Forskrift om bruk av og orden i Bremanger kommune sitt sjøområde, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-11-06-1946
PublisertII 2015 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forBremanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-04-17-19-§14, LOV-2009-04-17-19-§42
Kunngjort12.03.2015   kl. 14.30
KorttittelForskrift om bruk av og orden i hamner, Bremanger

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Bremanger kommunestyre 6. november 2014 med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 14 første ledd og § 42 første ledd.

§ 1-1.(virkeområde)

Føresegna gir reglar om bruk av, og orden i hamner og farvatn for å ivareta omsyn til effektiv og sikker hamneverksemd, godt tilgjenge, trygg ferdsel og forsvarleg bruk og forvaltning av farvatnet.

§ 1-2.(hamnestyret)

Som kommunen sitt styringsorgan, har hamn ansvaret for, og oppsyn med all bruk og verksemd i kommunen sitt sjøområde.

Hamnestyret fører kontroll med hamneadministrasjonen si verksemd.

§ 1-3.(hamneadministrasjonen)

Hamneadministrasjonen står for den kommunale drifta av hamnene. Hamneadministrasjonen har det daglege tilsyn i kommunen sitt sjøområde, og skal sjå til at hamne- og farvasslova, samt føresegner, enkeltvedtak og andre avgjersler tekne i tråd med denne lova, vert handheva.

§ 1-4.(vedtak om bruk av sjø- og landområde)

Kommunen kan forby bruk eller setje vilkår for bruk av området som nemnd i § 1-1 dersom

-nyttetrafikken vert hindra
-fartøyet innan kommunen sitt sjøområde blir hindra
-hamneverksemda på land vert hindra
-bruksformer heilt eller delvis utelukkar kvarandre
-vedtekne planar for bruken gjer dette naudsynt
-bruken kan føre til fare eller skade.

Avgrensingane skal ikkje vere større, eller vare lenger, enn det som er naudsynt.

I kurante tilfelle kan kommunen leggje ned forbod eller setje vilkår som nemnd i føregåande ledd.

§ 1-5.(vilkår)

Til kvart løyve i høve til føresegna kan hamnestyret eller hamneadministrasjonen fastsetje vilkår.

§ 1-6.(unntak)

Hamnestyret og hamneadministrasjonen kan i særlege tilfelle gjere unntak frå føresegna.

§ 1-7.(delegasjon)

Hamnestyret kan gje utfyllande løyve til føresegna.

§ 1-8.(sikringskontroll)

Hamnestyret eller hamneadministrasjonen kan setje i verk undersøking av personar og gods som oppheld seg i område som nemnt i § 1-1 når omsynet til sikkerheit i skipsfarten krev det. Dette reduserer ikkje det ansvar reiaren har etter sjøfartslovgjevinga.

Kapittel 2. Fortøying, opphald i hamnene m.m.

§ 2-1.(fortøying, oppankring mv.)

Hamneadministrasjonen kan bestemme om, kvar og på kva måte, eit fartøy kan fortøye ved kommunen sitt anlegg. Fortøyinga må ikkje skje i berande konstruksjonsdel for kai, bygning eller anna innretning. Hamneadministrasjonen kan pålegge bruk av fortøyingsassistanse ved anløp til kommunalt anlegg.

Fortøyingar, varp eller spring, må ikkje utan løyve plasserast i eller utsettast over farlei, eller stenge tilkomst til kaier, areal eller på anna måte hindre ferdsel.

§ 2-2.(karantene m.m.)

Fartøy som går i utanriksfart og/eller kjem frå område med farlege smittsame sjukdomar eller skadedyr, skal straks etter fortøying ta naudsynte forholdsreglar for effektivt å hindre smittespreiing og spreiing av skadedyr til land, etter nærare tilvising frå hamnemynde.

Fartøy som kjem til hamna med karanteneflagg eller som er under karantene, skal ankre på tilvist ankerplass der fartøyet skal ligge inntil det vert gjeve ordre eller løyve til å gå til ein anna ankrings- eller fortøyingsplass.

Tilvising av, ordre eller løyve til å gå til annan ankerplass eller fortøyingsplass vert gjeve av hamneadministrasjonen.

