Vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2016

DatoFOR-2015-12-10-1629
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2015 hefte 15
Ikrafttredelse01.01.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forSvalbard
HjemmelLOV-1814-05-17-§75
Kunngjort22.12.2015   kl. 15.20
KorttittelVedtak om Svalbardskatt, 2016

Heimel: Kunngjering frå Justis- og beredskapsdepartementet av stortingsvedtak 10. desember 2015 med heimel i Kongeriket Noregs Grunnlov 17. mai 1814 § 75 bokstav a.

§ 1.Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2016 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2016, jf. lov om skatt til Svalbard § 5-1.

§ 2.Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

a)Personleg skattepliktig og dødsbu:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)

b)Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3.Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

a)Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:

Låg sats: 8 pst.

Høg sats: 22 pst.

b)25 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgre enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av
-10 gonger kostnadene til løn som blir skattlagt ved lønstrekk
-0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og annan realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.
c)Anna inntekt: 16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som er omfatta av c. på 20 000 kroner.

§ 4.Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5.Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1 og § 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6.Aksjonær i utlandet

Skatt på utbytte mv. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-1, er fastsett til 20 pst.

§ 7.Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3

For inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 8 pst.