasjonale retningslinjer set til det som der blir kalla fagplan eller programplan. Dersom studiet har spesifikke opptakskrav, skal dette gå tydeleg fram av studieplanen. For studium der studenten må fullføre visse emne for å fortsetje i studieløpet, skal dette omtalast i studieplanen.

2. Emneplanen fastset læringsutbytte, forkunnskapskrav, innhald og oppbygging, arbeids- og undervisningsformer, eksamensordningar og vurderingsformer, kopling til forsking og fagleg utviklingsarbeid og pensum for eit emne.
3. Det skal vere godkjent plan for alle studieprogram, studium og emne som gir utteljing i form av studiepoeng og som blir tilbydde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, eller som høgskulen har fagleg ansvar for.
4. Emnenivå skal gå fram av emneomtalane slik:
-Grunnemne
-Fordjupingsemne utgjer ei fagleg fordjuping og byggjer på grunnemne, enten i djupn eller i breidde. Fordjupingsemne er emne på lågare grads nivå
-Masteremne er emne som inngår i akkrediterte masterprogram ved eigen eller annan institusjon.

3.2. Utforming og oppbygging av studie- og emneplanar

1. Studie- og emneplanar skal utformast i samsvar med krava i forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning (NOKUT).
2. Studie- og emneplanar skal omtale læringsutbytte i samsvar med krava til utforming og nivå, slik dei går fram av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR).
3. Utdanningsutvalet fastset mal for studie- og emneplanar.
4. Høgskulen sine studie- og emneplanar skal utarbeidast med utgangspunkt i at eit fullt årsstudium (60 studiepoeng) skal innebere ei arbeidsmengde som tilsvarar 1600 arbeidstimar (40 arbeidstimar per veke i 40 veker).
5. Høgskulen sine studieplanar skal byggjast opp slik at ein student ved å gjennomføre studiet på normert tid kan få jamn utteljing i form av studiepoeng; dvs. 60 studiepoeng per studieår ved eit heiltidsstudium.
6. Ved utvikling av nye emne, skal eventuell fagleg overlapp gå fram av emneplanen.

3.3. Utarbeiding av nye studie- og emneplanar

1. Styret nemner opp komité og gir mandat for arbeid med studieplanar for nye bachelor- og masterprogram.
2. Dekan nemner opp komité og gir mandat for arbeid med planar for studium og emne til og med 60 studiepoeng på bachelornivå.
3. Ein studieplankomité ved Høgskulen i Sogn og Fjordane skal, i tillegg til representantar for tilsette og studentar, ha ekstern representasjon for alle studieprogram og studium på meir enn 30 studiepoeng.
4. Nye emne på masternivå skal ha ekstern fagfellevurdering for å kunne inngå i høgskulen sine akkrediterte mastergradar.

3.4. Godkjenning av nye studieplanar

1. Utdanningsutvalet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane gjer vedtak om godkjenning av nye studieplanar med omfang over 30 studiepoeng og alle emne på masternivå.
2. Dekan gjer vedtak om godkjenning av nye studie- og emneplanar med omfang til og med 30 studiepoeng.

3.5. Etablering av nye studieprogram og studium

1. Styret gjer vedtak om etablering av nye studieprogram og studium med omfang over 30 studiepoeng. Til grunn for vedtaket ligg godkjent studieplan, vurdering av rekruttering, yrkesrelevans, ressursbehov og fagleg kompetanse og forskingsaktivitet for å etablere og drive studieprogrammet eller studiet.
2. Dekan gjer vedtak om etablering av studieprogram, studium og emne med omfang til og med 30 studiepoeng.
3. Når eit studieprogram eller studium er sett saman av emne frå fleire avdelingar, skal styret ved vedtak om etablering avgjere kva avdeling som skal ha det samla faglege ansvaret for studieprogrammet/studiet.

3.6. Etablering av fellesgradar

1. Ved etablering av fellesgradar skal det vere utarbeidd og godkjent studieplan og ein samarbeidsavtale som regulerer fagleg samarbeid, administrasjon og økonomiske forhold. Forhold som blir omtalt i denne forskrifta pkt. 3.5, første ledd skal også ligge til grunn for oppretting av fellesgradar.

3.7. Oppstart av studieprogram/studium

1. Vedtak om å starte opp eit studieprogram/studium som er fullfinansiert over ordinært budsjett, blir gjort av styret.
2. Rektor har fullmakt til å gjere vedtak om oppstart av studieprogram/studium som er heilt eller delvis eksternt finansiert.

3.8. Revisjon av studieplanar

1. Høgskulen sine studieplanar skal gjennomgå ein årleg revisjon. Viserektor for utdanning fastset tidspunkt og prosedyrar for revisjonen.

3.9. Publisering av studieplanar

1. Alle studieplanar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane blir publiserte elektronisk.

§ 4. Opptak

4.1. Studentopptak

1. Opptak vil seie at ein person har søkt, fått vurdert kompetansen sin og er innvilga studierett til eit studieprogram, studium eller emne.
2. Styret kan regulere opptakskapasiteten til kvart enkelt studieprogram/studium, jf. lova § 3-7 femte ledd.
3. Til grunnskulelærarutdanning, bachelorgradar og andre studium som er lyst ut i Samordna Opptak, gjeld den sentrale opptaksforskrifta (forskrift om opptak til høyere utdanning). Denne forskrifta gjeld også for andre studieprogram/studium og emne på lågare grads nivå i lokale opptak, der opptakskravet er generell studiekompetanse. Andre opptakskrav skal gå fram av studieplanen.
4. Ein person må søkje innan fastsett frist og på fastsett måte for å få opptak til eit studium. Søknadsfristane i lokale opptak følgjer normalt fristane i Samordna opptak. Viserektor for utdanning kan fastsetje andre fristar i dei lokale opptaka. Opptak til studium og emne gir studierett i samsvar med høgskulen sine reglar for det, jf. § 6. Ein søkjar som ikkje leverer original dokumentasjon for opptaksgrunnlaget på førespurnad frå høgskulen, kan miste studieretten.
5. Ein student kan søkje om utsett studiestart (reservert studieplass) i eitt år, eller eventuelt eitt semester dersom studieopplegget gjer det mogleg og dersom det ligg føre viktige grunnar, som til dømes innkalling til sivil-/militærteneste, graviditet eller sjukdom. Viserektor for utdanning avgjer slike søknadar.
6. Studentar ved høgskulen som har studierett på utdanningar der andre studium kan inngå som valfag, blir rangerte før eksterne søkjarar.
7. Søkjarar som søkjer opptak med falskt vitnemål/falske dokument eller dokument utarbeidd av falsk institusjon, vil få dokumenta inndratt og vil ikkje få opptak i inntil eit år. Vedtak om inndraging og karantenetid blir avgjort av Klagenemnda ved høgskulen med to tredels fleirtall. Vedtaket kan påklagast, jf. lova § 3-7 sjette til åttande ledd.

4.2. Opptak til grunnutdanningar

1. For opptak og rangering av søkjarar til grunnutdanningar, gjeld lova § 3-6 og forskrifter fastsette av departementet.

4.3. Opptak til vidareutdanningar

1. For opptak til vidareutdanningar med rammeplan, gjeld dei opptakskrava som er fastsette i rammeplanen.
2. For opptak til vidareutdanningar utan rammeplan, gjeld dei opptakskrava som er fastsette i studieplanen.
3. Opptaket er regulert av reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, fastsett av utdanningsutvalet.

4.4. Opptak til masterstudium

1. For opptak til masterstudium gjeld forskrift om krav til mastergradar, fastsett av departementet.
2. Nærare spesifikasjon av det faglege grunnlaget for opptak skal gå fram av studieplanen.
3. Opptaket er regulert av reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, fastsett av utdanningsutvalet.

4.5. Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning

1. For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning gjeld minstekrav som er fastsette i rammeplanen og opptakskrav slik dei går fram av studieplanen.
2. Opptaket er regulert av reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, fastsett av utdanningsutvalet.

4.6. Opptak til eittårig forkurs, sommarkurs, tresemesterordning, y-veg ingeniør og innpassingsopptak

1. For opptak til desse utdanningane gjeld eventuelle rammeplanar og nasjonale føringar, og opptakskrav og fagleg grunnlag slik det går fram av studieplanane.
2. Opptaket er regulert av reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, fastsett av utdanningsutvalet.

