Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av styret ved Høgskulen på Vestlandet 21. desember 2016 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 3-2, § 3-3, § 3-5, § 3-6, § 3-7, § 3-8, § 3-9, § 3-10, § 3-11, § 4-2, § 4-5, § 4-6, § 4-7, § 4-8, § 4-9, § 4-10, § 5-1, § 5-2 og § 5-3, forskrift 16. desember 2005 nr. 1574 om grader og yrkesutdanninger, beskyttet tittel og normert studietid ved universiteter og høyskoler, forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad, forskrift 10. april 2006 nr. 412 om godskriving av høyere utdanning, forskrift 28. februar 2013 nr. 237 om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning og forskrift 22. juli 2008 nr. 828 om studentsamskipnader.

Kapittel 1. Bruksområde og definisjonar

§ 1-1.Bruksområde
(1) Denne forskrifta gjeld for alle utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet. Forskrifta gjeld òg personar som tek eksamen etter lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-10, utan å vere tekne opp som studentar, jf. denne forskrifta kap. 5 om privatistar.
(2) Forskrifta gjeld ikkje for doktorgradsstudium med unnatak av paragrafar som omhandlar eksamen og fusk ved arbeid som går inn i opplæringsdelen av ph.d.-programmet, jf. forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet.
(3) Det kan gjelde eigne reglar for fellesgradar. Eventuelle avvik frå denne forskrifta skal gå fram av samarbeidsavtale og studieplan for fellesgraden jf. § 2-6 (5).
(4) Styret kan vedta å gjere unnatak frå paragrafar i denne forskrifta for studium med ekstern finansiering. Eventuelle avvik skal gå fram av studieplanen.
(5) Forskrift om rammeplanar og andre nasjonale styringsdokument er overordna denne forskrifta.
§ 1-2.Definisjonar
(1) I denne forskrifta betyr «lova» lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.
(2) Grunnutdanning er eit studieprogram der opptak ikkje føreset anna grunnlag enn generell studiekompetanse med eventuelle fagkrav eller godkjent realkompetanse.
(3) Vidareutdanning er studiepoenggjevande ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå som til vanleg byggjer på fullført grunnutdanning. Dette kan vere spesielt tilrettelagde enkeltemne eller vidareutdanningsprogram på lågare eller høgare grads nivå.
(4) Studieprogram er ei samling emne på 30 studiepoeng eller meir med eit samla læringsutbytte som er fastsett i studieplan, som søkjarar kan få opptak og studierett til, og som fører fram til ei avslutta utdanning, grad eller yrkesutdanning jf. kap. 2.
(5) Emne er den minste eininga som gir utteljing i form av studiepoeng, og som kan gå inn i eit studieprogram eller tilbydast med eige opptak. Eit emne har eit læringsutbytte som er fastsett i ein emneplan. Emne skal som hovudregel ikkje ha mindre omfang enn fem studiepoeng.
(6) Som student blir rekna den som gjennom opptak i samsvar med § 3-6 og § 3-7 i lova er teken opp til eit studieprogram eller emne ved Høgskulen på Vestlandet.
(7) Ein studieplan er ein omtale av studieprogram med tilhøyrande emne. Studieplanen er eit juridisk bindande dokument. Studieplan vert ved Høgskulen på Vestlandet også nytta som namn på fagplan og programplan etter departementet sin definisjon i nasjonale rammeplanar, jf. § 3-1 (2) og (3).
(8) Utdanningsplan er ein individuell avtale mellom student og institusjon som synleggjer den planlagde faglege progresjonen og gjennomføring av studiet for den enkelte student. Utdanningsplanen baserer seg på studieplanen, jf. § 4-4.
(9) Rammeplan og nasjonale retningslinjer er nasjonale føringar som fastset mål, innhald og organisering av visse utdanningar, og emne som inngår i ei utdanning. Departementet fastset forskrift om rammeplanar.

Kapittel 2. Gradar og utdanningar. Vitnemål og sluttdokumentasjon.

Fastsett med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-2 og § 3-11, forskrift 16. desember 2005 nr. 1574 om grader og yrkesutdanninger, beskyttet tittel og normert studietid ved universiteter og høyskoler, forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad og forskrift 10. april 2006 nr. 412 om godskriving av høyere utdanning.

§ 2-1.Gradar og utdanningar
(1) Høgskulen på Vestlandet tildeler følgjande gradar og yrkesutdanningar: 

Gradar:

Høgskulekandidat, normert studietid 2 år.

Bachelor, normert studietid 3 år.

Master, normert studietid 2 år.

Master grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn, normert studietid 5 år.

Philosophiae doctor (ph.d.), normert studietid 3 år.

Yrkesutdanningar:

Grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn, normert studietid 4 år.

Faglærarutdanning, normert studietid 3 år.

§ 2-2.Krav til samansetjing av graden bachelor
(1) Graden bachelor vert tildelt på grunnlag av eksamen i studieprogram, fag og emne med eit samla omfang på 180 studiepoeng. Grunnlaget for graden skal omfatte eitt av følgjande:
a.Fullført 3-årig studieprogram tilsvarande 180 studiepoeng som ifølgje nasjonal rammeplan gir bachelorgrad.
b.Fullført 3-årig studieprogram tilsvarande 180 studiepoeng som ifølgje vedtak i styret for Høgskulen på Vestlandet gir bachelorgrad.
c.Sjølvvald bachelorgrad (180 studiepoeng) med fordjupingseining, jf. § 3-1 (7), på minimum 80 studiepoeng og breiddeeining, jf. § 3-1 (8), på minimum 30 studiepoeng. Kvar eining må vere fastsett som emne, fag, eller studieprogram. Fordjupinga må innehalde eit sjølvstendig arbeid på minimum 15 studiepoeng i form av ei bacheloroppgåve, anna teoretisk arbeid, praktisk eller kunstnarleg arbeid, individuelt eller i gruppe.
§ 2-3.Tillegg til namn for graden bachelor
(1) Grad som vert tildelt på grunnlag av fullført studieprogram på lågare grads nivå (1. syklus) får normalt namnet «Bachelor i <namn på studiet>», med eventuelt tillegg av namn på linje, studieretning eller liknande. Andre tillegg til namnet vert fastsette i samband med godkjenning av studieplanen.
(2) Grad som vert tildelt på grunnlag av sjølvvald bachelorløp med fordjupingseining får namnet «Sjølvvald bachelorgrad».
(3) Engelsk namn på bachelorgrad ved Høgskulen på Vestlandet vert fastsett i samband med godkjenning av studieplanen for studieprogrammet.
§ 2-4.Krav til samansetjing av graden master
(1) Høgskulen på Vestlandet tildeler mastergrad i samsvar med forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad.
(2) Høgskulen på Vestlandet tildeler mastergrad med eit omfang på 120 studiepoeng på grunnlag av studieprogram som er akkreditert av NOKUT, eller akkreditert av høgskulen sjølv.
(3) Høgskulen på Vestlandet tildeler mastergrad med eit omfang på 300 studiepoeng på grunnlag av fullført master i grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn.
(4) Masteroppgåva skal vere av eit omfang på 30–60 studiepoeng.
(5) Emne på bachelornivå skal ikkje inngå i mastergraden.
§ 2-5.Krav til graden philosophiae doctor (ph.d.)
(1) Krav til graden ph.d. går fram av forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet, fastsett av styret for Høgskulen på Vestlandet.
§ 2-6.Krav til innhald og samansetjing av fellesgradar
(1) Høgskulen på Vestlandet tildeler fellesgrad i samarbeid med andre institusjonar, jf. forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av høyere utdanning og fagskoleutdanning, kapittel 4.
(2) Ein fellesgrad er eit samarbeid mellom to eller fleire institusjonar der desse i fellesskap opprettar og tilbyr eit studieprogram. Deltakande institusjonar har felles ansvar for opptak, undervisning, rettleiing og tildeling av vitnemål for fullført grad.
(3) For fellesgrad gjeld dei same krava til samansetjing av graden som til grad tildelt av Høgskulen på Vestlandet.
(4) For fellesgrad kan det gjerast unnatak frå tilknytingskravet etter § 2-11 (1).
(5) Ved etablering av fellesgrad skal det vere utarbeidd og godkjent studieplan og ein samarbeidsavtale som regulerer fagleg samarbeid, administrasjon og økonomiske forhold.
(6) Rektor godkjenner samarbeidsavtalar med andre institusjonar om etablering av fellesgradar.
§ 2-7.Andre utdanningar
(1) Høgskulen tilbyr årsstudium og andre kortare utdanningar som byggjer på generell studiekompetanse eller tilsvarande.
(2) Høgskulen tilbyr vidareutdanningar som byggjer på avslutta 3-årig eller 4-årig grunnutdanning, jf. § 1-2 (3).
§ 2-8.Internt fagleg overlapp
(1) Fagleg overlapp mellom emne i høgskulen skal gå fram av emneplanane.
(2) Dekan fastset reduksjon i studiepoeng mellom emna.
§ 2-9.Krav ved tildeling av ny grad som byggjer på ein fullført grad
(1) Når ein student er kvalifisert for vitnemål for ei utdanning/grad og denne byggjer på tidlegare vitnemål for utdanning/grad ved Høgskulen på Vestlandet (dobbelgrad), må studenten ha teke minst 60 nye studiepoeng som ikkje er med i grunnlaget for tidlegare vitnemål. For enkelte utdanningar kan det vere krav om 90 nye studiepoeng for å få tildelt nytt vitnemål, jf. forskrift om godskriving av høyere utdanning § 3.
(2) For å vere kvalifisert for ein ny sjølvvald bachelorgrad som byggjer på tidlegare vitnemål for grad ved Høgskulen på Vestlandet, må studenten ha teke minst 80 nye studiepoeng for å få tildelt vitnemål for ny sjølvvald bachelorgrad ved Høgskulen på Vestlandet (jf. forskrift om godskriving av høyere utdanning § 3).
§ 2-10.Godskriving og fagleg godkjenning
(1) Greidde emne, fag, eksamenar eller prøver tekne ved annan institusjon, skal godskrivast ved Høgskulen på Vestlandet i den utstrekning dei oppfyller dei faglege krava for bestemt eksamen, emne, grad eller utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, jf. lova § 3-5. Godskriven utdanning frå ein annan institusjon skal gå inn i grad tildelt frå Høgskulen på Vestlandet.
(2) Høgskulen på Vestlandet handsamar søknad om godskriving frå studenten på grunnlag av innsendt dokumentasjon. Dekan avgjer søknad om godskriving.
(3) I ein bachelorgrad kan fagleg overlapp maksimalt ha eit omfang tilsvarande 10 studiepoeng.
(4) I ein mastergrad med eit omfang på inntil 120 studiepoeng er fagleg overlapping ikkje tillate.
§ 2-11.Vitnemål og karakterutskrift
(1) For å få tildelt vitnemål ved Høgskulen på Vestlandet, må studenten ha avlagt eksamen med eit omfang på minimum 60 studiepoeng ved høgskulen, jf. forskrift om godskriving av høyere utdanning.
(2) Det vert skrive ut vitnemål og Diploma Supplement for avslutta grad eller yrkesutdanning ved Høgskulen på Vestlandet, jf. § 2-1 i denne forskrifta. I tillegg vert det skrive ut vitnemål for praktisk pedagogisk utdanning, 1-årig dykkarutdanning og fullført jordmorutdanning. For andre studieprogram, emne eller eksamenar tildeler høgskulen karakterutskrift, jf. lova § 3-11. Fullførte emne ut over kravet til fullført grad eller studieprogram, vert dokumenterte ved karakterutskrift.
(3) Vidareutdanning, studieprogram og emne av mindre omfang, ikkje fullført grad eller yrkesutdanning vert dokumentert ved karakterutskrift. Ein student som ikkje har fullført utdanning, kan be om karakterutskrift for dei eksamenane eller prøvene som er greidde.
(4) Alle karakterutskrifter frå Høgskulen på Vestlandet skal – i tillegg til informasjon om karaktersystemet og opplysningar om personalia – innehalde opplysningar om kvart enkelt emne teke ved Høgskulen på Vestlandet med kode, namn på emne, studiepoeng, karakter og karakterfordeling per emne og kva semester eksamen er avlagt.
(5) Vitnemålet og karakterutskrift som dannar grunnlag for vitnemålet, skal, i tillegg til det som gjeld alle karakterutskrifter, gi opplysningar om:
-Emne som går inn i grunnlaget for graden eller yrkesutdanninga, inkludert eventuell praksis.
-Emne avlagt ved annan institusjon.
-Sjølvstendig arbeid med eit omfang på minst 15 studiepoeng.
(6) Dersom studenten tek ny eksamen etter å ha mottatt vitnemål for fullført utdanning, vert dette dokumentert med karakterutskrift.
(7) Ved endring av karakter etter klagesensur er studenten pliktig til å levere inn originalvitnemål.
(8) Vitnemål for fullført grad, yrkesutdanning eller studieprogram, jf. § 2-11 (2) vert skrive ut automatisk. Bachelorgrad etter fullført 3 år av sjølvvald bachelorgrad vert skrive ut etter søknad.
(9) Studentar som er forseinka i studieløpet, må sjølve be om å få skrive ut vitnemål etter fullført utdanning.
(10) Høgskulen på Vestlandet skriv ut eitt vitnemål for ei og same utdanning. Ved tap av vitnemål kan høgskulen, etter søknad og mot betaling skrive ut duplikat av tildelt vitnemål.
(11) Det skal gå fram av vitnemål eller karakterutskrift, dersom ein privatist har fått prøvd kunnskapar og ferdigheiter på ein annan måte enn ein student med opptak til studiet.
(12) Elev i vidaregåande opplæring kan studere ved Høgskulen på Vestlandet. Eleven får studiepoeng når emnet er fullført og vedkomande tilfredsstiller opptakskrava til høgare utdanning, jf. lova § 3-6. Dersom eksamensforma er vesentleg annleis enn eksamen for ordinære studentar, skal dette gå fram av karakterutskrifta, jf. lova § 3-11 tredje ledd.

