Forskrift om sakshandsamingsgebyr etter lov om hamner og farvatn, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2011-12-14-1534
PublisertII 2012 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forBremanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-04-17-19-§6, LOV-2009-04-17-19-§8, FOR-2010-12-20-1760
Kunngjort16.02.2012   kl. 15.00
KorttittelForskrift om gebyr etter havnelova, Bremanger

Heimel: Fastsett av Bremanger kommunestyre 14. desember 2011 med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 6 og § 8, og forskrift 20. desember 2010 nr. 1760 om saksbehandlingsgebyr etter lov om havner og farvann.

§ 1.(sakshandsamingsgebyr etter lov om hamner og farvatn)

Føreskrifta gjelder tiltakshavar si plikt til å betale gebyr til dekning av Bremanger Hamn og Næring sine kostnader vedr. handsaming av søknad om løyve etter lov 17. april 2009 nr. 19 om hamner og farvatn § 27 første ledd.

Det skal ikkje reknast gebyr for handsaming av klage over vedtak.

§ 2.(gebyret sin storleik mv.)
Sakshandsamingsgebyr, «større» tiltakkr 4 000 pr. søknad.
Sakshandsamingsgebyr, «enkle» tiltakkr 2 000 pr. søknad.
Sakshandsamingsgebyr, «større» tiltak m/synfaringkr 8 000 pr. søknad.
Sakshandsamingsgebyr, «enkle» tiltak m/synfaringkr 4 000 pr. søknad.

Faktura vert utsteda når vedtak er fatta.

§ 3.(Trer i kraft)

Føreskrifta trer i kraft frå 1. januar 2012.