Forskrift om orden i og bruk av farvatn og hamner, Aurland kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-12-17-1621
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2010
Sist endret
EndrerFOR-2008-06-24-665
Gjelder forAurland kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-04-17-19-§14, LOV-2009-04-17-19-§42
Kunngjort22.12.2009   kl. 13.40
KorttittelForskrift om orden i og bruk av farvatn, Aurland

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Aurland kommunestyre 17. desember 2009 med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 14 første ledd og § 42 første ledd.

Kap. I. Kommunen sitt sjøområde og hamnestyresmaktene

§ 1-1.(verkeområde)

Forskrifta her gjeld for Aurland kommune sitt sjøområde med mindre anna er fastsett i dei enkelte paragrafar.

Om eit tiltak krev løyve frå statleg styresmakt etter lov om havner og farvann eller forskrifter gjevne med heimel i denne lova, er det ikkje naudsynt med løyve etter forskrifta.

§ 1-2.(hamnestyret)

Som styringsorgan for kommunen har hamnestyret ansvaret for, og oppsyn med all bruk av og aktivitet i kommunen sitt sjøområde. Hamnestyret fører kontroll med hamneadministrasjonen sitt arbeid.

§ 1-3.(hamneadministrasjonen)

Hamneadministrasjonen utøver den kommunale hamnedrifta. Hamneadministrasjonen har det daglege tilsynet i kommunen sitt sjøområde, og skal sjå til at hamne- og farvasslova og forskrifter, einskildvedtak og andre avgjerder tekne med heimel i denne lova blir etterlevde.

Under utøvinga av tilsyns- og handhevingsoppgåvene sine skal tenestemennene i hamneadministrasjonen bere uniform i dei tilfella hamnestyret finn det naudsynt, og ha tenesteprov. Dette skal visast av tenestemenn som ikkje ber uniform, når det blir kravd.

§ 1-4.(vedtak om bruk av sjø- og landområde)

Hamnestyret kan leggje ned forbod mot bruk eller setje vilkår for bruk av sjø- og landområda i kommunen sitt sjøområde dersom:

-nyttetrafikken blir hindra
-ferdsla for fartøy innan kommunen sitt sjøområde kan bli vanskeleg
-hamneverksemda på land blir hindra
-visse bruksområde heilt eller delvis utelukkar kvarandre
-vedtekne planar for bruken gjer dette naudsynt
-bruken kan valde fare eller skade.

Avgrensingane skal ikkje vere større eller vare lenger enn det som er naudsynt.

I kurante tilfelle kan hamneadministrasjonen leggje ned forbod eller setje vilkår som nemnde i føregåande ledd. Det same gjeld når det ikkje er tid til å kalle saman hamnestyret før eit naudsynt vedtak blir gjort.

§ 1-5.(vilkår)

Til eitkvart løyve etter forskrifta her kan hamnestyret eller hamneadministrasjonen fastsetje vilkår.

§ 1-6.(unntak)

Hamnestyret og hamneadministrasjonen kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå forskrifta.

§ 1-7.(delegering)

Hamnestyret kan gje utfyllande føresegner til forskrifta.

§ 1-8.(tryggingskontroll)

Hamnestyret eller hamneadministrasjonen kan setje i verk undersøking av personar og gods som er i kommunen sitt sjøområde når omsynet til tryggleiken i skipsfarten krev det. Dette reduserer ikkje det ansvaret reiaren har etter sjøfartslovgjevinga.

§ 1-9.(straff)

Brot på forskrifta her blir straffa med bøter etter lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 62.

Kap. II. Fortøying, opphald i hamna m.m.

§ 2-1.(fortøying, oppankring mv.)

Hamneadministrasjonen kan avgjere om, kvar og på kva måte eit fartøy kan fortøye ved kommunen sine anlegg. Det må ikkje fortøyast i berande konstruksjonsdel for kai, bygning eller anna innretning. Hamneadministrasjonen kan påleggje bruk av fortøyingsassistanse ved innkomst til kommunalt anlegg.

Fortøyingar, varp eller spring, må ikkje utan løyve plasserast i eller setjast ut over farlei, eller stengje tilkomsten til kaiar, areal eller på annan måte hindre ferdselen.

§ 2-2.(karantene m.m.)

Fartøy som går i utanriks fart eller kjem frå område med farlege smittsame sjukdomar, skal straks etter fortøying ved kai ta dei naudsynte forholdsreglane for å hindre at skadedyr kjem i land, etter nærare føresegner frå hamneadministrasjonen.

Fartøy som kjem til kommunen sitt sjøområde med karanteneflagg eller som får ordre om karantene, skal ankre på tilvist ankerplass der fartøyet skal bli liggjande til det blir gjeve ordre eller løyve til å gå til ein annan ankrings- eller fortøyingsplass.

