Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

DatoFOR-2016-11-07-1303
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2016 hefte 14
Ikrafttredelse01.01.2017
Sist endret
EndrerFOR-2006-06-23-724
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1998-07-17-61-§2-3, LOV-1998-07-17-61-§3-1, LOV-1998-07-17-61-§3-4, LOV-1998-07-17-61-§4-3, LOV-1998-07-17-61-§4-4, LOV-1998-07-17-61-§4a-4, LOV-1998-07-17-61-§13-3b, LOV-1998-07-17-61-§14-4
Kunngjort11.11.2016   kl. 13.50
KorttittelEndr. i forskrift til opplæringslova

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. november 2016 med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2-3, § 3-1, § 3-4, § 4-3, § 4-4, § 4A-4, § 13-3b og § 14-4.

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: 

§ 2-3a skal lyde:

§ 2-3a. Nasjonale undersøkingar om læringsmiljøet for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar

Fylkeskommunen skal sørgje for at nasjonale undersøkingar om motivasjon, trivsel, mobbing, arbeids- og læringsmiljø, medverknad til opplæringa på arbeidsplassen og det fysiske miljøet blir gjennomførte og følgde opp lokalt. 

§ 3-1 skal lyde:

§ 3-1. Rett til vurdering

Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa. Kapitlet gjeld for privatistar, så langt det er fastsett i føresegnene her. Praksiskandidatar blir rekna som privatistar i kapitlet her, dersom ikkje anna er særskilt fastsett i føresegnene. Kapitlet gjeld for elevar i skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12.

Reglane i kapitlet gjeld ikkje for dei som får privat opplæring i heimen etter opplæringslova § 2-13.

Kapitlet gjeld heller ikkje for offentleg grunnskoleopplæring eller offentleg vidaregåande opplæring særskilt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A. For vurdering i opplæring særskilt organisert for vaksne gjeld kapittel 4.

Det skal vere kjent for eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten kva som er måla for opplæringa, og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. Det skal òg vere kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurderinga, og kva som blir vektlagt i vurderinga i orden og åtferd.

Skoleeigar har ansvaret for at eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten sin rett til vurdering blir oppfylt, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd. Ved opplæring i bedrift er det lærebedrifta som oppfyller lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten sin rett til vurdering. 

§ 3-2 første ledd skal lyde:

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane. 

§ 3-3 andre og tredje ledd skal lyde:

Føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i fag. I faget kroppsøving skal innsatsen til eleven vere ein del av grunnlaget for vurdering.

Eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren og instruktøren får grunnlag til å vurdere eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter. 

§ 3-8 skal lyde:

Eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om si utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. 

§ 3-10 første ledd skal lyde:

Privatist er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til eksamen i eitt eller fleire fag frå vidaregåande opplæring utan å vere elev, lærling eller praksisbrevkandidat i dette faget eller i desse faga. 

§ 3-11 skal lyde:

§ 3-11. Undervegsvurdering

Undervegsvurdering i fag skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten aukar kompetansen sin i fag. Undervegsvurderinga i fag, i orden og i åtferd skal givast løpande og systematisk og kan vere både munnleg og skriftleg.

Undervegsvurderinga skal innehalde informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten og gi rettleiing om korleis ho eller han kan utvikle kompetansen sin i faget.

Eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten har minst éin gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren eller instruktøren om utviklinga si i forhold til kompetansemåla i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter, jf. § 3-13 og i samband med samtalen med foreldra etter § 20-3 og § 20-4.

Læraren skal i undervegsvurderinga vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 5-1 og § 5-4.

Lærekandidatar og elevar med individuell opplæringsplan skal både ha undervegsvurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 5-5 første ledd. 

§ 3-12 skal lyde:

§ 3-12. Eigenvurdering

Eigenvurderinga er ein del av undervegsvurderinga, og formålet med eigenvurderinga er at eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten reflekterer over og blir bevisst på eiga læring. Eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling. 

§ 3-14 skal lyde:

§ 3-14. Halvårsvurdering for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar i bedrift

Halvårsvurdering er ein del av undervegsvurderinga for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Halvårsvurderinga er utan karakter og skal beskrive kompetansen til lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten i forhold til kompetansemåla i læreplanverket. Ho skal også gi rettleiing om korleis lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten kan auke kompetansen sin i faget. Instruktøren gjennomfører halvårsvurderinga utan karakter. 

§ 3-17 skal lyde:

§ 3-17. Sluttvurdering i fag

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten ved avslutninga av opplæringa i fag i læreplanverket, jf. § 3-3.

Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve.

Sluttvurderingar er enkeltvedtak og kan klagast på etter reglane i kapittel 5.

Elevar i grunnopplæringa som har individuell opplæringsplan, skal vurderast etter dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget, jf. § 3-3. 

§ 3-49 skal lyde:

§ 3-49. Praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Fylkeskommunen har ansvaret for at praksisbrevprøva blir gjennomført i samsvar med den lokale læreplanen i faget og at kompetanseprøva blir gjennomført i samsvar med dei opplæringsmåla som er fastsette for kandidaten, jf. opplæringslova § 4-4. Prøvene skal gjennomførast i samsvar med reglane i dette kapitlet. Fylkeskommunen har ansvaret for at kandidatane er kjende med desse reglane.

Praksisbrevprøva og kompetanseprøva skal som hovudregel gjennomførast ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta seinast innan to månader frå dette tidspunktet.

Praksisbrevprøva og kompetanseprøva skal gjennomførast i den bedrifta praksisbrevkandidaten og lærekandidaten har hatt hovuddelen av opplæringa. Dersom prøva blir gjennomført i lærebedrifta, skal prøva tilpassast verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at prøva skal haldast ein annan stad. 

§ 3-50 skal lyde:

§ 3-50. Melding til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen eller eleven til fag- eller sveineprøva. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten til praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal meldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om melding av praksiskandidatar sjå § 3-55. 

§ 3-51 skal lyde:

§ 3-51. Krav om bestått i fag for å framstille seg til fag- og sveineprøve for lærlingar og elevar og praksisbrevprøva for praksisbrevkandidatar

Før fag- eller sveineprøva kan gjennomførast, skal lærlingen eller eleven som hovudregel ha bestått dei faga som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole for vedkommande yrkesfaglege utdanningsprogram. Det same gjeld for eksamen etter § 3-52, § 3-53 og § 3-54.

Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, kan likevel få framstille seg til fag- eller sveineprøva. Praksisbrevkandidatar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i eitt fellesfag, kan likevel få framstille seg til praksisbrevprøva. Desse lærlingane, elevane og praksisbrevkandidatane må bestå faga innan to år etter at prøva er halden, for at fag- eller sveinebrev eller praksisbrev kan utferdast. Sjå likevel unntak frå dette i § 3-67. 

§ 3-60 skal lyde:

§ 3-60. Utarbeiding, innhald og vurdering av praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Fylkeskommunen har ansvaret for at praksisbrevprøver og kompetanseprøver blir utarbeidde og vurderte.

Praksisbrevprøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget slik kompetansen er beskriven i den lokale læreplanen i faget etter same prinsipp som for fag- og sveineprøver, jf. § 3-57 og § 3-58. Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i den lokale læreplanen i faget.

Lærekandidatane skal prøvast i forhold til dei måla som er fastsette for kandidaten, jf. opplæringslova § 4-4. Innanfor dei rammene som opplæringsmåla set, skal prøva utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som for fag- og sveineprøver, jf. § 3-57 og § 3-58. Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd dei måla som er fastsette for kandidaten.

Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i § 3-4 sjette ledd, brukast. 

§ 3-62 skal lyde:

§ 3-62. Ny fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Dersom fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått, kan lærlingen, eleven, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten melde seg til ny prøve. Læretida kan eventuelt bli forlengd ved frivillig avtale mellom lærebedrifta og lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten. Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av ny fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve. Fylkeskommunen dekkjer utgiftene som lærebedrifta har med å gjennomføre prøva.

Dersom ein praksiskandidat ikkje består fag- eller sveineprøva, kan han eller ho melde seg til ny prøve. Denne kan tidlegast takast seks månader etter prøva som ikkje var bestått. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til ny fag- eller sveineprøve og betale ny prøveavgift. 

§ 3-63 skal lyde:

§ 3-63. Utsett fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Ein elev, lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat eller praksiskandidat som har dokumentert fråvær ved fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva, har rett til å framstille seg til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart det er praktisk mogleg.

Fråvær frå prøva blir rekna som dokumentert når lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller praksiskandidaten er hindra frå å stille til prøva, når hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Kandidaten må leggje fram dokumentasjon på dette.

Praksiskandidatar må sjølve melde seg til utsett fag- eller sveineprøve og betale ny prøveavgift. 

§ 3-64 skal lyde:

§ 3-64. Særleg tilrettelegging av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar eller praksiskandidatar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få forholda lagde til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget. Fylkeskommunen kan samtykkje i at gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd. Tiltaka må vere tilpassa behova til lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og praksiskandidaten så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging av prøva. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette prøva slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.

