Forskrift om fartsavgrensing i sjøen, sjøkart nr. 252, Vik kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2006-02-10-157
PublisertII 2006 hefte 1
Ikrafttredelse01.03.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forVik kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1984-06-08-51-§6, FOR-2003-06-19-748-§3, FOR-2002-10-15-1162, LOV-2009-04-17-19-§64
Kunngjort16.02.2006
KorttittelForskrift om fartsavgrensing i sjøen, Vik

Fastsett av Kystdirektoratet 10. februar 2006 med heimel i lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann § 6 andre ledd og forskrift 19. juni 2003 nr. 748 om fartsbegrensninger i sjø, elv og innsjø § 3 andre ledd, jf. delegeringsvedtak 15. oktober 2002 nr. 1162.

§ 1.(Fartsavgrensing)

8 knop er høgaste tillatne fart innanfor ei linje frå posisjon 61° 05,830′ N - 006° 34,451′ Ø (Tillischteigen) i vest over Indre Vikjabukti til posisjon 61° 05,647′ N - 006° 35,469′ Ø (Kyrelvi) i aust.

§ 2.(Unntak)

Forskrifta gjeld ikkje for

a)Forsvaret, politiet, tollvesenet og brannvesenet sine fartøy, samt losfartøy og ambulansefartøy,
b)fartøy med lege om bord,
c)fartøy i sjøredningstenesta,

der overskriding av fartsavgrensinga er nødvendig for å få utført utrykkinga eller oppdraget.

Fartøy som nemnt i første ledd, skal om mulig vise varsellys eller på annan måte varsle om utrykkinga eller oppdraget.

§ 3.(Dispensasjon)

Kystdirektoratet kan gi dispensasjon frå forskrifta sine føresegner. Dispensasjon kan berre skje etter grunngjeven søknad. Dispensasjon skal vidare berre skje i særlige tilfelle og det skal leggast vekt på at det ikkje ved bølgjeslag eller på annan måte oppstår skade eller fare for skade for andre fartøy, farvatnet sine strandliner, kaier, akvakulturanlegg, badande, eller omgivnadene elles.

Dispensasjonen skal gjerast tidsavgrensa.

Kystdirektoratet kan delegere myndigheit etter første ledd til Kystverket sitt distriktskontor.

Søknad om dispensasjon som er stetta eller avslått kan påklagast. Kystdirektoratet er klageinstans for vedtak som er treft av Kystverket sitt distriktskontor. Fiskeri- og kystdepartementet er klageinstans for vedtak som er treft av Kystdirektoratet.

§ 4.(Straff)

Forsettleg eller aktlaus overtreding av forskrifta her, og enkeltvedtak gitt i medhald av den, vert straffa med bøter etter § 28 i lov om havner og farvann av 8. juni 1984 nr. 51 for så vidt overtredinga ikkje vert ramma av strengare straffeføresegner.

§ 5.(Iverksetjing)

Forskrifta trer i kraft 1. mars 2006.