4.7. Opptak til emne

1. Kvalifiserte søkjarar kan få opptak til eitt eller fleire enkeltemne. Dekan fastset opptakskapasitet for emneopptak. Viserektor for utdanning kan fastsetje søknadsfrist for opptak.
2. Søkjarar til enkeltemne må dokumentere at dei tilfredsstiller opptakskravet til emnet. Reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, fastsett av utdanningsutvalet, regulerer opptaket. Opptakskrav går fram av studie- og/eller emneplan.

4.8. Opptak til studium med ekstern finansiering

1. Studium med ekstern finansiering kan ha eigne reglar for opptak og rangering av søkjarar. Viserektor for utdanning har ansvar for å fastsetje desse dersom dei ikkje blir styrt av rammeplanar eller nasjonale retningslinjer. Opptakskrav går fram av studie- og/eller emneplan.

4.9 Opptak på grunnlag av realkompetanse

1. Høgskulen kan gi søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret, og som manglar generell studiekompetanse, opptak på grunnlag av realkompetanse, jf. lova § 3-6 og forskrift fastsett av departementet. Realkompetanse er kunnskapar søkjar har fått gjennom lønna og ulønna arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på annan måte. Realkompetansevurderinga skjer i høve opptakskrav til eitt bestemt studium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
2. Vurdering av realkompetanse er ei individuell vurdering som blir gjort på grunnlag av innsend dokumentasjon. Søkjarar kan bli kalla inn til opptaksprøve og intervju.

For opptak til grunnutdanningar på grunnlag av realkompetanse bør søkjaren ha minimum to år vidaregåande skule med fokus på fag som norsk, matematikk og engelsk, avhengig av studium. Det er krav om minimum fem års yrkespraksis, der minimum tre av desse bør vere relevante i høve utdanninga det blir søkt opptak til.

For opptak til vidareutdanningar på grunnlag av realkompetanse bør søkjaren dokumentere teoretisk kompetanse på same nivå som dei formelle krava om utdanning, i tillegg til eventuell yrkespraksis som gjeld for opptak til studiet.

Krav til språkkunnskapar går fram av forskrift om opptak til høyere utdanning § 2-1, § 2-2, § 2-3, § 2-4, § 3-1, § 3-2 og § 3-3.

3. Søkjar skal sende ein personleg søknad der det blir gjort greie for motivasjon og forventning til studiet, og ei eiga vurdering av kvifor søkjar meiner å kunne gjennomføre studiet.
4. Utdanningsutvalet kan fastsetje eige reglement for opptak på grunnlag av realkompetanse innafor dei rammene departementet har fastsett.

4.10. Klage på avslag på søknad om opptak

1. Klage på enkeltvedtak i samband med opptak organisert gjennom Samordna opptak blir handsama av Nasjonal klagenemnd, jf. lova § 5-1 sjuande ledd og forskrift om opptak til høyere utdanning § 8-1.

Unntak frå punkt 1 er klager som gjeld opptak etter lova § 3-6 andre og tredje ledd. Desse blir handsama av Klagenemnda ved høgskulen.

2. Klage på enkeltvedtak i samband med lokalt opptak blir handsama av Klagenemnda ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

4.11. Regelverk for arbeid i opptakskomitear

1. Viserektor for utdanning og/eller ein opptakskomité gjer opptaket eller syter for at det blir gjennomført når opptaket er nasjonalt samordna.
2. Opptakskomiteen blir oppnemnt av styret. Komiteen har tre faste medlemer med varamedlemer: ein dekan, ein instituttleiar og ein student. Komiteen skal vere organisert med leiar og nestleiar. Studentrepresentanten blir oppnemnt etter framlegg frå Studentparlamentet. I tillegg deltar dekan ved den avdelinga det gjeld, eller den han nemner opp i sin stad. Medlemene frå høgskulen har ei funksjonstid på fire år. Studentrepresentantar og deira vararepresentantar har ei funksjonstid på eitt år. Viserektor for utdanning er sekretær for opptakskomiteen.
3. Opptakskomiteen skal gjere vedtak om opptak etter pkt. 4.9 i denne forskrifta, rangere søkjarar det ikkje kan reknast poeng for, og vurdere søkjarar med særskild vurdering. Opptakskomiteen kan delegere vedtaksmyndet sitt til viserektor for utdanning.

4.12. Avlysing av opptak

1. Styret kan gjere vedtak om avlysing av opptak (nullopptak) til eit studieprogram/studium dersom søkjartalet er for dårleg. Avlysing skal skje i god tid før oppstart, og seinast 1. juni for studieprogram/studium med oppstart i august.

§ 5. Undervisning

5.1. Studieåret

1. Studieåret er på 40 veker, til vanleg fordelt med 18–19 veker i haustsemesteret og 21–22 veker i vårsemesteret. Juleferie og påskeferie er ikkje del av studieåret. Undervisning og eksamen skal avviklast innanfor studieåret. Rektor fastset studieåret kvart år innan 1. januar det året studieåret tar til.
2. Forkurs, deltidsstudium, studium organisert over tre semester og eksternt finansierte tilbod kan ha avvikande studieår.
3. Arbeidsomfanget for eit heiltidsstudium skal vere 1600 timar per år.

5.2. Tilgang til undervisninga

1. Forelesingar ved høgskulen er som hovudregel offentlege. Denne regelen kan fråvikast dersom saklege grunnar tilseier det, mellom anna dersom det er fastsett eigenbetaling for studiet, jf. lova § 3-8.
2. For kvart semester kan det gjennomførast undervisningsopptak der studentar i fleirårige løp melder seg på undervisning i emne dei planlegg å ta det følgjande semesteret. Dekan avgjer opptakskapasitet for kvart emne. Viserektor for utdanning kan fastsetje rangeringsreglar for undervisningsopptak.
3. Eit emne som ikkje er obligatorisk del av eit studieprogram/studium kan avlysast på grunn av lågt studenttal eller andre særlege grunnar. Dekan set frist og tar avgjerd om det.

5.3. Frammøte

1. Krav om obligatorisk frammøte i undervisning eller andre aktivitetar skal gå fram av studieplan/emneplan.
2. Der det er obligatorisk frammøte til undervisninga vil det seie 80 % frammøte, med mindre studie-/emneplanen seier noko anna.
3. Fråvær frå obligatorisk undervisning og liknande blir handsama etter regelverket om arbeidskrav, jf. pkt. 8.2. Studentar med verv i studentdemokratiske organ, råd eller utval ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, kan få gyldig fråvær frå obligatorisk undervisning.

5.4. Endring i timeplanar

1. Dersom planlagt undervisning blir endra eller avlyst, skal studentane det gjeld varslast så tidleg som mogleg. Dekan tar avgjerd om eventuell avlysing, og om den avlyste undervisninga skal erstattast.

5.5. Studentevaluering av undervisninga

1. Studentevaluering av undervisninga skal gjennomførast i studium og emne i samsvar med høgskulen sitt kvalitetssystem.

5.6. Undervisningsspråk

1. Til vanleg er undervisningsspråket norsk eller eit anna skandinavisk språk. Dersom studiet eller emnet er engelskspråkleg, skal det gå fram av studie- eller emneplan.
2. Dersom situasjonen tilseier det, kan undervisningsspråket i heile eller delar av eit emne vere engelsk. Dekan tar avgjerd om det. Dersom undervisningsspråket ikkje er skandinavisk, skal det informerast om det så tidleg som mogleg.

§ 6. Studierett

6.1. Studierett og tap av studierett

1. Opptak til eit studium gir studierett; dvs. tilgang til undervisning og eksamen i emne som inngår i studiet og eventuelt praksis og andre obligatoriske eller valfrie element i studiet. Opptak til eit emne gir studierett; dvs. tilgang til undervisning og eksamen i emnet.
2. Ein student som ikkje fyller dei vilkåra som er knytte til det enkelte studiet ved studiestart taper studieretten. Slike vilkår skal gå fram av studieplanen og tilbods- eller opptaksbrevet som studenten får. Ein student som taper studieretten av slike grunnar må søkje om nytt opptak.
3. Ein student med opptak til studium med krav til politiattest kan miste studieretten dersom han let vere å levere politiattest i samsvar med forskrift om opptak til høyere utdanning kapittel 6.
4. Studieretten er tapt når ein student har brukt opp alle forsøk på å greie ein eksamen eller praksisperiode. Ein student som har tapt studieretten av slike grunnar, kan ikkje få nytt opptak til same studium før det har gått tre år frå studieretten gjekk tapt.
5. Studieretten fell bort når studenten har fullført studiet ho eller han var tatt opp til.
6. Studieretten kan gå tapt på grunn av fusk, klanderverdig framferd, straffbare forhold eller på grunnlag av skikkavurdering, jf. lova § 4-8, § 4-9 og § 4-10.