Kapittel 3. Studieprogram og studieplanar

Fastsett med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-3 og § 3-5 og forskrift 28. februar 2013 nr. 237 om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning (studietilsynsforskrifta).

§ 3-1.Studiestruktur og studieplan
(1) Ved Høgskulen på Vestlandet vert studia organiserte i studieprogram og emne jf. § 1-2 (4) og (5). Alle studieprogram og emne vert tilbydde på grunnlag av godkjend studie- eller emneplan.
(2) Studieplanar skal utarbeidast i samsvar med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) og studiekvalitetsforskrift fastsett av Kunnskapsdepartementet, studietilsynsforskrift fastsett av NOKUT, forskrifter om nasjonale rammeplanar og malar for studie- og emneplanar med retningsliner vedtekne av Høgskulen på Vestlandet.
(3) Studieplanen skal fastsetje: Namn på studieprogrammet med eventuelle studieretningar, studiepoeng, opptakskrav, læringsutbytte, innhald og oppbygging, fagleg samanheng mellom emne, arbeids- og vurderingsformer, ordningar for studentutveksling og internasjonalisering og eventuell praksisopplæring. For studieprogram der studenten må fullføre visse emne eller praksis for å fortsetje i studieløpet, skal dette omtalast i studieplanen. Studieplanen skal innehalde emneplanar for alle obligatoriske og valfrie emne.
(4) Emneplanen skal fastsetje: Namn på emnet, studiepoeng, forkunnskapskrav, fagleg overlapp, læringsutbytte, innhald og oppbygging, undervisnings- og læringsformer, arbeidskrav, vurderingsformer og litteraturliste.
(5) Nullkurs er spesialkurs utan studiepoeng som kan gå inn som obligatorisk del av eit studieprogram.
(6) Studieretning er ei fagleg spesialisering i eit studieprogram, slik ho er definert i studieplanen.
(7) Fordjupingseining er ein kombinasjon av emne på minimum 80 studiepoeng som vert definert som ei samla eining i ein studieplan.
(8) Breiddeeining er ein kombinasjon av emne på minimum 30 studiepoeng som vert definert som ei samla eining i ein studieplan. Eininga må vere formelt godkjend som ei avslutta emnegruppe eller eit studieprogram.
(9) Høgskulen sine studieplanar skal byggjast opp slik at ein student – ved å gjennomføre studiet på normert tid – kan få jamn utteljing i form av studiepoeng; dvs. 60 studiepoeng per studieår ved eit heiltidsstudium, jf. § 6-5 (1).
§ 3-2.Oppretting og nedlegging av studieprogram og emne. Fagleg ansvar
(1) Oppnemning av studieplankomité
a.Styret nemner opp studieplankomité og gir mandat for arbeid med studieplanar for nye bachelor- og master- og ph.d.-program.
b.Dekan nemner opp studieplankomité og gir mandat til arbeid med nye studieplanar for studieprogram og emne til og med 60 studiepoeng på bachelornivå.
c.Ein studieplankomité ved Høgskulen på Vestlandet skal, i tillegg til representantar for tilsette og studentar, ha ekstern representasjon for alle studieprogram på meir enn 30 studiepoeng.
(2) Godkjenning av nye studieplanar
a.Styret gjer vedtak om godkjenning av nye studieplanar med eit omfang på over 30 studiepoeng og alle emne på masternivå og ph.d.-nivå.
b.Dekan gjer vedtak om godkjenning av nye studie- og emneplanar med eit omfang på til og med 30 studiepoeng.
(3) Etablering av nye studieprogram
a.Styret sjølv gjer vedtak om etablering av nye studieprogram med eit omfang på over 30 studiepoeng. Styret gjer vedtak på grunnlag av godkjent studieplan og ei vurdering av studieprogrammet i høve krav til akkreditering av studium i NOKUT si studietilsynsforskrift kapittel 2.
b.Dekan gjer vedtak om etablering av studieprogram og emne med eit omfang på til og med 30 studiepoeng. Dekan gjer vedtak på grunnlag av godkjent studieplan og ei vurdering av studieprogrammet i høve krav til akkreditering av studium i NOKUT si studietilsynsforskrift kapittel 2.
c.Alle studieprogram og emne skal vere knytte til fakultet og ha ei tydeleg leiing med eit definert ansvar. Når eit studieprogram er sett saman av emne frå fleire fakultet, skal styret ved vedtak om etablering avgjere kva fakultet som skal ha det samla faglege ansvaret for studieprogrammet.
(4) Årleg revisjon av studieplanar
a.Det skal gjerast ein årleg revisjon av alle studie- og emneplanar ved Høgskulen på Vestlandet. Dekan gjer vedtak om godkjenning av studieplanane innan 15. mars kvart år. Eventuelle endringar i studie- og emneplanar gjeld frå påfølgjande studieår. Vedtaket kan omfatte oppretting av nye, eller nedlegging av emne i eksisterande studieprogram. Litteraturlister skal vere publiserte innan starten av kvart semester.
b.Styret gjer vedtak om endring av namn på vedtekne, gradsgjevande studieprogram.
c.Høgskulen sine studieplanar skal publiserast på høgskulen sine nettsider innan fastsette fristar.
d.Ved endringar i studieprogram for studentar i normert løp skal det utarbeidast overgangsordningar som sikrar at det samla læringsutbyttet for studiet vert vidareført, og at studentane får fullført på normert tid.
(5) Nedlegging av studieprogram

Ved nedlegging av studieprogram skal vedtaksorganet fastsetje overgangstid og -ordning for undervisning, vurdering og utskriving av vitnemål, slik at studentar får fullført på normert tid.

(6) Studieinformasjon

Informasjon om høgskulen sine studieprogram skal vere i samsvar med studieplanane og skal publiserast på høgskulen sine nettsider innan fastsette fristar.

§ 3-3.Kvalitetsutvikling av studieprogram og emne
(1) Høgskulen på Vestlandet skal ha eit systematisk kvalitetsarbeid på institusjons- og studieprogramnivå som gir grunnlag for å sikre og utvikle god utdanningskvalitet og oppfylle krava i NOKUT si studietilsynsforskrift og andre nasjonale og internasjonale krav.

Kapittel 4. Opptak, studierett og permisjon

Fastsett med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-6, § 3-7, § 3-8, § 4-2 og § 4-5, forskrift 22. juli 2008 nr. 828 om studentsamskipnader og forskrift 20. desember 2005 nr. 1506 om egenbetaling ved universiteter og høyskoler § 3-2.

§ 4-1.Opptak
(1) For opptak av studentar til studium og emne gjeld dei til ei kvar tid gjeldande forskrifter fastsette av departementet, og Høgskulen på Vestlandet sine eigne forskrifter om opptak.
(2) På førespurnad frå høgskulen må studentar leggje fram originaldokument som grunnlag for opptak til studium eller for utskrift av vitnemål ved Høgskulen på Vestlandet. Studentar som ikkje legg fram desse originaldokumenta for kontroll, kan miste studieretten. Karakterutskrift og vitnemål frå Høgskulen på Vestlandet vert halde att til dei etterspurte dokumenta er lagd fram og kontrollert.
(3) Ein student som ikkje fyller vilkåra for opptak til det enkelte studiet eller emnet innan gitt frist, taper studieretten. Slike vilkår skal gå fram av studieplanen og tilbods- eller opptaksbrevet studenten får. Ein student som taper studieretten etter dette punktet, må søkje nytt opptak.
§ 4-2.Studierett
(1) Studierett er rettar knytte til det å vere teken opp som student ved eit studieprogram eller eit emne og ha studentstatus. Det gjev rett til å følgje lukka undervisning, eventuell praksis, kurs og seminar og til å gå opp til eksamen i samsvar med gjeldande studieplan.
(2) Studieretten er knytt til studieprogram eller emne på den studiestaden studenten har fått opptak til. Dekan kan avgjera at spesifikke emne kan vere opne for programstudentar ved andre studiestader ved høgskulen.
(3) For å vere gyldig må studieretten stadfestast kvart semester så lenge ein er student. Seinast 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret må alle studentar:
a.Registrere seg på StudentWeb.
b.Melde seg opp til undervisning og vurdering for emna i det aktuelle semesteret og godkjenne utdanningsplanen i studieprogram med utdanningsplan.
c.Betale semesteravgift i samsvar med § 4-3.

For vidareutdanningar med oppstart utanfor ordinær studiestart, er fristen for å stadfeste studieretten etter punkt a, b og c, innan 14 dagar etter oppstart.

