Vedtak om formues- og inntektsskatt mv. til Svalbard for inntektsåret 2012

DatoFOR-2011-12-13-1241
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2011 hefte 13
IkrafttredelseInntektsåret 2012
Sist endretFOR-2012-06-15-929 fra inntektsåret 2012
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1814-05-17-§75
Kunngjort16.12.2011   kl. 15.40
KorttittelVedtak om Svalbardskatt, 2012

Heimel: Kunngjering frå Justis- og politidepartementet av stortingsvedtak 13. desember 2011 med heimel i Kongeriget Norges Grundlov 17. mai 1814 § 75 bokstav a, jf. Meld.St.2 (2011-2012), Prop.111 S (2011-2012) og Innst.375 S (2011-2012).
Endringar: Endra ved forskrift 15 juni 2012 nr. 929.

§ 1.Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2012 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2012. Ved utrekninga og og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

§ 2.Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

a.Personleg skattepliktig og dødsbu:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)

b.Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3.Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

a.Inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 3-2:

Låg sats: 8 pst.

Høg sats: 22 pst.

b.28 pst. Av den delen av selskapsoverskot som er høgre enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av:
-10 gonger kostnadene til lønn som blir skattlagd ved lønnstrekk
-0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og anna realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.
c.Anna inntekt: 16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av c. på 20 000 kroner.

§ 4.Avrundingsreglar

Ved utredning av skatt skal formue og inntekt avrundast nedover til næraste heile krone.

0Endra ved forskrift 15 juni 2012 nr. 929 (fom inntektsåret 2012).
§ 5.Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1 og § 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6.Aksjonær i utlandet

Skatt på utbytte m.m. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-1. vert ilagd med 20 pst.

§ 7.Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3

For inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 4 pst.