PM-2013-6: Særavtalane i staten for reiser i samband med arbeidet - fornying av våre heimesider.

ForfatterStatens personalhåndbok - Personalmeldinger
Dato2013-09-11
PublisertPM-2013-6
SammendragTil: Statsforvaltningen og Riksrevisjonen.

PM-2013-6 Særavtalane i staten for reiser i samband med arbeidet - fornying av våre heimesider 

Dato: 11.09.2013

Til: Statsforvaltningen og Riksrevisjonen 

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) har endra heimesidene som gjeld særavtalane i staten for reiser i samband med arbeidet, på regjeringa.no.

FAD har oppretta ei eiga side med «ofte stilte spørsmål». Det er òg oppretta ei svarteneste for desse avtalane, der du kan sende e-post i tilfelle du ikkje finn svar på våre heimesider. Adressa er: reiseregulativene@fad.dep.no.

Det er samstundes laga ein ny oppstilling over alle aktuelle «satser for reiser innenlands». 

Etter fullmakt

Merethe Foss Liverud

statens personaldirektør 

Yvonne Larssen

avdelingsdirektør 

Arbeidsgivarpolitisk avdeling, tlf 22244801

reiseregulativene@fad.dep.no