6.2. Krav til progresjon i studiet

1. Retten til å halde fram ved eit studium kan regulerast med særskilde krav for kvart einskilt studium. Slike krav skal gå fram av studieplanen.
2. Ein student kan vere registrert ved eit studium inntil to gonger normert studietid, avgrensa oppover til to år lenger enn normert. Etter denne tid misser studenten dei rettar som følgjer med opptaket.
3. Studentar som ikkje følgjer normert studieprogresjon, må rekne med å følgje gjeldande studieplan og dei eksamensordningar som følgjer av denne.

6.3. Semesteravgift og andre studentavgifter

1. Høgskulen i Sogn og Fjordane kan ikkje krevje eigenbetaling frå studentar for ordinære utdanningar som fører fram til ein grad eller ei yrkesutdanning, jf. lova § 7-1.
2. Alle som er tatt opp til studium/emne som er normert til minst 15 studiepoeng per semester, skal betale semesteravgift og reelle kostnader knytt til læremiddel, jf. lova § 7-1. Ein student med slikt opptak blir rekna som student heile tida, også i semester utan eksamen.
3. Studentar som tar utdanning ved fleire institusjonar, skal betale semesteravgift til den utdanningsinstitusjonen der dei tar flest studiepoeng. Reelle kostnader knytt til læremiddel kan krevjast inn av Høgskulen i Sogn og Fjordane, sjølv om studenten ikkje er pliktig til å betale semesteravgift, jf. forskrift om egenbetaling ved universiteter og høyskoler § 3-3, første ledd.
4. Studentar som tar emne med eit omfang på mindre enn 15 studiepoeng per semester, betalar semesteravgift og reelle kostnader knytt til læremiddel i eksamenssemesteret. Desse studentane kan sjølve velje om dei vil betale semesteravgift i semester utan eksamen. I slike tilfelle må studenten sjølv be om dette.
5. Personar som ønskjer å ta eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, men som ikkje har opptak på eit emne eller studium, må betale semesteravgift når dei melder seg opp til eksamen, jf. forskrift om studentsamskipnader § 17. Eksamensavgift kan komme i tillegg, og skal fastsetjast ut frå institusjonen sine reelle meirkostnader, jf. lova § 3-10, fjerde ledd.
6. Deltakarar på studium som fell inn under oppdragsverksemd, betalar ikkje reelle kostnader knytt til læremiddel. Slike studentar kan også bli fritatt frå kravet om å betale semesteravgift når det etter ei samla vurdering av undervisninga sitt omfang, undervisnings- og eksamensstad og andre forhold verkar rimeleg. Desse kan likevel betale semesteravgift dersom dei ønskjer det, og har då krav på studentkort.
7. Utvekslingsstudentar betaler semesteravgift i heimlandet sitt. Internasjonale studentar som ikkje er knytt til utvekslingsprogram (Nordplus, Erasmus+), må betale semesteravgift og reelle kostnader knytt til læremiddel ved Høgskulen i Sogn og Fjordane dersom det ikkje eksisterer nokon avtale om fritak.
8. Studentar på utvekslingsopphald hos ein samarbeidspartnar i utlandet betaler semesteravgift og reelle kostnadar knytt til læremiddel til Høgskulen i Sogn og Fjordane, dersom ikkje anna er bestemt i samarbeidsavtalen.
9. Studentar som er i fødselspermisjon, jf. lova § 4-5, kan velje å betale semesteravgift.
10. Fastsette avgifter må vere betalte før ein får tildelt studentkort.
11. Deltakarar på etterutdanningskurs og andre kurs som det ikkje er knytt studiepoeng til, betalar ikkje semesteravgift.
12. Styret i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane fastset storleiken på semesteravgifta, og styret for høgskulen fastset reelle kostnadar knytt til læremiddel.
13. Studentar kan få refundert semesteravgift jf. forskrift om studentsamskipnader § 22. Studentar som har betalt semesteravgift, men som ikkje registrerer seg eller avbryt studiet, kan krevje refusjon av semesteravgift fram til 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.

6.4. Utdanningsplan og utdanningssamtale

1. Ein student med opptak til studieprogram eller studium må stadfeste utdanningsplanen sin for det aktuelle semesteret innan følgjande fristar:
-1. september i haustsemesteret
-1. februar i vårsemesteret.

Det kan vere andre ordningar for studentar på internasjonale studium og oppdragsstudium.

2. Alle studentar med studierett på program tilsvarande 60 studiepoeng eller meir skal kvart studieår ha tilbod om utdanningssamtale. Dekan utpeikar ansvarleg. Samtalen kan gjennomførast individuelt eller i grupper, men alltid individuelt dersom ein av partane ønskjer det.

6.5. Særskild tilrettelegging av studiesituasjonen

1. Ein student kan søkje om særskild tilrettelegging av studiesituasjonen. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller annan sakkunnig. Søknaden blir handsama av institusjonsansvarleg for tilrettelegging.

6.6. Permisjon

1. Studentar som for ein avgrensa periode ikkje har høve til å følgje undervisning og ta eksamen på studiet dei er tatt opp til, kan søkje permisjon frå studiet. Grunnlaget for søknad om permisjon skal dokumenterast. Permisjonstida kjem i tillegg til retten som studenten har til utvida studietid, jf. pkt. 6.2.
2. Permisjon skal bli gitt på grunn av svangerskap og omsorg for eigne born. I slike tilfelle har studenten framleis status som student i permisjonstida, og har rett til å ta opp att studiet på tilsvarande nivå som før permisjonen, jf. lova § 4-5. Permisjon kan også bli gitt på grunn av andre omsorgsoppgåver, sjukdom, verneplikt, krevjande verv i studentorganisasjonar og andre særlege tilhøve. Det blir normalt ikkje gitt permisjon for å ta anna utdanning eller for å gå over i arbeid.
3. Permisjon blir gitt for eitt eller fleire semester, og til vanleg ikkje lenger enn for to år. Det blir til vanleg ikkje gitt permisjon for kortare periodar enn eitt semester. Ved nokre utdanningar, der organisering av praksis eller anna tilseier det, blir det til vanleg ikkje gitt kortare permisjon enn eitt år.
4. Rett til permisjon gjeld i utgangspunktet berre faste utdanningstilbod med opptak kvart år. Ved utdanningar med opptak av berre eitt kull eller utdanningar der det av andre årsaker er uklårt når eller kvar neste kull blir starta opp, gjeld ikkje desse reglane.
5. Viserektor for utdanning avgjer søknadar om permisjon i samråd med dekan.
6. Ein student som har fått permisjon, har ikkje dei rettar som er definerte som studierett i denne forskrifta. Ein student som har permisjon, har ikkje høve til å gå opp til eksamen. For permisjon i samband med svangerskap og omsorg for eigne born gjeld punkt nr. 2 ovanfor.
7. Ein student med permisjon kan annullere permisjonen innan fastsett meldefrist for eksamen.
8. Ein student som ikkje følgjer normert studieprogresjon, må rekne med å følgje gjeldande studieplan og dei eksamensordningar som går fram av denne, jf. pkt. 8.1. Når ein student har fått permisjon, skal høgskulen likevel gjere sitt til at studenten får fullført utdanninga utan vesentlege ulemper.
9. Vedtak i permisjonssaker er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Klageorgan er Klagenemnda ved høgskulen.