(4) Lengd på studieretten:
a.Ved opptak til studieprogram vert studenten tildelt studierett lik normert studietid for studieprogrammet.
b.Ein student som er teken opp til bachelorgrad, mastergrad eller 4-årige yrkesutdanningar, kan etter avtale om endring av utdanningsplanen jf. § 4-4 (4), få utvida studieretten inntil to år ut over normert studietid.
c.Ein student som er teken opp til studieprogram med mellom eitt og tre års normert studietid, kan etter avtale om endring av utdanningsplan jf. § 4-4 (4), få utvida studieretten inntil eitt år ut over normert studietid.
d.Når studieretten på eit studieprogram er brukt opp etter bokstav a, b eller c, mister studenten automatisk alle rettar knytte til det å vere teken opp som student. Studenten må søkje nytt opptak for eventuelt å fullføre utdanninga. I tidsavgrensinga under bokstav a, b og c, inngår ikkje utsett studiestart, permisjonar etter § 4-7 og mellombels utestenging frå høgskulen etter vedtak i klagenemnda.
(5) Studieretten fell automatisk bort når studieprogrammet er fullført og greidd. Det same gjeld emnestudentar når eksamen er gjennomført.
(6) Ein kandidat som har fullført eit studieprogram, har rett til å få opne studieretten i inntil eitt år etter at graden er oppnådd for å forbetre karakterar på individuell eksamen. Forbetra karakterar vert dokumenterte med karakterutskrift.
§ 4-3.Semesteravgift og andre studentavgifter
(1) Alle studentar skal som hovudregel betale semesteravgift, jf. studentsamskipnadslovas § 15, og kopi- og læremiddelavgift innan fastsett frist, kvart semester i heile studietida. Styret til studentsamskipnaden fastset storleiken på semesteravgifta. Styret til høgskulen fastset storleiken på kopi- og læremiddelavgift.
(2) Ein student som er teken opp til eit studieprogram med eit normert løp på mindre enn 15 studiepoeng per semester, skal betale semesteravgift og kopi- og læremiddelavgift berre i semester med eksamen, jf. studentsamskipnadsforskrifta § 17. Studenten har likevel studentstatus og kan velje å betale semesteravgift i semester utan eksamen.
(3) Ein student som tek utdanning ved fleire institusjonar under universitets- og høgskulelova, skal betale semesteravgift til den utdanningsinstitusjonen der han/ho tek flest studiepoeng, jf. studentsamskipnadsforskrift § 15. Studenten må likevel betale kopi- og læremiddelavgift til Høgskulen på Vestlandet.
(4) Studentar som reiser på utveksling til utlandet, skal betale semesteravgift og kopi- og læremiddelavgift til Høgskulen på Vestlandet, dersom ikkje anna går fram av samarbeidsavtalen med institusjonen i utlandet.
(5) Ein student som kjem til Høgskulen på Vestlandet gjennom ein utvekslingsavtale (Nordplus, Erasmus+ og bilaterale avtalar), betalar semesteravgift til heimeinstitusjonen.

Ein internasjonal student som ikkje er knytt til ein utvekslingsavtale, skal betale semesteravgift og kopi- og læremiddelavgift til Høgskulen på Vestlandet, dersom det ikkje eksisterer nokon avtale om fritak.

(6) Ein student på eit oppdragsbasert studieprogram, som er finansiert med eigenbetaling frå studenten sjølv eller oppdragsgjevar, betalar ikkje kopi- og læremiddelavgift.

Dersom det etter ei samla vurdering av undervisningas omfang, undervisnings- og eksamensstad og andre forhold ikkje verkar rimeleg å rekne deltakarar på eit oppdragsbasert studieprogram som studentar, kan høgskulen avgjere at dei kan fritakast frå semesteravgift, jf. studentsamskipnadsforskrifta § 17, sjette ledd. Ved tvil skal høgskulen rådføre seg med studentsamskipnaden før slik avgjerd vert teken.

Deltakaren kan likevel velje å betale semesteravgift og kan då få studentkort.

(7) Semesteravgifta for aktuelt semester må vere betalt, før ein student kan få studentkort og semesterkvittering.
(8) Ein deltakar på etterutdanningskurs og andre kurs som det ikkje er knytte studiepoeng til, betalar ikkje semesteravgift.
(9) Ein privatist skal betale semesteravgift, jf. studentsamskipnadsforskrifta § 17 b), og vederlag til høgskulen, jf. lova § 3-10 (4). Høgskulestyret sjølv fastset slikt vederlag.
(10) Ein student som har betalt semesteravgift, men som trekkjer seg eller avbryt studiet, kan innan semesterregistreringsfristen for det aktuelle semesteret, jf. § 4-2 (3), krevje refusjon av semesteravgifta, jf. studiesamskipnadsforskrifta § 22.
§ 4-4.Utdanningsplan og studieprogresjon
(1) Utdanningsplanen er ein individuell avtale mellom studenten og høgskulen som viser planlagt, fagleg progresjon og gjennomføring av studiet. Utdanningsplanen baserer seg på studieplanen for studieprogrammet som studenten er teken opp til.
(2) Studentar som vert tekne opp til studium på 60 studiepoeng eller meir, skal ha ein utdanningsplan. Utdanningsplanen skal vere sett opp slik at studenten skal gjennomføre planlagt studieløp på normert tid som heiltids- eller deltidsstudent.
(3) I studieplanen kan det fastsetjast krav om studieprogresjon, som studenten må oppfylle for å gå vidare til neste semester eller studieår. Studentar som ikkje stettar slikt krav til progresjon, vil som hovudregel bli flytta ned eitt kull og får justert utdanningsplanen for å hente inn manglande progresjon.
(4) Utdanningsplanen kan endrast etter avtale mellom studenten og høgskulen. Studieretten kan ikkje gå ut over rammene for utvida studierett i § 4-2 (4). Studenten er sjølv ansvarleg for å få justert utdanningsplanen sin innan fristane for semesterregistrering, jf. § 4-2 (3).
(5) Studentar som ikkje følgjer normert progresjon for studieprogrammet, må rekne med å følgje den studieplanen som gjeld til ei kvar tid og dei eksamensordningane som går fram av denne.
§ 4-5.Studierett på emne
(1) Definisjon:
a.Emne med ledig kapasitet kan lysast ut som enkeltemne.
b.Ein emnestudent er ein som har søkt og har fått opptak til eitt eller fleire enkeltemne, utan å ha studierett til studieprogrammet som emnet tilhøyrer.
(2) For å kunne få studierett på emne, må ein emnestudent:
a.dekkje opptakskravet til studieprogrammet som emnet tilhøyrer, med mindre anna blir spesifisert ved utlysinga av emnet.
b.dekkje eventuelle forkunnskapskrav for emnet.
c.på fastsett måte og innan fastsett frist søkje om opptak til emnet for det aktuelle semesteret.
(3) Studierett på emne vert gjeve for den aktuelle gjennomføringa av emnet og føreset at det er ledig kapasitet på emnet. Studieretten fell automatisk vekk etter at den aktuelle gjennomføringa studenten har søkt opptak til, er ferdig. Dersom eksamen ikkje er greidd, kan emnestudenten melde seg opp til påfølgjande ny eksamen.
(4) Ein student som har fått opptak til enkeltemne må innan fastsett frist:
a.registrere seg på Studentweb.
b.melde seg opp til undervisning og vurdering for emna i det aktuelle semesteret.
c.betale semesteravgift og kopi- og læremiddelavgift i samsvar med § 4-3 (1), og eventuell anna fastsett avgift for emnet, jf. forskrift om eigenbetaling ved universitet og høgskular § 3-2 (2).
(5) Emnestudentar skal følgje ordinær undervisning med dei same rettane og pliktene på emnet som programstudentar.
§ 4-6.Tap av studierett
(1 ) Ein student som ikkje stadfestar studieretten for nytt semester innan fristen, taper studieretten, jf. § 4-2 (3).
(2) Ein student som har brukt alle forsøka, jf. § 8-5 og § 9-15, i eit emne, ein eksamen eller praksisperiode utan godkjent resultat og dermed blir stoppa av progresjonskrav, jf. § 4-4 (3), taper studieretten. Ein student som har tapt studieretten, får først nye forsøk ved eit eventuelt nytt opptak til same studieprogram etter tidlegast 5 år.
(3) Ein student som i to semester på rad oppnår null studiepoeng, taper studieretten. I desse to semestra inngår ikkje avtala permisjonar etter § 4-7 og mellombels utestenging frå høgskulen etter vedtak i høgskulen si klagenemnd.
(4) Vedtak om tap av studierett skal varslast, jf. forvaltningslova § 16. Vedtak om tap av studierett vert fatta av høgskulen. Klageinstans er høgskulen si klagenemnd.
§ 4-7.Permisjonar
(1) Ein student som for ein periode ikkje har høve til, jf. § 4-7 (4) a, eller ikkje ønskjer, jf. § 4-7 (4) b, å følgje undervisning og ta eksamen på studieprogrammet studenten er teken opp til, kan søkje om permisjon. Permisjon gjev studenten rett til å halde fram studiet når permisjonen er omme. Rettar ut over dette er avhengig av type permisjon, og er spesifisert i punkta nedanfor.

Søknad må framsetjast på fastsett måte og vere høgskulen i hende innan fristen for å stadfeste studieretten for det aktuelle semesteret, jf. § 4-2 (3), for at studenten skal vere friteken for semesteravgift. Høgskulen tek imot søknader etter fristen for å stadfeste studieretten når dokumentert behov har oppstått i etterkant, men refunderer då ikkje semesteravgifta, jf. § 4-3 (10).

(2) Permisjon gjeld i utgangspunktet berre faste, fleirårige utdanningstilbod med årleg opptak. Studium med opptak av berre eitt kull, eller der det av andre årsaker er uklart om, når eller kvar neste kull vert starta opp, vert ikkje omfatta av permisjonsregelverket, sidan høgskulen ikkje kan oppfylle retten til å halde fram på studia etter permisjonen, jf. (1). Emnestudentar har studieretten sin knytt til ei spesifikk gjennomføring av emnet under visse vilkår i § 4-5 (3), og vert difor ikkje omfatta av permisjonsregelverket.
(3) Permisjon blir gjeve for eitt eller to semester etter søknad. Det vert til vanleg ikkje gjeve permisjon for kortare periodar enn eitt heilt semester. Ved nokre utdanningar, der organisering av praksis eller anna tilseier det, blir det til vanleg ikkje gjeve kortare permisjon enn eitt år.
(4) Grunnlag for permisjon:
a.Ein student kan få permisjon med dokumentert grunnlag i foreldrepermisjon, sjukdom, verneplikt, krevjande verv i studentorganisasjonar, eller i andre særlege tilfelle. Permisjonen kan forlengjast med ytterlegare eitt eller to semester etter ny søknad. Samanhengande permisjonstid kan ikkje overstige to år. Permisjonstida kjem i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf. § 4-2 (4).
b.Ein student kan få permisjon frå studiet utan å dokumentere grunn i inntil to semester i løpet av studietida på eit studieprogram. Retten til permisjon utan å dokumentere grunn fell så vekk. Permisjonstida kjem i dette tilfellet ikkje i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf. § 4-2 (4).
(5) Ein student som får born under studiet, har rett til foreldrepermisjon i samsvar med § 4-5 i lova. Studenten har rett til å ta opp att studiet på tilsvarande nivå som før permisjonen. Studenten kan søkje om å forlengje permisjonen utan å leggje fram ny dokumentasjon, jf. (4) a.
(6) Permisjon utan dokumentert grunn blir ikkje gjeve i første semester etter opptak. Studentar som ved oppstart på studieprogrammet har behov for permisjon i første semester, skal i staden søkje om reservert studieplass, jf. opptaksforskrifta § 8-1. Permisjon i første semester kan likevel gjevast ved dokumentert sjukdom som oppstår etter fristen for stadfesting av studieretten.
(7) Under permisjonen:
a.Ein student som har fått permisjon, skal ikkje betale semesteravgift, stadfeste studieretten eller ta eksamen i permisjonstida, jf. § 4-2 (3).
b.Ein student som har permisjon på grunn av fødsel og omsorg for born, jf. (5), kan etter søknad likevel ta eksamen i permisjonstida og skal då betale semesteravgift, jf. § 4-2 (3).
c.Ved permisjon med dokumentert grunn kan studenten velje å betale semesteravgift.
(8) Ein student som tek permisjon, går som hovudregel ut av kullet sitt. Når permisjonen er omme, og studenten tek opp att studia, blir studenten plassert i eit kull som samsvarar med progresjonen studenten har i studieprogrammet. Studenten må gjennomføre studiet i samsvar med gjeldande studieplan på tidspunktet han eller ho tek opp att studiet, jf. § 4-4 (5). Dette kan medføre at studenten må ta fleire studiepoeng enn normert for studieprogrammet for å fullføre.

