Forskrift om kommunens berekning og innkreving av anløpsavgift, Alden hamneområde, Førde, Naustdal, Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad og Flora kommuner, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2012-02-09-163
PublisertII 2012 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forAlden hamneområde, Førde, Naustdal, Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad og Flora kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-04-17-19-§8, LOV-2009-04-17-19-§25, LOV-2009-04-17-19-§52, FOR-2010-12-20-1762-§25
Kunngjort23.02.2012   kl. 14.30
KorttittelForskrift om anløpsavgift, Alden hamneområde

Heimel: Fastsett i Førde bystyre 15. desember 2011, Naustdal kommunestyre 15. desember 2011, Askvoll kommunestyre 19. desember 2011, Fjaler kommunestyre 19. desember 2011, Gaular kommunestyre 20. desember 2011, Hyllestad kommunestyre 20. desember 2011 og Flora kommunestyre 9. februar 2012 med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 8, § 25 og § 52 og forskrift 20. desember 2010 nr. 1762 om kommunenes beregning og innkreving av anløpsavgift.

§ 1.Virkeområde

Forskriften gjeld for kommunen som beregner og krev inn anløpsavgift med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 25. Forskriften regulerer berekning og innkreving av slik avgift.

§ 2.Avgiftsplikt

Farty som anløper hamn i kommunen skal betale anløpsavgift til kommunen, jf. havne- og farvannslova § 25. Anløpsavgifta skal ileggast pr. anløp. Med eit anløp menes ein inn- og utsegling. Ved fleire anløp ti hamn i kommunen i løpet av samme døgn, ileggast avgift kun ein gang.

Unntatt frå plikt til å betale anløpsavgift er

1.Farty som betalar spesiell hamnevederlag, sjå nedanfor.
2.Små farty under 15 meter.
3.Bergings- og isbryterfarty i høve berging og isbryting.
4.Orlogsfarty, norske og utenlandske.
5.Kystverkets farty i høve med arbeid i farvannet.
6.Farty som anløper hamn på grunn av skade eller nødstilstand og farty ikkje laster, losser eller tar om bord passasjerer.

Kommunen kan frita andre farty enn dei som er nemnt i andre ledd frå plikt til å betale anløpsavgift.

§ 3.Kostnader som dekkast av anløpsavgift

Anløpsavgifta skal berre dekke kommunens kostnader ved utøving av offentleg mynde med hjemmel i havne- og farvannslova, samt kostnad knytta til tryggleik og fremkommelighet i kommunens sjøområde, når denne kostnaden ikkje kan dekkast gjennom betaling for tenestar i hamna eller andre gebyr og avgifter i medhald av lova.

Dette kan være kostnader til navigasjonsinnretningar, investeringar og vedlikehald i farleia, fjerning av hindringar i farvannet, oppsynsfunksjonar, isbryting og fastsetting og handheving av ordensforskriftar.

Felleskostnader til administrasjon vert beregna og fordelt slik at anløpsavgifta berre belastast med sin relative andel av felleskostnadene.

Avskriving og renter regnes som kostnad

§ 4.Beregning av anløpsavgift

Anløpsavgifta skal beregnes på bakgrunn av fartyets bruttotonnasje (BT) slik den er angitt i fartyets internasjonale målebrev.

Det kan fastsettes ein minimumsavgift i staden for avgift beregnet på grunnlag av fartyets BT.

§ 5.Rabattordningar

Kommunen kan fastsette rabattordningar, herunder årsavgift eller sesongavgift.

§ 6.Innføring og endring

Innføring og endring anløpsavgifta bør skje ved virkning frå 1. januar.

§ 7.Etterkalkulasjon

Kommunen skal for hvert år foreta ein etterkalkulasjon som viser inntekt frå anløpsavgiften og dei kostnadane som skal dekkast av anløpsavgifta.

Fordeling av kostnader skal være dokumentert og etterprøvbar.

Anløpsavgifta skal ikkje gje økonomisk overskudd. Kommunen kan framføre overskudd og underskudd frå avgiftsregnskapet til påfølgjande år. I løpet av ein periode på 3-5 år skal ikkje inntektene overstige kostnadene for årene samla.

§ 8.Tilsyn

Kystverket fører tilsyn med at bestemmingane i forskriften vert helde.

§ 9.Forvaltningstiltak

Kystverket kan iverksette forvaltningstiltak etter havne- og farvannslova kapittel 10 overfor kommunen ved brot på denne forskriften.

§ 10.Betalingsplikt

Rederen og agenten svarer solidarisk for anløpsavgifta, jf. havne- og farvannslova § 25 fjerde ledd.

§ 11.Klage

Enkeltvedtak som treffes etter forskriften kan påklagast etter bestemmelsene i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker. Kystverkets hovudkontor er klageinstans for vedtak fattet av kommunen.

§ 12.Ikrafttredelse

Forskriften trer i kraft 1. januar 2012.