Fylkeskommunen avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar og praksiskandidatar. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i forvaltningslova. Fylkeskommunen kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av prøva krev ikkje enkeltvedtak om spesialundervisning. 

§ 3-65 skal lyde:

§ 3-65. Reaksjonsmåtar ved fusk

Fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve kan annullerast dersom kandidaten har fuska eller forsøkt å fuske ved prøva.

Spørsmålet om annullering av fag- eller sveineprøva skal avgjerast av prøvenemnda. Fylkeskommunen avgjer kven som kan annullere praksisbrevprøva og kompetanseprøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg for den/dei som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om annullering av prøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten har likevel rett til å fullføre prøva. Enkeltvedtak om annullering av fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve kan klagast på til fylkesmannen.

Dersom fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til ny prøve tidlegast eit år etter den annullerte prøva. 

§ 3-66 skal lyde:

§ 3-66. Bortvising frå fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, eleven og praksiskandidatar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Dersom åtferda til ein kandidat er i strid med denne føresegna, kan kandidaten etter å ha blitt åtvara, visast bort. Leiaren av prøvenemnda avgjer spørsmålet om bortvising frå fag- og sveineprøva. Fylkeskommunen avgjer kven som kan vise bort kandidatar frå praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Kandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg for den som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om bortvising.

Dersom ein kandidat får medhald i klage på bortvising, har han eller ho rett til ny fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve. 

§ 3-67 skal lyde:

§ 3-67.Krav til fag- og sveinebrev og praksisbrev

Fag- eller sveinebrev blir utferda som dokumentasjon for bestått fag- eller sveineprøve. Praksisbrev blir utferda som dokumentasjon for bestått praksisbrevprøve.

Før fag- eller sveinebrev og praksisbrev kan utferdast, må normalt alle relevante fag og eksamenar vere bestått.

I særskilde tilfelle kan fag- eller sveinebrev likevel utferdast til lærlingar og elevar sjølv om dei ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, jf. § 3-51 andre ledd. Tilsvarande gjeld for praksisbrevkandidatar, men med ikkje bestått i eit fellesfag. Samtykke til slikt unntak kan bli gitt når:

a)lærlingen, praksisbrevkandidaten eller eleven har vore friteken for vurdering med karakter i faget eller faga i grunnskolen
b)lærlingen, praksisbrevkandidaten eller eleven har vore friteken for vurdering med karakter i faget eller faga i den vidaregåande skolen
c)lærlingen, praksisbrevkandidaten eller eleven har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakteren er sett, eller eksamen, fagprøva eller praksisbrevprøva er gjennomført.

Før søknader om unntak kan behandlast, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Før søknader om unntak etter punkt c) kan bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Fylkeskommunen avgjer søknader om unntak i samsvar med vilkåra ovanfor. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen til læreforhold. Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak etter denne føresegna.

Praksiskandidatar er fritekne frå kravet til fellesfag for å få utferda fag- eller sveinebrev.

I dei lærefaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda fag- eller sveinebrev, kan ein ikkje gi fritak i strid med slike sertifiseringsføresegner. Dette gjeld både elevar, lærlingar og praksiskandidatar.

Fylkeskommunen skal gjere bedriftene merksame på dei høva til unntak og fritak som er nemnde ovanfor, når det blir teikna kontrakt.

Fylkeskommunen er ansvarleg for utferding av fag- eller sveinebrev og praksisbrev. 

§ 4-1 fjerde ledd skal lyde:

Vaksne som er lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter opplæringslova kapittel 4, skal ha vurdering etter kapittel 3. 

§ 5-2 skal lyde:

§ 5-2. Kven som kan klage

Elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar eller dei som desse gir skriftleg fullmakt, har klagerett. Foreldra eller dei føresette til umyndige elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar har sjølvstendig klagerett. Dersom eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, privatisten eller praksiskandidaten er under 15 år, kan dei ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra eller dei føresette. Sjå også § 5-15 om klage på realkompetansevurdering. 

§ 5-14 skal lyde:

§ 5-14. Klage på bedømminga av fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve i vidaregåande opplæring

Klage på den faglege vurderinga av prøvearbeidet til ikkje bestått skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der prøva er gjennomført, jf. § 5-4 andre ledd tredje punktum. Fylkeskommunen skal innhente uttale frå dei som har gitt den opphavlege bedømminga, jf. § 3-59 og § 3-60, før saka blir send til klageinstansen.