6.7. Studierett til emne

1. Opptak som emnestudent gir studierett tilsvarande normert studietid for det aktuelle emnet.
2. Opptak som emnestudent gjeld også som oppmelding til eksamen i det aktuelle emnet.
3. Emnestudentar har dei same rettar og plikter som ordinære studentar, men alle rettar er avgrensa til dei emna det er gitt opptak til.
4. Emnestudentar som ønskjer å ta fleire emne i same semester, har sjølv ansvaret for å velje emne som i praksis let seg gjennomføre parallelt i forhold til tidspunkt for undervisning, eksamen og anna.
5. Emnestudentar betalar semesteravgift og reelle kostnadar knytt til undervisninga i samsvar med gjeldande retningslinjer.

§ 7. Eksamen

7.1. Vurderingsformer

1. Eksamen er prøving med påfølgjande vurdering. Som eksamen blir rekna alle skriftlege, munnlege, praktiske eller kunstnarlege arbeid, framføringar og prøver som gir grunnlag for fastsetting av karakter på vitnemål eller karakterutskrift.
2. Vurderingsformer og vekting mellom ulike eksamenar eller deleksamenar som skal danne grunnlag for sluttvurdering med fastsetting av endeleg karakter, skal gå fram av studieplan/emneplan.
3. Eksamen skal normalt skje i form av individuell prøving. Gruppeeksamen kan nyttast for mindre delar av eit studium. Når gruppeeksamen utgjer heile sluttvurderinga i eit emne, kan studentar søkje om individuell gjennomføring.
4. Munnleg eksamen er offentleg, med mindre omsynet til gjennomføringa av eksamen eller prøva tilseier noko anna, jf. lova § 3-9.
5. Digital eksamen er skriftleg vurdering gjennomført på ein digital plattform. Studenten nyttar normalt eiga datamaskin under eksamen. Høgskulen skal stille datamaskiner til disposisjon for studentar som ikkje har tilgang til eiga datamaskin. Høgskulen har rett til å blokkere tilgang til eksterne og lokale ressursar knytt til datamaskina. Når digital eksamen er ordinær vurderingsform i eit emne, har studenten høve å søkje om å ta papirbasert eksamen. Søknad med grunngjeving skal sendast eksamenskontoret innan oppmeldingsfrist for eksamen.
6. Det blir nytta føljande vurderingsformer ved Høgskulen i Sogn og Fjordane: 
Skriftleg eksamen (SK)Skriftleg, individuell eksamen arrangert i eksamenslokale under tilsyn, med fastsett tid for utlevering av oppgåve og innleveringsfrist. Tal timar skal gå fram av emneplanen. Eksamen kan gjennomførast på papir eller digitalt.
Munnleg eksamen (MU)Munnleg eksamen der studenten/-ane blir eksaminert av minimum to sensorar.
Fleirvalstest (FT)
(Multiple choice)
Skriftleg, individuell eksamen som nyttar fleirvalssvar. Blir arrangert under tilsyn og med fastset tid for utlevering av oppgåve og innleveringsfrist. Eksamen kan gjennomførast på papir eller digitalt.
Heimeeksamen (H*)Skriftleg eksamen der studentane blir tildelt oppgåve på eit fastsett tidspunkt, og med fastsett frist for innlevering. Heimeeksamen kan vere individuell eller i gruppe. Tal eksamensdagar skal gå fram av emneplan.
Oppgåve (bacheloroppgåve, masteroppgåve eller semesteroppgåve)Skriftleg innlevering utan fastsett dato for utlevering av oppgåve, men med fastsett innleveringsfrist. Oppgåva kan vere individuell eller i gruppe.
Mappe (ME)Vurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar, prøver, presentasjonar eller andre produkt som blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vere fullført til fastsett frist.
Prosjekt (PR)Vurderingsform der studentar arbeider med oppgåve eller problemstilling og leverer tekst, visuelle framstillingar, produkt, dataprogram eller andre element. Prosjekt kan ha fastsett tidspunkt for utlevering av oppgåve og frist for innlevering, eller berre ein innleveringsfrist. Prosjekt kan gjerast i gruppe eller individuelt.
Praktisk-metodisk eksamen (PE)Vurderingsform der studentar skal løyse praktiske oppgåver. Eksamen kan bli gitt individuelt eller i gruppe og kan inkludere element av skriftleg eller munnleg eksaminasjon.

7.2. Eksamensomfang og tidsbruk

1. Omfang av dei ulike delane som utgjer eksamen eller sluttvurdering, skal vere oppgitt i studieplan/emneplan i form av vekting og kor lenge eksamen varer.
2. Ved heimeeksamen og -oppgåve tel laurdag og søndag som vanlege dagar.
3. Skriftleg skuleeksamen under tilsyn har til vanleg eit omfang på inntil seks timar. Studenten får i tillegg 15 minutt til å klargjere eksamenssvaret for innlevering. Dette inkluderer matpause.

7.3. Eksamensstad

1. Eksamen blir arrangert på høgskulen sine faste studiestader og der undervisninga i det aktuelle emnet/faget har gått føre seg. Viserektor for utdanning kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå dette.

7.4. Tidspunkt for eksamen

1. Eksamensplan med tid og stad for eksamen skal vere fastsett seinast to veker før oppmeldingsfristen. Endringar i fastsett eksamensplan skal vere kunngjorde seinast tre veker før eksamen blir arrangert.
2. Eksamen kan arrangerast gjennom heile året. Viserektor for utdanning fastset eksamensperiode for skuleeksamenar som skal arrangerast ved utgangen av semesteret.
3. Fristar for innlevering av oppgåver og tidspunkt for gjennomføring av praktiske prøver/framføringar som skal inngå i mappe for sluttvurdering, skal fastsettast av instituttet.
4. Eksamen i eit emne blir vanlegvis arrangert berre ein gong per semester. Når det gjeld ny eksamen, sjå pkt. 8.6 andre ledd, i denne forskrifta.
5. Studentar som følgjer ordinær studieplan og normert studieprogresjon, skal ha minst to dagar mellom kvar eksamensdag. Det kan gjerast unntak for valfag.

7.5. Språk og målform

1. Eksamensoppgåver skal liggje føre på nynorsk og bokmål. Dersom undervisningsspråket i eit emne er engelsk, skal eksamensoppgåvene vere på engelsk. Etter søknad kan eksamensoppgåver bli gitt på andre språk. Dekan avgjer slike søknadar.
2. Eksamenssvar kan leverast på nynorsk eller bokmål eller eit anna skandinavisk språk. Dersom undervisningsspråket i eit emne er engelsk, skal eksamenssvaret vere på engelsk. Etter søknad kan eksamenssvar leverast på andre språk. Dekan avgjer slike søknadar.

7.6. Fritak for eksamen eller arbeidskrav på grunnlag av godskriving

1. Ein student skal få fritak frå eksamen eller arbeidskrav på grunnlag av godskriving av tilsvarande eksamen eller arbeidskrav ved same eller annan institusjon, eller på bakgrunn av dokumentert realkompetanse, jf. lova § 3-5.
2. Søknad om fritak på grunnlag av godskriving i samsvar med lova § 3-5 blir avgjort av dekan ved avdelinga der instituttet ligg, som har fagleg ansvar for den aktuelle eksamen eller arbeidskravet det blir søkt fritak for. Saker der ein har presedens, blir avgjort av viserektor for utdanning.
3. Søknad om fritak på grunnlag av godskriving av eksamen eller arbeidskrav skal leverast så tidleg som mogleg i utdanninga, og seinast innan frist for oppmelding til eksamen i det semesteret den aktuelle eksamenen eller arbeidskravet skal avleggjast.
4. Fritak for eksamen på grunnlag av godskriving skal gå fram på vitnemål og karakterutskrift.

7.7. Retningslinjer for gjennomføring av eksamen

1. Styret gir Utdanningsutvalet fullmakt til å vedta utfyllande reglar for den praktiske gjennomføringa av eksamen, slik som retningslinjer for eksamenskandidatar, eksamensvakter, ansvarlege faglærarar, sensorar og eksamensansvarleg. Utdanningsutvalet får vidare fullmakt til å vedta utfyllande reglar for digital eksamensavvikling inkludert elektronisk innlevering av oppgåver.
2. Ved skuleeksamen kan kandidatar som ikkje rettar seg etter høgskulen sine retningslinjer for eksamenskandidatar, visast bort frå eksamenslokalet.

