Forskrift om opptak til høgre utdanning

DatoFOR-2017-01-06-13
DepartementKunnskapsdepartementet
Publisert
Ikrafttredelse15.01.2017
Sist endretFOR-2017-02-02-117
EndrerFOR-2007-01-31-173
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-04-01-15-§3-6, LOV-2005-04-01-15-§3-7, LOV-2005-04-01-15-§4-9
Kunngjort09.01.2017   kl. 14.15
Rettet27.02.2017 (§ 4-7, § 5-2)
KorttittelForskrift om opptak til høgre utdanning

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 6. januar 2017 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 3-6, § 3-7 og § 4-9.
Endringar: Endra ved forskrift 2 feb 2017 nr. 117.
Rettingar: 27.01.2017 (§ 4-7 første strekpunkt), 27.02.2017 (§ 4-7, § 5-2).

Kapittel 1. Verkeområde

§ 1-1.Verkeområde
(1) Forskrifta gjeld for opptak til grunnutdanningar ved institusjonar under lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler. Kapittel 6 i forskrifta, om politiattest, gjeld for opptak til høgre utdanning, jf. lov om universiteter og høyskoler § 4-9.
(2) Med grunnutdanning er meint utdanningar som normalt byggjer på vidaregåande opplæring, og som ikkje byggjer på eller har anna høgre utdanning som del av opptakskrav.
(3) Det er normalt krav om generell studiekompetanse for opptak til all grunnutdanning der det ikkje er fastsett unntak, jf. kapittel 3 i denne forskrifta. I tillegg til kravet om generell studiekompetanse har departementet fastsett spesielle opptakskrav for enkelte utdanningar, jf. kapittel 4.
(4) Forskrifta, med unntak av kapittel 6 om politiattest og kapittel 10 om falske vitnemål, falske dokument og dokument utferda av falske institusjonar, gjeld ikkje ved innpassing etter første studieår i fleirårige profesjonsutdanningar, for opptak til utdanning som byggjer på grunnutdanning, «profesjonsdelen» av utdanning og etter- og vidareutdanning. For slike utdanningar har institusjonane fullmakt til å fastsetje opptakskrav og rangeringsreglar sjølve dersom departementet ikkje har fastsett slike i anna forskrift eller rammeplan.
(5) Departementet kan frita enkeltstudium frå reglane i denne forskrifta.
(6) Forskrifta gjeld òg, med visse unntak, jf. forskrifta § 8-1, for klagar over enkeltvedtak i den nasjonale opptaksmodellen (NOM) for grunnutdanningar ved universitet og høgskolar som blir organisert av Nasjonalt senter for felles systemer og tjenester for forsking og studier (CERES).

Kapittel 2. Generell studiekompetanse

§ 2-1.Generell studiekompetanse – Kunnskapsløftet
(1) Det generelle grunnlaget for opptak til universitet og høgskolar (generell studiekompetanse) skal normalt vere at søkjaren
-har vitnemål om bestått norsk treårig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse;

eller

-har fylt 23 år i løpet av opptaksåret og kan dokumentere minimum fem års fulltids arbeidserfaring og/eller utdanning (23/5-søkjarar). Omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste eller sivilteneste kan òg reknast som arbeidserfaring. Som utdanning gjeld bestått årstrinn i vidaregåande opplæring, godkjent årskurs frå folkehøgskole og/eller eksamen frå studium som har vart i minst eitt år.

Begge alternativa ovanfor krev desse faga frå vidaregåande opplæring, som må vere dekte innanfor eller tekne i tillegg til krava ovanfor:

-norsk 393 timar
-engelsk 140 timar
-matematikk 224 timar
-naturfag 140 timar
-samfunnsfag 84 timar
-historie 140 timar.

Faga er oppgitt med samla omfang i timar (60 minutts einingar). Faga må vere bestått med karakteren 2 eller betre.

(2) For søkjarar som har bestått norsk 309 timar, samisk/finsk 309 timar og historie 113 timar, gjeld ikkje kravet om norsk 393 timar og kravet om historie 140 timar.
(3) Opptaksorganet har plikt til å vurdere om anna utdanning eller annan dokumentasjon av kunnskapar kan godkjennast som likeverdig. Departementet kan gi nærmare reglar.
(4) Søkjarar med generell studiekompetanse på grunnlag av vidaregåande opplæring eller tidlegare ordningar før Kunnskapsløftet skal framleis ha generell studiekompetanse, jf. overgangsføresegna i § 9-1.
§ 2-2.Utanlandsk utdanning
(1) Søkjarar med 3-årig vidaregåande utdanning frå dei andre nordiske landa er kvalifiserte for opptak utan tilleggskrav i norsk når den vidaregåande utdanninga gir generelt opptaksgrunnlag til universitet og høgskolar i dei respektive landa.
(2) Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, jf. sjette ledd, og i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk med éin av desse prøvane:
1.Bestått norsk med 393 timar frå vidaregåande opplæring
2.Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta
3.Bestått eksamen frå 1-årig høgskolestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
4.Skriftleg test i norsk, høgre nivå («Bergenstesten»), med minimum 450 poeng eller «bestått» etter ny vurderingsordning f.o.m. hausten 2009
5.Avsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheiter på minimum nivå B2 i alle delferdigheiter, jf. lov 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere (introduksjonslova) § 19 andre ledd.
(3) Universitetet eller høgskolen kan godta annan dokumentasjon av norskkunnskapar. Søkjarar som til dømes vil dokumentere norskkunnskapar med norsk eller eit anna nordisk språk som morsmål, må normalt dokumentere at dei har hatt opplæring i morsmålet på minst norsk/nordisk grunnskolenivå.
(4) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaureate (IB), og som anten har teke norsk A eller norsk B på minst lågare nivå («standard level»), eller som oppfyller krava i tredje ledd, fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegg
1.har oppnådd diplom frå International Baccalaureate (IB), eller
2.har oppnådd IB-Certificate med meir enn 20 poeng og bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgre nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgre nivå («higher level»). Slike søkjarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3. Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay må òg vere bestått.
(5) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til framandspråklege utdanningsprogram, og studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram.
(6) GSU-lista er bindande ved opptak til høgre utdanning.
§ 2-3.Opptak på grunnlag av fullført høgre utdanning
(1) Søkjarar som er tekne opp til høgre utdanning på grunnlag av reglar om unntak frå kravet om generell studiekompetanse, jf. kapittel 3, og som har bestått ei slik utdanning på minst eitt år (60 studiepoeng eller to studium, kvart på 30 studiepoeng), får generell studiekompetanse såframt dei har dokumenterte norskkunnskapar.
(2) Dersom den høgre utdanninga ikkje har hatt norsk eller anna nordisk språk som undervisningsspråk, må kravet om norsk oppfyllast, jf. § 2-1. Søkjarar med utdanning frå land utanom Norden som er tekne opp på grunnlag av § 2-2 femte ledd, må dokumentere norskkunnskapar etter føresegnene i § 2-2.
§ 2-4.Opptak på grunnlag av fullført fagskoleutdanning

Søkjarar som har fullført 2-årig fagskoleutdanning som er godkjend etter lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning, får generell studiekompetanse såframt dei òg oppfyller kravet om norsk, jf. § 2-1.