§ 2-3.(flytting av fartøy)

Hamneadministrasjonen kan bestemme at eit fartøy skal flyttast eller fjernast, dersom omsynet til trafikkforholda eller hamna si drift gjer dette naudsynt, eller det er fare for skade.

Fartøy med største lengde over 20 meter skal alltid ha tilgjengeleg, tilstrekkeleg mannskap for å kunne utføre hamneadministrasjonen sitt pålegg etter første ledd med mindre hamneadministrasjonen bestemmer noko anna. Hamneadministrasjonen kan bestemme at dette også skal gjelde mindre fartøy.

§ 2-4.(taubåtassistanse)

Hamneadministrasjonen kan pålegge eit fartøy bruk av taubåt dersom dette er naudsynt av sikkerheitsmessige grunnar eller av omsyn til anna ferdsel.

§ 2-5.(bruk av propell og maskineri)

Fartøy må ikkje, under opphald ved kai, bruke propell, også sidepropell, før i det fartøyet skal gå frå kai. Under manøvrering til eller frå kai, skal det utvisast varsemd slik at propellvatnet ikkje forårsakar skade på andre fartøy eller hamneanlegg.

Same reglar gjeld for andre typar framdrifts- og manøvreringsmidlar.

Hjelpemaskineri som forstyrrar arbeidsforhold og omgjevnadar kan hamneadministrasjonen pålegge stoppa.

Under opphald ved kai er bruk av framdriftsmaskineri som forstyrrar omgjevnadane forbode.

§ 2-6.(dekking av utløpsåpningar)

Ved kai skal fartøy forsvarlig stenge av utløp som vender mot kaia eller mot andre fartøy i den utstrekning det er naudsynt for at spillvatn, damp e.l. ikkje skal vere sjenerande eller valde fare.

§ 2-7.(røykutvikling)

Fartøy i hamna må ikkje forårsake sot eller røykutvikling som kan vere til unødig sjenanse eller medføre skade.

§ 2-8.(støyande arbeid o.l.)

Hamneadministrasjonen kan forby rustbanking eller anna støyande arbeid på fartøy i området som nemnd i § 1-1.

Kapittel 3. Bruk av kommunen sine hamner og hamneanlegg

§ 3-1.(virkeområde med definisjon)

Avgjerslene i dette kapittel gjeld hamner og hamneanlegg som er eigd eller vert disponert av kommunen eller av selskap og samanslutningar der kommunen er eigar med 50 % eller meir. Her omtala som kommunen sine hamner og hamneanlegg.

§ 3-2.(tilgang til kommunen sine hamner og hamneanlegg)

Hamneadministrasjonen kan avgrense eller forby tilgangen til kommunen sine hamner og hamneanlegg.

§ 3-3.(bruk av kommunen sine hamner og hamneanlegg)

Ein kvar må rette seg etter dei avgjerslene og pålegga som hamneadministrasjonen gjev i samband med bruk av kommunen sine hamner og hamneanlegg.

Kommunen sine hamner og hamneanlegg må ikkje utan hamneadministrasjonen sitt løyve brukast til verksemder som fell utanom hamna sine normale aktivitetar.

§ 3-4.(handel, fabrikkdrift, lagring o.l.)

Kommunen sine hamner og hamneanlegg må ikkje utan løyve frå hamneadministrasjonen brukast til handel, produksjon, auksjonar, omsetningsverksemd, lagring av varer o.l.

På same måte må ikkje kommunen sine hamner brukast til friluftstilstellingar o.l. som opptek stor plass eller medfører samanstimling av menneske, utan løyve frå hamneadministrasjonen.

§ 3-5.(lossing, lasting og transport)

Lossing, lasting og transport må skje forsvarleg slik at kommunen sine hamner og hamneanlegg ikkje vert påført skader. Varer må ikkje slepast på kaia utan bruk av rullar eller traller og heller ikkje styrtast frå køyretøy eller fartøy utan forsvarlig underlag.

§ 3-6.(tungt godshandteringsutstyr)

Ved bruk av tungt godshandteringsutstyr må grensene for belastning bestemt for arealet eller anlegget ikkje overskridast.

§ 3-7.(frist for utføring av laste- og lossearbeid)

Hamneadministrasjonen kan fastsette ein rimelig frist for når lasting eller lossing skal vere ferdig utført.