Tilvising av eller ordre eller løyve til å gå til annan ankerplass eller fortøyingsplass blir gjeven av helsestyresmaktene i kommunen gjennom hamneadministrasjonen.

§ 2-3.(flytting av fartøy)

Hamneadministrasjonen kan bestemme at eit fartøy skal flyttast eller fjernast, dersom omsynet til trafikktilhøva eller drifta av hamna gjer dette naudsynt, eller det er fare for skade.

Fartøy med største lengd over 20 meter skal alltid ha tilgjengeleg, nok mannskap for å kunne utføre pålegg frå hamneadministrasjonen etter første ledd med mindre hamneadministrasjonen fastset anna. Hamneadministrasjonen kan bestemme at dette òg skal gjelde mindre fartøy.

§ 2-4.(taubåtassistanse)

Hamneadministrasjonen kan påleggje eit fartøy bruk av taubåt dersom dette er naudsynt av tryggingsomsyn eller av omsyn til annan ferdsel.

§ 2-5.(bruk av propell og maskineri)

Fartøy må ikkje under opphald ved kai, bruke propell, her òg sidepropell, før straks før fartøyet skal gå. Under manøvrering til eller frå kai, skal det utvisast varsemd slik at propellvatnet ikkje fører til skade på andre fartøy eller hamneanlegg. Det same gjeld andre typar framdrifts- og manøvreringsmiddel.

Hjelpemaskineri som uroar arbeidstilhøve og omgjevnader kan hamneadministrasjonen påleggje stoppa.

Under opphald ved kai er bruk av framdriftsmaskineri som uroar omgjevnadene forbode.

§ 2-6.(dekking av utløpsopningar)

Under opphald ved kai skal fartøy forsvarleg stengje av utløpsopningar som vender mot kaien eller mot andre fartøy i den grad det er naudsynt for at spillvatn, damp e.l. ikkje skal vere sjenerande eller valde fare.

§ 2-7.(røykutvikling)

Fartøy i hamna må ikkje vere årsak til sot eller røykutvikling som kan vere til unødig sjenanse eller medføre skade.

§ 2-8.(støyande arbeid o.l.)

Hamneadministrasjonen kan forby rustbanking eller anna støyande arbeid på fartøy i kommunen sitt sjøområde.

Kap. III. Bruk av hamneareala og hamneanlegga til kommunen

§ 3-1.(verkeområde med definisjon)

Føresegnene i dette kapitlet gjeld hamneareal og hamneanlegg som er eigd eller disponert av kommunen eller av selskap og samanslutning der kommunen eig 50% eller meir, her kalla hamneareala og hamneanlegga til kommunen. Som hamneareal og hamneanlegg reknar ein alle bygningar, innretningar eller land- og sjøareal som vert brukt til hamneføremål.

§ 3-2.(tilgang til hamneareala og hamneanlegga til kommunen)

Hamneadministrasjonen kan avgrense eller forby tilgangen til hamneareala og hamneanlegga til kommunen.

§ 3-3.(bruk av hamneareala og hamneanlegga til kommunen)

Alle må rette seg etter dei føresegnene og pålegga som hamneadministrasjonen gjev i samband med bruken av hamneareala og hamneanlegga til kommunen.

Hamneareala og hamneanlegga til kommunen må ikkje utan løyve frå hamneadministrasjonen brukast til syslar som fell utanom dei normale aktivitetane i hamna.

§ 3-4.(handel, fabrikkdrift, lagring o.l.)

Hamneareala og hamneanlegga til kommunen må ikkje utan løyve frå hamneadministrasjonen brukast til handel, produksjon, auksjonar, omsetningsverksemd, lagring av varer o.l.

Likeeins må ikkje hamneareala til kommunen brukast til friluftstilstellingar o.l. som tek opp stor plass eller medfører samanstimling av menneske, utan løyve frå hamneadministrasjonen.

§ 3-5.(lossing, lasting og transport)

Lossing, lasting og transport må gå forsvarleg føre seg slik at hamneareala og hamneanlegga til kommunen ikkje vert skadde. Varer må ikkje slepast på kai utan bruk av rullar eller traller og heller ikkje styrtast frå køyretøy, jernbanevogn eller fartøy utan forsvarleg underlag.

§ 3-6.(tungt godshandteringsutstyr)

Ved bruk av tungt godshandteringsutstyr må grensene for belastning fastsett for arealet eller anlegget ikkje overskridast.

§ 3-7.(frist for utføring av laste- og lossearbeid)

Hamneadministrasjonen kan fastsetje ein rimeleg frist for når lasting eller lossing skal vere ferdig utført.