Kapittel 3. Unntak frå krav om generell studiekompetanse

§ 3-1.Realkompetanse
(1) Søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret, og som ikkje har generell studiekompetanse, har krav på å få vurdert om dei er kvalifiserte for eit bestemt studium på grunnlag av realkompetanse. Denne føresegna gjeld ikkje for søkjarar som er kvalifiserte for opptak til dette bestemte studiet etter andre føresegner, jf. § 3-3 til § 3-9.
(2) Realkompetanse er kunnskapar søkjaren har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på annan måte.
(3) Utdanningsinstitusjonen må vurdere kvalifikasjonane ut frå det faget søkjaren ønskjer å studere og finne fram til eigna og tenlege framgangsmåtar for slike vurderingar. Søkjaren må ha nødvendige faglege føresetnader for å gjennomføre det aktuelle studiet utan å ha generell studiekompetanse.
§ 3-2.Dispensasjon
(1) Institusjonane kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som ikkje fyller meir enn 24 år i opptaksåret. Vilkåret for slik dispensasjon er at søkjaren kan dokumentere at det på grunn av varig sjukdom, funksjonshemming eller liknande har vore umogleg å oppfylle nokre av dei krava ein normalt må oppfylle for å bli tilkjend generell studiekompetanse.
(2) Utdanningsinstitusjonen må vurdere kvalifikasjonane ut frå det faget søkjaren ønskjer å studere, og finne fram til eigna og tenlege framgangsmåtar for slike vurderingar. Søkjaren må ha nødvendige faglege føresetnader for å gjennomføre det aktuelle studiet utan å ha generell studiekompetanse.
§ 3-3.Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til spesielt tilrettelagd ingeniørutdanning

Institusjonar kan ta opp søkjarar som ikkje oppfyller krava til generell studiekompetanse, til spesielt tilrettelagd ingeniørutdanning, jf. § 2-1 første ledd og § 4-4 fjerde strekpunkt. Det er lagt til grunn at søkjarane har relevant fagbrev eller sveinebrev.

§ 3-4.Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til enkelte arkitekturfag og tekniske fag

Desse studia er unnatekne frå kravet om generell studiekompetanse:

-Integrert masterstudium i teknologiske fag, 3-årig ingeniørutdanning og maritime fag

Unntak frå kravet om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014, 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning, nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag eller 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999.

-Arkitektutdanning ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Unntak frå kravet om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som har bestått nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag eller 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999.

-Matteknologiutdanning

Unntak frå kravet om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014, 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning eller 1-årig tilpassingskurs, nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag eller 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999.

§ 3-5.Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til enkelte språkfag
-Samisk semesteremne og samisk nybegynnarkurs

Unntak frå kravet om generell studiekompetanse og spesielle opptakskrav fastsette under § 4-10 fjerde strekpunkt gjeld for søkjarar som har samisk tilknyting, etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-Finsk semesteremne og årseining i kvensk

Unntak frå kravet om generell studiekompetanse gjeld søkjarar som har finsk eller kvensk tilknyting, etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

§ 3-6.Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til enkelte kunstfag

Generell studiekompetanse skal framleis vere det normale kravet for opptak også for desse studiane. Unntak frå kravet om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som fyller spesielle faglege krav fastsette av institusjonen ved opptak til desse utdanningane og/eller institusjonane (jf. § 4-1):

-Studium i utøvande og skapande kunst ved Universitetet i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo og Norges Dansehøyskole
-Folkekunst og folkemusikk ved Høgskolen i Sørøst-Norge
-Kunstfagleg utdanning ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
-Studium i utøvande og skapande musikk
-Studium i folkedans ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
-Forfattarstudium ved Høgskolen i Sørøst-Norge
-Scenekunstutdanning
-Studium i duodji 1 ved Samisk høgskole
-Studium i visuell kunst ved Westerdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology
-Studium ved Den norske filmskolen ved Høgskolen i Innlandet.
§ 3-7.Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til spesielt tilrettelagde studium i akvakultur – havbruk og fiskerifag

Institusjonar kan ta opp søkjarar med relevant fagbrev som ikkje oppfyller krava til generell studiekompetanse, til spesielt tilrettelagde studium i akvakultur.

§ 3-8.Unntak frå krav om generell studiekompetanse for opptak til studium i nautikk

Institusjonar kan ta opp søkjarar med relevant fagbrev som ikkje fyller krava til generell studiekompetanse, til spesielt tilrettelagde studium i nautikk.

§ 3-9.Unntak frå krav om generell studiekompetanse for opptak til studium i serviceleiing og marknadsføring ved Høgskolen i Innlandet

Høgskolen i Innlandet kan ta opp søkjarar med relevant fagbrev som ikkje fyller krava til generell studiekompetanse, til spesielt tilrettelagde studium i serviceleiing og marknadsføring.

Kapittel 4. Spesielle opptakskrav

§ 4-1.Spesielle opptakskrav i tillegg til generell studiekompetanse
(1) I tillegg til kravet om generell studiekompetanse har departementet fastsett spesielle opptakskrav for studium og fagområde, jf. § 4-2 til § 4-10. Fagkrava refererer i hovudsak til norsk vidaregåande opplæring, studieførebuande utdanningsprogram. Fagkrava må vere oppfylte.
(2) Opptaksorganet har plikt til å vurdere om anna utdanning eller annan dokumentasjon av kunnskapar kan godkjennast som likeverdig. Departementet kan gi nærmare reglar.
§ 4-2.Spesielle opptakskrav til enkelte helse- og veterinærfag
-Medisin, odontologi, ernæring og farmasi

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og fysikk 1 og kjemi (1 + 2)

-Bioingeniørutdanning, farmasi (bachelor) og Ernæring ved UiT Noregs arktiske universitet

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og anten fysikk 1 eller biologi 1 eller kjemi 1

-Ortopediingeniørutdanning

Matematikk (R1 + R2) og fysikk 1

-Farmasi (bachelor)

Frå og med opptak til studieåret 2018–2019 gjeld:

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og kjemi 1 og anten fysikk 1 eller biologi 1 eller kjemi 2

-Veterinærmedisin

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og kjemi (1 + 2)

-Ernæringsstudium (bachelor) ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet og Høgskolen Kristiania

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og fysikk 1 og kjemi (1 + 2)

Frå og med opptak til studieåret 2018–2019 fell ernæringsstudium (bachelor) ved Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet og Høgskolen Kristiania inn under føresegna.

