PM-2013-7: Kunngjering av stillingar i staten.

ForfatterStatens personalhåndbok - Personalmeldinger
Dato2013-09-17
PublisertPM-2013-7
SammendragTil: Statsforvaltninga og Riksrevisjonen. Gjeld: Staten si personalhandbok pkt. 2.14.2.

PM-2013-7 Kunngjering av stillingar i staten 

Dato: 17.09.2013

Til: Statsforvaltninga og Riksrevisjonen

Gjeld: Staten si personalhandbok pkt. 2.14.2 

Kunngjering av stillingar i staten

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) har den seinare tida registrert at nokre av kunngjeringstekstane ikkje har vore tydlege nok når det gjeld dei kvalifikasjonskrav som gjeld for stillinga som vert lyst ut. I einskilde tilfelle er det óg slik at det ikkje har vert gjeve opplysningar om dei lønsalternativa som kan nyttast ved tilsetting.

For å sikre ein einsarta og god praksis ved rekruttering i den statlege personalforvaltninga, minner FAD om sentrale reglar i avtaleverket og om kvalifikasjonsprinsippet.

Hovudtariffavtala (HTA) fastset kva for lønskoder som kan nyttast i stillinga som vert lyst ut, og kva for løn ein kan gje ved tilsetting, jf. vedlegg 3 til HTA. Utlysinga må óg vere i samsvar med dei krava som er fastsett i den lokale lønspolitikken i verksemda. Alle statlege verksemder pliktar å ha lokal lønspolitikk, jf. HTA pkt 2.3.1.

Om verksemda ynskjer å lyse ut fleire stillingar i same annonse, må ein identifisere kvar einskild stilling med stillingsnemning og kode, jf. HTA del 3 om lønsplanar. Det skal gå fram av kunngjeringa kva for lønsalternativ ein kan nytte for stillinga. Om ein ynskjer å løne stillinga innafor ei lønsramme, må dette gå fram av kunngjeringa og kva for alternativ det er aktuelt å nytte. Det same gjeld ved tilsetting i kode med lønsspenn.

FAD tilrår at arbeidsgjevar i størst mogleg grad nytter heile lønsspennet for å sikre at ein får så mange søkjarar som mogleg.

Dei tillitsvalde i verksemda skal ha informasjon om det lønsalternativet som arbeidsgjevaren vil lyse ut stillinga med, og dei kan krevje å få drøfte lønsplasseringa i samband med kunngjeringa, jf. HTA pkt 2.3.8.

I Statens personalhåndbok (SPH) pkt. 2.14.2 fins ei rettleiing om dei opplysningane som bør vere med i ei kunngjering. Føremålet med kunngjeringa er at søkjaren skal kunne få ei klår oppfatning av krava som gjeld for stillinga. Det er og avgjerande at tilsettingsprosessen tek omsyn til lik handsaming av søkjarane. Kunngjeringa skal gje opplysning om krav som gjeld for utdanning, praksis og personlege eigenskapar. Dette er naudsynt for å kunne samanlikne søkjarane, for å sikre lik handsaming og for å ivareta kvalifikasjonsprinsippet.

FAD viser til at Sivilombudsmannen i ei rekkje saker har gjeve uttrykk for kvalifikasjonsprinsippet slik:

«Siktemålet i en tilsettingssak er i alminnelighet å finne frem til den søkeren som etter en helhetsvurdering må anses som best kvalifisert for stillingen. Ved kvalifikasjonsvurderingen må det tas utgangspunkt i de kvalifikasjonskravene som er fastsatt i utlysningsteksten. For øvrig vil sentrale momenter være utdanning, praksis og personlig skikkethet.» 

Etter fullmakt

Merethe Foss Liverud

statens personaldirektør 

Yvonne Larssen

avdelingsdirektør 

Saksbehandlar:

Reidun Slåen, tlf. 22244823