Forskrift om nedsatt fart i Straumsundet, Fjell kommune, Hordaland.

DatoFOR-1981-11-25-4216
PublisertII 1981 s 862
Ikrafttredelse01.01.1982
Sist endret
Endrer
Gjelder forStraumsundet, Fjell kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1893-07-20-1-§323
Kunngjort
KorttittelForskrift om nedsatt fart, Fjell

Fastsatt av Sjøfartsdirektoratet 25. november 1981 med heimel i sjøveisregel 40, jfr. lov om sjøfarten av 20. juli 1893 § 323 nr. 1.

§ 1.Fartsgrense.

5 - fem - knop er største tilletne fart i Straumsundet frå nord for den nye Straumsbrua til sør for den gamle brua.

§ 2.Avvik.

Forbodet i § 1 kan overskridast av politiet og brannvesenet sine farty i påtrengjande tilfelle, samt av farty nytta til sjuketransport.

§ 3.Fritaking.

Politimeisteren i Hordaland kan etter søknad i einskilde tilfelle frita frå denne forskrift når det finst forsvarleg av omsyn til tryggleiken, t.d. ved båtsportstemne, regattaer, vasskisportstemne m.m.

§ 4.Straffeføresegn.

Forsettleg eller aktlaust brot på denne forskrift straffast med bøter etter den almindelige borgerlige straffelov av 22. mai 1902 § 339 nr. 2, i fall ikkje strengare straff etter anna straffebod kan nyttast.

§ 5.Ikraftsetting.

Denne forskrift blir sett i verk 1. januar 1982.