-3-årig bachelorstudium i sjukepleie ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2017–2018, 2018–2019 og 2019–2020 må søkjaren dokumentere at han/ho har minst karakteren 3,0 i norsk (393 timar).

§ 4-3.Spesielle opptakskrav til informatikk, realfag, natur- og miljøfag
-Informatikkutdanning - om opptak til Universitetet i Oslo, sjå òg tredje punkt

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2)

-Realfag, natur- og miljøfag – sjå òg fjerde punkt

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og matematikk (R1 + R2) eller fysikk (1 + 2) eller kjemi (1 + 2) eller biologi (1 + 2) eller informasjonsteknologi (1 + 2) eller geofag (1 + 2) eller teknologi og forskingslære (1 + 2)

Frå og med opptaket til studieåret 2018–2019 gjeld:

-Informatikk, nanoteknologi og robotikk ved Universitetet i Oslo

Som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2018–2019, 2019–2020, 2020–2021 og 2021–2022 må søkjarane dokumentere desse faga:

Matematikk (R1 + R2) og i tillegg fysikk (1 + 2) eller kjemi (1 + 2) eller biologi (1 + 2) eller informasjonsteknologi (1 + 2) eller geofag (1 + 2) eller teknologi og forskingslære (1 + 2).

-Universitet (og høgskolar) som tilbyr studium i realfag, natur- og miljøfag, kan som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2018–2019, 2019–2020, 2020–2021 og 2021–2022 sjølve fastsetje at det for opptak til slike studieprogram skal stillast krav om matematikk (R1 + R2) og i tillegg fysikk (1 + 2) eller kjemi (1 + 2) eller biologi (1 + 2) eller informasjonsteknologi (1+ 2) eller geofag (1 + 2) eller teknologi og forskingslære (1 + 2).
§ 4-4.Spesielle opptakskrav til arkitekturfag og teknologiske fag
-Arkitektutdanning ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Matematikk (R1 + R2) og fysikk 1.

Søkjarar med nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag må dokumentere tilsvarande kunnskapar i matematikk og fysikk som dei som er fastsette her.

Søkjarar med 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet 1998–1999 og tidlegare studieordningar må dokumentere kunnskapar tilsvarande matematikk R2.

-Arkitektutdanning ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og Bergen arkitekthøgskole

Søkjaren må bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-Integrert masterstudium i teknologiske fag, med unntak av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitetet

Matematikk (R1 + R2) og fysikk 1.

Søkjarar med nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag må dokumentere tilsvarande kunnskapar i matematikk og fysikk.

Søkjarar med 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999 og tidlegare studieordningar må dokumentere kunnskapar tilsvarande matematikk R2.

Søkjarar med bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014 og søkjarar med bestått 1-årig forkurs for ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning fyller fagkrava for opptak utan omsyn til dei spesielle krava i matematikk og fysikk som er fastsette her.

Sjå eige punkt 7 om opptak til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

-3-årig ingeniørutdanning

Matematikk (R1 + R2) og fysikk 1.

Søkjarar med nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag må dokumentere tilsvarande kunnskapar i matematikk og fysikk.

Søkjarar med 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999 og tidlegare studieordningar fyller krava for opptak utan omsyn til dei spesielle krava i matematikk og fysikk som er fastsette her.

Søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014, og søkjarar med bestått 1-årig forkurs for ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning, fyller krava for opptak utan omsyn til dei spesielle opptakskrava i matematikk og fysikk som er fastsette her.

Søkjarar som har generell studiekompetanse og har bestått eit realfagskurs med eitt semesters omfang med fordjuping i matematikk og fysikk, fyller krava for opptak utan omsyn til dei spesielle krava i matematikk og fysikk som er fastsette her.

For søkjarar med generell studiekompetanse eller bestått nyare godkjent to-årig teknisk fagskole i tekniske fag som blir tekne opp til treterminordning, gjeld ikkje det spesielle opptakskravet i matematikk og fysikk som er fastsett her.

For søkjarar som blir tekne opp til spesielt tilrettelagd ingeniørutdanning, jf. § 3-3, med grunnlag i fagbrev/sveinebrev og minimum 12 månader relevant praksis, gjeld ikkje det spesielle opptakskravet i matematikk og fysikk som er fastsett her.

-Teknisk bygningsvern og restaureringsarbeid og utøvande tradisjonshandverk

Relevant fagbrev.

-Landskapsarkitektur ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Søkjaren må bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-Integrert masterstudium i teknologiske fag ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Matematikk (R1 + R2) og fysikk 1. Søkjaren må dokumentere eit gjennomsnitt på minimum karakteren 4,0 i matematikk R2 (140 timar).

Søkjarar med nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag må dokumentere tilsvarande kunnskapar i matematikk og fysikk.

Søkjarar med 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999 og tidlegare studieordningar må dokumentere kunnskapar tilsvarande matematikk R2 med eit gjennomsnitt på minimum karakteren 4,0.

Søkjarar med bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014 og søkjarar med 1-årig forkurs for ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning fyller fagkrava for opptak utan omsyn til dei spesielle fagkrava i matematikk og fysikk som er fastsette her. Søkjarar må ha karakteren C eller betre i matematikk frå forkurs.

§ 4-5.Spesielle opptakskrav til enkelte økonomiske og administrative fag
-Integrert masterstudium i økonomisk-administrative fag og i samfunnsøkonomi

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2).

-Kostøkonomutdanning

Fagbrev som institusjonskokk eller tilsvarande.

-Matematisk finans

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2).

§ 4-6.Spesielle opptakskrav til enkelte hotell- og reiselivsfag
-Kjøkken- og restaurantleiing

Fagbrev som kokk, institusjonskokk eller servitør. Andre fag-/sveinebrev frå utdanningsprogram for restaurant- og matfag kan vurderast.

§ 4-7.Spesielle opptakskrav til lærarutdanningar
-Grunnskolelærarutdanning og 5-årig lektorutdanning

Søkjaren må dokumentere minimum 35 skolepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar).

Søkjarar som kan dokumentere eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i matematikk (224 timar), kan takast opp dersom dei består eit forkurs i matematikk spesielt tilrettelagt for lærarutdanning, jf. § 5-2. Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

For søkjarar til grunnskolelærarutdanning og 5-årig lektorutdanning med realfag, miljø- og naturfag gjeld i tillegg kravet som er fastsett for realfag, miljø- og naturfag i § 4-3 andre eller fjerde strekpunkt.

