Vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2007.

DatoFOR-2006-12-06-1460
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2006 hefte 15
IkrafttredelseInntektsåret 2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1814-05-17-§75
Kunngjort20.12.2006
KorttittelVedtak om Svalbardskatt, 2007

Kunngjering frå Justis- og politidepartementet av stortingsvedtak 6. desember 2006 med heimel i Kongeriget Norges Grundlov 17. mai 1814 § 75 litra a.

§ 1.Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2007 etter føresegnene i lov 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2007. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

§ 2.Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

a.Personleg skattepliktig og dødsbu: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)
b.Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3.Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

a.Inntekt som blir skattlagt ved likning etter svalbardskattelova § 3-1:

10 pst. av alminneleg inntekt

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt på kr 10.000

b.Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:

12 pst.

§ 4.Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1.000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.

Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5.Skjermingsrenta for fastsetjing av berekna personinntekt for sjølvstendig næringsdrivande

Skjermingsrenta som nemnt i skattelova § 12-12 tredje ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6.Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1 og § 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.