Vedtak om avgift av kol som blir utført frå Svalbard for budsjetterminen 2016

DatoFOR-2015-12-10-1630
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2015 hefte 15
IkrafttredelseBudsjetterminen 2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forSvalbard
HjemmelLOV-1814-05-17-§75
Kunngjort22.12.2015   kl. 15.20
KorttittelVedtak om kolavgift, Svalbard, 2016

Heimel: Kunngjering frå Justis- og beredskapsdepartementet av stortingsvedtak 10. desember 2015 med heimel i Kongeriket Noregs Grunnlov 17. mai 1814 § 75 bokstav a. 

For budsjetterminen 2016 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

1,0 % av verdien for dei første 100 000 tonna,

0,9 % av verdien for dei neste 200 000 tonna,

0,8 % av verdien for dei neste 300 000 tonna,

0,7 % av verdien for dei neste 400 000 tonna,

0,6 % av verdien for dei neste 500 000 tonna,

0,5 % av verdien for dei neste 600 000 tonna,

0,4 % av verdien for dei neste 700 000 tonna,

0,3 % av verdien for dei neste 800 000 tonna,

0,2 % av verdien for dei neste 900 000 tonna,

0,1 % av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.