§ 3-8.(lagring av losse- og lastemateriell)

Losse-, laste- og transportmateriell skal etter bruk fjernast eller settast bort på den staden hamneadministrasjonen tilviser.

§ 3-9.(oppbevaring av varer o.l.)

Ingen ting må leggast opp på eller oppbevarast på kommunen sine kaier, lager eller areal utan hamneadministrasjonens løyve. Varer som vert gjeve løyve til oppbevaring av, skal oppta minst muleg areal. Desse må ikkje komme nærare kaikanten enn 1 meter og nærare kran enn 1,4 meter.

Tilkomsten til lager, fartøy, fortøyingsinnretningar, innretningar av betyding for sikkerheita eller landingstrapper må ikkje sperrast.

Varer o.l. skal fjernast snarast muleg etter endt lossing og seinast innan 48 timar, dersom hamneadministrasjonen ikkje tillet lagring i lenger tid.

Hamneadministrasjonen kan flytte varene for eigaren si rekning og risiko, når tilhøva gjer det naudsynt.

Kommunen er ikkje forplikta til å gjerde inn eller føre tilsyn med lagra varer på sine kaier, lager eller areal.

§ 3-10.(ut- eller ompakking av varer)

Utpakking eller ompakking, bearbeiding o.l. som forureinar eller er til hinder for ferdsla eller arbeidet i hamna, er ikkje tillate på kommunen sine hamner og hamneanlegg utan løyve frå hamneadministrasjonen.

§ 3-11.(fjerning av avfall)

Den som har nytta hamner eller hamneanlegg til lossing eller lasting, pliktar å fjerne avfall, emballasje, restar av last o.l. så snart som muleg etter at lossing eller lasting er avslutta og seinast innan arbeidstida sin slutt eller til den tid hamneadministrasjonen bestemmer. Avfall mv. må berre lagrast på tilvist stad.

§ 3-12.(fjerning av kjøretøy)

Kjøyretøy som er parkert i strid med parkeringsforbod eller på ein slik måte at det er til ulempe for hamneverksemda, kan fjernast av hamneadministrasjonen for eigaren si rekning og risiko.

§ 3-13.(varsel om skade)

Den som har forårsaka skade på kommunen sine hamner, hamneanlegg eller innretningar, plikter snarast mogleg å melde dette til hamneadministrasjonen.

Kapittel 4 Forskjellige avgjersler

§ 4-1.(vrak mv. som kan volde fare eller skade)

Vrak, søkkeferdige fartøy eller gjenstandar som kan valde fare eller skade, må ikkje førast inn i området som nemnt i § 1-1 utan etter løyve frå hamneadministrasjonen.

§ 4-2.(sikring av fartøy og gjenstandar)

Fartøy og gjenstandar må sikrast slik at dei ikkje kan komme i drift eller på annan måte volde fare eller skade. Dersom fare eller skade likevel skulle oppstå, pliktar eigaren eller den ansvarlige straks å setje naudsynte tiltak i verk for å hindre eller avgrense faren eller skaden.

§ 4-3.(bruk av offentlige areal til plassering av fartøy m.m.)

Utan løyve frå hamneadministrasjonen må fartøy eller gjenstandar ikkje plasserast i kommunale hamner og hamneanlegg. Det same gjeld for plassering på andre kommunale og offentlige areal med mindre plasseringa er kortvarig.

§ 4-4.(overlasta fartøy)

Hamneadministrasjonen kan nekte overlasta eller ikkje sjødyktige fartøy å forlate kai eller fortøying, samt beordre slike fartøy til næraste land eller kai.

§ 4-5.(passering av flytende arbeidsreiskap m.m.)

Ved passering av mudderapparat, dykkar og arbeidsprammar, flåtar o.l., eller der det er anleggsarbeid i og ved sjøen, skal det visast særlig aktsemd.

Passerande må om naudsynt halde godt unna samt redusere farten til minste styrefart slik at det ikkje oppstår bølgjeslag eller anna fare for skade.

§ 4-6.(isbryting)

Utanfor dei alminneleg nytta skipsleiene, må ingen bryte råk eller lage anna opning i isen som kan føre til fare eller ulempe, utan at det er innhenta løyve frå hamneadministrasjonen.

Hamneadministrasjonen avgjer kva som kan reknast som alminneleg nytta skipslei.

