Vedtak om formues- og inntektsskatt mv. til Svalbard for inntektsåret 2011

DatoFOR-2010-12-03-1641
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2010 hefte 14
IkrafttredelseInntektsåret 2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1814-05-17-§75
Kunngjort21.12.2010   kl. 15.10
KorttittelVedtak om Svalbardskatt, 2011

Heimel: Kunngjering frå Justis- og politidepartementet av stortingsvedtak 3. desember 2010 med heimel i Kongeriget Norges Grundlov 17. mai 1814 § 75 bokstav a.

§ 1.Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2011 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2011, jf. lov om skatt til Svalbard § 5-1.

§ 2.Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

a.Personleg skattepliktig og dødsbu:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats).

b.Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3.Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

a.Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:

Låg sats: 8 pst.

Høg sats: 22 pst.

b.Anna inntekt: 16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av b. på 20 000 kroner.

§ 4.Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5.Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1 og § 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6.Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3

For inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 2 pst.