Vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2008

DatoFOR-2007-12-05-1448
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2007 hefte 12
IkrafttredelseInntektsåret 2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1814-05-17-§75
Kunngjort20.12.2007   kl. 15.00
KorttittelVedtak om Svalbardskatt, 2008

Heimel: Kunngjering frå Justis- og politidepartementet av stortingsvedtak 5. desember 2007 med heimel i Kongeriget Norges Grundlov 17. mai 1814 § 75 bokstav a.

§ 1.Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2008 etter føresegnene i lov 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2008. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

§ 2.Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

a)Personleg skattepliktig og dødsbu: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)
b)Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3.Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

a)Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:

Låg sats: 8 pst.

Høg sats: 22 pst.

b)Anna inntekt:

16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattas av b på 20 000 kroner.

§ 4.Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.

Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5.Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 512 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1 og § 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.