§ 8. Eksamensrett

8.1. Tilgang til eksamen

1. Den som fyller dei generelle og eventuelt spesielle opptakskrava og andre krav for å gå opp til eksamen i vedkomande emne, har rett til å gå opp til eksamen. Dette gjeld også personar utan opptak, jf. lova § 3-10.
2. For å ha tilgang til eksamen må studenten vere registrert og oppmeldt til eksamen innan dei fristane høgskulen fastset. Studentar betalar semesteravgift i samsvar med lov og forskrift om studentsamskipnader innan fastsette fristar. Studentar ved eksternt finansierte tilbod og personar utan opptak må ha betalt dei avgifter som høgskulen fastset, før dei kan gå opp til eksamen, jf. pkt. 6.3 i denne forskrifta.
3. Dersom gjeldande studieplan/emneplan fastset særskilde arbeidskrav eller gjennomført praksis for å gå opp til eksamen, må slike vere gjennomførte og/eller greidde før ein framstiller seg til eksamen. Det same gjeld dersom det er krav om at bestemte eksamenar skal vere avlagde før ein kan gå opp til den aktuelle eksamenen. Informasjon om slike krav og føresetnader skal gå fram av studieplan.
4. Ein student har rett til å framstille seg til eksamen i same emne tre gonger, så lenge det aktuelle emnet/eksamen eksisterer. Dette gjeld også personar utan opptak. I særlege tilfelle kan viserektor for utdanning etter innstilling frå dekan gi løyve til eit fjerde forsøk.
5. For rettleidd praksisstudium er det berre høve til å framstille seg to gonger for kvar praksisperiode. I særlege tilfelle kan viserektor for utdanning etter innstilling frå dekan gjere unntak frå desse reglane. Utdanningar som er styrt av rammeplanar og nasjonale retningslinjer, skal gjennomføre praksis i samsvar med desse.
6. Retten til å ta om att eksamenar, praksis eller arbeidskrav (jf. omtalen i fjerde ledd i denne paragrafen), fell bort når det blir gjort endringar i studieplanen. Eksamen etter gammal ordning blir arrangert i eitt år etter at endring av studieplanen trer i kraft. Der rammeplan fastset lengre tidsfrist, gjeld rammeplanen. Dekan avgjer om eksamen, praksis eller arbeidskrav etter gammal ordning kan gi fritak i forhold til den nye studieplanen.

8.2. Arbeidskrav

1. Arbeidskrav er obligatorisk arbeid som må vere gjennomført og godkjent før ein framstiller seg til eksamen. Arbeidskrav er vilkår for å gå opp til eksamen, og kan ikkje vere ein del av eksamen. Døme på arbeidskrav er skriftlege oppgåver, munnlege framføringar, kurs, øvingar, ekskursjonar og obligatorisk undervisning. Arbeidskrav skal gå fram av studie-/emneplan.
2. Faglærar er ansvarleg for godkjenning av arbeidskrav. Faglærar har ansvar for å kontrollere liste over alle som har fått godkjent arbeidskrav. Slik liste skal leverast seinast to veker før eksamen tar til, dersom ikkje anna er avtalt med eksamensansvarleg.
3. Faglærar fastset frist for når arbeidskravet skal vere avslutta/innlevert. Så langt det let seg gjere, skal fristen vere slik at studenten har høve til å gjennomføre eit nytt forsøk før eksamen tar til. Studentar skal få to dagar til å gjennomføre eit nytt forsøk. Dersom arbeidskravet inneber frammøte i undervisning, laboratoriearbeid, ekskursjonar og liknande som ikkje kan gjerast om att, har faglærar eit særskilt ansvar for å klargjere dette for studentane, og å varsle eventuelle studentar som kan få arbeidskravet underkjent. Ved denne typen arbeidskrav ligg det også eit særskilt ansvar hjå studenten om å halde seg informert og å ta kontakt med faglærar for å drøfte korleis arbeidskravet kan gjennomførast, dersom studenten ser at det kan bli problematisk å delta i obligatorisk undervisning og liknande. Faglærar har ansvar for å informere studentar som ikkje får godkjent arbeidskrav.
4. Ved sjukdom eller andre sterke velferdsgrunnar kan dekan avgjere at det skal gjennomførast alternative arbeidskrav, dersom dette er praktisk mogleg. Tilsvarande gjeld studentar med verv i studentdemokratiske organ, råd eller utval ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
5. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav kan klage over vedtaket, under føresetnad av at arbeidskravet kan etterprøvast, jf. lova § 5-3, femte ledd. Ein student som får medhald i klagen har rett til å gå opp til eksamen neste gong denne blir arrangert.
6. Ein student som ikkje har fått godkjent arbeidskrav, har ikkje eksamensrett. I slike tilfelle må studenten ta emnet om att og gjennomføre dei fastsette arbeidskrava og eksamen neste gong emnet blir arrangert.
7. Ved sjukdom eller andre sterke velferdsgrunnar, kan dekan i særlege tilfelle godkjenne at ein student kan få gå opp til eksamen utan å ha fått godkjent alle arbeidskrav. Eksamensresultatet blir gjort gyldig når arbeidskravet er godkjent.
8. Ein student kan få godkjent tidlegare fullførte arbeidskrav. Det kan også bli gitt fritak for arbeidskrav på grunnlag av utdanning frå annan institusjon eller på grunnlag av anna høveleg eksamen eller prøve, jf. pkt. 7.6 i denne forskrifta.

8.3. Oppmelding til eksamen

1. Oppmelding til eksamen skjer i samband med semesterregistreringa, og skal gå fram av utdanningsplan for dei studentane som har dette.
2. Oppmelding til eksamen gjeld for eitt semester, og skal skje innan 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. Frist for oppmelding til eksamen utanom dei faste eksamensperiodane er ein månad før eksamen tar til.
3. Ein student kan trekkje seg frå eksamen seinast to veker før eksamen tar til. Når eksamen varer ei veke eller meir, er avmeldingsfristen to veker før eksamensperioden tar til. Slik eksamensordning skal gå fram av studie-/emneplanen.
4. Den som trekkjer seg frå eksamen etter fastsett frist og som ikkje har gyldig grunn til det, blir rekna for å ha framstilt seg til eksamen. Gyldig grunn er sjukdom og andre sterke velferdsgrunnar som skal vere stadfesta av sakkunnige og levert høgskulen seinast tre yrkedagar etter at eksamen var avslutta. Viserektor for utdanning kan, i særskilte høve, gi lengre frist. Viserektor for utdanning avgjer kva som er gyldig fråværsgrunn.
5. Studentar har sjølv ansvaret for å kontrollere at dei er oppmeldt til rett eksamen, korrigere eventuelle feil, og til å halde seg orientert om tid og stad for eksamen.

8.4. Eksamen under særskilde vilkår

1. Studentar som av medisinske eller andre grunnar har behov for særordning i samband med eksamen, må søkje om dette innan fastsette fristar for eksamensoppmelding (1. september/1. februar). Ved akutte lidingar som oppstår etter denne fristen, må søknad sendast snarast råd. Behov som ikkje er openberre, må dokumenterast med legeattest eller attest frå andre sakkunnige. Attestasjonen må innehalde ein spesifikasjon av kva for særordning studenten har behov for. Attestasjonen må ikkje vere eldre enn tre år. Dette gjeld ikkje attestasjon for lese- og skrivevanskar. Det skal søkjast for kvart semester. Dersom grunnlaget for særordning er av permanent karakter, kan det gjerast vedtak for ein lengre periode. Viserektor for utdanning avgjer søknad om særordning ved eksamen etter tilråding frå dekan.
2. Særordning kan bli gitt m.a. til studentar som har kroniske eller akutte lidingar, fysiske funksjonshemmingar, gravide som har behov for kvile, mødrer som ammar, studentar med lese-/skrivevanskar eller som har norsk som framandspråk.
3. Særordning kan vere spesiell fysisk tilrettelegging, særskilde hjelpemiddel, utvida tid til eksamen m.m. For skuleeksamen som varer meir enn fire timar, blir det gitt éin time ekstra tid. For eksamenar som varer fire timar eller mindre, vert det gitt ½ time ekstra tid. Ved heimeeksamen kan det bli gitt inntil 24 timar utvida tid. Laurdag og søndag tel som vanlege dagar. Særordning kan også vere alternativ eksamensform.
4. Ved særlege omstende (sjukdom og andre sterke velferdsgrunnar) kan studentar få høve til å avleggje eksamen andre stader enn der undervisninga har føregått. Studentane må dekke alle ekstrautgifter i samband med slike eksamensavviklingar. Studentar ved andre høgskular/universitet må som hovudregel ha sterke velferdsgrunnar for å kunne ta eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Viserektor for utdanning avgjer slike søknader, og kan fastsetje eiga avgift for å arrangere slike eksamenar.
5. Utdanningsutvalet kan fastsetje utfyllande reglar om særordning ved eksamen.