Kapittel 5. Privatist

Fastsett med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-10.

§ 5-1.Rettar for privatistar
(1) Ein privatist er definert i lova § 3-10 som ein person som tek eksamen i eit emne utan å ha:
a.fått opptak til emnet, jf. § 4-5. (1),
b.studierett til eit studieprogram som emnet er ein del av, jf. § 4-2 (1).
(2) Ein student på eit studieprogram ved høgskulen som søkjer om å ta eksamen som privatist i eit emne som er ein del av det same studieprogrammet, seier samstundes frå seg studieretten på studieprogrammet sitt, jf. definisjonen av privatist i (1).
(3) For å kunne ta ein eksamen, må ein privatist:
a.dekkje opptakskravet til studieprogrammet som emnet høyrer til.
b.dekkje eventuelle forkunnskapskrav for emnet.
c.på fastsett måte og innan fastsett frist søkje om å få ta eksamen i emnet. Dokumentasjon av generell studiekompetanse/realkompetanse og eventuelle tilleggskrav skal leggjast ved søknaden.
(4) Privatistar skal innan fastsett frist betale semesteravgift og vederlag til høgskulen, jf. § 4-3 (9).
(5) Privatistar har berre tilgang til open undervisning i emnet og til å gå opp til eksamen. Høgskulestyret kan ved spesielle høve gje dispensasjon frå dette.
§ 5-2.Avgrensingar i tilgangen til å ta eksamen for privatistar
(1) Privatistar kan nektast tilgang til eksamen dersom det i studieplanen eller emnet er fastsett arbeidskrav, som i seg sjølv gjev kompetanse som er ein del av formålet med utdanninga og som ikkje kan prøvast ved ein ordinær eksamen, jf. lova § 3-10 (2).
(2) Ein person som er utestengt frå all høgare utdanning etter vedtak gjort av ein institusjon under lova, har under utestenginga ikkje høve til å ta eksamen i emne som privatist.
(3) Ein privatist kan ikkje ta eksamen i eit emne meir enn 3 gonger ved høgskulen, inkludert eventuelle forsøk gjennomført i det same emnet som student, jf. § 9-15 (1). Emne med tilsvarande fagleg innhald vert rekna som same emne.

Kapittel 6. Undervisning

Fastsett med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-8, § 4-3 og § 4-10.

§ 6-1.Studieåret
(1) Studieåret ved Høgskulen på Vestlandet er på 40 veker. Studieåret tek til medio august og vert avslutta ultimo juni. Rektor fastset undervisningsterminar, jf. lova § 3-8.
(2) Undervisning og ordinær eksamen skal avviklast innanfor studieåret.
(3) Forkurs, deltidsstudium, studieprogram i tresemesterordning og eksternt finansierte tilbod kan ha avvikande studieår.
§ 6-2.Timeplanar
(1) Timeplanar med informasjon om tid og stad for gjennomføring av undervisningsaktivitetane skal vere tilgjengelege på høgskulen sine nettsider innan fastsette fristar.
(2) Eit emne som ikkje er obligatorisk del av eit studieprogram, kan avlysast på grunn av lågt studenttal eller andre særlege grunnar. Dekan fastset frist og tek avgjerd om dette.
§ 6-3.Særleg tilrettelegging av studiesituasjonen
(1) Ein student kan, på grunn av sjukdom, nedsett funksjonsevne eller andre særlege forhold, få tilrettelagt studiesituasjonen så langt dette er praktisk mogeleg og fagleg forsvarleg, gitt læringsutbyttet for studieprogram/emne. Behovet må dokumenterast med legeattest eller attest frå andre sakkunnige. Søknad må sendast høgskulen snarast mogeleg etter at behovet oppstod.
§ 6-4.Undervisningsspråk
(1) Undervisningsspråket ved Høgskulen på Vestlandet er som hovudregel norsk eller eit anna skandinavisk språk.
(2) Dersom situasjonen tilseier det, kan undervisningsspråket i heile eller delar av eit emne vere engelsk. Dekan tek avgjerd om det. Dersom undervisningsspråket ikkje er skandinavisk, skal det informerast om det så tidleg som mogeleg.
§ 6-5.Arbeidsomfang
(1) Studiepoeng er eit uttrykk for å måle arbeidsomfanget i studiet. 60 studiepoeng tilsvarar eitt års heiltidsstudium.
(2) Til grunn for emnestorleiken skal det reknast eit arbeidsomfang for studenten på 1 600–1 800 timar per studieår.
§ 6-6.Informasjon til studentar
(1) Studenten pliktar å halde seg oppdatert på relevant regelverk (forskrifter) som regulerer studium og eksamen, til å halde seg informert om organiseringa av studiet, arbeidskrav, tidsfristar og annan relevant informasjon. Studenten pliktar og til å halde seg orientert om meldingar som blir gjevne via høgskulen sine studiestøttesystem. Slike meldingar er å sjå på som om dei er gjevne til kvar enkelt student. Studenten er òg pliktig til å halde seg orientert om informasjon som vert send frå høgskulen til studenten si e-postadresse ved lærestaden.
§ 6-7.Skikkavurdering
(1) I einskilde utdanningar skal institusjonen vurdere om den enkelte studenten er skikka for yrket. Krav til skikkavurdering skal gå fram av studieplanen. Ei slik skikkavurdering skal gjennomførast gjennom heile studiet, jf. lova § 4-10.

Kapittel 7. Vurdering og arbeidskrav

Fastsett med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-9 og § 3-10.

§ 7-1.Vurdering
(1) Vurdering omfattar all formell prøving, det vil seie både vurdering undervegs og sluttvurdering. Vurderingsforma i eit emne går fram av emneplanen.
(2) Vurdering skal måle studenten sine oppnådde kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse når det gjeld læringsutbyttet i eit emne. Det skal leggjast vekt på variasjon i vurderingsformene, og at dei er eigna til å vurdere at læringsutbyttet i studieprogrammet er oppnådd.
(3) Eksamen er prøving med påfølgjande sensur, der resultatet anten vil stå på vitnemålet/karakterutskrifta eller skal reknast inn i ein samlekarakter som skal stå på vitnemålet/karakterutskrifta. Eksamen er individuell med mindre noko anna går fram av emneplanen.
a)Ordinær eksamen er eksamen som vert gjennomført når undervisninga i eit emne eller ein del av emnet er avslutta, jf. § 9-7 (1).
b)Ny eksamen vert arrangert når det er studentar som har godkjent grunn for fråvær ved ordinær eksamen, eller som strauk ved siste ordinære eksamen, jf. § 9-7 (2).
c)Ekstraordinær eksamen er eksamen som vert arrangert når eit emne opphøyrer, jf. § 9-7 (3).
§ 7-2.Arbeidskrav
(1) Arbeidskrav er all form for prøving som er sett som vilkår for å ha rett til å gå opp til eksamen, gå ut i praksisstudium, eller halde fram med normal studieprogresjon, men der resultatet ikkje går inn i ein endeleg karakter. Eksempel er innleveringsarbeid, prøve, laboratorieøving, prosjektarbeid, obligatorisk undervising eller andre krav som av fagleg-pedagogiske grunnar er lagde inn i eit emne.
(2) Arbeidskrav i undervisning og praksis skal gå fram av studie- og/eller emneplan.
(3)Der det er obligatorisk frammøte til undervisninga, vil det seie 80 % frammøte med mindre studie-/emneplanen seier noko anna. Faglærar har ansvar for dokumentasjon på oppmøte.
(4) Dersom ikkje emneplanen presiserer noko anna, er godkjent arbeidskrav gyldig utan tidsavgrensing.
(5) Faglærar er ansvarleg for godkjenning av arbeidskrav. Faglærar har ansvar for å kontrollere liste over alle som har fått godkjent arbeidskrav. Slik liste skal liggje føre seinast to veker før eksamen tek til, med mindre faglærar har avtalt noko anna med den eksamensansvarlege.
(6) Faglærar fastset frist for når arbeidskravet skal vere avslutta/innlevert. Så langt det lar seg gjere, skal fristen vere slik at studenten har høve til å gjennomføre eit nytt forsøk før liste over godkjende arbeidskrav skal liggje føre, jf. § 7-2 (5). Dersom arbeidskravet inneber frammøte i undervisning, laboratoriearbeid, ekskursjonar, praksis og liknande, som ikkje kan gjerast om att, har faglærar eit særleg ansvar for å klargjere dette for studentane. Faglærar har ansvar for å informere studentar som ikkje får godkjent arbeidskrav.
(7) Ved sjukdom, nedsett funksjonsevne eller andre særlege forhold, kan dekan avgjere at det skal gjennomførast alternative arbeidskrav, dersom dette er praktisk mogeleg og fagleg forsvarleg gitt læringsutbyttet i emnet. Tilsvarande gjeld studentar med verv i studentdemokratiske organ, råd eller utval ved Høgskulen på Vestlandet.
(8) Arbeidskrav vert vurdert som godkjent/ikkje godkjent. I emne der praksis er arbeidskrav, kan greidd/ikkje greidd vurdering nyttast, jf. § 8-3 (1).
§ 7-3.Vurderingsformer
(1) Det skal gå fram av emneplanen kva vurderingsordningar emnet har. Når eit emne har fleire deleksamenar, skal emneplanen presisere kva delar som inngår og korleis delane vert vekta i den endelege karakteren.
(2) Ved val av vurderingsform skal det leggjast vekt på korleis ein kan etterprøve vurderinga i samband med klage på karakter.
(3) Med unnatak for vurdering av kandidatar i praksis kan arbeidsprosessar og liknande, berre vurderast når dei er omtalte i skriftlege arbeid eller munnleg ved eksamen.
(4) Berre skriftlege arbeid, eller andre arbeid der vurderinga let seg etterprøve, kan gå inn i ei mappe.
(5) Same deleksamen kan ikkje gå inn i vurderingsgrunnlaget for fleire emne for ein og same student.
(6) Individuell prøving skal utgjere minst 50 % av vurderingane i det einskilde studieprogrammet. Masteroppgåva vert halden utanfor denne utrekninga.
(7) Det skal gå fram av emneplanen kva for hjelpemiddel som er lovleg hjelpemiddel til eksamen.
(8) Studieprogrammet skal ha vurderingsformer som er egna for å vurdere om læringsutbyttet er oppnådd, og som er tilpassa studieprogrammet sitt innhald og læringsaktiviteter. Det blir nytta følgjande vurderingsformer ved Høgskulen på Vestlandet:
Skriftleg skuleeksamenSkriftleg, individuell eksamen arrangert i eksamenslokale under tilsyn, med fastsett tid for utlevering av oppgåve og innleveringsfrist. Tal timar skal gå fram av emneplanen. Eksamen kan gjennomførast på papir eller digitalt.
Munnleg eksamenMunnleg eksamen der studenten/-ane blir eksaminerte av minimum to sensorar.
Justerande munnleg eksamenEi munnleg prøve som har ein særleg tett samanheng med eit føregåande skriftleg arbeid. Kandidaten skal – ved den justerande munnlege prøva – hovudsakleg prøvast i emne som er behandla i det føregåande skriftlege arbeidet.
HeimeeksamenSkriftleg eksamen der studentane blir tildelte oppgåve på eit fastsett tidspunkt, og med fastsett frist for innlevering. Heimeeksamen kan vere individuell eller i gruppe. Tal på eksamensdagar skal gå fram av emneplanen.
Oppgåve (bacheloroppgåve, masteroppgåve eller semesteroppgåve)Skriftleg innlevering utan fastsett dato for utlevering av oppgåve, men med fastsett innleveringsfrist. Oppgåva kan vere individuell eller i gruppe.
MappeVurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar som kan etterprøvast, prøver eller andre produkt som blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vere fullført til fastsett frist. Mappevurdering kan byggjast opp som ei samla mappevurdering eller delast i ei læringsmappe med påfølgjande vurderingsmappe.
a) Læringsmappe er ei samling tekstar og/eller andre arbeid som er produserte gjennom ein viss periode. Samlinga dokumenterer prosess og/eller produkt, og skal vise studenten sine faglege refleksjonar og utviklinga i kompetanse.
b) Vurderingsmappe er eit utval av element frå læringsmappa som dannar grunnlag for fastsetjing av karakter. Prosessen som viser kva for element frå læringsmappa som skal telje med i vurderinga, skal gå fram av emneomtalen. Vurderinga kan skje undervegs i emnet og som formell sluttvurdering.
ProsjektVurderingsform der studentar arbeider med oppgåve eller problemstilling og leverer tekst, visuelle framstillingar, produkt, dataprogram eller andre element. Prosjekt kan ha fastsett tidspunkt for utlevering av oppgåve og frist for innlevering, eller berre ein innleveringsfrist. Prosjekt kan gjennomførast i gruppe eller individuelt.
Praktisk-metodisk eksamenVurderingsform der studentar skal løyse praktiske oppgåver. Eksamen kan bli gitt individuelt eller i gruppe og kan inkludere element av skriftleg og/eller munnleg eksaminasjon.
PraksisEin rettleidd og vurdert del av utdanninga som går føre seg i eit relevant yrkesfelt.