For søkjarar til grunnskolelærarutdanning ved Samisk høgskole gjeld i tillegg krava som er fastsette i § 4-10.

For søkjarar som har samisk som førstespråk eller andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk for gjennomsnittet av karakterane i norsk (309 timar) og samisk (309 timar).

For søkjarar som har norsk teiknspråk eller finsk som andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk gjennomsnittet av karakterane i første- og andrespråket.

Søkjaren kan i tillegg måtte gjennomføre ein opptaksprøve i form av eit intervju etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-Grunnskolelærarutdanning med musikk

Søkjaren må i tillegg til krava i første punkt dokumentere kunnskapar og ferdigheiter i musikk etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-Grunnskolelærar- og barnehagelærarutdanning med sørsamisk

Søkjaren må dokumentere kunnskapar i sørsamisk språk etter nærmare reglar fastsette av institusjonen. For grunnskolelærarutdanning gjeld i tillegg krava i første strekpunkt.

-Faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag

Søkjarar må dokumentere minimum 35 skolepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i matematikk (224 timar).

Søkjarar til faglærarutdanning i musikk, dans og drama må i tillegg dokumentere kunnskapar og ferdigheiter i musikk, dans eller drama etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-Grunnutdanning i musikk, dans og drama som er pedagogisk retta

Søkjaren må dokumentere kunnskapar og ferdigheiter i musikk, dans eller drama etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-Yrkesfaglærarutdanning

Fag-/sveinebrev eller anna fullført og bestått 3-årig yrkesutdanning i skole frå vidaregåande opplæring og 2 års relevant praksis etter avslutta utdanning. I dei tilfella der ein må ha autorisasjon for å praktisere i yrket, må ein òg ha autorisasjon for å komme inn på yrkesfaglærarutdanninga.

-3-årig lærarutdanning for tospråklege lærarar

Søkjarar må dokumentere eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og tospråkleg kompetanse etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

§ 4-8.Spesielle opptakskrav til engelskspråklege utdanningsprogram
-Engelskspråklege bachelorprogram ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

Som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2017–2018, 2018–2019, 2019–2020 og 2020–2021 må søkjaren dokumentere minimum karakteren 4,0 i fellesfaget engelsk (140 timar). Karakterkravet i engelsk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i engelsk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

§ 4-9.Spesielle opptakskrav til enkelte kunstfag

Ved opptak til desse utdanningane må søkjaren bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen:

-Studium ved fakultet for kunst- og design ved Universitetet i Bergen
-Studium ved Kunsthøgskolen i Oslo
-Scenekunstutdanning
-Studium i utøvande og skapande musikk
-Musikkvitskap og musikkteknologi ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og musikkvitskap ved Universitetet i Oslo
-Kunstfagleg utdanning ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
-Forfattarstudium
-Studieprogram dansevitskap
-Studium ved Norges Dansehøyskole
-Musikkterapi ved Universitetet i Bergen
-Bachelorstudium i dansekunst og koreografisk tenking ved Høyskolen i Dansekunst
-Studium i visuell kunst ved Westerdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology.
§ 4-10.Spesielle opptakskrav til diverse fag
-Spesialtilpassa høgskoleutdanning for døve ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Søkjarar må dokumentere ferdigheiter i norsk teiknspråk etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-TV-teknikk og TV-regi ved Høgskolen i Innlandet

Søkjarane må dokumentere kunnskapar i form av innsendt arbeid og bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-Kulturprosjektleiing og TV-leiing ved Høgskolen i Innlandet

Søkjarane må dokumentere kunnskapar i form av innsendt arbeid og bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-Studium ved Samisk høgskole og studium i samiske språk ved andre institusjonar

Søkjaren må dokumentere kunnskapar i samisk språk etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-2-årig trafikklærarutdanning

Søkjaren må ha hatt gyldig førarkort klasse B (personbil) samanhengande dei siste 3 åra.

-Paramedicutdanning

Fagbrev som ambulansepersonell eller relevant høgre utdanning.

-Luftfartsfag

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og fysikk 1, bestått opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-3-årig utdanning prehospitalt arbeid – paramedic

Søkjarar må dokumentere førarkort klasse B (personbil) og ha bestått fysisk opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

-3-årig bachelorstudium i journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2017–2018, 2018–2019 og 2019–2020 må søkjaren dokumentere minimum karakteren 4,0 i norsk (393 timar).

-1-årig studium i Arktisk naturguide ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet

Søkjarar må ha gyldig førarkort klasse S eller klasse B og dokumentere relevant praksis etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

Søkjarar til desse studia og institusjonane må bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette ved institusjonen:

-Fotojournalistutdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus
-Animasjon ved Høgskulen i Volda
-Industridesign ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
-Produktdesignutdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus
-Studium ved Rudolf Steinerhøyskolen
-Smykkedesign ved Universitetet i Agder
-Film- og fjernsynsutdanning ved Høgskolen i Innlandet
-Bachelorstudium i tolking i offentleg sektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus
-Følgjande studium ved Westerdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology
-Bachelor i Art Direction
-Bachelor i Experience & Event
-Bachelor i Grafisk design
-Bachelor i Retail Design
-Bachelor i tekst og skribent
-Bachelor i film og TV
-Bachelor i lys for scene
-Årsstudium i musikkproduksjon
-Bachelor i manus
-Bachelor i maske- og hårdesign
-Bachelor i lyddesign
-Bachelor i spilldesign
-Bachelor i visual effects
-Bachelor i låtskriving og produksjon.
-Pianostemmerutdanning

Søkjarane må bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

0Endra ved forskrift 2 feb 2017 nr. 117.
§ 4-11.Desentralisert utdanning og deltidsutdanning

For opptak til desentralisert utdanning og/eller deltidsutdanning kan institusjonane fastsetje spesielle opptakskrav i form av relevant yrkeserfaring og arbeidstilknyting i studietida. For opptak til deltidsstudium kan det i tillegg stillast krav om tilknyting til utdanningsstaden.

