Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming av søknad om tillatelse etter lov om havner og farvann, Alden hamneområde, Førde, Naustdal, Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad og Flora kommuner, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2012-02-09-162
PublisertII 2012 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forAlden hamneområde, Førde, Naustdal, Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad og Flora kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-04-17-19-§6, LOV-2009-04-17-19-§8, FOR-2010-12-20-1760
Kunngjort23.02.2012   kl. 14.30
KorttittelForskrift om gebyrregulativ for Alden hamneområde

Heimel: Fastsett i Førde bystyre 15. desember 2011, Naustdal kommunestyre 15. desember 2011, Askvoll kommunestyre 19. desember 2011, Fjaler kommunestyre 19. desember 2011, Gaular kommunestyre 20. desember 2011, Hyllestad kommunestyre 20. desember 2011 og Flora kommunestyre 9. februar 2012 med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 6 og § 8 og forskrift 20. desember 2010 nr. 1760 om saksbehandlingsgebyr etter lov om havner og farvann.

§ 1.Gebyret inneheld

Gebyret omfattar sakshandsaming av bygging, graving, utfylling og andre tiltak som kan påvirke sikkerheten eller fremkommeligheten i kommunens sjøområde.

Som tiltak regnes bl.a. fortøyningsinstallasjoner, kaier, brygger, broer, luftspenn, utdyping, dumping, akvakulturanlegg, opplag av fartøy, lyskilder, kabler og rør.

Forskrift 3. desember 2009 nr. 1449 om tiltak som krever tillatelse fra Kystverket:

Tiltak som alltid krever tillatelse fra Kystverket:

a)akvakulturanlegg.
b)kraftproduserende anlegg i sjø.
c)rørledninger for olje og gass.
d)broer.
e)luftspenn.
f)innretningar, installasjoner og anlegg for kraftproduksjon og petroleumsvirksomhet, herunder slep og oppankring av slike. Unntatt er forsynings- og hjelpefartøy eller skip som transporterer petroleum i bulk.
g)Tiltak som krysser en kommunegrense.
h)Andre tiltak som kan skape vesentlige hindringar eller ulempe for den alminnelige ferdsel, herunder sprengninger, større slep, seismiske undersøkelser og utprøving av utstyr.

Resten av tiltaka skal kommunen behandle og gi tillatelse etter lov om havner og farvann.

§ 2.Betalingsplikt

Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betale gebyr.

§ 3.Tidspunkt for avrekning av gebyr

Gebyret vert utrekna i høve det regulativ som gjeld når fullstendig søknad er motteke av kommunen.

§ 4.Fleire tiltak i søknad

Ved byggemelding av fleire tiltak samstundes, skal det reknast gebyr for kvart tiltak.

§ 5.Tidspunkt for fakturering og betalingstidspunkt

Når vedtak i samband med søknad vert gjeve, skal det fakturerast for fullt gebyr.

§ 6.Tiltak som kjem inn under fleire tiltaksklassar

Ved tiltak som kjem inn under fleire tiltaksklassar, bereknast gebyr etter høgaste tiltaksklasse.

§ 7.Anna arbeid

For anna arbeid der det ikkje er faste gebyr og for arbeid som skal fakturerast etter medgått tid, skal det brukast ein timesats på kr. 850,-.

§ 8.Arbeid som er ulovleg sett i gang

Dersom eit arbeid vert sett i gang utan at løyve er gitt, eller før søknad er innsendt, gjeld handsamingsgebyr på 200 % av normal sats. Det vert og rekna 200 % av gebyrsats for eventuelle dispensasjonar.

§ 9.Klagegang

Storleik av gebyra (gebyrregulativet) blir fastsett av kommunestyret. Dette er ei forskrift som ikkje kan påklagast, jf. kap. VII i forvaltningslova.

Kommunens si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

§ 10.Merverdiavgift

Det skal ikkje betalast meirverdiavgift i tillegg til gebyr for tenester etter gebyrregulativet, med unnatak av gebyr etter brukt tid.