Kapittel 8. Praksis

Fastsett med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-9, § 4-3, § 4-6, § 4-9, § 4-10, § 5-2 og § 5-3.

§ 8-1.Vilkår for å gå ut i praksis
(1) For å kunne starte i praksis kan det vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vere fullførte og godkjende. Studie- og/eller emneplanen skal gjere greie for dette.
§ 8-2.Særlege krav til studentar i praksis
(1) I praksisstudium er studentar underlagde særlege krav om teieplikt, jf. lova § 4-6.
(2) I studium der studentar kan komme i kontakt med mindreårige, eller andre sårbare grupper som del av praksisstudium eller klinisk undervisning, er det krav om at studentar legg frem politiattest ved opptak eller undervegs i studiet, jf. lova § 4-9 og politiregisterloven § 39. Dekan gjev fråsegn til klagenemnda i saker der det oppstår spørsmål om kor vidt ein student som har merknad på politiattesten skal nektast rett til å delta i klinisk undervisning eller praksisstudium, jf. lova § 4-9.
(3) Dersom det er gjeve andre særlege reglar for visse typar yrkesutøving, gjeld desse tilsvarande for studentar som deltek i praksisopplæring eller klinisk undervisning. Særreglar skal gå fram av studieplanen.
§ 8-3.Vurdering av praksisstudium
(1) For utdanningar, der gjennomføringa av praksisstudium er underlagd ei fagleg vurdering, gjeld følgjande:
a.Vurderingsforma skal gå fram av studie- og/eller emneplanen jf. § 7-1 (1). Praksis vert vurdert etter skalaen greidd/ikkje greidd. Dersom praksis er eit arbeidskrav, kan perioden vurderast som godkjend/ikkje godkjend, jf. § 11-2 (3). Når praksis er arbeidskrav, gjeld reglane i § 7-2.
b.Studenten har rett til jamleg rettleiing og tilbakemelding, slik at han/ho er orientert om korleis han/ho fungerer når det gjeld læringsutbyttet for praksisperioden.
c.Dersom det på eit tidspunkt i ein rettleidd praksisperiode kan vere tvil om studenten vil nå måla for læringsutbyttet og greie praksisperioden, skal studenten kallast inn til eit møte mellom dei partane det gjeld. Studenten skal i møtet gjevast skriftleg varsel om at det er tvil om han/ho vil kunne oppfylle måla og greie praksisperioden. I varselet skal det presiserast kva som må til for at studenten skal greie praksisperioden. Dette møtet skal haldast på eit tidspunkt som gir studenten høve til å vise tilfredsstillande praksis og seinast tre veker før praksisperioden er slutt. Ved praksisperiodar på fem veker eller mindre skal møtet haldast halvveges i perioden.
d.Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som heilt klart ikkje gir grunnlag for å greie praksisstudiet, kan studenten likevel få vurderinga «ikkje greidd»/«ikkje godkjend», sjølv om det ikkje er gjeve varsel på førehand.
e.For kvar praksisperiode skal det gjerast ei avsluttande vurdering av læringsutbyttet for praksisperioden. Vurderinga skal byggje på vurdering undervegs og eventuelle praktiske prøver. Vurderingsresultatet og omtale av kva som er vurdert, skal vere underskrive av studenten og dei som har gjennomført vurderinga. Studenten skal ha kopi av den skriftlege vurderinga.
f.Studenten sin rett til å klage ved gjennomføring og vurdering av praksis går fram av § 5-2 og § 5-3 i lova.
§ 8-4.Ikkje greidd praksis
(1) Kravet om oppmøte skal gå fram av studieplanen. Kravet om oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom eller andre grunnar.
(2) Dersom ein student har dokumentert gyldig fråvær, legg høgskulen til rette for utsett praksis innanfor studieåret dersom det er mogeleg. Gyldig fråvær er sjukdom og annan tvingande fråværsgrunn. Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som er gyldig fråvær. Fråværet skal vere dokumentert ved legeattest eller annan dokumentasjon. Er fråværet for stort til at utsett praksis kan gjennomførast innanfor studieåret, må studenten ta delar av, eller heile praksisperioden, neste studieår. Ei slik utsetjing kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.
(3) Dersom ein student, på grunn av ugyldig fråvær, får avkorta praksisperioden slik at vedkommande ikkje kan vurderast, fører det til avbroten praksis med same konsekvens som ikkje greidd praksis. Studenten må då gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne praksisperioden vert arrangert ordinært.
(4) Dersom ein praksisperiode vert vurdert til ikkje greidd, må heile praksisperioden takast om att før studenten kan ta emne, som praksisperioden er eit forkunnskapskrav for. Studenten må då gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne praksisperioden vert arrangert ordinært.
(5) Dersom ein student avbryt praksis etter at varsel om fare for ikkje greidd praksis er gjeve, vil dette som hovudregel bli rekna som eit forsøk uansett årsak til avbrotet.
§ 8-5.Talet på forsøk i praksis
(1) Det er ikkje høve til å gjennomføre same praksisperiode meir enn to gonger.

Når det ligg føre særlege grunnar, kan det etter søknad gjevast dispensasjon til ein 3. praksisperiode. For å kunne innvilge slik søknad, må det liggje føre svært viktige sosiale eller medisinske årsaker til at eitt eller begge dei tidlegare forsøka ikkje er greidde. Desse årsakene må vere dokumenterte (ved legeerklæringar, fråsegner frå spesialist m.m.) Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar skal også telje med i vurderinga av søknaden.

§ 8-6.Særleg tilrettelegging av praksis
(1) Studentar med særlege behov kan, så langt det er praktisk mogeleg og fagleg forsvarleg gitt læringsutbyttet for studieprogram/emne, få tilrettelagt praksisperioden.
(2) Søknadsfrist for særleg tilrettelegging er 1. april for praksisperiodar som startar i haustsemesteret og 1. oktober for praksisperiodar som startar i vårsemesteret. Ved praksis i løpet av første semester er søknadsfristen ved studiestart. Søknaden må vere dokumentert.

Kapittel 9. Gjennomføring av eksamen

Fastsett med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-9.

