Forskrift om anløpsavgift i Bremanger kommune sitt sjøområde, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2012-09-27-1075
PublisertII 2012 hefte 4
Ikrafttredelse01.10.2012
Sist endret
EndrerFOR-2011-12-14-1533
Gjelder forBremanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-04-17-19-§6, LOV-2009-04-17-19-§8, LOV-2009-04-17-19-§42, FOR-2010-12-20-1762
Kunngjort22.11.2012   kl. 15.10
KorttittelForskrift om anløpsavgift, Bremanger

Heimel: Fastsett av Bremanger kommune 27. september 2012 med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 6, § 8 og § 42 sjette ledd, og forskrift 20. desember 2010 nr. 1762 om kommunenes beregning og innkreving av anløpsavgift.

§ 1.(virkeområde)

Føreskrifta gjelder for Bremanger Hamn og Næring KF som bereknar og krev inn anløpsavgift med heime i lov 17. april 2009 nr. 19 om hamner og farvatn § 25 og § 42 sjette ledd.

§ 2.(avgiftsplikt)

Fartøy som anløper hamner i Bremanger kommune sitt sjøområde skal betale anløpsavgift til Bremanger Hamn og Næring KF. Anløpsavgift skal betalast per anløp. Med eit anløp meiner ein inn- og utsegling. Ved fleire anløp til hamn i løpet av same døgn, skal avgift berre betalast ein gong. Eit døgn reknar ein frå ankomst. Ankring eller stopp innanfor Bremanger kommune sitt sjøområde for ilandsetting av gods eller passasjerar, er anløp og anløpsavgift berekna på vanleg måte.

Unnatekne frå plikt til å betale anløpsavgift er:

-Fartøy som passerer hamneselskapet sitt sjøområde utan å anløpe hamna.
-Fartøy som anløper hamna på grunn av skade eller naudstilstand og fartøyet ikkje laster, lossar eller tek om bord passasjerar.
-Bergings- og isbrytarfartøy under utføring av berging eller isbryting.
-Orlogsfartøy, norske som utanlandske.
-Politiet og brannvesenet sine fartøy, som har oppgåver innan hamneselskapet sitt sjøområde.
-Skuleskip når desse ikkje driv kommersiell verksemd.
-Verneverdige fartøy, med erklæring frå Riksantikvaren.
-Kystverket sine fartøy i samband med arbeid i farvatnet.
-Hamneselskapet kan frita andre fartøy enn dei som er nemnde i andre ledd frå plikta til å betale anløpsavgift.
§ 3.(kostnader som inngår i anløpsavgifta)

Anløpsavgifta skal dekke Bremanger Hamn og Næring KF sine kostnader knytt til sikkerheit og framkommelegheit i Bremanger kommune sitt sjøområde, samt utøving av offentlig myndigheit med heimel i eller i medhald av hamne- og farvatnloven.

§ 4.(berekning av anløpsavgift)

Anløpsavgifta skal bereknast på bakgrunn av fartøyet sin bruttotonnasje (BT) slik den er angitt i fartøyet sitt internasjonale målebrev som er i samsvar med Den internasjonale konvensjonen om måling av fartøy av 1969. Dersom fartøyets BT ikkje går fram av målebrevet, vert den fastsett av Bremanger Hamn og Næring KF basert på berekning av BT for tilsvarande fartøy.

Det kan fastsettast ei minimumsavgift i staden for avgift berekna på grunnlag av fartøyet sin BT.

For fartøy som ikkje er fritekne etter § 2 skal det betales anløpsavgift etter følgjande BT-grupperinger og satsar: 

-For det fyrste 300 BT - 43 øre pr. tonn pr. anløp
-For det neste 300 BT - 43 øre pr. tonn pr. anløp
-For det neste 600 BT - 43 øre pr. tonn pr. anløp
-For det neste 800 BT - 43 øre pr. tonn pr. anløp
-For det neste 1000 BT - 43 øre pr. tonn pr. anløp
-For det neste 2000 BT - 43 øre pr. tonn pr. anløp
-For det neste 5000 BT - 37 øre pr. tonn pr. anløp
-For alt over 10 000 BT - 32 øre pr. tonn pr. anløp

Minste anløpsavgift er kr 200,-

§ 5.(rabattordningar)

Administrasjonen i Bremanger Hamn og Næring KF kan fastsette rabattordningar, herunder årsavgift eller sesongavgift.

§ 6.(betalingsplikt)

Reiar og agent svarer solidarisk for anløpsavgift, jf hamne- og farvatnloven § 25 fjerde ledd.

§ 7.(klage)

Enkeltvedtak som ein fattar etter føreskrifta kan klagast på etter avgjerslene i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker. Kystverket sitt hovudkontor er klageinstans for vedtak fatta av Bremanger Hamn og Næring KF.

§ 8.(iverksetjing)

Føreskrifta trer i kraft frå 1. oktober 2012.

Frå same tid blir forskrift 14. desember 2011 nr. 1533 om anløpsavgift i Bremanger kommune sitt sjøområde, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane oppheva.