§ 3-8.(lagring av losse- og lastemateriell)

Losse-, laste- og transportmateriell skal etter bruk fjernast eller setjast bort på den staden hamneadministrasjonen viser til.

§ 3-9.(oppbevaring av varer o.l.)

Ingenting må leggjast opp på kommunen sine kaiar, lager eller areal utan løyve frå hamneadministrasjonen. Varer som blir tillatne lagde opp, skal ta minst mogleg plass. Desse må ikkje kome nærare kaikanten enn 1 meter og nærare kran eller jernbanespor enn 1,4 meter. Tilkomsten til lager, fartøy, fortøyingsinnretningar, innretningar som har med tryggleik eller landingstrapper å gjere må ikkje sperrast.

Varer o.l. skal fjernast snarast råd etter endt lossing og seinast innan 48 timar, dersom hamneadministrasjonen ikkje tillet at dei ligg oppe i lengre tid. Hamneadministrasjonen kan flytte varene for eigaren si rekning og risiko, når tilhøva gjer det naudsynt.

Kommunen pliktar ikkje å gjerde inn eller føre tilsyn med opplagde varer på sine kaiar, lager eller areal.

§ 3-10.(ut- eller ompakking av varer)

Utpakking eller ompakking, tilarbeiding o.l. som ureinar eller er til hinder for ferdselen eller arbeidet i hamna, er ikkje tillate på hamneareala og hamneanlegga til kommunen utan løyve frå hamneadministrasjonen.

§ 3-11.(fjerning av avfall)

Det som har brukt hamneareal eller hamneanlegg til lossing eller lasting, pliktar å fjerne avfall, emballasje, restar av last o.l. så snart som råd etter at lossing eller lasting er avslutta og seinast innan arbeidstidsslutt eller til den tida hamneadministrasjonen fastset. Avfall mv. må berre leggjast på tilvist stad.

§ 3-12.(fjerning av køyretøy)

Køyretøy som er parkerte i strid med parkeringsforbod eller på ein slik måte at det er til ulempe for hamneverksemda, kan fjernast av hamneadministrasjonen for eigaren si rekning og risiko.

§ 3-13.(varsel om skade)

Den som har vore skuld i skade på kommunen sine hamneareal, hamneanlegg eller innretningar, pliktar snarast råd å melde dette til hamneadministrasjonen.

Kap. IV. Forskjellige føresegner

§ 4-1.(vrak mv. som kan valde fare eller skade)

Vrak, søkkeferdige fartøy eller gjenstandar som kan valde fare eller skade, må ikkje førast inn i kommunen sitt sjøområde utan etter løyve frå hamneadministrasjonen.

§ 4-2.(sikring av fartøy og gjenstandar)

Fartøy og gjenstandar må sikrast slik at dei ikkje kan kome i drift eller på annan måte valde fare eller skade. Dersom fare eller skade likevel skulle oppstå, pliktar eigaren eller den ansvarlege straks å setje i verk naudsynte tiltak for å hindre eller avgrense faren eller skaden.

§ 4-3.(bruk av offentlege areal til plassering av fartøy m.m.)

Utan løyve frå hamneadministrasjonen må fartøy eller gjenstandar ikkje plasserast på kommunale hamneanlegg og hamneareal. Det same gjeld for plassering på andre kommunale og offentlege areal med mindre plasseringa er kortvarig.

§ 4-4.(overlasta fartøy)

Hamneadministrasjonen kan nekte overlasta eller ikkje sjødyktige fartøy å forlate kai eller fortøying, og gje ordre om at slike fartøy går til næraste land eller kai.

§ 4-5.(passering av flytande arbeidsreiskapar m.m.)

Ved passering av mudderapparat, dykkar- og arbeidsprammar, flåtar o.l., eller der det pågår anleggsarbeid i og ved sjøen, skal det visast særleg aktsemd. Passerande må om naudsynt halde godt unna og redusere farten til minste styrefart slik at det ikkje oppstår bølgjeslag eller annan fare for skade.

§ 4-6.(isbryting)

Utanfor dei alminneleg brukte skipsleiene, må ingen bryte råk eller lage anna opning i isen som kan valde fare eller ulempe, utan at det er henta inn løyve frå hamneadministrasjonen.

Hamneadministrasjonen avgjer kva som kan reknast som alminneleg brukt skipslei.

§ 4-7.(dykkararbeid m.m.)

Dykkararbeid skal ikkje finne stad utan etter løyve frå hamneadministrasjonen.

Dykkararbeid skal markerast med det internasjonale signalflagget «A» eller med tilsvarande merkt skjerm. Om natta skal markeringa vere opplyst.