Kapittel 5. Opptak på visse vilkår

§ 5-1.Opptak på visse vilkår
(1) Søkjarar som på grunn av spesielle omstende ikkje kan gå opp til eksamen i vidaregåande opplæring, og som derfor ikkje kan få dokumentasjon på bestått opplæring som normalt er krav for opptak til institusjonar som er omfatta av denne forskrifta, kan få opptak til høgre utdanning på visse vilkår. Søkjaren får opptak til høgre utdanning på vilkår av at han/ho består eksamen i eitt eller fleire fag i vidaregåande opplæring i løpet av første semester etter opptak. Det er ein føresetnad at søkjaren har karakteren 2 eller betre i standpunktkarakter i det faget han/ho ikkje har avlagt eksamen i, og at søkjaren ikkje allereie har avsluttande vurdering i faget.
(2) Med særskilde forhold er her meint sjukdom, ulykker eller dødsfall i nær familie. Dersom det ligg føre andre særskilde forhold, kan opptaksorganet gi opptak på visse vilkår. Særskilde forhold må dokumenterast ved attest frå lege, anna helsepersonell, politi eller tilsvarande.
(3) Søkjarar som har fått opptak på visse vilkår, kan ikkje få reservert studieplass til seinare opptak.
(4) Studentar med opptak på visse vilkår som ikkje fyller opptakskrava innan den fastsette fristen, mistar studieplassen og studieretten.
(5) Studentar som går opp til eksamen i eit studium dei har fått opptak til på visse vilkår, får ikkje denne eksamenen godkjend som bestått utan at opptakskravet er oppfylt.
(6) Den utdanningsinstitusjonen som gir opptak på visse vilkår, skal så langt det er mogleg og rimeleg, leggje til rette for at studenten både kan gå opp til utsett eksamen i vidaregåande opplæring og gjennomføre det studiet det på visse vilkår er gitt opptak til. Dersom institusjonen ikkje finn å kunne leggje til rette på denne måten, skal studenten få forlengje opptaket på visse vilkår til neste gong det blir arrangert utsett eksamen i det aktuelle faget i vidaregåande opplæring.
§ 5-2.Opptak til grunnskolelærarutdanning og 5-årig lektorutdanning

Søkjarar til grunnskolelærar- og lektorutdanning som kan dokumentere minimum 35 skolepoeng og eit karaktergjennomsnitt på minimum 3,0 i norsk og 3,0 i fellesfaget matematikk, kan få tilbod om studieplass på visse vilkår, jf. § 4-7. Tilbodet blir gitt på vilkår av at søkjaren består eit spesielt tilrettelagt forkurs i matematikk før studiestart. Slike søkjarar mistar studieplassen dersom forkurset ikkje er bestått.

Kapittel 6. Politiattest ved opptak til høgre utdanning

§ 6-1.Generelt
(1) Søkjarar til utdanningar der studentar kan komme i kontakt med mindreårige som ein del av klinisk undervisning eller praksisstudium, skal leggje fram politiattest som nemnt i politiregisterlova § 39 første ledd i samband med opptak.
(2) Dersom det er gitt særlege reglar om politiattest for bestemte typar yrkesutøving, gjeld desse tilsvarande for studentar som deltek i praksisstudium eller klinisk undervisning.
(3) Utdanningsinstitusjonane må kvar for seg vurdere om utdanningane dei tilbyr, blir omfatta av første ledd eller andre ledd, og krevje at studentar til desse utdanningane legg fram politiattest.
(4) Utdanningsinstitusjonane har kvar for seg plikt til å gi tilstrekkeleg og relevant informasjon om innhaldet i studia, mellom anna om det er krav om politiattest. Det må opplysast om krav om politiattest i brevet med tilbod om studieplass.
§ 6-2.Utferding av politiattest

For utferding av politiattest gjeld lov 28. mai 2010 nr. 16 om behandling av opplysninger i politiet og påtalemyndigheten, med tilhøyrande forskrift 20. september 2013 nr. 1097 om behandling av opplysninger i politiet og påtalemyndigheten.

§ 6-3.Tidspunktet for framlegging av politiattest
(1) Søkjarar som får tilsegn om plass ved utdanningar som nemnt i § 6-1 første og andre ledd i denne forskrifta, og som har merknad på politiattesten som er relevant for opptak til vedkommande utdanning, skal sende politiattesten til utdanningsstaden innan tre veker.
(2) Søkjarar som får tilsegn om plass ved utdanningar som nemnt i § 6-1 første og andre ledd, og som ikkje har merknad på politiattesten som er relevant for opptak til vedkommande utdanning, skal leggje frem politiattesten for utdanningsstaden seinast ved fastsett utdanningsstart, jf. § 6-4.
(3) Søkjarar som får tilsegn om plass ved utdanningar mindre enn fjorten dagar før skolestart, eventuelt etter studiestart, skal leggje fram politiattesten seinast tre veker etter at tilsegn om utdanningsplass er gitt.
(4) Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
§ 6-4.Stadfesting ved opptak

Søkjarar som er omfatta av § 6-3 andre ledd i denne forskrifta, skal saman med melding om at dei tek imot studieplassen, stadfeste at dei kjenner regelverket om politiattest og vil levere attest som er relevant for opptak til vedkommande utdanning, jf. § 6-1, innan fastsett frist.

§ 6-5.Fornya vandelskontroll

Fornya vandelskontroll kan utførast i samsvar med politiregisterlova § 43.

§ 6-6.Følgjer av at politiattest ikkje blir lagd fram
(1) Søkjarar eller studentar som ikkje legg fram politiattest i samsvar med reglane i denne forskrifta, har ikkje rett til å delta i klinisk undervisning eller praksis ved den aktuelle utdanninga.
(2) Det kan gjerast unntak frå føresegna i første ledd dersom årsaka til at søkjaren eller studenten ikkje legg fram politiattest i samsvar med reglane i denne forskrifta, ligg i omstende som vedkommande ikkje rår over.
§ 6-7.Følgjer av at studenten ikkje kan delta i praksisstudium/klinisk undervisning

Studentar som ikkje kan delta i obligatorisk praksis eller klinisk undervisning, får ikkje vitnemål om fullført grad eller utdanning.

