Vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2009

DatoFOR-2008-12-09-1425
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2008 hefte 14
IkrafttredelseInntektsåret 2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1814-05-17-§75
Kunngjort22.12.2008   kl. 15.20
KorttittelVedtak om Svalbardskatt, 2009

Heimel: Kunngjering frå Justis- og politidepartementet av stortingsvedtak 9. desember 2008 med heimel i Kongeriget Norges Grundlov 17. mai 1814 § 75 bokstav a.

§ 1.Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2009 etter føresegnene i lov 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2009. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

§ 2.Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

a)Personleg skattepliktig og dødsbu: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)
b)Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3.Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

a)Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:

Låg sats: 8 pst.

Høg sats: 22 pst.

b)Anna inntekt:

16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattas av b på 20 000 kroner.

§ 4.Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.

Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5.Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1 og § 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.