Forskrift om rekneskapsføring av pensjonsutgifter for Den norske kyrkja (rettssubjektet Den norske kyrkja)

DatoFOR-2016-10-04-1167
DepartementKulturdepartementet
PublisertI 2016 hefte 14
Ikrafttredelse01.01.2017
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1996-06-07-31-§25
Kunngjort07.10.2016   kl. 15.20
KorttittelForskrift om pensjonsutgifter for Den norske kyrkja

Heimel: Fastsett av Kulturdepartementet 4. oktober 2016 med heimel i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke (kirkeloven) § 25 fjerde ledd. 

§ 1.Den norske kyrkja skal ikkje balanseføre pensjonsplikter som er forsikra. Pensjonspremien skal reknast som pensjonskostnad.
§ 2.Pensjonspliktene skal gå fram av note til rekneskapen. Noten skal gje all relevant informasjon om grunnlaget og føresetnadene for pensjonspliktene og for endringar i desse, og basere seg på dei spesifikasjonskrava som følgjer av Norsk Rekneskapsstandard 6 om pensjonskostnader. Departementet kan stille nærare krav til rekneskapsinformasjonen.
§ 3.Forskrifta gjeld frå 1. januar 2017.