Forskrift om Norsk kulturfond

DatoFOR-1965-06-19-3583
DepartementKulturdepartementet
PublisertStr.prp. nr. 130, 1964-65
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-12-22-1273
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1814-05-17-§75
Kunngjort
KorttittelForskrift om Norsk kulturfond

Fastsette av Stortinget 19. juni 1965. (Omsette frå St.prp. nr. 130, 1964-65). (Ved res. av 22. desember 1989 nr. 1273 er ansvaret for denne forskrift lagt til Kyrkje- og kulturdepartementet).

§ 1.Norsk kulturfond som er skipa i samsvar med stortingsvedtak av 11. desember 1964, har til formål å fremje kunst og kulturvern. Stortinget løyver kvart år midlane til fondet.
§ 2.Norsk kulturfond har til formål å stimulere skapande åndsliv i litteratur og kunst, verne den norske kulturarven og arbeide for at flest mogleg kan få del i kulturgoda.
§ 3.Midlane til Norsk kulturfond blir forvalta av Finansdepartementet og disponerte ved kongeleg resolusjon etter tilråding frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet1, og i samsvar med retningsliner som Stortinget har fastsett.
1Kyrkje- og kulturdepartementet i følge res. 22. desember 1989 nr. 1273.
§ 4.Norsk kulturråd gir tilråding om fordeling av fondsmidlane og har ansvaret for dei summar som ved fordelinga blir stilte til rådvelde for Rådet.
§ 5.Kyrkje- og kulturdepartementet skal kvart år gi melding til Stortinget om Norsk kulturfonds verksemd i budsjettåret før.