§ 4-7.(dykkararbeid m.m.)

Dykkararbeid skal ikkje finne stad utan etter løyve frå hamneadministrasjonen.

Dykkararbeid skal markerast med det internasjonale signalflagg «A» eller med tilsvarande merka skjerm. Om natta skal markeringa vere lyst opp.

Avgjersla gjeld ikkje der dykking er av sikkerheitsmessige årsaker eller for å berge verdiar, der dykking må skje før løyve er gjeve. I slike tilfelle skal det snarast råd føretakast merking som nemnd i denne avgjersla andre ledd, og gjevast melding til hamneadministrasjonen om dykkinga.

§ 4-8.(bruk av eksplosive varer)

Eksplosive varer skal ikkje brukast før det er gjeve løyve frå hamneadministrasjonen.

Kapittel 5. Supplerande avgjersle

§ 5-2.(ferje- og flyttmannstrafikk)

Innan kommunen sitt sjøområde skal ingen drive ervervmessige ferje-, flyttmannstrafikk eller rutetrafikk utan hamneadministrasjonen sitt løyve. Avgjersla her gjeld ikkje når det vert kravd løyve frå anna mynde.

§ 5-3.(registrering av slepebåtar, lektarar o.l.)

Den som disponerer losjiskip, lekter, slepebåtar, bunkringsbåtar, verkstadbåtar eller produksjonsfartøy som berre skal brukast innanfor kommunen sitt sjøområde, skal innan utgangen av januar kvart år melde frå til hamneadministrasjonen for registrering og gje dei opplysningane hamneadministrasjonen ber om.

Slike fartøy som vert tekne i bruk innan kommunen sitt sjøområde i løpet av året, skal innan 8 dagar etter at dei er tekne i bruk meldast til hamneadministrasjonen.

Dersom fartøy nemnt i føregåande ledd ikkje er påført registreringsnummer, kan det tildelast eit nummer av hamneadministrasjonen som også bestemmer korleis nummeret skal påførast fartøyet. Det registeret hamneadministrasjonen fører etter denne avgjersla, skal vere offentleg.

§ 5-5.(løyve til anlegg og innretningar)

Paragrafen her gjeld i heile området innanfor kommunen sitt sjøområde:

Ingen må leggje ut faste eller flytande anlegg eller innretningar slik som f.eks. flåtar, husbåtar, losjiskip, fortøyningsinnretningar, merker, bøyer o.l. utan etter løyve frå kommunen.

Dette gjeld ikkje dersom tiltaket er kortvarig og ikkje vil vere til ulempe for ferdsla eller for andre brukarar av området.

§ 5-6.(vesentlige hindringar eller ulemper for ferdsel)

Når bruk av farvatn kan skape vesentlige hindringar eller ulemper for allmenn ferdsle, skal det gjevast melding til hamneadministrasjonen om bruken seinast 24 timer før iverksetjing.

Hamneadministrasjonen kan krevje at ein ikkje startar opp utan løyve.

§ 5-7.(arrangement)

Arrangør eller ansvarleg for regattaer, båtstemne, fritidsbåtsamlingar eller andre arrangement som kan vere til ulempe for nyttetrafikken skal om muleg seinast 24 timer før oppstart av arrangementet gje melding til hamneadministrasjonen.

Hamneadministrasjonen kan krevje at arrangementet ikkje set i gong utan løyve.

§ 5-13.(opplag)

Opplag av fartøy i kommunen sitt sjøområde kan ikkje skje utan løyve frå hamneadministrasjonen.

Kapittel 6. Straffansvar

§ 6-1.(straffansvar)

Om ein ikkje overheld føreskrifta, vert ein straffa med bøter etter lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 62.

Kapittel 7. Avsluttande avgjersle

§ 7-1.(ikraftsetjing)

Føreskrifta trer i kraft 1. januar 2015.

§ 7-2.(overgangsavgjersla)

Tiltak det kan krevjast løyve til etter desse føresegner, og som allereie var føreteke utan løyve etter tidligare gjeldande lovgiving og føresegner, kan krevjast omgjort med 3 månaders varsel.

Dersom det ikkje er muleg å varsle eigaren av anlegg eller innretning, kan desse fjernast utan varsel.