8.5. Lovlege hjelpemiddel under skuleeksamen

1. Faglærar avgjer kva type hjelpemiddel som er lovlege ved skuleeksamen. Oversyn over lovlege hjelpemiddel ved skuleeksamen skal vere oppført for kvart einskilt emne i studieplan/emneplan, og det skal gå tydeleg fram av eksamensoppgåva.
2. Hjelpemiddel under skuleeksamen kan omfatte skrivne og trykte hjelpemiddel, kalkulator, teikneutstyr m.m. Dersom det er tillate med trykte hjelpemiddel, skal dei vere frie for private notat utanom lovlege referansar og markeringar. I eksamenslokalet er det ikkje tillate å ha med utstyr som kan nyttast til å kommunisere internt i eksamenslokalet eller med omverda.
3. Bruk av ulovlege hjelpemiddel blir sett på som fusk. Dersom studenten har ulovlege hjelpemiddel til disposisjon etter at eksamen er sett i gang, blir det sett på som forsøk på fusk.
4. Skuleeksamen ved bruk av PC skal gjennomførast i tråd med høgskulen sine retningslinjer og slik det eventuelt går fram av studie- eller emneplanen.

8.6. Ny eksamen

1. Høgskulen arrangerer ny eksamen når det er studentar som har godkjent grunn for fråvær ved ordinær eksamen, eller som strauk ved siste ordinære eksamen. Eventuelt fråværsgrunnlag skal vere dokumentert og skriftleg stadfesta, og skal leverast høgskulen så raskt som mogleg og seinast tre yrkedagar etter at eksamen/sluttvurdering har funne stad. Studentar som har godkjent grunn for fråvær, blir rekna som ikkje å ha framstilt seg til eksamen.
2. Vanlegvis blir ny eksamen arrangert ved utgangen av påfølgjande semester. Ved nokre utdanningar, der greidd eksamen er ein føresetnad for oppflytting til neste semester eller studieår, blir ny eksamen arrangert før eller i samband med oppstart av nytt semester/studieår. Det kan ikkje arrangerast meir enn éin ny eksamen i eitt og same fag i same semester. I særskilde tilfelle kan viserektor for utdanning gjere unntak frå denne regelen.
3. Når det blir arrangert ny eksamen, er denne open for alle studentar på linje med ordinær eksamen. Unntak frå denne regelen er ny eksamen som blir arrangert i samband med oppstart av nytt studieår ved utdanningar der greidd årseksamen er ein føresetnad for oppflytting til neste studieår. Slike eksamenar er opne berre for dei som har godkjent grunn for fråvær ved ordinær eksamen, som strauk ved ordinær eksamen eller som har fått medhald i klage på underkjent arbeidskrav.
4. Studentar som stryk eller har gyldig grunn til ikkje å levere mappe som grunnlag for sluttvurdering, skal ha tilbod om å levere ny mappe innan utgangen av påfølgjande semester. Studie-/emneplan skal klargjere om kandidatar som stryk i delar av mappa må ta heile mappa på ny, eller om dei må ta om att dei delane dei stryk i.
5. Kandidatar som får karakteren F eller ikkje greidd på bachelor- eller masteroppgåve, semesteroppgåve, prosjektoppgåve eller liknande kan levere revidert versjon av same oppgåva ved eitt nytt eksamensforsøk. Dersom kandidaten får karakteren F/ikkje greidd også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Dekan avgjer tvilstilfelle.
6. Det er ikkje høve til å forbetre karakter på masteroppgåve med greidd resultat. Reglar for forbetring av bacheloroppgåve, semesteroppgåve, prosjektoppgåve eller liknande skal gå fram av emneplanen.
7. Ved ny eksamen skal det vere same pensum og vurderingsform som ved ordinær eksamen.
8. Når studieplanen blir endra, blir siste eksamen etter gammal ordning arrangert eitt år etter at den gamle ordninga vart avvikla. I slike tilfelle er eksamen open for alle registrerte studentar som fyller vilkåra for å framstille seg til den aktuelle eksamenen. Dersom ein kandidat har godkjent sjukefråvær når slik eksamen blir arrangert, og vedkomande ikkje har greidd den aktuelle eksamenen, kan det etter søknad arrangerast endå ein ny eksamen etter gammal ordning. Viserektor for utdanning avgjer slike søknadar etter innstilling frå dekan.
9. Studentar har rett til utsett eksamen i samband med fødsel. Ein student som er gravid har rett til utsett eksamen viss eksamensdato er i perioden mellom 3 veker før termin eller 6 veker etter fødsel. Far, medmor og adoptivforeldre har rett til utsett eksamen viss eksamensdato er i perioden to veker etter fødsel, jf. arbeidsmiljølova § 12-3.

8.7. Praksis

1. For utdanningar med rammeplan og/eller nasjonale retningslinjer gjeld rammeplanen og/eller nasjonale retningslinjer sine føresegner om praksis.
2. I alle studium/emne med praksis skal studie- og emneplanen ha kriterium for gjennomføring og vurdering av praksis.
3. For å kunne starte i praksis, kan det vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vere fullførte og godkjente. Studieplanen skal gjere greie for dette.
4. Ein student kan trekkje seg frå praksis seinast to veker før praksis tar til. Den som trekkjer seg frå praksis etter fastsett frist og som ikkje har gyldig grunn til det, har brukt opp eit forsøk på å greie den aktuelle praksisperioden.

§ 9. Resultatet av eksamen

9.1. Vurderingsskala

1. Vurderingsuttrykket ved eksamen/sluttvurdering er greidd/ikkje greidd eller karakter etter ein skala frå A til F, med A som beste karakter. Karakteren F blir rekna som ikkje greidd. Høgskulen i Sogn og Fjordane legg til grunn følgjande generelle forståing av karakterskalaen:
KarakterNemningOmtale
AFramifråFramifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.
BMykje godMykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.
CGodJamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
DNokså godAkseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
ETilstrekkelegPrestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.
FIkkje greiddPrestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

Prestasjonen skal vurderast opp mot læringsutbyttet som er sett for emnet, og dei fag- og nivåspesifikke karakteromtalar som måtte gjelde.

2. Alle deleksamenar som skal inngå i utrekninga av ein samla karakter for eit fag eller emne, blir omrekna etter følgjande verdiar: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. Ved utrekning av samla karakter blir det nytta vanlege matematiske opphøgingsreglar.
3. Når karakterskalaen greidd/ikkje greidd blir brukt, skal dette vere eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med den graderte skalaen (A–F).

9.2. Sensur

1. Alle eksamenar/sluttvurderingar i emne eller fag som skal inngå på vitnemål eller karakterutskrift, skal vere sensurerte av minst to sensorar.
2. Det skal vere minst éin ekstern sensor på 1/3 av eksamenane i eit studium eller studieprogram gjennom eit studieår, slik at alle emne har ekstern sensor gjennom ein treårsperiode.
3. Ved ny sensur (klagesensur) skal det vere minst to nye sensorar, der minst éin er ekstern, jf. lova § 3-9.
4. Det skal vere ekstern evaluering av vurderinga eller vurderingsordninga, jf. lova § 3-9. Dekan har ansvar for dette. Ekstern evaluering kan vere:
-Ekstern sensor deltar i sluttvurdering/eksamen for alle kandidatane etter ein fastsett plan.
-Ekstern sensor evaluerer vurderingsformene slik dei kjem til uttrykk i studieplanar, eksamensoppgåver og eventuelle sensorrettleiingar.
-Ekstern sensor deltar ved vurdering av eit tilfeldig utval eksamensoppgåver (stikkprøver).
5. Ein ekstern sensor skal til vanleg ikkje vere sensor samanhengande i same fag eller emne ved høgskulen i meir enn fem år. Ekstern sensor kan ikkje vere tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og kan heller ikkje ha vore timelærar i det aktuelle emnet for eksamenskullet. Ekstern sensor kan ikkje ha hatt undervisningsoppgåver av vesentleg omfang ved høgskulen innan det aktuelle fagområdet i same studieår som eksamen blir arrangert. Tilsette ved samarbeidsinstitusjonar skal ikkje vere ekstern sensor dersom dei har nær tilknyting til fagmiljøet som har ansvaret for undervisning i emnet. Ekstern sensor må ha minst éin av følgjande kvalifikasjonar:
- Vere tilsett på minimum høgskulelektornivå ved annan utdannings- eller forskingsinstitusjon.
- På annan måte ha dokumentert vitskapeleg kompetanse på tilsvarande nivå.
- Ha røynsle som sensor i vedkomande fag, emne eller kurs ved universitet eller høgskule.
- Gjennom yrkespraksis vere særleg kvalifisert innan vedkomande fag.

