Forskrift om kommunen si berekning og innkrevjing av kai-, vare- og passasjeravgift i Bremanger kommune sitt sjøområde, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2013-06-20-830
PublisertII 2013 hefte 3
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endretFOR-2015-12-17-1882 fra 01.01.2016
Endrer
Gjelder forBremanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-04-17-19-§42, FOR-2012-12-19-1331
Kunngjort04.07.2013   kl. 14.40
KorttittelForskrift om passasjeravgift, Bremanger

Heimel: Fastsett av Bremanger kommune 20. juni 2013 med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 42 sjette ledd, og forskrift 19. desember 2012 nr. 1331 om kommunenes beregning og innkreving av kai-, vare- og passasjeravgift. Endra med forskrift 17 des 2015 nr. 1882 (i kraft 1 jan 2016).

§ 1.(virkeområde)

Forskrifta gjeld Bremanger kommune som har fått løyve til og krevje inn hamneavgifter etter lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne og farvannsloven) § 42 sjette ledd.

Forskrifta regulerer berekning og innkrevjing av kai-, vare- og passasjeravgift.

§ 2.(fastsetjing av forskrift)

Hamneavgiftene skal fastsetjast i forskrift. Kommunen fastset og krev inn avgiftene.

§ 3.(kaiavgift)

Kommunen kan bestemme at fartøy som legg til ved kommunen sine kaier, skal betale kaiavgift til kommunen.

Kaiavgifta betalast pr. påbegynte døgn. Liggetida vert rekna frå fartøyet legg til og inntil det går frå kai. Kaiavgifta skal bereknast på grunnlag av fartøyet sin bruttotonnasje (BT) slik den er oppgjeve i fartøyet sitt internasjonale målebrev, jf. Den internasjonale konvensjon 23. juni 1969 nr. 1 om måling av fartøy.

Dersom fartøyet sitt BT ikkje fram går av målebrevet, skal denne fastsetjast av kommunen basert på berekning av BT for tilsvarande fartøy. Det kan fastsetjast ei minimumsavgift i staden for avgift berekna på grunnlag av fartøyet sin BT.

Kommunen bestemmer sjølv kva fartøy som er avgiftspliktige. 

Kaiavgift for fartøy

Fartøy som nyttar offentlege kaier betaler kaiavgift etter følgjande satsar:

-Av dei fyrste 300 BT – 66 øre pr. tonn pr. døgn.
-Av dei neste 300 BT – 66 øre pr. tonn pr. døgn.
-Av dei neste 600 BT – 59 øre pr. tonn pr. døgn.
-Av dei neste 800 BT – 59 øre pr. tonn pr. døgn.
-Av dei neste 1 000 BT – 59 øre pr. tonn pr. døgn.
-Av dei neste 2 000 BT – 59 øre pr. tonn pr. døgn.
-Av dei neste 5 000 BT – 47 øre pr. tonn pr. døgn.
-For alt over 10 000 BT – 42 øre pr. tonn pr. døgn.

Minste avgiftsbeløp er kr 300,-.

Fritekne for kaiavgifta:

-Orlogsfartøy, så vel norske som utanlandske.
0Endra med forskrift 17 des 2015 nr. 1882 (i kraft 1 jan 2016).
§ 4.(vareavgift)

Kommunen kan ilegga vareavgift for varer som vert frakta med fartøy til eller frå hamna, og som vert ført over kommunen sine kaier.

Berekningsgrunnlaget for ein vare er vara si vekt i metrisk form. Volumgods med ukjend vekt vert rekna om til vekteining, 1 m³ ikkje mindre enn 1/3 tonn. For conteinarar og andre lasteberarar kan det nyttast pris pr. container eller lasteberar. Det same gjeld for gods der det ikkje er praktisk å nytte vekt eller volum som grunnlag for berekning.

For varer som kjem til hamna i transitt og som kjem og vert send vidare med fartøy, skal det kun krevjast vareavgift ved inngåande last. For varer i transitt til utlandet skal vareavgift bereknast kun ved utgåande last.

Vareavgift kan påleggast varer som vert overført frå eit fartøy til eit anna utan å passere kaia, dersom eit av fartøya ligg ved kaia. Avgifta kan i slike tilfelle ikkje krevjast inn med meir enn ein tredel av kva som er bestemt for varer som vert ført over kaia.

Vareavgifta skal dekke lagring i inntil 48 timer av varer på kai, areal eller innretning disponert av kommunen, etter avslutta utlossing av skip, eller inntil 48 timer før lasting av skipet tek til.

Vareavgift for inngåande varer påkviler varemottakar. For utgåande varer påkviler avgifta vareavsendar. Dette er ikkje til hinder for at vareavgifta ved forsendingar innanriks etter avtale kan påleggast transportøren dersom avgifta er rekna inn i frakta.

Passasjerar sin bagasje og proviant, kull, olje og andre varer til fartøyet sitt eige behov er friteke for vareavgift.

Kommunen kan bestemme at det skal givast andre unntak frå avgiftsplikta. 

Vareavgift:

Avgifta for alle varer, med unntak av dei som er nemnde nedanfor, er kr 11,- pr. tonn for vektvarer og kr 7,- pr. tonn for volumvarer (2 m³ = 1 tonn.) 

