Forskrift om unntak frå forbodet mot bruk av vannscooter og liknande fartøy, Austrheim kommune, Hordaland

DatoFOR-2012-06-20-780
PublisertII 2012 hefte 3
Ikrafttredelse01.08.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forAustrheim kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1998-06-26-47-§40
Kunngjort09.08.2012   kl. 15.40
KorttittelForskrift om unntak frå vannscooterforbod, Austrheim

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Austrheim kommunestyre 20. juni 2012 med heimel i lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter § 40 fjerde ledd.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å regulere bruk av vannscooter og andre liknande motordrivne fartøy som er konstruert for å føra personar, og som etter allminneleg språkbruk ikkje kan definerast som båtar og som dermed kjem inn under forbodet i lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter § 40 tredje ledd. Forskrifta gjeld for Austrheim kommune.

Det er Sjøfartsdirektoratets definisjon av fartøy som skal leggast til grunn for klassifisering av fartøy.

§ 2.Heimel

Forskrifta er fastsett av Kommunestyret i Austrheim kommune i sak nr. KS 062/12 20. juni 2012 med heimel i lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter § 40 fjerde ledd.

§ 3.Løyve til køyring

Rådmannen i Austrheim kommune kan med heimel i denne forskrifta gi løyve til køyring med vannscooter og andre liknande motordrivne fartøy som er konstruert for å føra personar, og som etter allminneleg språkbruk ikkje kan definerast som båtar i Austrheim kommune.

Løyve kan bare gis etter søknad til arrangement i tidsrommet som er angitt i § 5 i denne forskrift og i dei areala som er nemnt i § 6. Arrangementet skal ha ein navngitt og definert arrangør. Arrangementet skal gjerast kjent for dei sjøfarande i lokalpressa og i Etterretning for sjøfarende (EFS).

Løyve kan gis til arrangement som omfattar køyring med fartøy som kjem inn under forbodet i lov 26. juni 1998 nr. 47 § 40 tredje ledd.

§ 4.Ansvar

Arrangøren står ansvarleg for at arrangementet vert gjennomført i samsvar med denne forskrift og vilkår i gitt løyve.

Arrangøren er ansvarlig for tryggleik og beredskap i samband med arrangementet.

Arrangøren er ansvarleg for merking av områda i tråd med krava i § 3 og § 6.

Arrangøren er ansvarleg for å gjera arrangementet kjent for dei sjøfarande i lokalpressa og i Etterretning for sjøfarende (EFS).

§ 5.Tidsmessig avgrensing

Forskrifta gjeld for eit avgrensa tidsrom kvart år.

i)Forskrifta gjeld for perioden 1. august til og med 31. august.
ii)Banene kan nyttast:
a)Kvardagar mellom klokka 09.00 og 22.00.
b)Søndag mellom klokka 13.00 og 22.00.
§ 6.Geografisk avgrensing

Forskrifta gjelder for fylgjande områder i Austrheim kommune: 

i)Område merkt A i vedlagt kart, med fylgjande koordinatliste, EUREF 89, vedlegg 1
NordAust
A16748386.273334.
A26748365.273247.
A36748390.273118.
A46748439.272976.
A56748338.272899.
A66748176.272926.
A76748072.273022.
A86748108.273104.
A96748185.273140.
A106748231.273192.
A116748259.273258.
A126748348.273290.
 

Områda skal merkast med bøyer i sjø ved bruk. Alle punkt skal merkast med bøyer med påført nr. Bøyene skal være godt synlege for den øvrige skipstrafikken og merkinga skal være eintydig.

Ved arrangement kan det kjørast i sakte fart frå sjøsettingsplass i Langøy industriområde til område A.

ii)Område merkt B i vedlagt kart, med fylgjande koordinatliste, EUREF 89, vedlegg 2
NordAust
B16746037.279166.
B26746185.279093.
B36746302.278969.
B46746386.278843.
B56746412.278742.
B66746565.278560.
B76746675.278554.
B86746776.278469.
B96746974.278362.
B106746942.278502.
B116746835.278703.
B126746682.278875.
B136746516.279060.
B146746424.279108.
B156746322.279154.
B166746194.279224.
B176746072.279291.
B186746043.279150.

Områda skal merkast med bøyer i sjø ved bruk. Alle punkt skal merkast med bøyer med påført nr. Bøyene skal være godt synlege for den øvrige skipstrafikken og merkinga skal være eintydig.

Punktane B 14–17 skal merkast særskilt da dei grensar opp mot farleia.

Ved arrangement kan det kjørast i sakte fart frå sjøsettingsplass ved Mastrevik kai i kolonne med fylgjebåt til området merkt B.

§ 7.Aktivitetsmessig avgrensing

I områda merkt A og B kan det arrangerast oppvisningskjøring og organisert testkøyring for eit avgrensa tal kjøretøy.

Køyring kan bare skje etter gitt løyve jf. § 3.

§ 8.Ikrafttreding og verkeperiode

Forskrifta trer i kraft 1. august 2012 og er gyldig til den vert oppheva av annan forskrift eller ved vedtak.

Vedlegg 1:

Kart over område A som ligg i området mellom Bjørnøyna, Grønholmen og Hjeltholmen på vestsida av Langøyna ved sørspissen. 

lf-20120620-0780-01-01.png

Områda skal merkast med bøyer i sjø ved bruk. Alle punkt skal merkast med bøyer med påført nr. Bøyene skal være godt synlege for den øvrige skipstrafikken og merkinga skal være eintydig.

Ved arrangement kan det kjørast i sakte fart frå sjøsettingsplass i Langøy industriområde til område A.

Vedlegg 2:

Kart over område B som ligg i området nord for Mastrevik nordover langs vestsida av sundet mot Ulvøy. 

lf-20120620-0780-02-01.png

Områda skal merkast med bøyer i sjø ved bruk. Alle punkt skal merkast med bøyer med påført nr. Bøyene skal være godt synlege for den øvrige skipstrafikken og merkinga skal være eintydig.

Bøyane i punktane 14–17 skal merkast særskilt da dei grensar opp mot farleia.

Ved arrangement kan det kjørast i sakte fart frå sjøsettingsplass ved Mastrevik kai i kolonne med fylgjebåt til området merkt B.