Den som tar på seg sensoroppdrag, tar samstundes på seg å vere sensor ved eventuell ny eksamen (kontinuasjonseksamen).

6. Dekan nemner opp sensorar. Det skal nemnast opp mange nok sensorar til å ta hand om både ordinær sensur og eventuell klagesensur, jf. pkt. 9.3 fjerde ledd, i denne forskrifta.
7. Ved sensur av det sjølvstendige arbeidet i mastergrad, jf. forskrift om krav til mastergrad § 6, skal studenten sin rettleiar ikkje vere medlem av kommisjonen som sensurerer arbeidet.
8. Sensur skal gjennomførast anonymt så langt dette er praktisk mogleg.
9. Reglar for utrekning av endeleg karakter på grunnlag av fleire deleksamenar i eit emne eller fag, skal gå fram av studie-/emneplan. Det same gjeld dersom det er bestemte vilkår for å framstille seg til deleksamenar, eller at dei må vere greidde i ei bestemt rekkjefølge. Alle deleksamenar må vere greidde før det kan bli gitt endeleg karakter.
10. Ved mappevurdering skal studie-/emneplan gjere greie for karakterfastsettinga. Mappa blir sensurert med samla karakter. Eventuell vekting mellom element i mappa skal gå fram av studie-/emneplanen.
11. Sensurfrist er 15 yrkedagar frå innleveringsdato for eksamenssvaret. Sensurfrist for masteroppgåver er inntil 6 veker frå innlevering. I emne der sluttvurderinga er sett saman av ein skriftleg eksamen med munnleg etterprøving, skal sensur frå skriftleg eksamen vere gjennomført før munnleg etterprøve tar til. Ein student som ikkje har greidd skriftleg eksamen, kan ikkje framstille seg til munnleg etterprøve.
12. Dersom dei to sensorane ikkje blir samde om vurderinga av eit eksamenssvar, skal vurderinga overlatast til ein tredje sensor til avgjerd. Dette skal vere ein ekstern sensor. Den nye sensoren har rett til å gjere seg kjend med dei første sensorane si vurdering og eventuelle grunngjeving.
13. Karakterfastsettinga er individuell også ved gruppeeksamen. I situasjonar der det kan dokumenterast eller gjerast sannsynleg at ein eller fleire medlemer av gruppa ikkje har medverka til eksamenssvaret slik det var føresett, kan ein eller fleire medlemmar av gruppa eller faglærar fremje krav om individuell vurdering. I slike tilfelle kan enkeltpersonar eller gruppa kallast inn til tilleggseksamen. Dekan avgjer slike saker.
14. Dersom ein student meiner at ein skriftleg gruppeeksamen ikkje reflekterer vedkommande sitt kunnskapsnivå, kan studenten innan neste virkedag etter eksamen/innleveringsfristen søkje om å gå opp til individuell tilleggseksamen. Dekan avgjer slike søknadar.
15. Ein student som har framstilt seg til eksamen/levert eksamenssvar, kan ikkje unndra seg sensur.
16. Når ein student har tatt eksamen på nytt, gjeld den beste karakteren.
17. Sensur blir gjort kjent ved elektronisk kunngjering.
18. Praksisopplæring blir vurdert til «greidd» eller «ikkje greidd». Studenten har krav på vurdering undervegs. Dersom det er tvil om ein student vil få godkjent ein praksisperiode, skal studenten i tillegg til vanleg rettleiing også få ei førebels skriftleg vurdering. Denne skal bli gitt så tidleg som mogleg, og seinast tre veker før praksisperioden etter planen skal vere avslutta. Ved praksisperiodar som varer fem veker eller mindre, skal varsel bli gitt midtvegs i perioden. Denne vurderinga skal klart gjere greie for vurderinga så langt, og eventuelle vilkår for «greidd» praksis ved sluttevaluering. For utdanningar med rammeplan og/eller nasjonale retningslinjer, gjeld rammeplanen og/eller nasjonale retningslinjer sine reglar om praksis.

9.3. Grunngiving og klage

1. Dersom det er utarbeidd skriftlege retningsliner eller sensorrettleiingar for vurderingsarbeidet, skal desse gjerast tilgjengelege for studentane for gjennomsyn etter at sensurvedtaket er fastsett.
2. Studenten har rett til å få skriftleg eller munnleg grunngiving for sensurvedtaket, jf. lova § 5-3.
3. Når det gjeld retten til å klage på formelle feil eller fastsetting av karakter ved eksamen, gjeld § 5-2 og § 5-3 i lova. Klage på formelle feil skal vere skriftleg grunngitt, og dei skal rettast til høgskulen.
4. Ein student kan klage skriftleg over sensurvedtaket innan tre veker etter at vedtaket er kunngjort, jf. lova § 5-3. Ny sensur blir gjennomført som blind sensur, det vil seie at studenten sin identitet, den opphavlege sensuren og grunngivinga ikkje skal vere kjent for klagekommisjonen. Grunnlaget for ny sensur er studenten sitt arbeid, oppgåveteksten og eventuell dokumentasjon, som til dømes sensorrettleiing eller momentliste. Det kan leggast ved eksempel på oppgåve med karakter A, karakter C og karakter F (stryk). Klagekommisjonen sitt sensurvedtak er endeleg. Vedtaket skal ligge føre innan tre veker etter at klagefristen er ute.
5. Ved klage på sensurvedtak som gjeld gruppeoppgåve/-eksamen, må alle som er omfatta av sensurvedtaket skrive under på klagen. Klage på gruppekarakter som inneber krav om individuell karakterfastsetting, skal handsamast etter reglane i pkt. 9.2 i denne forskrifta.
6. Munnleg eksamen og andre prøveformer som vanskeleg kan etterprøvast, kan berre påklagast på grunnlag av formelle feil. Når det blir halde munnleg eksamen i tilknyting til skriftleg eksamen, og det deretter blir sett ein felles karakter på den samla prestasjonen, er det berre den skriftlege delen av eksamen som kan påklagast. Dersom sensurvedtaket blir endra, må det haldast ny munnleg eksamen for fastsetting av endeleg karakter.
7. Klage over formelle feil ved eksamen må settast fram innan tre veker etter at studenten er eller burde vore kjent med det forholdet som ligg til grunn for klagen. Dersom studenten har bedt om grunngiving eller ny sensur, går klagefristen frå tidspunktet grunngiving er gitt eller ny sensur ligg føre. Viserektor for utdanning kan avgjere at klagen skal bli tatt til følgje dersom det er opplagt at klagen er rettkomen. Dersom klagaren ikkje får medhald, skal saka handsamast av Klagenemnda ved høgskulen. Formelle feil skal handsamast etter lova § 5-2 andre og fjerde ledd.