§ 9-1.Eksamensstad
(1) Studenten skal studere og avleggje eksamen ved den studiestaden der studenten er teken opp.
§ 9-2.Digitalisering og utstyr
(1) Skriftleg skuleeksamen skal avviklast digitalt eller med penn og papir.
(2) Studenten har som hovudregel sjølv ansvaret for å disponere eigen berbar datamaskin til undervisning og eksamen.
§ 9-3.Tidspunkt for eksamen. Eksamensplan
(1) Tidspunktet for kvar enkelt eksamen vert kunngjort på StudentWeb. Endringar etter fristen for oppmelding til eksamen kan berre gjerast når det ligg føre særleg tungtvegande grunnar.
(2) Oversikt over eksamensstad skal vere tilgjengeleg på StudentWeb seinast 1 veke før kvar eksamen. Endring av eksamensstad seinare enn ei veke før eksamen skal varslast på e-post til studentane.
(3) Eksamensplanen vert laga med utgangspunkt i ordinær studieprogresjon for kullet. Studentar som følgjer ordinært studieløp og skal avleggje ordinær eksamen, har rett til minimum ein lesedag mellom kvar eksamensdag. Det er ikkje krav om at lesedag er ein virkedag.
(4) Tidspunkt for avvikling av ny eksamen vert kunngjort på StudentWeb seinast 2 veker før aktuell eksamen. Ny eksamen skal vere avvikla innan utgangen av påfølgjande semester. Sjå elles § 9-7 (2).
§ 9-4.Vilkår for å gå opp til eksamen
(1) For å gå opp til eksamen må studenten ha stadfesta studieretten etter § 4-2 (3) innan fastsette fristar.
(2) Det kan i emneplanen stillast forkunnskapskrav som må vere greidde for å melde seg opp til eksamen i emnet.
(3) Arbeidskrav skal vere godkjent for at ein student har rett til å gå opp til eksamen.
(4) For studentar på studieprogram eller emne med deltakaravgift, må deltakaravgifta vere betalt før eksamensmelding er gyldig.
§ 9-5.Oppmelding til eksamen
(1) Studentar har sjølve ansvaret for å kontrollere at dei er oppmelde til rett eksamen, korrigere eventuelle feil, og til å halde seg orienterte om tid og stad for eksamen.
(2) Studenten melder seg opp til eksamen via høgskulen sin StudentWeb. Frist for oppmelding til eksamen er 1. februar i vårsemesteret og 1. september i haustsemesteret. Frist for oppmelding til vidareutdanningar utanfor ordinær oppstart er 14 dagar etter oppstart. Studenten må melde seg opp til ny eksamen.
(3) I særlege tilfelle kan det dispenserast frå fristen for oppmelding til eksamen.
(4) Studentar som har gyldig fråvær frå ordinær eksamen eller har stroke på ordinær eksamen, har rett på ny eksamen.
(5) Studentar som ønskjer å forbetre karakteren, eller som ikkje møtte ved ordinær eksamen og som ikkje har gyldig fråvær til denne, kan melde seg opp til ny eksamen dersom ein slik vert arrangert, jf. § 9-5 (4).
§ 9-6.Trekk frå eksamen og fråvær under eksamen
(1) Trekk frå eksamen må skje seinast 14 dagar før eksamen tek til og må skje på StudentWeb. Studenten har sjølv ansvaret for å trekkje seg frå eksamen/praksis dersom denne ikkje skal gjennomførast.
(2) Trekk frå eksamen kan få konsekvensar for vidare studieprogresjon og påverke studieretten for studentar med krav om studieprogresjon jf. § 4-4 (5) og § 4-6 (2).
(3) Studentar som ikkje møter til eksamen dei er oppmelde til, og ikkje har gyldig grunn til det, blir rekna som å ha framstilt seg til eksamen og for å ha brukt eitt eksamensforsøk.
(4) Trekk under eksamen vert rekna som ikkje greidd vurdering (stryk) og tel som eitt forsøk, med mindre dette skuldast sjukdom.
(5) Sjukdom under eksamen må dokumenterast med legeattest. Dokumentasjonen skal vere levert til høgskulen eller poststempla seinast tre virkedager etter eksamensdagen. Studentar som har godkjent grunn for fråvær, blir rekna som ikkje å ha framstilt seg til eksamen og har ikkje brukt eitt eksamensforsøk.

Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som kan godkjennast som gyldig fråvær. Fråværet skal vere dokumentert ved legeattest eller annan dokumentasjon, jf. § 9-6 (5). For at studenten skal ha krav på ny eksamen, må dokumentasjonen vere levert høgskulen eller poststempla seinast tre virkedagar etter at eksamen skulle ha vore avlagt/etter frist for innlevering av skriftleg arbeid. Dersom eit eksamenssvar er innlevert, kan studenten i ettertid ikkje skulde på sjukdom.

§ 9-7.Ordinær, ny og ekstraordinær eksamen
(1) Ordinær eksamen:
a)Ordinær eksamen skal gjennomførast med den vurderingsforma som går fram av emneplanen og i det semesteret som er vist i studieplanen. Dersom ein student framstiller seg til ordinær eksamen på nytt, er det det pensumet, den vurderingsforma og dei eventuelle arbeidskrava som er fastsette for denne eksamensavviklinga som gjeld.
b)Ein student som har fått eksamen eller prøve annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, jf. § 10-1 og lova § 4-7 og § 4-8, kan tidlegast gå opp på nytt ved neste ordinære eksamen eller prøve etter at bortvisingstida er over.
(2) Ny eksamen:
a)Ny eksamen skal gjennomførast med same pensum som ved siste ordinære eksamen. Så langt det er praktisk mogeleg, og anna ikkje er nedfelt i studieplanen og/eller emneplanen, skal eksamen gjennomførast med same vurderingsform som ved siste ordinære eksamen.
b)Studentar som har gyldig fråvær frå ordinær eksamen eller har stroke på ordinær eksamen har rett på ny eksamen, jf. § 9-5 (4). Studentar som ønskjer å forbetre karakteren eller som ikkje møtte ved ordinær eksamen og som ikkje har gyldig fråvær til denne, kan melde seg opp til ny eksamen dersom slik vert arrangert, jf. § 9-5 (5).
c)I emne der praksis er organisert som arbeidskrav eller som deleksamen, har studenten rett på ny eksamen så lenge gyldig fråvær i praksis er dokumentert og utvida praksisperiode er gjennomført og greidd før eksamen.
d)Vanlegvis blir ny eksamen arrangert ved utgangen av påfølgjande semester. Ved nokre utdanningar, der greidd eksamen er ein føresetnad for oppflytting til neste semester eller studieår, kan ny eksamen bli arrangert før eller i samband med oppstart av nytt semester/studieår. Det kan ikkje arrangerast meir enn éin ny eksamen i eitt og same fag i same semester. I særskilde tilfelle kan rektor gjere unnatak frå denne regelen.
e)Studentar har rett til ny eksamen i samband med fødsel. Ein student som er gravid, har rett til ny eksamen dersom eksamensdatoen er i perioden mellom 3 veker før termin eller 6 veker etter fødsel. Far, medfar/medmor og foster- og adoptivforeldre har rett til ny eksamen, dersom eksamensdatoen er i perioden to veker etter fødsel/omsorgsovertaking.
f)Ein student som på grunn av utvekslingsopphald i regi av Høgskulen på Vestlandet ikkje har kunna gå opp til ordinær eksamen, kan etter søknad få rett til ny eksamen under føresetnad av at eventuelle vilkår for å gå opp til eksamen er oppfylte.
(3) Ekstraordinær eksamen:

Når eit emne vert nedlagt, og siste ordinære eksamen er gitt, vil det bli arrangert to ekstraordinære eksamenar i dei to påfølgjande semestra. Den første ekstraordinære eksamenen erstattar ny eksamen.

Eksamenskandidatar som tidlegare har avlagt eksamen i emnet, og oppfyller vilkåra for å gå opp til eksamen i den sist vedtekne emneplanen, kan søkje om å få avleggje ekstraordinær eksamen innan fastsette fristar.

§ 9-8.Gjennomføring av skriftleg eksamen
(1) Ved gjennomføring av digital eksamen kan høgskulen fastsetje krav om tidlegare frammøte enn 15 minuttar før eksamen startar. For ikkje digitale eksamenar skal eksamenskandidaten møte i eksamenslokalet seinast 15 minuttar før eksamen startar. Eksamenskandidatar som kjem for seint, får berre tilgjenge til eksamen i løpet av dei første 60 minuttane etter at eksamen har starta.
(2) Vesker, mobiltelefonar, klokker/smartklokker og liknande skal plasserast slik som eksamensvaktene tilviser.
(3) Det er ikkje tillate å bruke kommunikasjonsutstyr under eksamen, med mindre slikt utstyr er spesifisert som lovleg hjelpemiddel i emneplanen. Slikt utstyr skal plasserast slik som eksamensvaktene tilviser.
(4) Ingen kandidatar får forlate eksamenslokalet dei første 60 minuttane etter at eksamen har starta.
(5) Eksamenskandidaten skal vise gyldig studentlegitimasjon, eller annan gyldig legitimasjon med bilete, og signere på kandidatliste.
(6) I eksamenslokalet skal kandidaten rette seg etter tilvising frå eksamensvaktene.
(7) Det er ikkje tillate å skrive på utdelt papir før eksamensoppgåvene er delte ut. Det er ikkje tillate å bruke anna papir enn det som er delt ut.
(8) Eksamenssvar som er skrive på papir, skal førast med penn som gir gjennomslag.
(9) Det er ikkje tillate med noka form for kommunikasjon mellom kandidatane, eller med andre personar utanom faglærar/vikar, under eksamen. Dersom kandidaten har spørsmål, vender studenten seg til ei av eksamensvaktene.
(10) Kandidaten har den oppgjevne eksamenstida til disposisjon. Ved digital eksamen skjer innleveringa når eksamenstida er ute. Ved papireksamenar vert det gjeve inntil 15 minuttar ut over eksamenstida til å skilje kopiar frå originalar. Det er kandidaten sitt ansvar å passe på at innleveringa er komplett.
(11) Kladdeark kan ikkje leverast inn som ein del av eksamenssvaret.
(12) Etter at eksamenssvaret og ubrukt eksamenspapir og kladdeark er levert, skal kandidaten forlate eksamenslokalet. Innlevert eksamenssvar blir ikkje under noko omstende levert tilbake til kandidaten.
(13) Ansvarleg faglærar, eller den som møter i staden for faglæraren, skal vere tilgjengeleg under eksamen.
(14) Det skal gå fram av emneplanen kva for hjelpemiddel som er tillatne ved dei ulike eksamenane. Vidare skal det også gå klart fram av oppgåveteksten kva for hjelpemiddel som er tillatne.
(15) Ved digital eksamen som er basert på bruk av eiga berbar datamaskin, er eksamenskandidatane sjølve ansvarlege for eige utstyr og for å ha lasta ned nødvendig programvare for å kunne gjennomføre eksamen før dei møter i eksamenslokalet.
(16) Brot på punkt 2, 3, 5, 6, 7, 9 og 14 kan bli sett på som fusk eller forsøk på fusk og kan medføre annullering og utestenging etter § 4-7 og § 4-8 i lova. Regelen her gir ikkje ei fullstendig rettleiing for korleis ei slik sak skal forståast ut frå reglane om fusk eller forsøk på fusk.
§ 9-9.Målform og språk i oppgåvetekstar og eksamenssvar
(1) Krav til språk i eksamensoppgåver:
a.Oppgåvespråket ved Høgskulen er normalt norsk, med mindre anna er fastsett i emneplanen.
b.Avgjerder om bruk av målform i eksamensoppgåver er gjevne i forskrift 7. juli 1987 nr. 4148 om målform i eksamensoppgåver. Eksamensoppgåver som vert gjevne på norsk, skal liggje føre på begge målformer (bokmål og nynorsk). Studentane vel målform i Studentweb. Har alle studentane ønskt same målform, kan oppgåvene gjevast i berre denne målforma. Unnataket er oppgåver i faget norsk der målforma er bestemd i emneplanen.
c.Dersom undervisninga vert gjeven på eit ikkje-skandinavisk språk, skal eksamensoppgåva gjevast på undervisningsspråket, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen.
(2) Krav til språk i eksamenssvar:
a.Eksamenssvar kan leverast på svensk eller dansk som alternativ til norsk, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen.
b.Dersom eksamensoppgåva vert gjeven på engelsk, kan studentane levere eksamenssvaret på engelsk utan søknad.
c.Bacheloroppgåva og masteroppgåva skal skrivast på det språket som er mest relevant for innhaldet i oppgåva og dei praktiske forholda for kvar enkelt student. Dekan avgjer kva for språk som kan godkjennast innanfor desse rammene. Bachelor- og masteroppgåver som vert skrivne på norsk, skal ha eit samandrag på engelsk eller eit anna relevant framandspråk. Bachelor- og masteroppgåver som vert skrivne på eit ikkje-skandinavisk språk, skal ha eit kort samandrag på norsk/skandinavisk. Dekan kan gi unnatak frå denne avgjerda dersom studenten ikkje meistrar eit av dei skandinaviske språka (norsk, svensk eller dansk).
§ 9-10.Gjennomføring av munnleg eksamen
(1) Sensorane i fellesskap er ansvarlege for planlegging og gjennomføring av munnleg eksamen.
(2) Når munnleg eksamen vert gjennomført i gruppe, skal sensorane passe på at alle eksamenskandidatane i gruppa vert eksaminerte i eit omfang som gir tilstrekkeleg grunnlag for karakterfastsetjinga.
(3) Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på greidd resultat, som er sett på eit skriftleg arbeid på førehand, opp eller ned med maksimalt ein karakter, jf. § 11-2 (8). Karakteren på det skriftlege arbeidet skal vere protokollert. For klage på det skriftlege arbeidet sjå § 11-3 (4).
(4) Ved manglande frammøte til justerande munnleg eksamen, vert dette rekna som at studenten ikkje har møtt til eksamen. Dersom studenten ikkje møter til munnleg eksamen, eller trekkjer seg under munnleg eksamen, skal dette førast på protokoll-/sensurlista.
§ 9-11.Gjennomføring av gruppeeksamen
(1) Ved gruppeeksamen skal alle deltakarane i gruppa bidra til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein eksamenskandidat bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt, der det vert gjeve same karakter til heile gruppa, skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar/fagansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen. For klage på karakter ved gruppeeksamen sjå § 11-3 (8).
§ 9-12.Innlevering av heimeeksamen, mappevurdering og tilsvarande
(1) Innleveringsform går fram av emneplanen.
(2) Heimeeksamen og oppgåver der innleveringa er skriftleg skal som hovudregel gjennomførast digitalt.
(3) Ein kandidat som ikkje leverer eksamenssvaret innan fristen, vert registrert som «ikkje møtt» på protokoll-/sensurlista. Dette tel som eitt eksamensforsøk.
§ 9-13.Tilrettelegging ved eksamen
(1) Ein student som på grunn av sjukdom, skade eller funksjonsnedsetjing har vanskar med å gjennomføre eksamenen/vurderinga på ordinær måte, kan søkje om tilrettelegging av eksamenen/vurderinga. Tilrettelegginga skal ha som formål å vege opp for dei ulempene sjukdomen, skaden eller funksjonsnedsetjinga medfører, samtidig som det i størst mogeleg grad skal sytast for at studentane vert prøvde likt og at læringsutbyttet kan oppnåast.
(2) Søknad om tilrettelegging må setjast fram seinast 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret. I særlege tilfelle kan det dispenserast frå fristen.

