Forskrift om område for og bruk av vasscooter i hamnebassenget, Flora kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2006-06-13-896
PublisertII 2006 hefte 3
Ikrafttredelse13.06.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forFlora kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1998-06-26-47-§39
Kunngjort13.07.2006
KorttittelForskrift om bruk av vasscooter, Flora

Kapitteloversikt:

Fastsett av Flora kommune 13. juni 2006 med heimel i lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter § 39 andre ledd.

§ 1.Formål

Leggje til rette for at det kan arrangerast konkurransar med vasscooter i hamnebassenget i Flora.

§ 2.Definisjonar 

Vasscooter

Reglane i denne forskrifta omfattar bruk av vasscooterar og andre liknande motordrevne mindre fartøy som er konstruert for å føre personar, og som etter alminneleg språkbruk ikkje kan beteiknast som båtar, jf. lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter § 38.

§ 3.Løyve til bruk av vasscooter

Etter skriftleg søknad kan Flora kommune gi løyve til bruk av vasscooter i eit avgrensa område som går fram av kartutsnitt dat. 20. mars 2006.

§ 4.Vilkår og avgrensingar
1.Hamne- og næringssjefen får mynde til å avgrense antal løyve pr. kalenderår.
2.Løyve skal kun gjevast i samband med offisielle arrangement i regi av Norsk motorsportforbund. Lokale arrangørar som søker må dokumentere arrangementet sin offisielle status.
3.Kommunen kan i kvart einskild løyve avgrense ferdselsareal og sette dei vilkår for arrangementet som ein finn naudsynt.
4.Nærare land kaier, flytebrygger og andre faste eller flytande konstruksjonar enn 25 m skal vasscooter følgje dei til ei kvar tid gjeldande fartsbestemmelsane for hamnebassenget.
§ 5.Klage

Klage på vedtak etter forskrifta skal følgje reglane i forvaltningslova. Klagenemnda handsamar og avgjer klagen.

§ 6.Iverksetting og verketid

Denne forskrifta tek til å gjelde straks, og gjeld til Flora bystyre opphevar den.

Vedlegg 

lf-20060613-0896-01-01.gif