§ 10. Vitnemål og karakterutskrift

10.1. Utskriving av vitnemål og karakterutskrift

1. Det blir skrive ut vitnemål og Diploma Supplement for avslutta grad eller yrkesutdanning, jf. § 2 i denne forskrifta. For andre studium, emne eller eksamenar tildeler høgskulen karakterutskrift, jf. lova § 3-11.
2. Ein student får normalt utskrive berre eitt vitnemål for ei og same utdanning. Dersom ein student betrar karakterar som inngår på vitnemålet, kan studenten krevje å få utskrive nytt vitnemål.
3. Alle karakterutskrifter frå Høgskulen i Sogn og Fjordane skal – i tillegg til informasjon om karaktersystemet og opplysningar om personalia – innehalde opplysningar om kvart enkelt emne tatt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane med kode, namn på emne, studiepoeng, karakter og karakterfordeling per emne.
4. Vitnemålet og karakterutskrift som dannar grunnlag for vitnemål skal, i tillegg til det som gjeld alle karakterutskrifter, gi opplysningar om:
-Emne som inngår i grunnlaget for graden eller yrkesutdanninga, inkludert eventuell praksis.
-Emne avlagt ved annan institusjon.
-Sjølvstendig arbeid med eit omfang på minst 15 studiepoeng.
5. Vitnemål skal vere utskrive i høgskulen sitt namn. Vitnemål skal underskrivast av rektor og viserektor for utdanning. Denne fullmakta kan delegerast.

10.2. Fagleg overlapping og reduksjon av studiepoeng

1. Dersom ein student tar eksamen i emne som heilt eller delvis overlappar kvarandre, skal det normalt føre til reduksjon av studiepoeng, jf. pkt. 2.5 i denne forskrifta. Reduksjon blir gjort i det emnet eller faget som gir det gunstigaste resultatet for studenten. Fagleg overlapping mellom høgskulen sine eigne studietilbod skal normalt gå fram av emneplan. Dekan avgjer spørsmål om reduksjon av studiepoeng.

10.3. Tilknytingskrav

1. Utskriving av vitnemål føreset at minst 60 av studiepoenga som skal inngå i grunnlaget for vitnemålet må vere avlagde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, jf. forskrift om godskriving av høyere utdanning § 2.

10.4. Fellesgradar

1. Høgskulen i Sogn og Fjordane kan tildele fellesgradar basert på samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar. I slike tilfelle kan styret gjere unntak for reglane om vitnemål i denne forskrifta. Slike unntak skal gå fram av studieplan.

§ 11. Annullering av eksamen. Utestenging og bortvising. Klagenemnda ved høgskulen

11.1. Fusk ved eksamen

1. Lovlege hjelpemiddel ved skuleeksamen er omtalte i pkt. 8.5 i denne forskrifta. Dersom det i samband med gjennomføring av eksamen oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studenten straks gjerast merksam på at dette vil bli rapportert. Det gjeld også student som eventuelt yter hjelp, eller medverkar til fusk. Studenten vel sjølv om ho/han vil halde fram eller avbryte eksamen.
2. Ved eksamen og andre skriftlege arbeid som inngår i sluttvurdering, kan kopiering eller avskriving av litteratur utan tilvising bli vurdert som fusk.
3. Fusk eller forsøk på fusk ved eksamen kan medføre annullering av eksamen, utestenging frå institusjonen og tap av retten til å gå opp til eksamen ved institusjonar under lova i inntil eitt år, jf. lova § 4-7 og § 4-8. Klagenemnda ved høgskulen handsamar saker om fusk ved eksamen.
4. Viserektor for utdanning er ansvarleg for handsaming av saker om fusk ved eksamen.

11.2. Annullering av eksamen

1. Klagenemnda ved høgskulen kan annullere eksamen eller prøve dersom studenten har gjort seg skuldig i forfalsking eller anna uærleg framferd, jf. lova § 4-7.

11.3. Utestenging og bortvising

1. Klagenemnda ved høgskulen kan gjere vedtak om bortvising eller utestenging i inntil eitt år dersom ein student fer fram på ein måte som verkar grovt forstyrrande for medstudentar eller for verksemda ved institusjonen, jf. lova § 4-8.
2. Klagenemnda kan gjere vedtak om utestenging i inntil tre år for studentar som fer fram på ein grovt klanderverdig måte i samband med praksisopplæring, jf. lova § 4-8.
3. Ein student som er dømd, sikta eller tiltalt for visse straffbare forhold kan nektast opptak til eller stengjast ute frå praksisopplæring ved visse studium, jf. lova § 4-9.
4. Ved utdanningar der Kongen har fastsett at det skal vere skikkavurdering, kan klagenemnda etter innstilling frå ei eiga skikkanemnd vedta at ein student skal stengjast ute frå studiet i inntil tre år, jf. forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning § 11.
5. Ein student har klagerett på vedtak om bortvising, utestenging og skikkavurdering.
6. Ein student kan bringe vedtak om bortvising, utestenging og skikkavurdering inn for prøving i tingretten, jf. lova § 4-11.
7. Ein student har rett til hjelp frå advokat eller annan talsperson frå det blir reist sak om utestenging eller bortvisning, etter lova § 4-8, femte ledd.
8. Ein student som blir utestengd frå institusjonen (jf. forskrifta pkt. 4.1 sjuende ledd, pkt. 11.1 fjerde ledd eller pkt. 11.3 første til fjerde ledd) blir registrert i Register for utestengte studenter (RUST-databasen) i vedtaksperioden, jf. lova § 4-12.

11.4. Klagenemnda ved høgskulen

1. Klagenemnda ved høgskulen er oppnemnt med heimel i lova § 5-1.
2. Klagenemnda handsamar klager frå studentane over enkeltvedtak. Klagenemnda avgjer også klager og saker etter lova § 3-4, § 3-5, § 4-7, § 4-8, § 4-9, § 4-10 og § 5-2.
3. Klagenemnda skal ha fem medlemer med personlege vararepresentantar. To av medlemene skal vere studentar. Leiar og vararepresentant for leiar skal fylle dei lovbestemte krava for lagdommar. Leiar og vararepresentant for leiar skal ikkje vere tilsette ved høgskulen.
4. Medlem av høgskulen sitt styre kan ikkje vere medlem i Klagenemnda. Medlem som har medverka i sakshandsaming eller avgjerd i det påklaga saksforholdet, kan ikkje delta i handsaming av klage over dette i Klagenemnda.
5. Styret nemner opp leiar og medlemer i Klagenemnda med vararepresentantar. Studentrepresentantane blir oppnemnde etter framlegg frå Studentparlamentet. Eksterne medlemer og medlemer som er tilsette ved høgskulen med vararepresentantar, har ei funksjonstid på fire år. Studentrepresentantar og deira vararepresentantar har ei funksjonstid på eitt år.
6. Klagenemnda er vedtaksfør når leiar eller vararepresentant for leiar og to andre medlemer er til stades. Ved stemmelikheit har leiaren dobbeltstemme.
7. Klagenemnda sine vedtak i klagesaker kan ikkje påklagast.

§ 12. Ordningar for elevar i vidaregåande opplæring

12.1 Opptak

1. Elevar i vidaregåande opplæring kan ta emne ved Høgskulen i Sogn og Fjordane etter avtale mellom høgskulen og den aktuelle vidaregåande skulen.

12.2 Avgifter

1. Elevar i vidaregåande opplæring som tar emne ved Høgskulen i Sogn og Fjordane skal ikkje betale avgifter.
2. Høgskulen i Sogn og Fjordane kan avtale med skulen/skuleeigaren at denne skal betale for reelle meirkostnadar som oppstår ved tilrettelegging av undervisning, eksaminering og/eller reelle utgifter til læremiddel.

12.3 Studiepoeng og karakterutskrifter

1. Elevar i vidaregåande opplæring får studiepoeng for emne dei har fullført ved Høgskulen i Sogn og Fjordane når dei tilfredsstiller krava for opptak til høgare utdanning, jf. lova § 3-6. Dette er studiepoeng som kan inngå i ein grad.
2. Elevar som fullfører emne ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kan få karakterutskrift når dei oppfyller opptakskrava til emne, jf. lova § 3-11 andre ledd. Dersom eksamensforma er vesentleg annleis enn eksamen for ordinære studentar skal dette gå fram av karakterutskrifta, jf. lova § 3-11 tredje ledd.

§ 13. Iverksetjing og oppheving av tidlegare forskrifter

13.1. Iverksetjing

1. Denne forskrifta gjeld frå 1. august 2016.

13.2. Oppheving av tidlegare forskrifter

1. Frå 1. august 2016 blir følgjande forskrift oppheva:
-Forskrift 13. desember 2012 nr. 1440 om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.