Føresegna gjeld ikkje der dykking av tryggingsårsaker eller for å berge verdiar må gjerast før løyve er gjeve. I slike tilfelle skal det snarast råd merkjast som nemnt i andre ledd i denne føresegna, og gjevast melding til hamneadministrasjonen om dykkinga.

§ 4-8.(bruk av eksplosive varer)

Eksplosive varer skal ikkje brukast før det er gjeve løyve frå hamneadministrasjonen.

Kap. V. Supplerande føresegner

§ 5-1.(forbod mot bruk av sidepropell) ... ... ...
§ 5-2.(ferje- og fløttmannstrafikk)

Innan kommunen sitt sjøområde skal ingen drive inntektsgjevande ferje-, fløttmannstrafikk eller rutetrafikk utan løyve frå hamnestyret. Føresegna her gjeld ikkje når det krevst løyve frå annan styresmakt.

§ 5-3.(registrering av slepebåtar, lekterar o.l.)

Den som disponerer losjiskip, lekterar, slepebåtar, vassbåtar, bunkersbåtar, verkstadbåtar eller produksjonsfartøy som berre skal brukast innanfor kommunen sitt sjøområde skal, innan utgangen av januar kvart år, melde frå til hamneadministrasjonen for registrering og gje dei opplysningane hamneadministrasjonen ber om. Fartøy av denne art som blir tekne i bruk innan kommunen sitt sjøområde i året, skal innan 8 dagar etter at dei er tekne i bruk meldast til hamneadministrasjonen.

Dersom fartøy nemnde i føregåande ledd ikkje er påførte registreringsnummer, kan det tildelast eit nummer av hamneadministrasjonen som òg avgjer korleis nummeret skal førast på fartøyet. Det registeret hamneadministrasjonen fører etter denne føresegna skal vere offentleg.

§ 5-4.(passering av bruer, kanalar mv.) ... ... ...
§ 5-5.(løyve til anlegg og innretningar)

I kommunen sitt sjøområde må ingen leggje ut faste eller flytande anlegg eller innretningar som t.d. flåtar, kioskar, husbåtar, losjiskip, fortøyingsinnretningar, merke, bøyer o.l. utan etter løyve frå hamneadministrasjonen. Dette gjeld ikkje dersom tiltaket er kortvarig og ikkje vil vere til ulempe for ferdsla eller andre brukarar av området.

§ 5-6.(vesentlege hindringar eller ulemper for ferdsla)

Når bruk av farvatn kan skape vesentlege hindringar eller ulemper for den alminnelege ferdsla, skal det gjevast melding til hamneadministrasjonen om bruken seinast 24 timar før han blir sett i verk.

Hamneadministrasjonen kan krevje at bruken ikkje må skje utan løyve.

§ 5-7.(arrangement)

Arrangør eller ansvarleg for regattaer, båtstemne, fritidsbåtsamlingar eller andre arrangement som kan vere til ulempe for nyttetrafikken skal om mogleg seinast 24 timar før arrangementet startar gje melding til hamneadministrasjonen.

Hamneadministrasjonen kan krevje at arrangementet ikkje må gjennomførast utan løyve.

§ 5-8.(dykking) ... ... ...
§ 5-9.(motorisert ferdsel) ... ... ...
§ 5-10.(luftputefartøy) ... .. ...
§ 5-11.(seglbrett) ... ... ...
§ 5-12.(luftfartøy) ... ... ...
§ 5-13.(opplag)

Fartøy med største lengd over 20 meter, og som skal liggje i opplag i over ein månad, skal meldast til hamneadministrasjonen, som kan krevje at opplag ikkje kan skje utan løyve.

Hamneadministrasjonen kan forlange eit opplagt fartøy flytta eller fjerna.

Denne forskrifta gjeld ikkje fartøy som er omfatta av statlege forskrifter om opplag.

§ 5-14.(forbod mot visse typar motorisert ferdsel)... ... ...

Kap. VI. Avsluttande føresegner

§ 6-1.Trår i kraft og oppheving

Forskrifta trår i kraft frå 1. januar 2010.

Frå det tidspunktet forskrifta her tek til å gjelde, blir forskrift 24. juni 2008 nr. 665 om bruk av og orden i hamner, Aurland kommune, Sogn og Fjordane oppheva.

§ 6-2.(overgangsreglar)

Tiltak det krevst løyve til etter desse forskriftene, og som allereie var gjorde utan løyve etter tidlegare gjeldande lovgjeving og forskrifter, kan krevjast omgjorde med 3 månaders varsel. Dersom det ikkje er mogleg å varsle eigaren av anlegget eller innretninga, kan desse fjernast utan varsel.