Behovet skal dokumenterast med legeattest eller attest frå andre sakkunnige (f.eks. PPT, BUP, psykolog, logoped). Dokumentasjonen må forklare kvifor det er behov for særordning og kva særordning det er behov for. Manglande eller utilstrekkeleg dokumentasjon kan medføre at søknaden blir avslegen.

Når behovet for særordning har oppstått etter utløpet av fristen, kan det dispenserast frå fristen. Søknad og dokumentasjon må sendast så snart det er mogeleg etter at behovet oppstod.

(3) Eksempel på særordning ved eksamen kan vere:
a.Utvida eksamenstid ved skuleeksamen og heimeeksamen.
b.Rett til lengre pausar, eventuelt med høve til å kvile.
c.Eige eksamenslokale.
d.Bruk av datamaskin og andre tekniske hjelpemiddel.
e.Skrivehjelp, døvetolk og anna praktisk hjelp.
f.Overføring av oppgåvene til punktskrift eller forstørra skrift.
g.Høgtlesing av oppgåveteksten.
h.Studentar som ammar, kan søkje om tid til å amme i samband med skriftleg skuleeksamen.
i.Høgskulen kan, etter søknad frå ein student, bestemme at munnleg eksamen for vedkommande student ikkje skal vere offentleg når tungtvegande grunnar talar for det, jf. lova § 3-9.

Studenten har sjølv ansvar for at han/ho kan bruke innvilga hjelpemiddel.

(4) Utvida eksamenstid kan normalt gjevast med 10 minuttar pr. eksamenstime, maksimalt 1 time ved skriftleg skuleeksamen.
(5) Under heimeeksamen kan ein få utvida tid, dersom det straks og ved skriftleg legeerklæring kan dokumenterast at forseinkinga til dømes skuldast eigen akutt sjukdom eller sjukdom/dødsfall/ulukke (naudstilfelle) i nær familie. Ved innlevering av mappevurderingar eller oppgåver med ganske stor tidslengd vert høvet til ein forlengd frist vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Det kan innvilgast inntil 1 døgn ekstra tid på heimeeksamenar/prøver med ei tidslengd på 1 veke, inntil 2 døgn for heimeeksamenar/prøver med ei tidslengd på 2 eller 3 veker og inntil 1 veke for heimeeksamenar/prøver med ei normert tidslengd på 4 til 7 veker. I heilt spesielle tilfelle kan det innvilgast utvida tid ut over dette.

(6) Studentar med eit anna morsmål enn norsk skal normalt innvilgast søknad om å få bruke tospråkleg ordbok utan ordforklaring, med mindre faglege omsyn talar mot dette. Ordboka skal leverast inn før eksamen for bokkontroll.
(7) Ved helse- eller sosiale grunnar kan ein student få avvikle skriftleg skuleeksamen utanfor institusjonen. Høgskulen kan etter søknad godkjenne at eksamen vert avvikla utanfor institusjonen, når dette kan skje under forsvarleg kontroll. Eksamensstaden skal godkjennast av høgskulen på førehand. Studenten skal betale ei avgift som dekkjer meirkostnadene. Frist for søknad er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.
§ 9-14.Anonymitet

Ved vurdering av eksamenssvaret skal anonymiteten til kandidaten ivaretakast så langt det er mogeleg.

§ 9-15.Eksamensforsøk
(1) Det er ikkje høve til å framstille seg til eksamen i same emne meir enn 3 gonger ved Høgskulen på Vestlandet. Dette gjeld også for privatistar som ønskjer å framstille seg til eksamen. Emne med tilsvarande fagleg innhald, vert rekna som same emne.
(2) Etter søknad kan studenten få dispensasjon til eit 4. eksamensforsøk når det ligg føre særlege grunnar. Minst eitt av to følgjande kriteria må vere oppfylte for å kunne få innvilga søknad om eit 4. eksamensforsøk:
a)Det må liggje føre svært viktige sosiale eller medisinske årsaker til at eitt eller fleire av dei tidlegare forsøka ikkje er greidde. Desse må vere dokumenterte (legeerklæringar, fråsegner frå spesialist m.m.) og skal seie noko om studenten sin tilstand på det tidlegare eksamenstidspunktet, her også medrekna studenten sitt høve til å gjennomføre eller eventuelt trekkje seg frå, eller sjukmelde seg frå, denne eksamenen. Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar skal også telje med i vurderinga av søknaden.
b)Studenten manglar maksimalt 30 studiepoeng for å fullføre sin grad eller yrkesutdanning.

Dersom det vert innvilga eit 4. eksamensforsøk, kan det stillast krav om at studenten må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre eventuelle arbeidskrav på nytt.

c)Det vert ikkje innvilga eit 4. forsøk dersom greidd karakter er oppnådd i emnet.
(3) For Null-kurs, jf. § 3-1 (5), står Høgskulen på Vestlandet berre ansvarleg for kostnader og gjennomføring av eitt ordinært forsøk. Vidare forsøk må studenten syte for på eige initiativ.
(4) Denne paragrafen gjeld ikkje for arbeidskrav, jf. § 7-2 og § 9-4 (2). Talet på forsøk i praksis vert regulert i § 8-5. For studentar som tek opp att ei masteroppgåve, bacheloroppgåve og andre oppgåver, gjeld i tillegg § 9-16.
§ 9-16.Oppattaking av masteroppgåve, bacheloroppgåve og andre oppgåver
(1) Ved ikkje greidd vurdering kan ein student levere ein forbetra versjon av ei bacheloroppgåve, ei masteroppgåve og andre større oppgåver på 10 studiepoeng eller meir, med individuelt utforma problemstilling, til sensur ein gong. Dette gjeld med mindre anna er bestemt i studieplanen eller emneplanen.
(2) Ved ikkje greidd vurdering er det høve til å levere ein forbetra versjon av praksisrelaterte oppgåver på mindre enn 10 studiepoeng ein gong, dersom det ikkje er mogeleg å endre problemstillinga for oppgåva utan at praksisperioden må gjennomførast på nytt.
(3) For andre oppgåver enn dei som er nemnde i denne paragrafen, er det ikkje høve til å levere ein forbetra versjon ved ikkje godkjent/ikkje greidd vurdering, med mindre noko anna er nedfelt i studieplanen eller emneplanen.
(4) Det er ikkje høve til å få vurdert ei revidert masteroppgåve eller bacheloroppgåve i det same studieprogrammet når studenten tidlegare har fått vurdert si oppgåve med greidd resultat.
(5) Ein eksamenskandidat som har fått bacheloroppgåva, masteroppgåva eller ei anna oppgåve annullert på grunn av fusk, jf. § 10-1, kan ikkje levere ein forbetra versjon av oppgåva med den same problemstillinga.

Kapittel 10. Fusk og forsøk på fusk

Fastsett med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 4-7, § 4-8 og § 5-1.

§ 10-1.Fusk og forsøk på fusk
(1) Konsekvensar av fusk og forsøk på fusk, eller medverknad til dette, vert regulert av lova § 4-7 og § 4-8.
(2) Som fusk eller forsøk på fusk ved eksamen eller ved vilkår for å gå opp til eksamen reknar ein mellom anna:
a.Å ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengelege under eksamen.
b.Å presentere andre sitt arbeid som sitt eige (plagiat).
c.Å sitere kjelder eller på annan måte nytte kjelder i skriftlege arbeid utan tilstrekkelege kjeldetilvisingar (plagiat). Å sitere eller på annan måte nytte eigne tidlegare eksamensarbeid utan tilstrekkeleg kjeldetilvising.
d.Å ha skaffa seg tilgjenge til eksamen ved å ha fuska ved prøve og liknande som er vilkår for å gå opp til eksamen, eller ved på urett grunnlag fått godkjenning for deltaking ved obligatorisk undervisning eller andre obligatoriske aktivitetar.
e.Ureglementert samarbeid mellom eksamenskandidatar eller grupper.
(3) Ein student kan reknast for å ha fuska eller forsøkt å fuske frå det tidspunktet eksamenen eller den interne prøvinga er starta. Ein eksamen er å sjå på som starta:
a.Ved skriftleg skuleeksamen: Straks eksamensoppgåva er utlevert. Dersom det vert gjennomført kontroll av tillatne hjelpemiddel før oppgåveteksten er utlevert, jf. § 9-8 (14) og § 9-13 (6), er eksamenen å sjå på som påbyrja når eksamenskandidaten har levert inn sine hjelpemiddel for kontroll.
b.Ved heimeeksamen: På det tidspunktet som høgskulen har oppgitt at eksamensoppgåva kan hentast, lastast ned eller liknande.
c.Ved mappevurdering eller anna løpande vurdering: Ved utløpet av innleveringsfristen for det første av arbeida som går inn i vurderinga. Dette gjeld også om det i studieplanen eller emneplanen er fastsett at studenten sjølv kan velje kva for eit av arbeida som skal danne grunnlag for karakteren.
d.Ved andre vurderingsformer: Når den aktuelle praksisperioden eller liknande er påbyrja.
(4) Dersom det oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk under eksamen eller intern prøve, skal eksamenskandidaten opplysast om at forholdet vil bli rapportert. Eksamenskandidaten har rett til å fullføre eksamenen eller prøven, men med den risiko at det kan bli reist sak om fusk eller forsøk på fusk.
(5) Annullering av eksamen eller prøve etter lova § 4-7 tel som eitt forsøk til eksamen eller prøve.
(6) Sak om annullering eller utestenging vert avgjort av Klagenemnda ved Høgskulen på Vestlandet. Klageinstans er det nasjonale klageorganet Felles klagenemnd, jf. lova § 5-1 nr. 7, jf. forskrift 10. oktober 2005 nr. 1192 om felles klagenemnd for behandling av klagesaker etter lov om universiteter og høyskoler § 4-7 til § 4-10.