Klageinstans for klage på bedømming av fag- og sveineprøver er klagenemnda som er oppnemnd i samsvar med opplæringslova § 12-6. Klageinstans for klage på bedømming av praksisbrevprøver og kompetanseprøver er den fylkeskommunen gir mynde.

Medlemmene i klagenemnda må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga og bør ikkje vere frå den bedrifta eller skolen som klagaren kjem frå.

Klagenemnda kan gjere om resultatet frå ikkje bestått til bestått, avvise klaga eller oppheve den opphavlege avgjerda og vise til ny prøve.

Klage som er grunngitt med formelle feil eller andre ikkje-faglege forhold, skal behandlast av fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt avgjerande innverknad for prøveresultatet, skal den opphavlege avgjerda opphevast. Prøva skal da reknast for ikkje gjennomført, og klagaren har høve til å gjennomføre ny prøve så snart som mogleg. 

§ 6-1 første ledd skal lyde:

Dette kapitlet gjeld inntak til all offentleg vidaregåande opplæring. Formidling av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar er regulert i kapittel 6A. 

§ 6-11 skal lyde:

§ 6-11. Særlege reglar om inntak til einskilde utdanningsprogram mv.

For inntak til utdanningsprogram for musikk, dans, drama og utdanningsprogram for idrettsfag i Vg1 kan fylkeskommunen fastsetje særlege reglar i den lokale forskrifta om inntak. Fylkeskommunane kan fastsetje at inntil 50 prosent av plassane i desse utdanningsprogramma kan tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller eventuell inntaksprøve, i tillegg til poeng rekna ut på grunnlag av karakterar.

For inntak til utdanningsløp som leier fram til praksisbrevprøve, kan fylkeskommunen fastsetje i den lokale forskrifta om inntak at plassane skal fordelast etter poeng og intervju.

For inntak til særskilde yrkesfaglege utdanningsløp som leier fram til yrkes- og studiekompetanse, kan fylkeskommunen fastsetje i den lokale forskrifta om inntak at plassane skal fordelast etter poeng og intervju. 

§ 6A-1 skal lyde:

§ 6A-1. Verkeområde og vilkår for formidling til læreplass som lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat

Dette kapitlet regulerer formidling til læreplass som lærling, praksisbrevkandidat og lærekandidat for opplæring i bedrift etter opplæringslova kapittel 4.

Han eller ho som blir formidla, skal takast inn til vidaregåande opplæring på det aktuelle trinnet i samsvar med kapittel 6. Enkeltvedtaket om inntak skal fastsetje kva for utdanningsprogram og programområde søkjaren er teken inn til.

Søkjarar til læreplass som lærling må oppfylle vilkåra for inntak til neste trinn for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn. Dette inneber mellom anna at søkjaren må ha bestått faga innanfor programområdet på Vg2, jf. § 6-28, for å kunne formidlast til Vg3, eller ha faglege føresetnader for å følgje opplæringsåret på neste nivå, jf. § 6-37.

Søkjarar til læreplass som praksisbrevkandidat og lærekandidat må ha bestått sitt opplæringsløp mot planlagd grunnkompetanse for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn. Søkjarar som har gjennomført, men ikkje bestått faga innanfor utdanningsprogrammet på Vg1 og programområdet på Vg2, kan òg søkje formidling som praksisbrevkandidat og lærekandidat. 

§ 6A-3 skal lyde:

§ 6A-3. Informasjonsplikt

Fylkeskommunen må sørgje for nødvendig informasjon til bedrifter, og til elevar og deltakar på yrkesfaglege utdanningsprogram om dei reglane som skal nyttast ved formidling av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. 

§ 6A-4 første ledd skal lyde:

Fristen for å søkje om formidling til læreplass er

a)1. februar for praksisbrevkandidatar og lærekandidatar,
b)1. mars for lærlingar. 

§ 6A-5 andre ledd skal lyde:

I søknaden må søkjaren opplyse om ho eller han ønskjer opplæring i bedrift som lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat. 

§ 6A-6 skal lyde:

§ 6A-6. Formidling av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar

Ungdom og vaksne kan søkje om læreplass i eit lærefag som byggjer på utdanningsprogrammet eller programområdet, jf. opplæringsordninga som er fastsett for faget i læreplanverket. Elevar og vaksne som er tekne inn til utdanningsprogram som avvik frå hovudmodellen, søkjer om formidling til læreplass på det tidspunktet som følgjer av læreplanverket.