§ 6-8.Behandling av politiattesten med merknad
(1) Dersom det går fram av ein politiattest at studenten har ein merknad som nemnt under § 6-1, skal utdanningsinstitusjonen straks melde frå om retten studenten har til bistand i medhald av lov om universiteter- og høyskoler § 4-9 sjuande ledd.
(2) Søkjaren eller studenten skal medverke til å opplyse saka ved å leggje fram dokumentasjon om forhold som ligg til grunn for eventuelle merknader på politiattesten. Ein søkjar eller student som ikkje legg fram slik dokumentasjon, har ikkje rett til å delta i klinisk undervisning eller praksisstudium ved den aktuelle utdanninga.
(3) Utdanningsinstitusjonen skal snarast mogleg, seinast innan ti dagar etter at all dokumentasjon i saka ligg føre, sende politiattesten til klagenemnda for institusjonen, jf. lov om universiteter- og høyskoler § 4-9 femte ledd. Med politiattesten skal det følgje ei oversikt over innhald og rettleiing i den kliniske undervisninga/praksisstudia og ei vurdering av om studenten bør stengjast ute frå denne. Studenten skal samtidig få kopi av fråsegna frå institusjonen til nemnda med vedlegg og skal ha fjorten dagar på seg til å uttale seg til nemnda.
(4) Klagenemnda for institusjonen skal behandle saka snarast mogleg og seinast fire veker etter at saka er motteken frå utdanningsinstitusjonen. Studenten har ikkje rett til å delta i klinisk undervisning eller praksisstudium ved den aktuelle utdanninga før klagenemnda har gjort vedtak i saka.
(5) Nemnda skal med bakgrunn i forholda ved den kliniske undervisninga eller praksisdelen av studiet ved den aktuelle utdanninga, og opplysningane om forholda som ligg til grunn for politiattesten, vurdere om omsynet til pasientar, brukarar, barnehagebarn, elevar eller andre medfører at studenten skal stengjast ute frå klinisk undervisning eller praksisstudium.
(6) Nemnda kan innkalle studenten til møte dersom det er nødvendig for å få saka godt nok opplyst.
(7) Felles klagenemnd er klageinstans for vedtak i nemnda, jf. forskrift om felles klagenemnd for behandling av klagesaker etter lov om universiteter og høyskoler § 4-7 til § 4-10.
(8) Sjå politiregisterforskrifta § 37-2 for reglar om oppbevaring av politiattest.
§ 6-9.Teieplikt
(1) Den som får kjennskap til teiepliktige opplysningar gjennom ein politiattest, pliktar å teie om dei overfor uvedkommande, jf. forvaltingslova § 13 - § 13e og politiregisterlova § 47.
(2) Brot på teieplikta kan straffast etter straffelova § 209.

Kapittel 7. Rangering av søkjarar ved opptak

§ 7-1.Generelt om rangering og kvotar
(1) Opptak til studium skjer på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Ein kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som skal fordelast blant søkjarar som tilfredsstiller nærmare bestemte krav.
(2) Alle kvalifiserte søkjarar som innan fastsette fristar for opptaket dokumenterer at dei oppfyller tilhøyrskriteria for ein kvote, konkurrerer om studieplass i kvoten.
(3) Grunnlaget for rangering er den dokumentasjonen som kvalifiserer søkjaren for eit studium.
(4) Søkjarar med høg poengsum skal rangerast framfor søkjarar med låg poengsum. Søkjarar med lik poengsum i ein kvote skal rangerast etter alder, eldre søkjarar går framfor yngre søkjarar.
(5) Ti dagar etter studiestart kan kvar institusjon, dersom det har vist seg umogleg å innkalle søkjarar i samsvar med rangeringslister, tilby ledige studieplassar til kvalifiserte søkjarar utan omsyn til rangeringa elles.
§ 7-2.Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote
(1) Kvote for førstegongsvitnemål omfattar søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har fått utferda førstegongsvitnemål etter normal tid i vidaregåande opplæring etter føresegner fastsette i forskrift til lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Kvoten omfattar òg søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har oppnådd generell studiekompetanse på bakgrunn av vitnemål frå yrkesfag som er fullførte og bestått på normal tid, i tillegg til at dei oppfyller fagkrava i § 2-1.
(2) Søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål skal rangerast på grunnlag av føresegnene i § 7-5, § 7-8, § 7-9 eller etter § 7-13 og § 7-14.
(3) 50 prosent av studieplassane skal tilbydast søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål.
(4) Søkjarar som fyller kriteria for opptak i kvoten for førstegongsvitnemål, men som ikkje får tilbod om studieplass, konkurrerer vidare i ordinær kvote.
(5) Departementet kan frita enkelte studium frå kravet om kvote for førstegongsvitnemål.
§ 7-3.Spesielle kvotar
(1) Når særskilde forhold gjer det ønskeleg, kan departementet fastsetje spesielle kvotar for enkelte utdanningar. Spesielle kvotar har andre tilhøyrskriterium enn kvoten for førstegongsvitnemål.
(2) Departementet kan i særskilde tilfelle fastsetje kvote for førstegongsvitnemål innanfor ein spesiell kvote.
(3) Departementet kan fastsetje avvikande rangeringsreglar for spesielle kvotar, mellom anna reglar for tildeling av særlege tilleggspoeng.
(4) Søkjarar som fyller kriteria for opptak i ein spesiell kvote, men ikkje får tilbod om studieplass, konkurrerer eventuelt vidare i kvoten for førstegongsvitnemål og deretter i den ordinære kvoten, jf. § 7-2.
§ 7-4.Poengberekning av søkjarar med meir enn eitt grunnlag for rangering

Søkjarar som fyller krava til generell studiekompetanse både som 23/5-søkjarar og på grunnlag av 3-årig vidaregåande opplæring eller tilsvarande, jf. § 2-1, skal poengbereknast etter begge desse grunnlaga for rangering. Ved rangering som 23/5-søkjar kan det for desse søkjarane inngå fag frå beståtte vitnemål eller kompetansebevis som er nødvendige for at søkjaren skal vere kvalifisert for eit studium, og fag som kan gi tilleggspoeng. Lærestaden skal bruke den poengberekninga som gir høgast rangering.