Kapittel 11. Sensur og klage

Fastsett med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-9, § 5-2 og § 5-3.

§ 11-1.Sensur
(1) Innlevert eksamenssvar kan ikkje haldast unna sensur. Studenten kan heller ikkje koma seg fri frå sensur dersom eksaminasjonen har starta ved munnleg prøve.
(2) Sensureringstida er inntil 3 veker ved ordinær sensur. Ved masteroppgåver er sensureringstida inntil 6 veker. Når helgedag fell på ein vekedag, vert sensurfristen forlengd tilsvarande. Ved klage på karakter vert § 11a i forvaltningslova lagd til grunn for sensureringstida og klagen skal behandlast utan ugrunna opphald.
(3) Dekan oppnemner sensorar etter forslag frå fagansvarleg, for inntil 3 år om gongen. Det skal oppnemnast sensor og klagesensor for både ordinær eksamen og ny eksamen.

Sensor må ha følgjande kvalifikasjonar:

a.Bachelor (minst ein av):
1.Minimum ha mastergrad innanfor relevant fagområde.
2.Gjennom yrkespraksis vere særleg kvalifisert innan vedkommande fag.
b.Vidareutdanning som byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande:
1.Minimum ha mastergrad innanfor relevant fagområde.
c.Master:
1.Helst ha førstekompetanse innanfor relevant fagområde, men minimum ha mastergrad innanfor relevant fagområde.
d.Ph.d.:
1.Må ha førstekompetanse innen relevant fagområde.
(4) Ekstern sensor kan ikkje ha vore tilsett i hovudstilling eller bistilling eller vore student ved Høgskulen på Vestlandet det siste året. Ekstern sensor kan heller ikkje ha hatt engasjement som timelærar i det aktuelle emnet for eksamenskullet.
(5) Følgjande kvalitetssikring skal gå inn i sensureringsordninga:
a.Det bør utarbeidast ei sensorrettleiing til kvar eksamen. Det skal leggjast ved emneplan ved førstegangssensur. Ved klagesensur skal det leggast ved emneplan og nivåkontroll, eitt A-eksamenssvar, eitt C-eksamenssvar og eitt E-eksamenssvar, dersom mogeleg.
b.Det skal oppnemnast to sensorar ved munnleg/praktisk eksamen. Ved sjølvstendig arbeid i høgare grad (masteroppgåve eller tilsvarande), bacheloroppgåve og ved klagesensur skal det oppnemnast to sensorar. Av desse skal minst ein vere ekstern. Ved sensur av det sjølvstendige arbeidet i mastergrad, skal studenten sin rettleiar ikkje vere medlem av kommisjonen som sensurerer arbeidet.

På andre eksamenar i emne som skal inngå på vitnemålet eller karakterutskrift, bør det oppnemnast to sensorar. Av desse skal det vere ein ekstern sensor på minst 1/3 av emna, slik at alle emna i løpet av ein tre-årsperiode har hatt ekstern sensur.

c.Ekstern evaluering av vurderingsordningane, jf. lova § 3-9 (1), kan gjennomførast for delar av eit studieprogram eller for eitt eller fleire studieprogram samla. Innanfor kvart studieprogram skal dekanen passe på at det vert gjennomført ekstern evaluering av vurderingsordningane minimum kvart fjerde år.
d.Eksamensoppgåvene skal kvalitetssikrast. Instituttleiar, eller den oppgåva vert delegert til, skal godkjenne eksamensoppgåvene.
e.Sensor/sensorane skal, etter sensurering, skrive rapport på fastsett skjema.
(6) Ved usemje:
a.mellom ekstern og intern sensor avgjer ekstern sensor resultatet.
b.mellom to interne sensorar avgjer den sensoren som ikkje har undervisningsansvaret.
c.ved usemje på meir enn to karakterar, skal det oppnemnast ein 3. sensor. 3. sensor kan få tilgang til informasjon om kva usemja går ut på. Det er 3. sensor som avgjer karakteren endeleg.
§ 11-2.Karakterskala. Utrekning av endeleg karakter
(1) Vurderingsuttrykk er greidd/ikkje greidd vurdering eller gradert karakter frå A til E for greidd vurdering og F for ikkje greidd vurdering. Følgjande kvalitative forklaringar gjeld for dei ulike karaktertrinna:
KarakterNemningGenerell, ikkje fagspesifikk beskriving av vurderingskriteria
AFramifråFramifrå prestasjon som klart utmerkjer seg. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.
BMykje god prestasjonKandidaten viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende
CGodJamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten viser god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
DNokså godEin akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ei viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
ETilstrekkelegPrestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten viser lita vurderingsevne og sjølvstende.
FIkkje greiddPrestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende.
(2) Ved bruk av graderte karakterar vert bokstavkarakterane oppgjevne utan tillegg av pluss eller minus både ved sensur av deleksamen og ved fastsetjing av endeleg karakter. Greidd/ikkje greidd vurdering vert fastsett uavhengig av den graderte karakterskalaen.
(3) Arbeidskrav vert normalt vurdert som godkjent/ikkje godkjent.
(4) Karakterskalaen greidd/ikkje greidd er eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med gradert skala (A–F).
(5) Alle deleksamenar som går inn i ein felles karakter, skal ha same vurderingsuttrykk.
(6) I emne der endeleg karakter er slått saman av fleire deleksamenar, må kvar enkelt deleksamen vere greidd for å oppnå greidd resultat i emnet. Dersom deleksamen og dermed endeleg karakter ikkje er greidd, skal det gå fram av emneplanen om alle delane må takast på nytt, eller om ein kan ta opp att berre den deleksamenen som er ikkje greidd.
(7) Når resultatet av fleire eksamenar eller deleksamenar går inn i ein samla karakter, vert følgjande omrekningsskala nytta: A=5, B=4, C=3, D=2 og E=1. Vanlege matematiske opphøgingsreglar vert nytta.
(8) Etter justerande munnleg eksamen kan karakteren på det skriftlege eller utøvande arbeidet justerast opp eller ned med maksimalt éin karakter, jf. § 9-10 (3).
§ 11-3.Kunngjering av eksamensresultat. Grunngjeving og klage
(1) Kunngjering av eksamensresultat skjer på StudentWeb.
(2) Ein kandidat kan be om grunngjeving for karakteren på skriftleg eksamen innan 1 veke etter kunngjeringa. Institusjonen kan i eigne retningslinjer oppgje nærare krav til innhaldet i grunngjevinga.
(3) Grunngjevinga skal normalt vere gjeven innan 2 veker etter at kandidaten har bede om det.
(4) Klagefristen er normalt 3 veker frå eksamensresultatet er kunngjort. Dersom kandidaten ber om grunngjeving for karakterfastsetjing eller klage over formelle feil, er klagefristen 3 veker frå kandidaten har fått grunngjevinga eller endeleg avgjerd i klagen ligg føre.
(5) Det er berre klagerett på karakterfastsetjing som ut frå sitt slag let seg etterprøve.
(6) Ved klage skal kandidaten sitt eksamenssvar sendast til nye sensorar. Kandidatane sine kunnskapar og ferdigheiter skal blir prøvde og vurderte på ein upartisk og fagleg sikker måte. Klagesensuren skal vere forsvarleg. Det bør utarbeidast sensorrettleiing til kvar eksamen.

Dersom det ligg føre sensorrettleiing, skal denne leggjast ved klagen. Ved klagesensur skal det leggast ved emneplan og nivåkontroll, eitt A-eksamenssvar, eitt C-eksamenssvar og eitt E-eksamenssvar, dersom mogeleg. Klagen skal ikkje vere grunngjeven – verken frå klagar eller opphavleg sensor.

(7) Det er høve til å trekkje klage på karakter inntil klagen er avgjort. Klagen vert sett på som avgjort når protokollen er signert.
(8) Ved gruppeeksamen kan studentane klage på karakteren som ei gruppe. Ei eventuell endring i karakteren etter klagesensur får verknad for heile gruppa. Klagen må underteiknast av alle medlemmene i gruppa for å vere gyldig, og for å kunne takast under behandling. For gjennomføring av gruppeeksamen sjå § 9-11.
(9) Ved munnleg og praktisk eksamen må krav om grunngjeving setjast fram straks etter at studenten har fått melding om karakteren. Som hovudregel skal karakteren gjerast kjend og kravet om grunngjeving setjast fram på staden. Det er ikkje høve til å klage på karakteren ved munnleg og praktisk eksamen.
(10) Det kan klagast på formelle feil under eksamen. Klagefristen er 3 veker etter at kandidaten er kjend med, eller burde vere kjend med, det eller dei forholda som ligg til grunn for klagen. Klage over formelle feil etter lova § 5-2 skal behandlast av dekanen ved den avdelinga som har det faglege ansvaret for emnet. Klagenemnda er klageinstans.
(11) Klage på andre enkeltvedtak enn dei som er nemnde her, vert regulert av universitets- og høgskulelova og forvaltningslova. Ved motstrid gjeld universitets- og høgskulelova.

Kapittel 12. Retningslinjer, iverksetjing og overgangsordning

§ 12-1.Retningslinjer

Styret kan gje retningslinjer innanfor ramma av denne forskrifta.

§ 12-2.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2017. Frå same dato vert følgjande forskrifter oppheva: forskrift 11. juni 2015 nr. 756 om studier og eksamen ved Høgskolen i Bergen; forskrift 12. mai 2016 nr. 956 om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane; forskrift 4. juni 2015 nr. 611 om studier og vurdering for Høgskolen Stord/Haugesund, forskrift 5. mars 2009 nr. 290 om krav til bachelorgraden ved Høgskolen Stord/Haugesund og forskrift 5. mars 2009 nr. 291 om krav til mastergrad ved Høgskolen Stord/Haugesund.

§ 12-3.Overgangsordning
(1) Reglane i forskrifta om eksamensordning i § 9-5 gjeld frå og med 1. januar 2017 for alle studentar som skal avleggje ordinær eksamen frå og med våren 2017.
(2) Tilgang (rett) til ny eksamen (kontinuasjonseksamen) våren 2017, som følgjer av ordinær eksamen hausten 2016, vert regulert av ordningane ved kvar enkelt av dei fusjonerte høgskulane, slik desse ordningane låg føre hausten 2016.