VaregruppeVareavgift i kr. pr. tonn
Poteter, salt, korn, mel og gjødning i sekkerkr 11,-
Sand, singel, asfalt, sement og dyreforkr 11,-
Person og varebilarkr 65,- pr. stk.
Lastebilar, bussar og anleggsmaskiner samt chassiskr 185,- pr. stk.
Landbrukstraktorarkr 120,- pr. stk.
Robåtar og jollerkr 120,- pr. stk.
Passbåtar og lettbåtarkr 1180,- pr. stk.
Cabincruiserar og sjarkarkr 240,- pr. stk.
0Endra med forskrift 17 des 2015 nr. 1882 (i kraft 1 jan 2016).
§ 5.(passasjeravgift)

Kommunen kan bestemme at fartøy som anløper hamn i kommunen sitt sjøområde, skal betale passasjeravgift til kommunen.

Passasjeravgifta skal bereknast pr. passasjer. Kommunen kan bestemme at passasjerar under ein viss alder skal fritakast for avgift, og kan innrømme redusert avgift for bestemte grupper av passasjerar. Som passasjer i denne samanheng vert og rekna sjåfør på bilar som vert frakta med ferga.

I innanrikstrafikk skal det betalast avgift for påstigande passasjerar. Dette gjeld også transittpassasjerar med meir enn 1 times ventetid etter rutetabell. For passasjerar i utanrikstrafikk vert det rekna avgift både ved påstiging og avstiging. Passasjerar på cruisefartøy regnes som transittpassasjerar.

Passasjeravgifta skal berre dekke kommunen sine særskilte kostnader med tilrettelegging for passasjerar, herunder venterom og toalett, spesielle ombord- og ilandstigingsramper, sikra gangareal for passasjerar og andre innretningar som er skaffa eller bygget spesielt for passasjerane. Oppstillingsplassar for ombordkøyring i ferjer og parkeringsplasser av ein kvar art, vert ikkje som tilrettelegging for passasjerar.

Det kan ikkje krevjast passasjeravgift for tilretteleggingstiltak for passasjerar som vert leigd ut slik at kostnadene vert dekka ved leieinntekter. 

Passasjeravgift:

Det vert kravd passasjeravgift for påstigande passasjerar som brukar hurtigbåtterminalane i Bremanger kommune sitt sjøområde. Avgifta er lik for alle typar passasjerar (vaksne, barn, honnør, månadskort etc.).

Passasjeravgifta er kr 5,- pr. passasjer.

0Endra med forskrift 17 des 2015 nr. 1882 (i kraft 1 jan 2016).
§ 6.(felleskostnader mv.)

Felleskostnader til administrasjon skal bereknast og fordelast slik at kvar einskild avgift bare vert belasta med sin relative del av felleskostnadene.

Avskriving og renter vert rekna som kostnad. Avskrivingar vert berekna ved å fordele investeringskostnaden jamt over investeringa si levetid. Ved intern finansiering kan det bereknast kalkulatorisk rente avgrensa oppad til effektiv rente på statsobligasjonar med tre års gjenståande løpetid tillagt eit prosentpoeng.

Kostnader som kan dekkast av saksbehandlingsgebyr etter hamne- og farvasslova § 6 eller gebyr for kontrolltiltak og tilsyn etter hamne- og farvasslova § 54, samt kostnader som refunderas av andre, skal holdas utanfor berekningsgrunnlaget. Det same gjeld kostnader som vert dekka gjennom vederlag for tenester som vert ytt i hamna.

Ved tvil avgjør Kystverket kor vidt ein kostnad kan dekkast av den einskilde avgift.

§ 7.(rabattordningar)

Kommunen kan fastsette rabattordningar, herunder årsavgift eller sesongavgift.

§ 8.(innføring og endring)

Innføring og endring av avgiftene skal skje med verknad frå 1. januar.

§ 9.(etterkalkulasjon)

Kommunen skal for kvart år foreta en etterkalkulasjon som viser inntekt frå kvar einskild avgift og dei kostnader som skal dekkast av avgiftene. Ved utarbeiding av etterkalkylen skal føringa av kostnadene følgje dei same prinsippa som vart nytta ved berekning av kvar einskild avgift for det einskilde år. Fordeling av kostnader skal være dokumentert og mogleg å etterprøve.

Avgiftene skal ikkje gje økonomisk overskot. Kommunen kan framføre overskot og underskot frå avgiftsrekneskapen til påfølgande år. I løpet av ein periode på 3-5 år skal ikkje inntektene overstige kostnadane for åra sett under eit.

§ 10.(forholdet til hamnekapitalen)

Hamneavgiftene er ein del av hamnekapitalen og skal holdast rekneskapsmessig avskilt frå andre inntekter, også innanfor hamnekapitalen.

§ 11.(tilsyn)

Kystverket fører tilsyn med at bestemmelsane i forskrifta blir overhaldt.

I samband med Kystverket sitt tilsyn, kan Kystverket krevje at kommunen legg fram avstemt rekneskap og anna relevant dokumentasjon. Slik dokumentasjon skal kunne krevjast framlagt innan ein månad etter at årsrekneskapen er avlagt og revidert av revisor.

§ 12.(forvaltningstiltak)

Kystverket kan setje i verk forvaltningstiltak etter hamne- og farvasslova kapittel 10 overfor kommunane ved brot på bestemmelsane i denne forskrifta.

§ 13.(klage)

Enkeltvedtak som vert treft etter forskrifta kan klagast på etter bestemmelsane i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven). Kystverkets hovudkontor er klageinstans for vedtak fatta av kommunen.

§ 14.(iverksetjing)

Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2013.