§ 7-5.Karakterpoeng for søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring
(1) Alle fag med talkarakterar som inngår i grunnlaget for rangering, skal takast med i berekninga av karakterpoeng.
(2) Karakterpoeng er gjennomsnittet av alle talkarakterar, med to desimaler, multiplisert med 10. For fellesfag skal berre karakter(ar) på høgaste nivå inngå i berekninga av karakterpoeng.
(3) Departementet eller den institusjonen departementet gir fullmakt, kan fastsetje omrekningstabellar for søkjarar med International Baccalaureate, fransk baccalauréat eller anna vidaregåande opplæring frå utlandet.
(4) For søkjarar med vitnemål frå norsk gymnas med bokstavkarakterar gjeld fastsett omrekningstabell, jf. § 9-2.
§ 7-6.Karakterpoeng for 23/5-søkjarar
(1) Karakterpoenga skal reknast ut på grunnlag av dei faga som dekkjer generelle og spesielle opptakskrav, og dei faga som gir tilleggspoeng.
(2) Karakterpoenga skal reknast ut som gjennomsnittet av alle talkarakterar med to desimalar, multiplisert med 10. For fellesfag skal berre karakter(ar) på høgaste nivå inngå i berekninga av karakterpoeng.
(3) Søkjarar som tilfredsstiller eitt eller fleire generelle eller spesielle fagkrav for opptak på grunnlag av anna utdanning eller annan dokumentasjon av kunnskapar enn faga som er bestått i norsk eller nordisk vidaregåande opplæring, skal rangerast etter § 7-12.
§ 7-7.Karakterforbetringar
(1) Ved berekning av karakterpoeng utanom kvoten for førstegongsvitnemål skal karakterforbetringar erstatte tidlegare karakter(ar) i same faget.
(2) Søkjarar som får utferda førstegongsvitnemål etter to år i vidaregåande opplæring, kan bruke det påfølgjande året til eventuelle karakterforbetringar og framleis bli vurderte i kvoten for førstegongsvitnemål, jf. § 7-2.
§ 7-8.Tilleggspoeng for realfag og framandspråk frå vidaregåande opplæring
(1) Det kan totalt givast inntil 4 tilleggspoeng for programfag frå programområde for realfag og programfag innanfor «framandspråk» frå vidaregåande opplæring i Kunnskapsløftet. Faga må vere bestått. Det skal ikkje givast utteljing for fag som overlappar kvarandre.
(2) Alle programfag frå programområde for realfag og programfag innanfor «framandspråk» med eit omfang på 140 timar gir 0,5 tilleggspoeng, bortsett frå faga matematikk R2, fysikk 2 og «framandspråk» III, som gir 1,0 tilleggspoeng.
(3) Søkjarar med studieførebuande Vg3 i utdanningsprogram for naturbruk får 0,5 tilleggspoeng.
(4) Søkjarar med vitnemål frå anna noverande eller tidlegare norsk eller nordisk vidaregåande opplæring som er eller har vore offentleg godkjend, eller med opptaksgrunnlag frå utlandet elles, kan få inntil 4 tilleggspoeng når det i utdanninga inngår fagkombinasjonar som må reknast som likeverdige med dei realfaga og framandspråka som etter andre ledd gir rett til tilleggspoeng.
§ 7-9.Tilleggspoeng for det underrepresenterte kjønnet

For enkelte utdanningar kan departementet bestemme at søkjarar av det kjønnet som er klart underrepresentert blant studentar eller yrkesutøvarar frå vedkommande utdanning, skal ha 1 eller 2 tilleggspoeng.

§ 7-10.Tilleggspoeng for alder
(1) Søkjarar utanom kvoten for førstegongsvitnemål som har vitnemål om bestått 3-årig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse, får 2 alderspoeng per år frå og med det året søkjaren fyller 20 år, maksimalt 8 poeng.
(2) 23/5-søkjarar får 2 alderspoeng per år frå og med det året søkjaren fyller 24 år, maksimalt 8 poeng.
§ 7-11.Tilleggspoeng for høgre utdanning, eitt år på folkehøgskole, sivilteneste eller militær førstegongsteneste
(1) Det blir gitt 2 tilleggspoeng for anten eit fullført studium eller samla 60 studiepoeng ved universitet eller høgskole eller eitt år på ein folkehøgskole med godkjend skoledokumentasjon eller fullført militær førstegongsteneste eller sivilteneste.
(2) Eit fullført halvårig studium eller 30 studiepoeng gir 1 tilleggspoeng.
(3) Det kan maksimalt givast 2 tilleggspoeng etter denne føresegna.
§ 7-12.Rangering av søkjarar som ikkje kan poengbereknast
(1) Kvalifiserte søkjarar som ikkje kan poengbereknast, må rangerast i høve til poengberekna søkjarar ved hjelp av ei individuell skjønnsmessig vurdering. For å få tilbod om opptak må søkjaren ha likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter rangering på grunnlag av poengberekning.
(2) I vurderinga skal det takast omsyn til om søkjaren har eit opptaksgrunnlag og ein fagsamansetnad som er likeverdig med det som gir grunnlag for tilleggspoeng for realfag/framandspråk for søkjarar som kan poengbereknast.
(3) I vurderinga skal opptaksorganet leggje vekt på søkjarens reelle kvalifikasjonar for studiet, mellom anna norskkunnskapane til søkjaren.
§ 7-13.Rangering på grunnlag av særskild vurdering
(1) Grunnlag for opptak etter særskild vurdering kan vere at eit anna morsmål enn norsk, sjukdom, funksjonshemming eller andre spesielle forhold gir grunn til å tru at karakterpoengsummen etter føresegnene i § 7-5 til § 7-7 ikkje gir eit rett bilete av kvalifikasjonane til søkjaren.
(2) Søkjarar som ønskjer å bli vurderte etter denne føresegna, må be om det i søknaden og leggje ved særskild grunngiving og dokumentasjon på dei forholda dei nemner.
(3) Forhold som dei som er nemnde ovanfor, gir ikkje i seg sjølve rett til studieplass. For å få tilbod om opptak må søkjaren ha likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter § 7-1 til § 7-12 og § 7-14.
(4) For studium med opptaksprøve gjeld denne føresegna når tilbod om opptaksprøve eller endeleg rangering heilt eller delvis byggjer på poengberekning etter § 7-1 til § 7-12.
(5) Søkjarar som ikkje får tilbod om opptak etter desse reglane, skal rangerast etter reglane i høvesvis § 7-1 til § 7-12 og § 7-14.
§ 7-14.Rangering på grunnlag av opptaksprøve
(1) Søkjarar til studium som etter § 4-4, § 4-7, § 4-9 og § 4-10 har opptaksprøve som spesielt opptakskrav, kan rangerast på éin av desse måtane:
-etter § 7-1 til § 7-13 åleine
-på grunnlag av opptaksprøve åleine
-på grunnlag av både § 7-1 til § 7-13 og opptaksprøve.
(2) Departementet fastset kva alternativ som skal brukast for dei enkelte studia. Kvote for førstegongsvitnemål, jf. § 7-2, gjeld med mindre departementet har fastsett unntak, jf. § 7-2 femte ledd.
§ 7-15.Rangering ved opptak til spesielt tilrettelagd ingeniørutdanning

Ved opptak til spesielt tilrettelagd ingeniørutdanning, jf. § 3-3, skal søkjarar med karakteren mykje godt på fag-/sveineprøven rangerast framfor søkjarar med karakteren godt når søkjarane elles har den same poengsummen. Har søkjarane framleis like mange poeng, skal dei rangerast etter alder, og eldre søkjarar går framom yngre søkjarar.