Fylkeskommunen pliktar å formidle søkjarane med ungdomsrett til lærebedrifter det er inngått avtaler om læreplass med. Lærebedrifta avgjer kven ho inngår lærekontrakt med. Fylkeskommunen kan tilby læreplass i eige fylket eller i eit anna fylke.

Bedrifta kan stille krav til lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten på grunn av verksemda i bedrifta, mellom anna på grunn av produksjon, utstyr, kundebehandling og liknande. Krava skal ikkje vere diskriminerande.

Det skal teiknast lærekontrakt mellom lærlingen eller praksisbrevkandidaten og bedrifta eller opplæringskontrakt mellom lærekandidaten og bedrifta, jf. opplæringslova § 4-5. 

§ 6A-7 skal lyde:

§ 6A-7. Avtale om anna organisering av opplæringa

Fylkeskommunen kan godkjenne lærekontraktar og opplæringskontraktar som inneheld ei anna organisering enn den opplæringsordninga som er fastsett for faget i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. opplæringslova § 3-3 fjerde ledd. Anna organisering kan vere at

a)Lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa i faget enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
b)Skolen i samarbeid med lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
c)Opplæringa i skole og bedrift skjer i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
d)Opplæringa skal leie fram til både yrkeskompetanse og studiekompetanse.
e)Opplæringa skal leie fram til praksisbrev.

Det skal gå fram av lærekontrakten og opplæringskontrakten kva opplæringsansvar bedrifta har for lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten. Det skal vere samsvar mellom opplæringsansvaret og den tida bedrifta har ansvaret for lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten.

Dersom opplæringa i skole og bedrift skal skje i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av faget i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, skal organiseringa gå klart fram av kontrakten.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter opplæringslova § 3-3 fjerde ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare vidaregåande opplæring eller praksis etter § 11-8 til § 11-15. 

§ 6A-8 skal lyde:

§ 6A-8. Unntak frå opplæringsordninga for lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat med nedsett funksjonsevne

Fylkeskommunen kan samtykkje i at det blir fastsett unntak frå dei vanlege kontraktsvilkåra for personar som har avgrensa arbeidsevne på grunn av nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne. For lærlingar kan det ikkje fastsetjast unntak frå reglane i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter reglane i første ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare vidaregåande opplæring eller praksis etter § 11-8 flg. 

§ 8-1 skal lyde:

§ 8-1. Plikt til å sørgje for ulykkesforsikring for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar

Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld også for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, men ikkje for elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A.

Ulykkesforsikringa skal minst ha det innhald og omfang som går fram av føresegnene i denne forskrifta. 

§ 11-1 skal lyde:

§ 11-1. Godkjenning av lærebedrift

Kvar enkelt bedrift som driv opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, må vere godkjend av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-3 første og andre ledd. Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, gir godkjenning for kvart enkelt fag lærebedrifta skal kunne ha lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat i. Har bedrifta lokale i fleire fylkeskommunar, avgjer lokaliseringa til den aktuelle avdelinga av lærebedrifta kva for ein fylkeskommune som kan godkjenne denne. 

§ 11-2 skal lyde:

§ 11-2. Opplæringskontor og opplæringsring

Eit opplæringskontor er eit organ for bedrifter som samarbeider om opplæring for lærlingar praksisbrevkandidatar og/eller lærekandidatar. Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten og opplæringskontoret.

Ein opplæringsring består av to eller fleire bedrifter som samarbeider om opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og/eller lærekandidatar. Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten og den bedrifta som skal ha hovudansvaret for opplæringa. 

§ 11-4 skal lyde:

§ 11-4. Fylkeskommunalt tilskott til lærebedrift

Fylkeskommunen der lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten er busett, skal betale tilskott for opplæring til lærebedrift, opplæringsring og opplæringskontor etter retningslinjer og satsar fastsette av departementet. Betalingsplikta gjeld godkjend lærekontrakt for lærlingar og praksisbrevkandidatar, og opplæringskontrakt for lærekandidatar.

Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, kan krevje refusjon av utgifter som er direkte relaterte til lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten frå fylkeskommunen der lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten er busett.

Dersom ein lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat skifter lærebedrift, skal den fylkeskommunen som utbetaler tilskott, gjere vedtak om fordelinga av dei forskjellige tilskotta mellom lærebedriftene.

Har fylkeskommunen gitt lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten delar av den opplæringa som etter læreplanen skal givast i læretida, skal lærebedrifta ikkje ha basistilskott for denne delen av opplæringa.

II

Endringane blir sette i kraft 1. januar 2017.