Forskrift om bruk av og orden i hamner og farvatn, Stranda kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2014-12-11-1867
PublisertII 2014 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2015
Sist endret
EndrerFOR-2006-04-24-439
Gjelder forStranda kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2009-04-17-19-§14, LOV-2009-04-17-19-§42
Kunngjort08.01.2015   kl. 15.00
KorttittelForskrift om bruk av og orden i hamner, Stranda

Heimel: Fastsett av Stranda kommunestyre 11. desember 2014 med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 14 fyrste ledd og § 42 fyrste ledd.

§ 1.Formål

Forskrifta gjev reglar om orden i og bruk av hamner og farvatn for å vareta omsynet til effektiv og sikker hamneverksemd, god framkome, trygg ferdsel og forsvarleg bruk og forvaltning av farvatnet.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld offentlege og private hamner og sjøområda i Stranda kommune. I hovud- og bilei gjeld forskrifta kun innanfor hamneavgrensingane i hamner fastsett i forskrift 30. november 2009 nr. 1477 om farleder og § 2 tredje ledd vedlegg 1.

§ 3.Krav ved opphald i hamn og ved kai

Når fartøyet ligg ved kai skal ingen av propellane brukast før rett før fartøyet skal gå. Det same gjeld for andre typar framdrifts- og manøvreringsmidlar. Under manøvrering til eller frå kai skal skipet manøvrerast varsamt slik at propellvatnet ikkje valdar skade.

Når fartøyet ligg ved kai skal dei av fartøyet sine utløpsopningar som vender mot kai og andre fartøy, vere forsvarleg stengt slik at spillvatn, damp eller liknande ikkje valdar fare eller er til unødig sjenanse. Fartøyet skal heller ikkje sleppe ut sot eller røyk som kan medføre skade eller vere til unødig sjenanse for hamneverksemda.

Kommunen kan forby vedlikehaldsarbeid eller anna verksemd i hamna dersom dette er naudsynt for effektiv eller sikker hamneverksemd.

§ 4.Pålegg om taubåtassistanse, forsvarleg fortøying, oppankring og flytting

Kommunen kan gje pålegg om bruk av taubåt eller fortøyingsassistanse dersom dette er naudsynt av omsyn til trygg ferdsel eller sikker hamneverksemd.

Kommunen kan gje pålegg om fortøying eller oppankring dersom dette er naudsynt av omsyn til trygg ferdsel eller sikker hamneverksemd.

Kommunen kan gje pålegg om at eit fartøy må flytte seg frå tilvist plass dersom det er naudsynt av omsyn til trygg ferdsel, sikker eller effektiv hamneverksemd.

§ 5.Plikt til å varsle om skade

Den som har forårsaka skade på hamner, hamneanlegg eller innretningar skal snarast mogeleg melde frå til kommunen om skaden.

§ 6.Krav om løyve til å dykke

Dykking i følgjande område krev løyve frå kommunen:

a)Området ved Hellesylt Kai og tenderbrygge: LAT:62.05.122N–LON:006.52.508E
b)Området flytebøye Hellesylt: LAT:62.05.225N–LON:006.52.481E
c)Området ved Geiranger kai, Geiranger cruiseterminal og Seawalk: LAT:62.06137N–LON:007.12.298E
d)Området oppgitt på kart som ankerposisjonar frå Grande og Homlong inn til Geiranger sentrum: LAT: 62-27N–LON: 005-59E.

Dykking for å berge liv eller verdiar som ikkje kan vente til løyve er gitt, kan likevel gjennomførast. I slike tilfelle skal det snarast mogeleg meldast frå til kommunen om dykkinga.

§ 7.Luftfartøy
§ 8.Krav ved passering
§ 9.Forbod mot snøtømming:

Det er forbod mot å tømme snø ved:

a)Geiranger kai: LAT:62.06137N–LON:007.12.298E
b)Hellesylt kai og Hellesylt ferjekai: LAT:62.05.225N–LON:006.52.481E
c)Stranda Kai: LAT: 62.18,505N og LON: 006.56.995E.
§ 10.Andre reguleringar
§ 11.Unntak i særlege høve

Kommunen kan i særlege høve gjere unntak frå § 3, § 6, § 7, § 8, § 9 og § 10.

§ 12.Reaksjonar og straff

Ved brot på føresegner i denne forskrifta eller på vedtak fatta med heimel i denne, gjeld reglane i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann kapittel 10 så langt dei høver.

Vesentlege brot på § 4, § 6, § 7, § 8, § 9 og § 10 kan straffast med bøter etter lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 62.

§ 13.Iverksetjingstidspunkt

Forskrifta vert sett i verk 1. januar 2015.

Frå same tidspunkt vert forskrift 24. april 2006 nr. 439 om bruk av og orden i hamner, Stranda kommune, Møre og Romsdal, oppheva.