Kapittel 8. Nasjonal klagenemnd for opptak gjennom Samordna opptak

§ 8-1.Nasjonal klagenemnd for opptak gjennom Samordna opptak
(1) Reglane for nasjonal klagenemnd gjeld klagar over enkeltvedtak i den nasjonale opptaksmodellen (NOM) for grunnutdanningar ved universitet og høgskolar som Nasjonalt senter for felles systemer og tjenester for forskning og studier (CERES) organiserer.
(2) Reglane for nasjonal klagenemnd gjeld ikkje vedtak om opptak på grunnlag av realkompetanse og vedtak om opptak etter at det er gitt dispensasjon frå enkelte av krava om generell studiekompetanse, jf. § 3-6 i universitets- og høgskolelova. Reglane gjeld heller ikkje for klagar på vurdering av spesielle opptakskrav som omfattar ferdigheiter eller opptaksprøvar etter nærmare reglar fastsette av institusjonen. Klagar på slike vedtak skal behandlast i samsvar med den klageordninga som er etablert ved kvar lærestad.
0Endra ved forskrift 2 feb 2017 nr. 117.
§ 8-2.Korleis klagenemnda skal nemnast opp og vere samansett
(1) Departementet nemner opp klagenemnda.
(2) Klagenemnda skal ha sju medlemmer og vere slik samansett:
a)ein leiar og ein nestleiar som skal oppfylle dei krava lova stiller til lagdommarar
b)tre medlemmer – den eine skal nemnast opp til nestleiar, jf. kravet ovanfor – og varamedlemmene deira frå dei institusjonane forskrifta gjeld for
c)éin medlem med personleg varamedlem frå forvaltingsområdet for vidaregåande opplæring
d)to medlemmer og varamedlemmene deira som representative studentorganisasjonar foreslår.
(3) Studentrepresentantane skal normalt nemnast opp for to år.
(4) Sekretariatet for klagenemnda skal liggje i Nasjonalt senter for felles systemer og tjenester for forskning og studier (CERES).
0Endra ved forskrift 2 feb 2017 nr. 117.
§ 8-3.Avgjerd i klagenemnda
(1) Klagenemnda er vedtaksfør når leiaren eller nestleiaren og minst fire andre medlemmer, av desse éin studentrepresentant, er til stades.
(2) Det kan ikkje klagast på vedtak i klagenemnda.

Kapittel 9. Overgangsreglar

§ 9-1.Generell studiekompetanse etter tidlegare ordningar
(1) Generell studiekompetanse har søkjarar som i samsvar med Reform 94 har bestått 3-årig vidaregåande opplæring med grunnkurs, VKI og VKII, eller som har bestått fagopplæring med fagbrev/sveinebrev eller er 23/5-søkjarar, og som har desse faga, bestått med karakteren 2 eller betre, frå vidaregåande opplæring (Reform 94):
-norsk (14)
-engelsk (5)
-matematikk (5)
-naturfag (5)
-samfunnsfag (6), som omfattar nyare historie (4) og samfunnslære (2)

har generell studiekompetanse. Faga er oppgitt med gjennomsnittleg veketimetal i parentes.

(2) For søkjarar som har lese norsk og samisk med høvesvis (11) + (11) veketimar, gjeld ikkje kravet om 14 veketimar norsk.
(3) Søkjarar som har bestått 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999, oppfyller krava til generell studiekompetanse.
(4) Søkjarar som har fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring, studieretning for allmenne fag eller studieretning for handels- og kontorfag, har generell studiekompetanse. Tilsvarande gjeld for søkjarar som har bestått eksamen artium eller eksamen frå økonomisk gymnas.
(5) Grunnkurs, VKI og VKII i studieretning for handels- og kontorfag med bestått i faga norsk, matematikk, rekneskapslære, engelsk, sosialøkonomi og organisasjonslære, svarer til fagkrava i norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag.
(6) Søkjarar som våren 1992 eller tidlegare har teke eksamen eller delprøvar i samfunnsfag ved studieretning for allmenne fag, får godkjent 5 veketimar. Dette kan omfatte geografi, historie og samfunnslære eller samfunnskunnskap.
(7) Søkjarar som før 1. juni 1997 er tekne opp til eller kan dokumentere å ha fått ei vurdering av opptaksgrunnlaget sitt ved eit universitet eller ein vitskapleg høgskole på grunnlag av anna høveleg utdanning (tidlegare Veg I-, II- og III-vurderingar), eller som er tekne opp med heimel i § 4 bokstav b punkt 20 i tidlegare forskrift 12. desember 1991 nr. 812 om opptak til regionale høyskoler, har generell studiekompetanse.
(8) Søkjarar som er tekne opp før 1. juli 1997, og som har fullført og bestått eit studium i høgre utdanning normert til minst 60 studiepoeng eller to studium normerte til minst 30 studiepoeng, har generell studiekompetanse.
(9) For søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå Oslo By Steinerskole til og med 2004 og frå andre Rudolf Steinerskolar til og med 2005, gjeld at det skal vurderast individuelt om dei fyller krava til generell studiekompetanse.
(10) Søkjarar som har dokumentert engelsk med (2 + 2) veketimar frå grunnkurs og VKI i yrkesfagleg studieretning i Reform 94, oppfyller kravet om engelsk 140 timar, jf. føresegner gitt i medhald av forskrift til opplæringsloven § 24-11 om korleis fag kan erstatte kvarandre frå Reform 94 til Kunnskapsløftet.
§ 9-2.Overgangsreglar om rangering
(1) Omrekningstabell for søkjarar med vitnemål frå norsk gymnas med bokstavkarakterar: S = 6, M = 5, G = 4, T = 4, Ng = 2..
§ 9-3.Overgangsreglar for spesielle opptakskrav

Søkjarar som dokumenterer fastsette spesielle opptakskrav (realfag) med studieretningsfag frå vidaregåande opplæring før Kunnskapsløftet, oppfyller kravet når dei kan dokumentere det fastsette kravet på VKII-nivå eller tilsvarande («høgaste nivå»). Søkjarane blir samtidig rekna for å ha oppfylt lågare nivå i faget.

Kapittel 10. Falske vitnemål, falske dokument og dokument utferda av falske institusjonar

§ 10-1.Utfyllande definisjonar til lov om universiteter og høyskoler § 3-7 sjette ledd
(1) Eit vitnemål eller dokument er falskt dersom det inneheld skriftleg eller digital dokumentasjon som ikkje er sannferdig, eller dersom innhaldet i eit opphavleg, skriftleg eller digitalt, vitnemål eller dokument er manipulert eller endra.
(2) Med dokument utferda av falske utdanningsinstitusjonar er meint dokument som er utferda av ikkje-eksisterande utdanningsinstitusjonar eller av utdanningsinstitusjonar som gir urett uttrykk for å ha ei akkreditering etter lov om universiteter og høyskoler § 3-1 eller etter tilsvarande utanlandsk regelverk.

Kapittel 11. Iverksetjing

§ 11-1.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 15. januar 2017. Oppheva frå same dato blir

-Forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høyere utdanning.